fredag, oktober 28, 2011

Marknadsstyrt hyrdestund


Då eg i si tid tok innføring i sosiologi ved Universitetet i Oslo, var det ein av professorane som foreleste over temaet «Er vi sosiale når vi har sex?» Dette sosiologiske spørsmålet må vera eitt av dei mest overflødige som nokon gong er stilt.

For oss som er oppvaksne frå -80-talet og fram til i dag, er det få ting som er så sjølvsagt som at me er sosiale når me har sex. På nettet, på fjernsynet og kor ein elles ferdast i det offentlege rom, er det eit tema som overkuggar alle andre: Sex. Ingen kan påstå at det er mogeleg å gjennomføra ei hyrdestund i det private rom utan å forhalda seg til tusenvis av forteljingar om sex som pregar det offentlege rom.

Ei anna utfordring med fokuset på sex i media, er at sex overskuggar alle andre fokus i samfunnsdebatten. Aftenposten trykte forrige laurdag dei mykje omtalte nakenbileta av den tilårskomne Fridtjof Nansen frå boka «Nansens siste kjærlighet». Nakenbileta fekk tilsaman tre sider i Aftenposten si laurdagsutgåve. Debattredaktør Knut Olav Åmas forsvarte oppslaget med at framstillinga av Nansen som naken ikkje forringar oppfatninga av han som menneske, nakenbileta er snarare eit element som bidreg til ei større forståing av heile mennesket Nansen.

Tidlegare i haust kom det to nye biografiar om Fridtjof Nansen. Aftenposten har hatt bokmelding av begge, men dei har vore langtfrå å trykka tre siders oppslag om dei nye perspektiva på Nansen i desse biografiane. Kvifor er det blitt slik at ein naken Nansen er viktigare enn vitskapsmannen og oppdagaren Nansen for å forstå heile mennesket Nansen?

Jürgen Habermas skreiv i sin doktorgrad «Den borgerlige offentlighet» at den offentlege debatten har blitt forringa frå 1800-talet til i nyare tid fordi den i våre dagar fyrst og fremst mobiliserer folk som konsumentar og ikkje som politiske individ. Dei fleste redaktørar vil forsvara sitt fokus på sex i spaltene med å visa til marknadskreftene: Både treff på nettsidene og sjårtal på fjernsynet viser at folk vil ha meir sex i media.

Kan marknaden fortelja oss sanninga om kva me ynskjer som mediebrukarar? Eg er ein av mange som lett kan klikka meg inn på lett fordøyelege sex-oppslag i nettaviser. Likevel bladde eg raskt forbi Aftenposten sitt Nansen-oppslag forrige laurdag.

Kva skjer med media når me overlet vurderinga av kva som skal vera innhaldet til marknaden? Sjølv om mange av oss brukar ein del tid på nettet til å lesa oppslag som er underhaldande og kanskje til og med sex-fokuserte, er eg overtydd om at dei av oss som les seriøse aviser fyrst og fremst ynskjer å lesa oppslag som gjev oss ny og relevant informasjon. Sex kan sjølvsagt ha ein slik funksjon, men sex-oppslag om kjendisar og historiske personar som nesten alltid framstår som rein grafsing, er korkje interessant eller verdt å betala for.

Til professoren som stilte spørsmålet om «vi er sosiale når vi har sex» sitt forsvar skal det seiast at han er ein del av -68-generasjonen. -68-generasjonen var barn i ei tid kor sex var eit tabuemne, og som ein del av opprøret i -68 fekk denne generasjonen ei oppfatning av sex som «det mest naturlege i verda». Denne oppfatninga av sex som noko naturgitt og upåverka, er forlengst historie. I desse dagar er det nok meir nærliggjande å spørja: Er me nokon gong meir marknadsstyrte enn når me har sex?

måndag, oktober 24, 2011

Utopisk eller pragmatisk?


I dag har eg meldt meg inn att i Miljøpartiet Dei Grøne. Utmeldinga frå SV er sendt med ein viss ambivalens, men no kan eg ikkje lenger gå på akkord med mine politiske ideal.

I 1997 meldte eg meg inn i Miljøpartiet Dei Grøne, og eg stilte same år som fyrstekandidat til partiet på vallista i Sogn og Fjordane til Stortinget. Sidan den gong har eg vekselsvis vore medlem i Dei Grøne og SV. Denne vekslinga er uttrykk for ei mangeåring vingling mellom utopisme og pragmatisme i politikken frå mi side. Medan Dei Grøne på nesten alle område ligg mitt hjarta nærast, er det på den andre sida alltid freistande å melda seg inn i eitt parti som har makt til å gjennomføra politikken sin.

Min hovudkritikk mot SV er knytt til at SV har gått for langt i å vera pragmatiske, grensa for kor mykje eit parti i regjering kan godta er overskriden og vel så det. For meg er miljø-, finans- og utanrikspolitikken viktigast, og det er liten tvil om at SV har svikta på alle desse områda dei siste åra:

Miljø: Det finnes ingen kritikk av norsk petroleumspolitikk frå partia på Stortinget. Dette er den største og mektigaste næringa vår, og då burde den ideelt sett få jamnleg kritikk frå alle partia på Stortinget. Forvaltninga av dei norske oljeressursane er hovudlaus, både sett frå eit økonomisk perspektiv og frå eit miljøperspektiv. Økonomisk sett skjer uttaket så fort at me fått ein økonomi som er avhengig av stadige nye utbyggingar. Med dette som bakgrunn, er det urealistisk at me i framtida kan verna sårbare område som Lofoten og Vesterålen. Kvifor er det ingen SV´ar som kan sei det som det er: Både for oljenæringa sin eigen del og for dei neste generasjonane sin del, er det best at alle nye utvinningområde får liggja urørt til me har fått eit økonomisk og økologisk berekraftig uttaksnivå på norsk sokkel?

Finans: Kva for progressive grep kunne ikkje SV ha gjort med partileiaren som finansminister frå 2005 til 2009. Forvaltninga av oljefondet og reguleringa av finansnæringa, er to lysande døme på at SV lot sjansen gå frå seg til å setja varige og progressive spor i finanspolitikken. I staden har vel dei fleste gløymt at SV i det heile tatt hadde finansministeren.

Utanriks
: Det er vanskeleg å koma utanom Noreg si krigsdeltaking når ein skal sjå på SV sin innsats i regjeringa. Om engasjementet i Afghanistan er det knapt nok nokon norsk debatt, trass i krigsmotstandaren SV sit i regjering. Debatten blussar opp nokre dagar når norske soldatar døyr, men elles er det stilt frå både SV og andre norske parti. Krigen har skapt større kaos i Afghanistan enn nokon gong, og den har også store notidige og framtidige kostnader i Noreg. I ein slik situasjon hadde eg venta at SV var krassare i sin kritikk av krigsdeltakinga. Ein kan ikkje berre skulda på at ein sit i regjering.

Dette var berre tre smakebitar, ein kunne ha skrevet mange blogginnlegg om korleis SV har svikta i regjering dei siste åra. Motargumentet mot utmelding blir uansett: I kor stor grad skal ein forventa at eit regjeringsparti får gjennom sin eigen politikk. Handlar ikkje politikk om kompromiss, kor eit parti med fire statsrådar ikkje får gjennomslag for alle sine saker?

Sjølvsagt handlar politikk om kompromiss, og me kan ikkje venta at SV får gjennomslag for alt. Det er likevel grenser for kva ein godta for premiss på sine hjartesaker. SV vart stifta på bakgrunn av krigsmotstand, og sidan 1989 har partiet markert seg som vårt viktigaste miljøparti på Stortinget. Når partiet på desse områda sviktar fatalt, og både forsvarar krigsdeltaking og ikkje tek til motmæle mot ein hovudlaus petroleumspolitikk, er evnen til kompromiss gått for langt. Dessutan saknar mange av oss progressive forslag til ny politikk frå eit SV i regjering: Kvifor kom ikkje den raudgrøne regjeringa sitt forslag om finansskatt før EU hadde foreslått det same?

I Miljøpartiet Dei Grøne finn me noko så sjeldan som eit parti som har utvikla ein heilskapleg grøn politikk. Kva inneber så det? Det skal eg blogga meir om i tida framover!