Ingen seriestart utan tabelltipping. Tradisjon tru drøymer me om Brann-gull, men det blir nok med draumen i år også. Sjølv om eg hatar å skriva dette, er min dystre spådom at det ufjelge bartefolket tar nok eit seriegull. Slik ser tippeligatabellen ut når status skal gjerast opp i november:
1.rbk
2.LSK
3.Viking
4.Brann
5.Stabæk
6.vif
7.Lyn
8.Tromsø
9.Start
10.Fredrikstad
11.Godset
12.Odd
13.Sandefjord
14.Ålesund
Eigentlig hatar eg denne tabellen, det er realisten i meg som talar her. Viss rbk blir meister, Brann nr.4 og Ålesund rykker ned, blir det den tristaste fotballsesongen på mange år. Me får tru eg skjemmest over spådomane mine i november...
(Illustrasjon: Monica Westvold, Utropia)
6 kommentarer:
Vil egentlig si meg fornøyd med en 8.plass for TIL. Vil være kjempefornøyd hvis vi slipper enda et år i sumpa. Er så lei av å leve med hjertet i halsen de siste månedene.
Bård
Ikkje ulikt det forslaget eg har på bloggen min.
Sæbjørn.
Kva ?? 6???
var denne lista oppretta før eller etter den heller pinlege kampen på Alfeim??
Den var nok det, Ursula. Det er sjølvsagt dristig med vif på 6. plass, men både årets trenar og spissane synes usikre. Eg blir likevel ikkje veldig overraska om vif tar medalje.
Eit tap mellom brøytekantane på Alfheim var uansett venta. Det er no sesongen startar for vif sin del:-)
Eg har vore på ein einaste fotballkamp i heile mitt liv (det var Viking mot eit anna lag) - og då gjekk eg heim i pausen.
At de gidd!
GULL til Brann!!
Legg inn en kommentar