tirsdag, juni 20, 2006

Farvel til ein by


Den siste kvelden er komen. Bøkene er pakka ned, rommet er nyvaska og kofferten står klar i gangen for avreise. I kveld merkar sjølv kattane at det er noko i gjære her på tunet. Mitt landlege eksil er forbi, snart skal det berre vera minnet att etter meg både her i Tønsvika og i Tromsø.

Det blir for dumt å skriva noko om Tromsø og Tønsvika i kveld. Desse stadane står meg for nært no, ein eventuell tekst ville blitt både pompøs og pinleg. I staden får eg prøva og skriva noko når eg er vel heime på Tysnes om ei dryg veke.

Med sumaren kjem det og rolegare tider på denne bloggen. Om to veker startar sumarjobben min i Bergen, då vert det lite tid til blogging. Før det set eg meg altså på Hurtigruta til Lofoten, kor eg blir buande på eit herberge i Stamsund i ei knapp veke.

Eg lovar å koma sterkt tilbake, frå hausten av satsar eg på å blogga ivrig frå frå eit kollektiv i Schweigaards gate på Grønland i Oslo. God sumar!

mandag, juni 19, 2006

Høyrt i kantina


I går åt eg lunsj i Teorifagskantina saman med ein gamal kjenning av meg, Glenn Fagervik. Glenn er ein kunnskapsrik mann, og me er fleire som brukar han som kjelde når me innimellom lurer på ting. Her er eit utdrag frå dialogen vår under lunsjen i går:

- Det er noko eg har lurt på i det siste. Det er dette med krikar og krokar. Eg veit jo kva ein krok er, men kva er eigentleg ein krik, spurte eg.
- Det er ein krik, sa Glenn.
- Det burde eg ha visst, sa eg.

fredag, juni 16, 2006

By utan kritisk presse


Eg syng på siste strofa no. Natt til onsdag set eg meg på hurtigruta sydover, og mi tid i Tromsø er då ugjenkalleleg over for denne gang. Det er mangt og mange eg kjem til og sakna her i byen, tre og eit halvt år under nordlyset set sine spor.

I denne samanhengen skal eg likevel fokusera på den institusjonen eg aldri kjem til og sakna, det er byens regionsavis Nordlys. Ein svært stor del av det redaksjonelle stoffet i Nordlys er av annanrangs kvalitet i høve til andre aviser det er naturleg for ei regionavis i ein universitetsby å samanlikna seg med. Eg har valgt å spissformulera kritikken mot avisa i tre hovudproblem:

1. Den tabloide profilen.
Nordlys er nærast blitt synonymt med tabloide vinklingar, ofte minner framsida oss meir om Se og Hør enn ei nyhetsavis i ein universitetsby. Det ser det ut til at avisa skyr seriøs nyhetsjournalistikk, og nedprioriterer nyhetssaker av viktig prinsipiell art. I staden pregar kjendisstoff og typiske finurlege kvardagssoger (”Katt overlevde takras”, "Fridde i Nordlys og fikk ja" osb.) nyhetsprofilen til Nordlys.

2. Den svake kommentarjournalistikken.
Det slår meg gong på gong at Nordlys manglar redaktørar og andre kommentarskribentar som har nok autoritet og kunnskap til å skriva i ei avis som skal setja dagsorden i ein kultur- og universitetsby. På leiarplass opplever me gong på gong at avisa ikkje tek andre argument enn sine eigne på alvor, og altfor få av kommentarane i avisa greier og utfordra eller opplysa ein danna lesar.

I ei tid kor raske medium som internett og TV trugar opplagstala til papiravisene, er det mildt sagt underleg at Nordlys ikkje har sett potensialet i kommentarjournalistikken. Tromsø er prega av å vera ein svært konkurransesyktig kultur- og universitetsby, kvifor utfordrar ikkje Nordlys fleire av byens skarpe pennar til å skriva fast i avisa?

3. Den svake og tendensiøse dekninga av utfordringar for Nord Noreg.
Nordlys er det viktigaste offentlege forumet for utvikling av idéar og visjonar om kva Nord Noreg skal bli, og om kva landsdelen skal leva av i framtida. I eit slikt lys, er det ei sjølvsagt målsetjing for Nordlys og tilstreba at alle partar kjem til orde, både i lesarbrevspaltene og i avisa si redaksjonelle dekning.

På radioprogrammet ”Sånn er livet” kunne me for nokre veker sidan høyra at AP-representanten Synnøve Konglevoll fortelja om kvifor ho ikkje stilte til gjenval for Troms AP til forrige stortingsval. Konglevoll vart nemleg utsett for ein hets-kampanje frå Nordlys i forkant av nominasjonen til forrige stortingsval. Årsaka til denne hetsen, var at ho gjekk mot oljeutvinning i Barentshavet, på grunn av dei store miljøomkostningane ei slik utbyggjing ville ha.

Nordlys er kjent for sin kampanje for olje- og gassutvinning i nordområda. Det er naturlegvis Nordlys si oppgåve å ta eit tydeleg standpunkt i ei sak som er så viktig for regionen. Men i dag går Nordlys så langt at avisa ikkje evnar å sjå at det finnes viktige motargument mot sitt eige synspunkt. Når Nordlys i tillegg aktivt undergrev dei som er ueinige med sitt synspunkt, har avisa misbrukt si rolle som den viktigaste premissleverandøren i nord-norsk offentlighet.

Kampanjen for olje og gass i nord fører dessutan til at Nordlys i liten grad evnar å sjå Nord Noreg i andre perspektiv enn sitt eige oljeprofetiske. Kvifor er ikkje avisa langt krassare mot dei siste års utvikling i fiskerinæringa? Kva for andre utviklingmuligheter har Nord-Noreg, kan det finnast ei mogeleg framtid bortanfor eller ved sida av olje- og gassutvinning? Og kvifor ikkje satsa meir på djupe og analyserande artiklar om distrikta si utvikling og framtid? Landsdelen har nok av forskarar og aktivistar som kan uttala seg om utviklinga og slik sett gje oss andre perspektiv enn dei me no har blitt tilgodesett med.

Vegen framover
Den svært tabloide profilen og den einsidige redaksjonelle dekninga kan etter mitt syn bli Nordlys sin bane i åra framover. Den profilen som Nordlys i desse dagar framdyrkar, vil alltid tapa i konkurranse med raske medium som TV og internett.

Som avislesar ynskjer eg å bli opplyst, engasjert og utfordra. Når skal Nordlys vakna, og innsjå at mange er som meg i kulturbyen Tromsø?

lørdag, juni 10, 2006

Eg velger meg Elfenbeinskysten


Sjølv om fotball-VM er langt inne i sin andre kampdag, er det fyrst no meisterskapet startar for min del. I kveld skal nemleg mitt favorittlag Elfenbeinskysten ut i sin fyrste kamp mot Argentina. No er det under ein time til kampstart, og eg har allereie stålsett meg framfor TV’en med popcorn og kaffi.

Kva er det som får ein bleikfeit, anglofil nordmann til å velga seg Elfeinsbeinskysten som personleg favoritt i eit VM kor både Sverige og dei gamle engelske heltane mine er med? Ved fyrste augekast synes Elfenbeinskysten som eit av dei landa ein nordmann kan identifisera seg minst med, så kva farken har eg å gjera på den afrikanske vestkysten?

Ei av årsakene mine til å halda med Elfenbeinskysten, er at suksess i VM kan vera eit steg mot slutten av borgarkrigen i landet (sjå til dømes siste utgåve av ”Der Spiegel”). Dessutan har det afrikanske land sine gode prestasjonar VM fotball sidan 1990 hatt uvurderleg betydning for sjølvkjensla på heile det afrikanske kontinentet, suksess for Elfenbeinskysten denne gongen vil nok ein gong bety mykje i Afrika.

Det er heller ikkje utan relevans at Elfenbeinskysten er eit av VM sine mest underhaldande lag, på sitt beste er dei fullt på høgde med Brasil og Nederland. Eg meinar også at det er ein av fotballen sine mest fascinerande sider, at ein av verda sine fattigaste nasjonar kan vera med å kjempa om edelt metall i verdas største idrettsturnering.

Kombinasjonen av den underhaldande fotballen, underdog-posisjonen og fotballen sitt frigjerande potensial i Afrika gjer at eg kjenner meg langt meir i slekt Elfenbeinskysten enn med våre europeiske naboland.

tirsdag, juni 06, 2006

Slutt på ei ørkenvandring?


Moses og israelarane vandra 40 år i ørkenen før dei kom fram. Nokre av oss har no vandra i ørkenen i 43 år, og me er endå ikkje framme. Når det er sagt, er det i desse dagar visse teikn som peikar mot at ørkenvandringa vår kan gå mot slutten. Brann leiar Tippeligaen, og halve vestlandet ber på ein draum om at 43 magre år utan seriegull skal vera nok.

I dag – tysdag 6.juni 2006 - har alle norske aviser ei poesispalte på sportsidene. Denne poesispalta innheld noko slikt som dette:
Tippeligaen
1. Brann 7 4 0 19-7 25
2. LSK 6 3 2 19-12 21
3. Odd 3 6 2 14-11 15
4. RBK 3 6 2 14-12 15

For dei som ikkje har blikket for poesi, kan eg fortelja at Brann aldri før har vore ubesigra etter 11 seriekampar. I 1963 vann Brann serien sist, og me må heilt attende til 1976 for å finna sist gong Brann leia serien så langt ute i sesongen.

No skal ingen sei at me tek sigeren på forskot. Eg trur at dei aller fleste av oss går og ventar på den vanlege Brann-nedturen, det har blitt så mange av dei opp gjennom åra at ”no tapar Brann”-refleksen vaknar allereie etter to sigrar på rad. Samtidig er me ikkje mindre audmjuke enn at me drøymer litt ekstra i år, det er trass alt ikkje dagleg kost dette her.

Ingen fryd utan skadefryd. Det er også mykje god poesi i at bartefolket frå Trøndelag har slått seg til ro som eit middels norsk tippeligalag. Alle dei av oss som var unge på 90-talet, fekk øydelagt mykje av ungdomstida vår fordi landets mest ufjelge folkeslag hadde fri tilgang til alt som var av edelt metall. Sjølv budde eg eit år i Trøndelag, og eg vart hjelpelaust vitne til at Brann tapte 10-0 på Lerkendal midt i mi beste ungdomstid. Slike sår tek tid å lækja, kanskje kjem eg aldri heilt over sjokket den vårkvelden i -96?

Uansett, det blir for dumt å kvila lenge i skadefryden i slike tider. I desse dagar har me nok med å nyta. Dei neste vekene er det VM-pause i eliteserien, og Brann skal kvila på tabelltopp i minst sju veker til! Eg har bestemt meg for å feira litt kvar dag så lenge Brann ligg på tabelltopp, og allereie i kveld drikk eg Hansa til kveldsmaten. Det kan koma godt med, me Brannfans veit nemleg nok til at dette neppe kjem til å vara. Til det er me litt for erfarne som ørkenvandrarar.

søndag, juni 04, 2006

Villsauens siste vår?


Villsauer er ikkje heilt som andre sauer. I går såg ikkje Klaus, husverten min, anna råd enn å starta den årlege ullplukkinga. Medan andre sauer får sin årlege klypp på seinvinteren, er altså villsauen tilgodesett med ein ulltype som gjer at ein ”plukkar” ulla av for hand (sjå bilete) i staden for å klyppa den av.

Debatten går ofte høglydt i sauekjennarmiljø om kva for ull som er å foretrekkja. Dei fleste går langt i å forsvara spel- og dalasauen, som er lettklypte og har jamn og einsfarga kvit ullfell. Men i eitkvart saueaktivistmiljø finnes det ein sta villsauentusiast som forsvarar den eldgamle tesen om at den fleirfarga villsauulla går den einsfarga kvite industriulla ein høg gang. Ikkje berre fordi den er finare i fargen, men også fordi den er av langt høgare kvalitet sidan fibrane i ulla til villsauen ikkje er maskinkutta slik som industriulla. Dette argumentet vert møtt med stille hovudristing av industriullentuiastane, og ofte stiller dei seg totalt uforståande til at villsaubønder av fri vilje vil bruka dagevis kvar vår på å handplukka sauer for ull.

Ulldebatten er berre ein liten flik av ein større debatt som rir sauemiljøa. Utanom ulla, diskuterer saueaktivistar kjøtkvalitet, fóring av høy kontra silofór, bruk av innkjøpt kraftfór i drifta osb. Til vanleg er husverten min og eg liberale og moderne menneske. Men i akkurat denne samanhengen er me av ei anna ull, og me er båe prega av andre haldningar enn dei som kjenneteiknar moderniteten. Etter vårt syn, rir (ir)rasjonalitet og nymotens teknologi den moderne sauedrifta som ein mardraum.

Kvar vart det av dei lange vårkveldane med handplukking av ull? Kva vil skje med landbruket dersom økonomiske omsyn og teknologiske løysingar skal vera svaret på alle utfordringar? Me frys berre ved tanken.