fredag, november 20, 2009

Klimaspekulasjon eller klimarettferd?


Ei utviding av kvotemarknadane er eit sentralt tema for klimaforhandlingane i København i desember. Noko av det som vil bli drøfta, er å inkludera fangst og lagring av CO2, kjernekraft, jord og skog i den sokalla grøne utviklingsmekanismen. Dette er ein form for klimakvoter som gjer rike land sjansen til kjøpa seg rett til å forureina heime, mot at dei finansierer klimatiltak i fattige land. Dette er ikkje berre ei ansvarsfråskriving frå dei rike landa som har det historiske ansvaret for klimaendringane, det opnar også for storstilt spekulasjon i klimakvotar.

Det vert også diskutert om landbruket, som står for 14 prosent av dei totale utsleppa i verda, skal inkluderast i kvotesystemet, fordi landbruksjorda kan nyttast til CO2-fangst. Multinasjonale selskap har allereie byrja å hamstra landområder, og det er ingen tvil om at ei innlemming av landbruket i den grøne utviklingsmekanismen vil intensivera privatiseringa av fellesgodene.

Det er dei rike landa som har skapt klimakrisa. Desse landa, Noreg inkludert, har derfor ei enorm økologisk gjeld til verdssamfunnet. Ein realistisk og rettvis klimapolitikk kjem ikkje bort frå at dei rike landa må ta ein stor del av klimagassutsleppa på heimebane. Dessutan må dei rike landa samtidig stilla med støtteordningar til å omstilla energiproduksjonen i land i sør i ein fornybar retning. I staden for ein marknadsbasert klimahandel som både uthular dei rike landa sitt ansvar og som til no har gitt svært små resultat i land i sør, treng me FN-baserte støtteordningar for omstilling av energiproduksjonen i sør som er administrerte av landa i sør sjølv.

Den marknadsbaserte klimapolitikken som kjem til å stå i fokus under forhandlingane i København, viser at det fyrst og fremst er økonomiske interesser som pregar den globale klimapolitikken i dag. Så lenge det er dei rike landa sine kortsiktige økonomiske eigeninteresser som får dominera dagsorden i klimaforhandlingane, er det utopisk å tru at me kan løysa klimautfordringa.

Me treng ein ny global klimapolitikk. Ein politikk som tek på alvor dei vestlege landa sitt historiske ansvar for klimaendringane, og som derfor tek til orde for store utsleppsreduksjonar i rike land og generøse overføringar frå nord til sør for omstilling til fornybare energiformer.

(Lesarinnlegg for Attac Tromsø)
Foto: Mobilization for Climate Justice-London

torsdag, august 06, 2009

Det daglege brød


I går betalte eg mitt fyrste avdrag på studielånet. «It´s payback time» etter femten år som student, gardsgut og fleksibel lausarbeidar. Kva skal eg no bruka tida til? Det mest nærliggjande i våre dagar er å kasta seg ut i lønsarbeid med høgt forbruk, huslån og tidsklemme som ramme om kvardagen. Er det det me eigentleg vil?

Økonomisk er det ingen grunn til at eg skulle arbeida heiltid. Eg eig ingenting anna enn ei halvstor boksamling og ein sliten motorsykkel, og har ikkje større faste utgifter enn at ti arbeidsdagar i månaden kan finansiera dei. Det er dessverre slik at samanhengen mellom inntekt og forbruk nesten er absolutt i vårt samfunn. Jo meir ein tener, jo meir forbruker ein. Sidan eg aldri har hatt fast inntekt, har eg endå ikkje dratt på meg rådyre forbruksvanar som eg treng å finansiera gjennom fulltids arbeid. Eg slit heller ikkje med storslegne planar om å realisera meg sjølv i arbeidslivet, utover at eg vil ha ein jobb kor eg gjer noko eg trivest med.

Etter å ha fundert i nokre veker over kva eg eigentleg vil bruka tida mi til, har eg kome til at det likevel vil vera feil av meg å gå ut i heiltids lønsarbeid. Mitt val er å jobba omlag 50-60% i helsevesenet i tida framover, og bruka mest mogeleg tid på lesing og politisk arbeid. Dette valet framstår irrasjonelt i møte med dei ideala og dei normene som ser ut til å prega samfunnet i desse dagar. Eigedom og kapital er så sterke verdiar i vårt samfunn, at å velja dei vekk virkar absurd. Samtidig er det eit paradoks at me som er vaksne no, meir enn nokon generasjon har sjansen til å bruka tida og energien vår på akkurat det me vil. Kvifor let då så mange av oss økonomi og eigedom avgjera vala våre?

På sundag gjer eg vendereis frå mitt sumareksil i vest til ein kort haust og ein nesten endelaus vinter i Tromsø. I Tromsø skal eg bruka dagane mine på å lesa verdslitteratur, blogga, driva politisk aktivisme og jobba to-tre dagar i veka. Kan ein få det betre?

mandag, juli 27, 2009

Når vaknar samtidsforfattarane?


På onsdag var me på framføring av utdrag frå Olav H.Hauge sine dagbøker med Henrik Mestad som opplesar på Baroniet i Rosendal. Om det er noko verk i norsk litteratur eg skulle ha lese for lenge sidan, er det desse dagbøkene. Mestad si kraftfulle formidling av Hauge sin sjukdom og Hauge sitt liv i litteraturen gjorde opplesinga til ei kulturoppleving av dei sjeldne.

Møtet med bokmennesket Hauge har også fått meg til å fundera litt over mi eiga lesing av norsk skjønnlitteratur, eller snarare kvifor eg i så liten grad les den norske samtidslitteraturen. Dei siste åra har det nemleg blitt slik at eg i mindre og mindre grad har lese skjønnlitteratur. Kanskje er det noko med tidsånda. Den tida og den roen som lesing av skjønnlitteratur føreset, er jo ikkje akkurat det ein har mest av i desse dagar kor både verdsveven og mobiltelefonen gjer kvardagen langt meir rastlaus enn den var før. Mest av alt er det nok likevel faglitteraturen som har overteke for skjønnlitteraturen når eg les. Dei siste åra har eg nemleg hatt ei kjensle av at den norske samtidslitteraturen i liten grad omhandlar dei spørsmåla som er viktige for min generasjon: Kor ofte møter me ein norsk roman som tematiserer klimaendringane som eksistensiell erfaring? Når høyrte me om ein roman som omhandlar den radikale islamiseringa av Noreg som så mange målber? Og når kjem romanen som ynskjer å løysa FrP-koden ein gong for alle?

Det som er ekstra trist ved at dei fleste skjønnlitterære forfattarane har så dårleg evne til å løfta blikket, er at skjønnlitteraturen har eit anna potensial i seg enn faglitteraturen. Sjølv om det kjem ut forbausande mange interessante og opplysande politiske debattbøker her i landet, er det nok berre ein liten krins som les denslags. Skjønnliteraturen har ikkje berre potensial til å nå fleire, den har også større kraft i seg enn faglitteraturen. Eller som Kjartan Fløgstad nyss sa om skjønnliteraturen i Morgenbladet: «...den typen sannhet som bare fiksjonen kan skape – som er mer sofistikert og har flere nivåer enn man kan få frem i sakprosa.»

Samtidslitteraturen omhandlar i dag hovudsakleg kvardagens problem og gårdsdagens forelskingar. Dette er sjølvsagt viktige spørsmål, men utfordringa for forfattarane er at desse spørsmåla er omhandla i heile verdslitteraturhistorien. Viss eg vil lesa om forelsking, går eg til Dostoljevkij og Dickinson, og ikkje til Knausgård eller Marstein. Sjølvsagt må litteraturen likevel omhandla det me er opptatt av i kvardagen. Samtidslitteraturen treng uansett ein større himmel over seg, ein himmel som peikar ut over den enkelte romanfiguren sine kvardagslege problem og forelskingar. Det verkar i dag som om alt for mange av dei unge forfattarane er mest opptatt av seg sjølv og sitt eige image. Kvar finn ein den unge romanforfattaren som gjev ein jamn faen i kven som kjem på Aschehoug sin hagefest, og som ikkje er nøgd med seg sjølv for ho har forandra det norske samfunnet med sine bøker? Neppe her i landet.

Som tredveåring i Noreg er eg barn av ein generøs velferdsstat som har servert meg eit sutalaust liv med sikker økonomi, gratis helse og garantert pensjon. Mitt norske pass sikrar dessutan at eg alltid vil vera på trygg økonomisk grunn, uansett kor galt det går med meg. Samtidig er eg ufriviljug blitt sosialisert inn i eit norsk forbruksmønster og i eit velferdsjag som trugar heile den vestlege sivilisasjonen. Om nokre tiår vil etterkomarane mine spørja meg om kvifor eg fortsatte å leva så overdådig, når eg visste at det var dei som måtte betala prisen? Korleis kan me leva meiningsfullt med slike føresetnader? Desse spørsmåla er aktuelle for alle oss som er mellom 20 og 40 år, og dei skulle derfor vera eit perfekt utgangspunkt for einkvar ambisiøs romanforfattar. Kvifor er det då ingen som vågar?

Foto: Ralph del Valle

tirsdag, juli 21, 2009

Bygdeungdom


To ungdomar på motorsykkel ein laurdagskveld. Den eine med eit gevær over skuldra.

Dei skal ut og skyte nokon, og så skal dei på dans. Ungdomen har mange fiendar, og likar å danse.


Fritt etter diktet Ungdom av Ragnar Hovland

mandag, juli 13, 2009

Demokrati utan solidaritet?


Det undrar meg ofte kor egoistiske folk er når dei stemmer ved val. Studentane brukar stemmeretten til å skaffa seg meir studiestøtte, småbarnsforeldra stemmer med tanke på barnehagedekning og -prisar og kunstnarane stemmer på det partiet som vil verna opphavsrettane og gje kunstnarane meir pengar. Slik sett framstår me alle som prostituerte i møte med politikken, me er villige til å selga stemma vår til det partiet som er høgstbydande på vårt interessefelt.

Denne vridninga av politikken i retning av at politikarane prøver å vera høgstbydande i høve til ei rekkje interessegrupper, øydelegg muligheten til å løysa nokre av dei store politiske utfordringane me står overfor både nasjonalt og globalt. For å ta eitt døme: Korleis skal Noreg bli kvitt sin dobbeltmoralske posisjon i miljøpolitikken, når ein moralsk ansvarleg posisjon i miljøpolitikken mellom anna vil innebera at me må innføra større avgifter på drivstoff, reiser og nokre typar forbruk? Bilistane, turistane og shopparane vil garantert bli mobiliserte mot ein avgifsauke i media for å forhindra at Noreg nokonsinne kan bli eit foregangsland på miljø. Dette vil umogeleggjera at nokon politikar kan gå inn for at Noreg kan gå inn for at Noreg skal ha ein moralsk ansvarleg posisjon i miljøpolitikken.

Det er vanskeleg å sei kvar ein skal leggja ansvaret for denne fordumminga av politikken. Trekløveret veljarane, politikarane og media er alle medskuldige i at me har fått eit politisk klima kor dei overordna politiske spørsmåla berre spelar ei birolle. Kva skal me gjera for å krevja den viktige politiske debatten attende? Eg trur det er viktig å abonnera på dei seriøse avisene (og boikotta VG!) og prøva å delta i den politiske debatten med eit og anna innspel som bidreg til å belysa kor sneversynt norsk politisk debatt som oftast er. Det er lite og truleg inneffektivt, men det er i hvert fall noko.

Historisk sett er det ikkje vanskeleg å sjå at det norske samfunnet hadde vore langt mindre utvikla om ikkje tidlegare generasjonar hadde kjempa for betre økonomiske kår for seg sjølv og sine. I våre dagar har denne progressive krafta uansett tatt ei vending som gjer den destruktiv. Sjølvsagt skal me ikkje slutta å kjempa for våre eigne interesser, men langt fleire av oss må likevel innsjå at politikken rommar utfordringar som er mykje viktigare enn våre private økonomiske interesser.

Sjølv er eg ein bleikfeit akademikar med ordna økonomi, god jobb og mykje fritid. Med eit slikt utgangspunkt, er det absurd å tenkja seg at eg skulle la mitt val av stemmesetel ved stortingsvalet til hausten bli avgjort av mine private økonomiske interesser. Stemmesetelen min er rett og slett for verdifull til at eg kan la slike luksusproblem få prega kva for eit samfunn etterkomarane våre skal leva i.

Illustrasjon: "Money Rules Man" av Ben Heine

søndag, juli 05, 2009

Eit arbeidarklasseparadis?


For ei tid sidan møtte eg ein jamgamal kar frå nabokommunen vår som uttrykte misnøye over si eiga lønnsinntekt. Han sa: «Medan me som har tatt ei mangeårig akademisk utdanning berre har 3-400 000 i årsinntekt, tenar dei verste pøblane frå ungdomsskulen to-tre gonger så mykje i oljeindustrien. Kva skal me då med utdanning?» Dette er sjølvsagt ei spissformulert uttaling, det er nok berre arbeidarane i oljeindustrien som ligg såpass langt over oss akademikarar i løn. Uansett kjem me ikkje forbi at ein del grupper arbeidarar tener godt her i landet, og det er få land som relativt sett verdset sine akademikarar så lågt. Burde me alle lengta etter å vera arbeidarar i det norske arbeidarklasseparadiset?

Min påstand er at det er eit gode for både samfunnet og for alle lønnstakarane å bu i eit land kor arbeidarane har god løn, og kor akademikarane kjem relativt sett dårlegare ut i høve til arbeidarane enn i dei fleste andre land. For det fyrste er det ikkje meir enn rett og rimeleg. Arbeidarar lever langt kortare liv enn oss akademikarar, og derfor får dei også mykje lågare pensjonsutbetalingar. Dei har også tyngre fysisk arbeid og opplever stress meir tyngande i kvardagen. Me skal heller ikkje gløyma at arbeidarane har mindre politisk makt gjennom at dei ikkje har den same kulturelle og sosiale kapitalen som akademikarane.

For oss som er akademikarar, fører også det relativt høge lønnsnivået for arbeidsfolk til at den generelle levestandarden og skatteinngangen er høgare enn den ville ha vore om klasseskilja var større. Det finnes vel knappast finnast noko betre kompliment for den norske velferdsstatsmodellen enn at dei verste pøblane oppnår ei skattbar lønnsinntekt som er langt over gjennomsnittet. Dette betyr at samfunnet har greidd å skapa vinnarar av folk som i mange samanhengar ville ha vore taparar som mottok støtte frå det offentlege. Arbeidarane sine gode kår er derfor ein av hovudårsakene til at dei nordiske velferdsstatsmodellen har vore så vellukka.

Det skal ikkje gløymast at det langtfrå er slik at alle arbeidarane i Noreg lever i eit paradis. I mange sektorar er løna så låg at ein ikkje har råd til å kjøpa sitt eige husvære eller reisa på årlege feriar slik som den jamne nordmann gjer. Den misunninga som ein del med høgare utdanning har mot arbeidarklassen, rettar seg derfor fyrst og fremst mot dei som anten arbeidar til sjøs, i enkelte industrisektorar eller i oljebransjen.

Dei siste åra har det uansett vore slik at forskjellane har blitt større mellom dei med låg og dei med høg inntekt, og slik sett kan me vel knapt kalla Noreg noko arbeidarklasseparadis. Utviklinga mot svekka arbeidarrettar og -inntekter er faktisk eit trugsmål mot den nordiske velferdsstatsmodellen. Misunninga mot arbeidarklassen blir derfor kontraproduktiv, den er med på å riva ned inntektsgrunnlaget og solidariteten som vår velferdsstat byggjer på.

Når skal me som er akademikarar i Noreg leggja misunninga på hylla, og innsjå at me er usedvanleg priveligerte?

Illustrasjon: Harry W. Scheuch

lørdag, juni 20, 2009

Songen om oss


Korleis blir ein fan av eit engelsk fotballag? Dei fleste finn seg vel eit lag gjennom ein kamp dei har sett på TV, eller dei vel det same favorittlaget som vener eller slektningar har. Mitt val var noko annleis. I 87/88-sesongen, då eg var 12 år, følgte eg nøye med på resultata i alle divisjonane i England. Eg var Liverpool-fan på denne tida, men greidde ikkje å mobilisera nokon skikkelig lidenskap for ein klubb som hadde fans på kvart gatehjørne. Etterkvart i sesongen la eg merke til at laget som toppa 3.divisjon, Sunderland, hadde eit namn som minna om regionen eg sjølv kjem frå, nemleg Sunnhordland. Fyrst la eg berre merke til resultata til mitt nye «lokale» favorittlag, etter kvart vart det klarare og klarare at eg hadde fått meg eit nytt engelsk favorittlag.

I tenåra var eg ein heilhjarta samlar av kampprogram. Eg brukte nesten alle pengane eg hadde på program og fanziner, og etterkvart hadde eg ei nesten komplett samling av Sunderland sine heimeprogram frå min fødselsdag i 1975 til ein gong utpå -90-talet. Ein av mine største opplevingar som Sunderland-supporter er absurd nok augneblinken då eg mottok mitt fyrste heimeprogram frå 89/90-sesongen i posten. I den tida var me rundt ti medlemmer i supporterklubben som abonnerte på alle heimekampane på video (!), og VHS-kassettane blei sendt rundt etter ei liste. Postgangen mellom Sverige og Norge førte til at kampen kom i posten mellom ein og fire månader etter at den var spelt. I 89/90-sesongen hadde eg store problem med å få tak i eit Sunderland-heimeprogram i byrjinga av sesongen, fordi ingen av programkontaktane mine hadde dei for sal. Ein gong i slutten av november fekk eg omsider eit program i posten, saman med ein av videokassettane frå eit medlem i Trondheim som nett hadde vore i Sunderland. I fleire veker svevde eg på ei sky over at eg endeleg hadde fått tak i eit heimeprogram frå 89/90-sesongen, og eg trur aldri at eg har blitt så glad for nokon gåve i mitt liv som eg vart for kampprogrammet frå Sunderland-Barnsley i 89/90.

I 1992 reiste eg på min fyrste tur til Sunderland for å sjå heltane mine mot Chelsea i kvartfinalen i FA-cupen. Den gongen var eg 16 år, og visste at eg aldri ville få lov av foreldra mine til å reisa på fotballkamp til England på eiga hand. Derfor sa eg til dei at eg skulle på skitur med nokre vener. Sannninga var at eg i fem dagar var på fotball- og pub-til-pub-tur i nordaust England. Stemninga var ikkje så god i stova då eg kom heim og fortalte at eg ikkje hadde vore på skitur, men på fotballtur til England... Sjølve kampen mot Chelsea er nok den beste Sunderland-kampen eg nokonsinne har sett, og trøkket var heilt vanvittig då Sunderland slo Chelsea 2-1 på vegen til finalen på Wembley. Eg hadde dessverre reiseforbod og var dessutan blakk, så eg kom meg aldri på korkje semifinale eller finale.

Året etter, i 1993, var eg i Sunderland ei veke i februar. Tilfeldighetane ville det til at Sunderland sin dåverande manager, Malcolm Crosby, fekk sparken i den veka eg var der. Eg var på handletur i byen den dagen Crosby fekk sparken, og blei stoppa av BBC på gata for å bli intervjua om kva eg synes om avgjerda om å sparka han. Eg støtta klubben i avgjerda, og lanserte Terrry Butcher som den perfekte mananger for Sunderland på bakgrunn av hans internasjonale rutine. Eg trur at heile Sunderland må ha sett BBC North sin nyhetsreportasje om at Crosby var sparka den onsdagskvelden, for om fredagen var eg den store helten på puben, og alle ville spandera øl på den unge, skråsikre nordmannen som hadde korrekt spådd at Butcher skulle bli ny Sunderland-manager. Heldigvis gjenkjente dei same folka meg ikkje eit knapt år seinare, då Butcher sine dårlige resultat og hans klønete og usikre omgang med media hadde gjort han til ein meget upopulær mann i byen...

Eg meldte meg inn i supporterklubben i -89, og på heile -90-talet var det høgtid i stova når medlemsbladet kom med posten. I 1997 var det litt krisestemning i supporterklubben, fordi ingen ville overta redaktørjobben etter Gerth Andersson. Sidan eg hadde ei viss erfaring med å driva medlemsblad, og likte og skriva, takka eg like godt ja til å vera redaktør i eit år. På denne tida gjekk eg på økologisk jordbruksskule i Aurland i Sogn og Fjordane. Medlemsbladproduksjonen var ein aktivitet som vart pressa inn i travle skule- og arbeidsdagar, derfor fann eg ut av sjølve produksjonen av medlemsbladet måtte skje i skuletida. I dei to dagane før bladet skulle sendast ut, sysselsatte eg derfor halve klassen i timane i klasserommet med å sortera sider, stifta, bretta og skriva adresser på nesten 200 medlemsblad. Dessverre kunne eg berre driva supporterklubben i eitt år, fordi eg flytta til Skottland hausten 1998.

Dei siste åra har turane til Sunderland dessverre blitt sjeldnare. Hovedårsaka til det er at eg har budd i Tromsø dei siste seks åra, og fyrst i fjor byrja Norwegian å fly direkte frå Tromsø til London. I april i år var eg omsider tilbake og såg kampen på Stadium of Light mot Manchester United. Sjølv om det endte i tap, var det ei stor oppleving å vera tilbake etter så mange år. Etter kampen blei eg sitjande saman med ein norsk kamerat på ein pub nede i sentrum og drikka øl. Etter eit par øl kom ein kar frå nabobordet bort bort til oss. Han hadde høyrt at me snakka norsk, og viste seg å også vera Sunderland-fan frå Sunnhordland! Sjølv om det kan synast langt frå Sunderland til Sunnhordland, er banda sterkare enn ein skulle tru!

(Innlegg i «Roker Roar» nr. 2 2009. «Roker Roar» er medlemsbladet til Sunderland sin skandinaviske supporterklubb)

Foto: flickr.com

torsdag, juni 11, 2009

Allmenn eller elitistisk?


For eit par år sidan snakka eg med ein forskingstilsett på Universitetet i Tromsø om det å vera student i Noreg. Denne forskaren jobba tidlegare nokre år på Harvard, som ofte vert rangert som det beste universitetet i verda. Han sa at den største forskjellen mellom å arbeida på Harvard og å arbeida på eit norsk universitet, er at medan studenten på Harvard må gjera sitt aller beste for å lukkast som student, er den norske studenten prega av det halvhjarta og middelmådige. Dei norske studentane som er talentfulle, vil sjeldan strekka seg etter noko meir enn det middelmådige, fordi det norske samfunnet rett og slett ikkje etterspør det eksepsjonelle.

Kor mykje tapar så det norske samfunnet på at nivået på den høgare utdanninga er lågare enn i dei fleste land det er nærliggjande å samanlikna oss med? Truleg ganske mykje. Me utviklar færre konkurransedyktige forskingsmiljø og mindre kompetente akademikarar enn me kunne ha gjort. Eller som ein kamerat av meg formulerte det: «Dersom det finnes ein Wittgenstein mellom oss, vil han aldri få utvikla sitt talent, fordi ingen krev noko av han.»

Kvifor er det likevel rett at me har eit universitetssystem som fangar opp dei mange, men som ofte manglar evna til å utfordra dei som både er skuleflinke og disiplinerte? For det fyrste er det eit stort gode for det norske samfunnet at ein stor del av befolkninga har universitetsutdanning. Det er ikkje mange utdanningsmodellar som skapar så få taparar som det norske, ein av årsakene til det er den (nesten) almenne tilgangen til høgare utdanning. Eit meir spissa utdanningsstystem med færre universitetsstudentar, vil også skapa fleire taparar.

For det andre legg det norske utdanningssystemet opp til at større valfridom og større studieglede enn dei fleste andre. Mykje tyder på at norsk høgare utdanning i større grad er prega av at folk studerer det dei vil og når dei vil, til dømes er det vel knapt noko land som har like mange studentar over tredve år. Den almenne tilgangen på utdanning for alle aldersgrupper fører til større trivsel i samfunnet og større omskuleringsevne i norsk arbeidsliv, effekten av dette kan knapt undervurderast.

For det tredje skapar fleire universitetsstudentar eit meir kompetent arbeidsliv. Sjølv er eg ferdig med åtte års akademisk utdanning no i vår. Ved fyrste augnekast kan mange av desse åra synast bortkasta, sidan mykje tyder på at eg kjem til å tilbringa store delar av arbeidslivet mitt i helsevesenet. Tilsynelatande ville eg hatt betre kompetanse og vore meir produktiv om eg tok ei treårig helsefagleg høgskuleutdanning, og gjekk rett ut i arbeid. Sjølv er eg ikkje i tvil om at min samfunnsvitskaplege kompetanse vil vera eit utvetydig gode i helsevesenet. Samfunnet treng arbeidstakarar som evnar å utfordra tenkemåten innanfor den enkelte profesjonen.

Det er uvurderlege kvalitetar knytt til den nesten allmenne tilgangen til høgare utdanning i Noreg, og me ville tapa viktige verdiar på å leggja om til ei meir elitisktisk universitetsutdanning. Så får det heller våga seg at me kan ha tapt ein ny Wittgenstein på vegen...

fredag, mai 29, 2009

Kva trugar demokratiet?


I desse dagar, kor ein nærast dagstøtt les oppslag om einkvan som hevdar at islam er eit alvorleg trugsmål mot dei vestlege demokratia, har det vore oppløftande å lesa Joakim Hammerlin si bok Terrorindustrien.

Hammerlin snur islam-trugsmålet på hovudet, og hevdar i staden at det er dei vestlege landa sitt forsøk på å eliminera terrorfaren som trugar demokratiet. «Krigen mot terror» er eit meir alvorleg trugsmål mot demokratiet enn terror i seg sjølv nokon gong har vore: «Det etableres sterkere politisk kontroll over pressen og akademia, og borgernes politiske handlingsrom, herunder demonstrasjonsretten og ytringsfriheten, innskrenkes. Situasjonen er at kjerneverdier i vestlige liberale demokratier er truet, og det for å bekjempe en fiende som har tatt færre liv enn lynnedslag.»

Dessverre er det alt for få som ser dei farane som Hammerlin ser i den utbredte overvakinga og dei innskrenka personrettane som frykten for terror generelt og islam spesielt fører med seg. I staden ser det ut til at nokre få terroranslag mot USA og Europa, har ført til ei utbredt oppfatning om at me må tola overvaking og innskrenka demokratiske rettar så lenge dei er verkemiddel i «krigen mot terror».

Den norske sosiologen Stein Ringen hevdar i boka «Hvorfor demokrati?» (2007) at mange av dei europeiske demokratia er truga mellom anna fordi den jamne borgar ser demokratiet som sjølvsagt, og fordi han eller ho ikkje lenger kan identifisera kva for verdiar som er dei demokratiske. Sjølv har eg til no tenkt at Ringen sin diagnose har vore noko overdriven, fordi dei fleste av oss vil forsvara demokratiet så snart me oppfattar det som truga. Etter å ha lese Hammerlin sine skildringar av dei innskrenkingane av demokratiske rettighetar som har skjedd nesten utan motstand etter 11.september, blir ein merksam på kor lite dei demokratiske verdiane er verdt i møte med eit såpass ubetydeleg trugsmål som terror trass alt er. Hammerlin viser at sentrale demokratiske verdiar som ytringsfridom, personvern og demonstrasjonsretten er blitt tildels sterkt svekka, utan at me ein gong har hatt ein diskusjon om dette som har prega det offentlege ordskiftet.

Den forkvakla norske integreringsdebatten, som i liten grad dreier seg om det reelle politiske handlingsrommet me har i integreringspolitikken, er med på å skapa eit politisk klima kor det er blitt legitimt å setja til side fleire av våre mest sentrale demokratiske verdiar. Kor lenge skal me venta før den jamne borgar oppdagar at vår eigen irrasjonelle frykt er eit langt sterkare trugsmål mot demokratiet enn nokon framand kultur?

onsdag, mai 20, 2009

Det ambivalente arbeidslivet


Dei siste 15 åra har eg vore ein del av den mest fleksible delen av den norske arbeidsstokken. Eg har trødd til i ferieperiodar, og tidvis jobba 150% stilling i periodar kor den jamne arbeidstakar har nytt velfortente fridagar. I kvardagen, det vil sei alle dei dagane kor vanlege arbeidstakarar er på jobb frå åtte til tre, har eg nytt venlege dagar på universitetet eller i arbeid på eit bortgøymt økokollektiv for kost og logi. På dette viset har eg finansiert eit vaksenliv bortanfor det ofte ufrie og lite lystprega arbeidslivet som dei fleste tek del i.

No er det mykje som tyder på at desse frie åra snart kan vera forbi. Eg vert snart uteksaminert frå universitetet, og ting tyder på at eg i løpet av nokre månader kjem til å søka meg fast lønnsarbeid for fyrste gong i mitt liv. På den eine sida kan dette synast som ei lette, kven let seg ikkje freista av ordna pensjon, sosiale arbeidsdagar, sumarferie og ei feit lommebok? Det er jo også eit privilegium å få bidra med si arbeidskraft på fulltid, etter at ein i mange år har vore på mottakarsida i ein generøs norsk velferdsstat.

På den andre sida står eg framfor noko som kan minna om eit vakent mareritt. Det synes nemleg uungåeleg at løna arbeid fører med seg eit langt sterkare fokus på det materielle. Mange seier at den største utfordringa med fast arbeid, er at ein vert svært avhengig av den høge inntekta, og at det ikkje er mogeleg å gå tilbake til ein kvardag utan full jobb når ein fyrst er i arbeid. Folk med fast jobb har dessutan ein stygg tendens til å snakka mykje om huslån, gjeld, renter, investeringar, lønn osb. Dette gjeld underleg nok også dei som har god økonomi. Korleis skal det bli å gå inn i ein kvardag kor ein knappast kan unngå å bli både materialist og lønnsslave?

H.C. Andersen sitt eventyr «Tepotten» belyser noko av det sentrale i arbeidslivet. «Tepotten» handlar om ei tekanne som lever eit luksuriøst og overfladisk liv som bordpryd hos ein familie i dei høgare samfunnslag. Tekanna har ei sentral oppgåve i den borgarlege heimen: «...jeg er den givende, den rådende, jeg utbreder velsignelsen blandt den tørstende menneskehed; i mitt indre forarbejdes de kinesiske blade i det kogende, smagløse vand.» Etter ei arbeidsulukke, kor tekanna mistar både hank og tut, startar ei tyngre tid, kor tekanna blir liggande ubrukt som eit simpelt skår i eit hjørne.

Etter ei stund blir tekanna gitt bort til ein tiggar som kjem på døra. Tiggaren sel tekanna vidare som blomsterpotte, og den nye eigaren legg ein blomsterløk i den. Det er då det nye livet startar: «Og løget låg i jorden, løget lå i mig, der var kraft og kræfter; pulsen slog, løget skød spire, det var ved at sprænges av tanker og følelser; de brød ud i blomst; jeg så den, jeg bar den, jeg glemte mig selv i dens leilighed: velsignet er det at glemme sig selv i andre!»

Eventyret om tekanna er eit poetisk forsvar for at det finnes verdiar som er viktigare enn status, løn og utsjånad. Er det mogeleg å tenkja seg at den personlege målsetjinga med arbeidet er å gløyma seg sjølv i innsats for andre? Mi erfaring er at eg har hatt mine rikaste opplevingar i arbeidslivet, når eg har fått sjansen til å gløyma meg sjølv og mine eigne behov. Dette er uansett ei noko storslegen målsetjing, som ein truleg berre kan nå i små augneblink. Som ei generell målsetjing er den nok for ambisiøs, det norske arbeidslivet er rett og slett frå langt frå dette idealet.

Å gå inn i arbeidslivet på fast basis er eit kultursjokk som eg har kvidd meg til i mange år. Ikkje berre skal det bli slutt på studiar og late morgonar med kaffi og snus, eg skal også trø inn i den norske materialismen for alvor. Eller finnes det eit arbeidsliv bortanfor denne materialismen?

onsdag, mai 13, 2009

Deltakar eller tilskodar?


Storbylivet har nokre tiltalande sider som korkje småbyen eller bygda kan freista med. I går var eg på ein ørliten kino og såg den mykje omtalte filmen «Milk». Kinoen hadde berre 25 seter, og var ein del av ein pub, og bartenderen måtte derfor både visa film og selga øl. Kulturtilbodet i Berlin generelt er prega av at det er mangfaldig og billig på same tid, slik sett skil Berlin seg frå andre storbyar som alltid er dyrare og ofte er elitistiske når det kjem til kultur.

Eg er likevel ikkje i tvil om at eg i Tromsø har funnet ein by som er langt meir i mi gate enn det Berlin nokon gong vil bli. Det er mange årsaker til dette, men viktigast er det kanskje at ein for ofte ferdast som forbrukar og tilskodar i Berlin sine gater. Medan ein i Tromsø ikkje kan koma utanom å vera med på å arrangera ulike politiske og andre arrangement som vender seg til det ålmenne publikum, er ein i Berlin fyrst og fremst tilskodar mellom tusenvis av andre. Sjølvsagt er ein også tilskodar i Tromsø, men der har ein nødvendigvis ein langt større grad av aktiv deltaking i sitt engasjement.

For mange er det kanskje ikkje innlysande at det å vera aktiv deltakar er å foretrekka framfor det å vera tilskodar. I desse dagar, synes det jo snarare som om det er som publikum og som forbrukarar at me blir dei me ynskjer å vera. Det kan likevel ikkje vera tvil om at rolla som tilskodar er meir overfladisk og mindre utfordrande enn den aktive deltakinga i det lange løp. Er det ikkje som politisk og kulturelt aktive deltakarar at me verkeleg kan utfordra oss sjølv?

Det er også mykje anna storbyen ikkje kan by på, til dømes saknar eg den den stillfarne kvardagen her. Eg finn aldri den roen som eg gjer på Tysnes eller i Tromsø. Her er for mykje trafikk, for stort kjøpepress og for mange freistande ølkneiper. Det gjev ingen kvile for ein landsens gut!

lørdag, mai 09, 2009

Den fornedra nordlendingen



Oppfatninga av at det skjer ei politisk nedprioritering av Nord-Noreg, er både feilaktig og øydeleggjande.

Då Tromsø sin OL-søknad vart avslått i haust, vart det snakka høglydt om nord-sør-konflikt og trakassering av Nord-Noreg. Den mest innbitte OL-tilhengjaren av alle, Nordlys-redaktør Hans Kristian Amundsen, skreiv mellom anna dette om OL-nederlaget i avisa etter par dagar etter at avgjerdsla var tatt:

Dessverre kom vi aldri så langt [som til å søke OL], og én årsak er en nord-sør-konflikt. Å nekte for det er naivt. (…) Legg merke til at frykten målbæres av dem som bærer med seg 1950- og 60-tallets fornedrelse. Jeg har stor respekt for at de ikke liker at gamle sår åpnes. Deres erfaringer har preget mye av debatten opp til vår tid.

Kva for historiske tilhøve er det som får Amundsen til å trekka fram -50 og -60-talet som ein periode kor folk i Nord-Noreg opplevde nord-sør-konflikten spesielt, og nedprioritering og fornedring som resultat av dette?

Desse tiåra er i nordnorsk samanheng prega av den distriktspolitiske politikken som ofte blir omtalt som ”Nord-Norge-planen”. Nord-Noreg-planen var ein den fyrste norske distriktspolitiske planen, som skulle sikra arbeidsplassar og busetjing i Nord-Noreg etter attreisingstida mellom 1945 og 1952. 1950- og -60-talet var derfor ei tid som var prega av statleg styrt industrireising, institusjonsbygging og store økonomiske overføringar til Nord-Noreg. Frå dette perspektivet kan det synast underleg at redaktøren i Nordlys framstiller -50- og -60-talet som ei fornedrande tid.

Til Amundsen sitt forsvar, er det for enkelt å framstilla -50- og -60-talet som ei tid som berre var prega av dei positive verknadane av Nord-Noreg-planen. For det fyrste er det nokre få som hevdar at industrireisinga og dei økonomiske overføringane eigentleg ikkje var i landsdelen si interesse. Ottar Brox påstår til dømes i boka Hva skjer i Nord-Norge at planen fungerte som ei fjernstyring av Nord-Noreg, fordi dei økonomiske overføringane førte til ei næringsmessig omstrukturering som folk ikkje ynskte. For det andre, var -50- og -60-talet også prega av nedlatande haldningar til det nordnorske, til dømes følte mange nord-norske utflyttarar følte seg marginaliserte og mobba når dei flytta sørover.

Det må likevel seiast at stereotypien om fornedringa på -50- og -60-talet, gjev eit svært skeivt bilete av utviklinga i landsdelen i denne perioden. Dei som held denne sterotypien i live, ignorerer dei historisk store økonomiske overføringane og alle arbeidsplassane som kom Nord-Noreg til gode i åra mellom 1952 og 1970.

Dette forhindrar ikkje at denne stereotypien er viktig i Nord-Noreg. Til dømes førte OL-striden til at meir enn 6000 personar i løpet av kort tid meldte seg inn i facebook-gruppa ”Republikken Hålogaland”, som tok til orde for at Hålogaland skulle lausriva seg frå Noreg og bli eigen republikk. Ordskiftet mellom medlemmene i denne gruppa viste at mange meinte alvor med at Hålogaland skulle bli eigen republikk.

Mange nordlendingar si oppfatning av Nord-Noreg som ein landsdel som er nedprioritert og fornedra, er noko av det mest uproduktive ein kan gje seg inn på. For det fyrste er den faktisk feil, såvel i eit historisk som i eit samtidig perspektiv. Nord-Noreg har dei siste tiåra hatt ei særskilt viktig strategisk og politisk stilling, og i dag nyt landsdelen godt av effektive distriktspolitiske tiltak som tiltakssonen, differensiert arbeidsgjevaravgift og uforholdsmessig mange stortingsrepresentantar i høve til folketalet. Kor mange regionar i Europa kan visa til ein like generøs distriktspolitikk som den Noreg gjennomfører i Nord-Noreg?

For det andre er oppfatninga av landsdelen som nedprioritert, den direkte årsaka til ei rekkje sjølvdestruktive politiske oppfatningar. Til dømes vert denne stereotypien nok ein gong iverksett i desse dagar, denne gongen for å forsvara utbygging av oljefelt i Lofoten og Vesterålen. I følge mange av dei som vil ha oljeutbygging, er den viktigaste årsaka til motstanden mot oljeutbygginga nemleg ikkje omsynet til miljøet eller fisket i nord, men snarare den politiske nedprioriteringa av landsdelen. Søringane unner rett og ikkje nordlendingane eit oljeeventyr! Nærare konspirasjonen kjem ein vel ikkje.

Hans Kristian Amundsen sin påstand om at ein Nord-Sør-konflikt var hovudårsaka til avslaget på OL-søknaden, iverksatte ei forteljing om Nord-Noreg som både er feilaktig og øydeleggjande for landsdelen. Skal me la denne forteljinga også prega ordskiftet om me vil ha oljeutbygging i Lofoten og Vesterålen? Eller finnes det ei anna og meir framtidsretta forteljing om Nord-Noreg?

fredag, mai 01, 2009

Kunsten å demonstrera


Kva har ikkje storbyen Berlin å by ein landsens raddis? I dag har eg vore med på to demonstrasjonar, ein til støtte for dei såkalt «arbeidande fattige» og ein for sosial revolusjon. Medan fyrstnemnte var ei roleg og fargerik solidaritetsmarkering for den stadig aukande andelen arbeidande fattige i Europa, var den sistnemnte ein av dei mest frykta og omtalte demonstrasjonane her i byen på mange år.

Eg var lenge i tvil om eg skulle delta i kveldens store demonstrasjon. Dei siste dagane har det nemleg vore stor mediadekning på at såvel politi som ytterlegåande grupper har førebudd seg på dette slaget om Berlin. Under slike omstende er det nok viktigare enn nokon gong at me ikkje-valdelege deltek, til sist var det derfor ingen tvil om at eg skulle avgarde.

Kveldens demonstrasjon er utan samanlikning den største eg har vore med på. For meg som er van med demonstrasjonar i Tromsø og Oslo, seier vel ikkje dette allverda, men det må ha vore meir enn 10 000 i toget. Slagordet til denne demonstrasjonen var «Sosial revolusjon», og som arrangør stod både den tradisjonelle venstresida og ulike miljøorganisasjonar her i byen. Heime i Noreg synes «revolusjon» som eit kompromisslaust og nesten politisk farleg ord, her i Tyskland samla ei rekkje organisasjonar seg om dette slagordet. For eigen del er eg ikkje i tvil om at me treng svært store endringar av vår måte å organisera samfunnet på om me skal løysa klima- og fattigdomsutfordringa, eg er derfor ikkje framand for idéen om ein sosial revolusjon.

Tilsaman spaserte me kanskje 3-4 kilometer i toget. Lenge var det musikk, apellar og livleg gateliv i eit vårkledd Kreuzberg som prega 1.mai-toget vårt, men idyllen skulle ikkje vara. Dei siste tre-fire hundre metrane viste det seg nemleg til mange si overrasking at politiet ville ha eit ord med i laget, og dei braut derfor inn i toget ved hjelp av sine innøvde formasjonar. Sidan eit såpass mykje omtalt demonstrasjonstog naturleg dreg til seg ei rekkje «autonome», som anten er perifert interessert i politikk eller berre tullingar, førte dette umiddelbart til stein- og flaskekasting mot politiet. Då me kom fram til Kottbusser Tor, som var demonstrasjonstoget sitt endepunkt, braut det ut full krig mellom politiet og ei stor gruppe svartkledde karar i hettegenserar.

Dette gateslaget kjem heilt sikkert til å fortsetja langt inn i mainatta, og bli blodig for både politi og punk. Det er ingen tvil om at bodskapen om at det kapitalistiske Europa treng ein sosial og økologisk revolusjon, fullstendig vil drukna i store avisoppslag om desse gateslaga. Eg kan ikkje fri meg frå å tenkja at det verste kunne ha vore unngått. Dersom politiet ikkje hadde bygt opp om dette gateslaget i det vide og det breie i pressa på førehand, og dersom dei i tillegg hadde vore meir defensive og ikkje provosert unødig i sjølve toget, så hadde det kanskje vore eit håp for at bodskapen vår om eit meir solidarisk Europa ville nådd fram?

Samtidig er det nok for mykje å håpa på. Den lange tradisjonen for valdelege opptøyar i 1.mai-toget i Kreuzberg viser vel at dette arrangementet ikkje kjem til å få avisoppslag for den politiske bodskapen på ei stund. Slik sett er det nok like greit å venda tilbake til den meir fredelege 1.mai-feiringa i Tromsø til neste år.

(Bilete: www.tagezeitung.de)

onsdag, april 29, 2009

Ei stemme fattigare


Steinar Lem er kanskje den offentlege personen som har betydd aller mest for meg. I dag kom den triste meldinga om at Lem er død.

Som 20-åring las eg i romjula 1995 ei bok som kom til å få avgjerande innverknad for korleis eg har tenkt i mitt vaksne liv. Boka heitte «Den tause krigen: mot de fattige og mot miljøet - og hva som må gjøres» og var skriven av Steinar Lem. Sjølv om eg i dag berre hugsar hovudtrekka av boka, gløymer eg aldri verknaden den hadde på meg. Fram til romjula i 1995 såg eg på verda som ei overflødig kulisse som ikkje vedgjekk det livet eg levde. Murens fall, global oppvarming, fattigdom, you name it, alt saman var ei suppe av nesten uvedkomande hendingar for min del.

Steinar Lem si bok var den fyrste som for meg snudde denne verdsoppfatninga på hovudet. Bodskapen hans var at den globale fattigdommen og klimaendringane var så langt frå ei kulisse som dei kunne vera, dei var i staden dei viktigaste moralske spørsmåla i vår tid. Sidan den gong har eg hatt ei heilt anna oppfatning av kva det vil seia å leva i eit samfunn, og eg likar vel også å tru at eg har prøvd å ta Lem sin bodskap på alvor.

Mykje har skjedd sidan 1995, og det er langtfrå alltid eg har vore like begeistra for Lem. For nokre år sidan melde eg meg til dømes ut av Fremtiden i Våre Hender for ein periode. Dette gjorde eg fordi Lem som organisasjonen sin talsmann uttalte i Dagsavisen at han tok fly til Bergen i staden for tog, grunna for mykje barneskrik på toget. Denne vendinga mot det dobbeltmoralske, kor Lem satte ein standard for seg sjølv og ein annan for alle andre, prega etter mitt syn for mange av Lem sine offentlege ytringar dei siste åra.

Uansett vert den norske ålmenta ei viktig stemme fattigare med Steinar Lem sin død. Han har hatt ei særskilt evne til å tenkja moralsk i tider kor det hedonistiske har prega oss.

lørdag, april 25, 2009

Våreksil i Berlin


I morgon reiser eg til Berlin. Og blir der i ein heil månad! Som ein del av dåke kjenner til, budde eg nokre månader i Berlin i 2003. Sidan den gong har eg planlagt å venda tilbake, no er tida endeleg inne!

Hovudårsaka til at eg reiser til Berlin no, er at eg kvar einaste vår sidan 2003 har vore bufast i Tromsø i heile mai månad. Ein kan sei mykje bra om Tromsø, men etter mitt syn er Tromsø si mørkaste side den tause våren her i byen. Tenk deg ein mai månad med snødekte gater og seks-åtte plussgrader som det normale! Om ein skulle ta omsyn til oss som bur i Tromsø, burde alle vårteikn i kvar einaste TV-sending frå resten av landet ha vore sladda frå 20.april til 31.mai.

I Berlin har eg store planar. Fyrst og fremst skal eg friska opp tysken min, den byrjar å bli passe rusten etter seks års dvale. Dessutan skal eg finna ut kva eg skal skriva om på mastergraden min. Det blir nok anten mediesosiologi eller velferdsstatssosiologi. Utfordringa blir å finna noko som både samfunnet kan ha nytte av og som eg finn lærerikt.

Til sist har eg tenkt å feriera i Berlin. Eg skal bada, jogga, lesa politiske debattbøker, drikka kveiteøl og sjå fotball! Såpass må ein ta seg lov til før ein intensiv arbeidssumar.

onsdag, april 22, 2009

Falma anglofili


I ungdommen var eg anglofil. Den gongen var det ein særskilt glans over alt engelsk: Dickens, Beatles, The Guardian, fish and chips og meir enn noko: Fotball. Den gongen dreiv eg til og med småskala hønsehald, fordi 24 høns kunne finansiera store innkjøp av engelske fotballprogram og fanziner.

I påsken gjorde eg vendereis til mitt gamle Mekka. Eg fekk både med meg to fotballkampar, eit utal britiske pubar og ditto usunne måltid. Sjølv om det britiske ikkje står meg like nært som i ungdomsåra, er det framleis noko eige med å reisa til England. Ved sida av den store opplevinga det var å koma tilbake til Sunderland og fotballkamp på Stadium of Light etter ti års fråvær, kjem eg spesielt til å hugsa ein kveld på ein pub med live irsk musikk i Greenwich Village (sjå bilete).

I løpet av dei nesten 20 åra som har gått sidan eg i tenåra reiste årleg på pilegrimsreise for å følga mitt kjære Sunderland, har min gamle godhug for det britiske falma. I dag har eg nok sterkare røter i både Irland og Tyskland enn eg har i Storbritannia. Fem dagar i London er i dag meir enn nok for meg, byen er i dag berre ein bleik skugge av min nye favorittby Berlin.

Årsaka til at eg berre trives sånn passe er truleg mest av alt fordi eg alltid føler meg som ein framand i Storbritannia. Eg forstår ikkje britane sin sans for mat (i Skottland blei eg ein gong servert frityrsteikt pizza), eg forstår ikkje deira sans for estetikk, og eg forstår ikkje korleis så breie samfunnslag kan akseptera eit så udemokratisk styresett.

Uansett kjem eg nok alltid til å reisa til Storbritannia. Ein dumpar ikkje ein fortumla ungdomsven.

onsdag, april 08, 2009

Då tida var politisk



Eg har aldri hatt peiling på musikk. Grunnen til det er nok at musikken aldri har interessert meg i nevneverdig grad. Sjølvsagt høyrer eg ei plate eller to i ny og ne som dei fleste andre, og hylla mi husar nokre hundre LP`ar. Jamnt over er musikken meg likevel uvedkomande. LP-samlinga mi er nok meir uttrykk for ein utprega materialisme rundt det siste sekelskiftet, enn for nokon genuin musikkinteresse.

Likevel er det ei plate som aldri forblir uhøyrt når eg ein sjeldan gong er heime og prøver platespelaren. Det er Palestinakomitéen si utgjeving «Palestina» (sjå bilete). Denne LP-plata er utgjeven då -70-talet var på sitt mest politiske, og tekstane sydar av det politiske engasjementet som dette tiåret var prega av. Dessutan er melodiane rimeleg fengande. Me andre ord ei draumeplate for oss som saknar -70-talet si interesse for det politiske, og som dessutan har fått med oss ein porsjon sjølvironi frå -90-talet.