torsdag, mai 31, 2007

Augneblinkens estetikk


Neivel. Så greidde eg heller ikkje denne gongen å halda meg til planen. Som nevnt i forrige innlegg, skulle eg stoppa ein kveld eller to i Stamsund før eg fór vidare sørover mot vår og vestland. Slik gjekk det ikkje. Etter åtte dagar i Stamsund, greidde eg i kveld endeleg å koma meg ombord att i sydgåande Hurtigrute.

Når dette er sagt, er det ingen grunn til å klaga på at eg måtte bli i Stamsund. Her har eg nemleg sett og opplevd meir enn det som vanlegvis er meg forunt på ei veke: Eg har skrevet og levert to heimeeksamenar, eg har sett ein spe og halvsur vår skifta ham og bli til full sumar, og eg har gått nokre flotte fjellturar. Dessutan har det vore teaterfestival her i bygda sidan tysdag, og det har blitt tid til både teater, foredrag og nattleg rangel. Viktigast av alt er nok likevel herberget eg budd i, og folka eg har møtt der. Herberget i Stamsund er nemleg ein stad kor ein kan prøva ut den gamle floskelen om å leva i augneblinken. Her kjem folk frå heile Europa, og felles for alle er at dei har god tid til å vera der dei er. Gjennom lange dagar og kveldar går drøsen i kjøkenet (sjå bilete). Oftast om det kvardagslege og perifere, i små augneblink om det viktige og sentrale.

Nokre bur her ein dag eller to, andre i veker og månader. Ei eldre tysk kvinne, som nyss vart pensjonert, hadde ifølge eigne ord sykla den lange vegen frå Frankfurt for å finna ut kvar ho var, og kvar ho skulle. Ein middeladrande brite kom ein gong til Stamsund i midten av tjueåra, og hadde sidan reist årjamnt til herberget for å fiska og for å nyta den stilla han ikkje kunne finna i London. Slik kunne ein fortsetja, folka på herberget i Stamsund er som andre folk. Den einaste forskjellen er at folk på herberge er på ferie, og derfor kan vera der dei er.

Stamsund har meir enn lausprat å by på! I dag var eg så heldig at eg fekk med meg eit foredrag av det sjeldne sorten. Anniken Greve, fyrsteamanuensis i litteratur, kom til bygda i høve teaterfestivalen og heldt foredrag over temaet «Holocaust: Glemselens logikk og hukommelsens estetikk». Holocaust er nok eit av dei mest krevjande tema ein kan halda foredrag om, «tyngden i erfaringene forpurrer enhver kommentar», som Greve sa i innleiinga.

Dette må uansett vera eit av dei beste foredraga eg har høyrt på lang, lang tid. Greve sitt utganspunkt var ein refleksjon rundt Primo Levi sin roman «Hvis det er et menneske», som omhandlar Levi si tid som deportert jøde i Auswitz. Gjennom refleksjonen over «Hvis det er et menneske» og dei litterære grepa i romanen, drøfta Greve korleis gløymselen på ulike vis har prega både Tyskland og Noreg i tiåra etter verdskrigen. I Tyskland tok det tjue før den tyske ålmenta så smått byrja å forhalda seg til Holocaust, her i landet har me i alt for mange år fortalt krigssoga utan å ta med at norsk politi og norsk etterretning hjalp til med å deportera meir enn halvparten av dei norske jødane.

Når ein høyrer ein så gåverik og belest forelesar som Greve, kjem ein også i tankar om kor lite ein sjølv les og reflekterer over litteratur. Eg må innrømma at eg dei siste åra nesten utelukkande har lese faglitteratur, det kjennest som år og dag sidan sist eg las ein roman eller ei diktsamling. Sjølv om det er mykje innsikt og inspirasjon å henta i god faglitteratur, kjem me ikkje utanom at det er skjønnlitteraturen som er best eigna til å utfordra rammene me lever liva våre innanfor.

Etter venlege dagar og eit forvitneleg foredrag, reiser ein ikkje vidare utan ein viss ettertanke. Dagane i herberget har minna meg om kor lett og motstandslaust ein kan leva når ein møter dei rette folka. Samtidig fortel dagens foredrag at eg må få større fordjuping og fokus inn i min flyktige kvardag. Ein plass i midten ligg vel løysinga for ein farande fant!

onsdag, mai 23, 2007

Langsam ferd mot vår


I går kveld satte eg meg på Hurtigruteskipet «Midnatsol» frå Tromsø til Bergen, fyrst og fremst for å skriva ferdig to heimeeksamenar eg skal levera levera i løpet av den komande veka. Tanken er at eg skal kunne bruka brorparten av tida mi dei neste dagane på skriving, ombord i skipet er korkje internett, aviser eller andre utanomfaglege freistingar. Her er det berre nokre pensumbøker, ein PC og eit utal utanlandske pensjonistar.

Som så ofte før, reiser eg heller ikkje denne gongen beinveges dit eg skal. I kveld går eg av i Stamsund, der skal eg som før bu ein dag eller to på herberget i bygda (sjå bilete). Seinare i veka blir det kanskje ein dag i Trondheim, og eg ser heller ikkje vekk frå at det kan bli ein stopp i Ålesund, sidan eg aldri har sett min fot der. Det gode med å reisa med Hurtigruta, er den tilbakelente, nesten kontemplative stemninga som rår ombord. Her er det ingenting som står på, mobilen er avslått og den kvardagslege tidsklemma ligg att på hurtigrutekaia i Tromsø. Alt ein veit er at ein skal skriva nokre halvgjorte akademiske tekstar i løpet av den neste veka, såpass skal ein vel også greia.

Reisa mi vert også ei langsam ferd mot våren på Vestlandet. Dei siste åra har eg alltid fått eit mildt sjokk når eg har kome med fly til Bergen etter ein lang, grå vår i nord. I år blir det ein noko mjukare overgang, allereie i Svolvær no i ettermiddag merka me at det er ein annan grønfarge som pregar landskapet enn det er i Tromsø.

Sjølv under slike tilhøve, er det eit faktum at mange av oss er prega av ei viss uro. Det eg nemleg ikkje visste då eg gjekk ombord i «Midnatsol», er at det dette skipet husar ein aggressiv magesjau i desse dagar. Dei som vert smitta, må opphalda seg i umiddelbar nærleik av eit toalett i eitt til to døgn. For meg, som søv på ein benk i baren og ikkje har lugar med toalett og andre spyfasilitetar, er dette ein mildt sagt utriveleg tanke. Førebels er det ingenting som tyder på at eg er smitta av viruset som har sett dagsorden i norske media dei siste dagane, det er likevel ikkje fritt for at eg kjenner på ei stikkande uro i både mage og sinn...

torsdag, mai 10, 2007

«My fifteen minutes of fame»


Fyrste gong eg fekk eit avisoppslag var eg seks år. Den gongen tente eg på og brann ned eit av uthusa på garden heime, og vegen var ikkje lang til hovudoppslag på framsida i lokalavisa. Sidan den gong, har eg med jamne mellomrom hatt mi tilmålte tid og plass i eter- og avismedium. Stort sett har eg vel hatt eitt og anna å melda om verdas skeive gang, det er heller ikkje fritt for at eg har stukket nasen fram når ein eller annan kjendis har vore i by'n. «We all have our fifteen minutes of fame», som britane seier.

No i helga var eg som så ofte før på helgerangel i Tromsø, slik har det lett for å bli etter ei lang veke på universitetsbiblioteket. Denne laurdagen var me på Reggaekveld på Verdensteateret, ein av uteplassane for oss som er heimehøyrande i akademia her i byen. Som ventande er, rann kvelden og halve natta vekk i eit surr av frilynt dans, nytappa mackøl og laust pisspreik. Innimellom halvlitrane, minnest nokre av oss at det kom ein fotograf bort til bordet vårt og ville ta bilete av oss til ei nettside ho kalte kjendis.no. Kvifor ikkje, tenkte me vel, dette må jo vera ei side for dei mest hardbarka nettsurfarane.

Eg kjem aldri til å undervurdera kjendis.no igjen. På måndag tikka det inn tekstmeldingar og meldingar i innboksen min på facebook om at eg var observert på kjendis.no! Dessutan meldte ei klassevennine frå barndommen at eg var hovudoppslag på den uofisielle heimesida til heimkommunen min, tysnesingen.no, under den tabloide overskrifta «Askild på by'n».

Me skal vel fyrst og fremst vera glade for at me vart fotograferte, det er faktisk ikkje alle forunt å få vist seg fram på rangel på ein såpass flittig besøkt nettstad som kjendis.no. Eg klarar likevel ikkje å fri meg frå tanken om kor lite kraft det er i dei tekstane eg skriv, i høve til dette eine biletet på kjendis.no. Når ein skriv innlegg i avisene om dobbeltmoralen i norsk politikk, eller om behovet for eit kompromisslaust miljøparti i den norske ålmenta (Miljøpartiet Dei Grøne), høyrer ein knapt eit knyst frå nokon. Skulle ein dog vera så heldig å bli fotografert av ei tabloid nettside i løpet av sin fortumla gang gjennom laurdagsnatta, får ein oppslag og merksemd som aldri før. Under slike tilhøve, kan ein lura på om tida er mogen for å leggja pennen frå seg?

Det høyrer óg med til soga at eg gjekk heim frå Verdensteateret den natta med eit par saftige bitemerke på høgre armen. Etter ein slik rangel, skal ingen skal sei at Tromsønatta er forutsigbar!

(Bilete: kjendis.no)

Link til tysnesingen.no sitt oppslag