onsdag, april 29, 2009

Ei stemme fattigare


Steinar Lem er kanskje den offentlege personen som har betydd aller mest for meg. I dag kom den triste meldinga om at Lem er død.

Som 20-åring las eg i romjula 1995 ei bok som kom til å få avgjerande innverknad for korleis eg har tenkt i mitt vaksne liv. Boka heitte «Den tause krigen: mot de fattige og mot miljøet - og hva som må gjøres» og var skriven av Steinar Lem. Sjølv om eg i dag berre hugsar hovudtrekka av boka, gløymer eg aldri verknaden den hadde på meg. Fram til romjula i 1995 såg eg på verda som ei overflødig kulisse som ikkje vedgjekk det livet eg levde. Murens fall, global oppvarming, fattigdom, you name it, alt saman var ei suppe av nesten uvedkomande hendingar for min del.

Steinar Lem si bok var den fyrste som for meg snudde denne verdsoppfatninga på hovudet. Bodskapen hans var at den globale fattigdommen og klimaendringane var så langt frå ei kulisse som dei kunne vera, dei var i staden dei viktigaste moralske spørsmåla i vår tid. Sidan den gong har eg hatt ei heilt anna oppfatning av kva det vil seia å leva i eit samfunn, og eg likar vel også å tru at eg har prøvd å ta Lem sin bodskap på alvor.

Mykje har skjedd sidan 1995, og det er langtfrå alltid eg har vore like begeistra for Lem. For nokre år sidan melde eg meg til dømes ut av Fremtiden i Våre Hender for ein periode. Dette gjorde eg fordi Lem som organisasjonen sin talsmann uttalte i Dagsavisen at han tok fly til Bergen i staden for tog, grunna for mykje barneskrik på toget. Denne vendinga mot det dobbeltmoralske, kor Lem satte ein standard for seg sjølv og ein annan for alle andre, prega etter mitt syn for mange av Lem sine offentlege ytringar dei siste åra.

Uansett vert den norske ålmenta ei viktig stemme fattigare med Steinar Lem sin død. Han har hatt ei særskilt evne til å tenkja moralsk i tider kor det hedonistiske har prega oss.

lørdag, april 25, 2009

Våreksil i Berlin


I morgon reiser eg til Berlin. Og blir der i ein heil månad! Som ein del av dåke kjenner til, budde eg nokre månader i Berlin i 2003. Sidan den gong har eg planlagt å venda tilbake, no er tida endeleg inne!

Hovudårsaka til at eg reiser til Berlin no, er at eg kvar einaste vår sidan 2003 har vore bufast i Tromsø i heile mai månad. Ein kan sei mykje bra om Tromsø, men etter mitt syn er Tromsø si mørkaste side den tause våren her i byen. Tenk deg ein mai månad med snødekte gater og seks-åtte plussgrader som det normale! Om ein skulle ta omsyn til oss som bur i Tromsø, burde alle vårteikn i kvar einaste TV-sending frå resten av landet ha vore sladda frå 20.april til 31.mai.

I Berlin har eg store planar. Fyrst og fremst skal eg friska opp tysken min, den byrjar å bli passe rusten etter seks års dvale. Dessutan skal eg finna ut kva eg skal skriva om på mastergraden min. Det blir nok anten mediesosiologi eller velferdsstatssosiologi. Utfordringa blir å finna noko som både samfunnet kan ha nytte av og som eg finn lærerikt.

Til sist har eg tenkt å feriera i Berlin. Eg skal bada, jogga, lesa politiske debattbøker, drikka kveiteøl og sjå fotball! Såpass må ein ta seg lov til før ein intensiv arbeidssumar.

onsdag, april 22, 2009

Falma anglofili


I ungdommen var eg anglofil. Den gongen var det ein særskilt glans over alt engelsk: Dickens, Beatles, The Guardian, fish and chips og meir enn noko: Fotball. Den gongen dreiv eg til og med småskala hønsehald, fordi 24 høns kunne finansiera store innkjøp av engelske fotballprogram og fanziner.

I påsken gjorde eg vendereis til mitt gamle Mekka. Eg fekk både med meg to fotballkampar, eit utal britiske pubar og ditto usunne måltid. Sjølv om det britiske ikkje står meg like nært som i ungdomsåra, er det framleis noko eige med å reisa til England. Ved sida av den store opplevinga det var å koma tilbake til Sunderland og fotballkamp på Stadium of Light etter ti års fråvær, kjem eg spesielt til å hugsa ein kveld på ein pub med live irsk musikk i Greenwich Village (sjå bilete).

I løpet av dei nesten 20 åra som har gått sidan eg i tenåra reiste årleg på pilegrimsreise for å følga mitt kjære Sunderland, har min gamle godhug for det britiske falma. I dag har eg nok sterkare røter i både Irland og Tyskland enn eg har i Storbritannia. Fem dagar i London er i dag meir enn nok for meg, byen er i dag berre ein bleik skugge av min nye favorittby Berlin.

Årsaka til at eg berre trives sånn passe er truleg mest av alt fordi eg alltid føler meg som ein framand i Storbritannia. Eg forstår ikkje britane sin sans for mat (i Skottland blei eg ein gong servert frityrsteikt pizza), eg forstår ikkje deira sans for estetikk, og eg forstår ikkje korleis så breie samfunnslag kan akseptera eit så udemokratisk styresett.

Uansett kjem eg nok alltid til å reisa til Storbritannia. Ein dumpar ikkje ein fortumla ungdomsven.

onsdag, april 08, 2009

Då tida var politisk



Eg har aldri hatt peiling på musikk. Grunnen til det er nok at musikken aldri har interessert meg i nevneverdig grad. Sjølvsagt høyrer eg ei plate eller to i ny og ne som dei fleste andre, og hylla mi husar nokre hundre LP`ar. Jamnt over er musikken meg likevel uvedkomande. LP-samlinga mi er nok meir uttrykk for ein utprega materialisme rundt det siste sekelskiftet, enn for nokon genuin musikkinteresse.

Likevel er det ei plate som aldri forblir uhøyrt når eg ein sjeldan gong er heime og prøver platespelaren. Det er Palestinakomitéen si utgjeving «Palestina» (sjå bilete). Denne LP-plata er utgjeven då -70-talet var på sitt mest politiske, og tekstane sydar av det politiske engasjementet som dette tiåret var prega av. Dessutan er melodiane rimeleg fengande. Me andre ord ei draumeplate for oss som saknar -70-talet si interesse for det politiske, og som dessutan har fått med oss ein porsjon sjølvironi frå -90-talet.