fredag, oktober 05, 2012

Grenser for kunnskap

















 Utbygging av oljeverksemd i Lofoten og Vesterålen er det viktigaste politiske spørsmålet i Nord-Noreg på lang tid. Dessverre vert dette spørsmålet i for liten grad diskutert som eit politisk spørsmål. For nokre veker sidan kom det fram at Martin Henriksen, som nyss er innstilt av valkomiteen til fyrsteplass på Arbeidarpartiet si stortingsliste frå Troms, har snudd og opnar no for oljeverksemd i Lofoten og Vesterålen. Henriksen uttallar mellom anna dette om bakgrunnen for sitt nye standpunkt til Nordlys:

“- Nå er vi en fase med kunnskapsinnhenting. Vi må se på resultatet av dette og gjennomgå denne kunnskapen før vi trekker noen bastante konklusjoner.”

Ein viktig del av den kunnskapsinnhentinga som Henriksen viser til, er ein serie rapportar som vart lyst ut på anbod av regjeringa ved Olje- og energidepartementet i vår. Eit døme er rapporten “Risiko ved akuttutstlipp”. Rapporten vart utlyst på anbod med søknadsfrist 15.mai, og den skulle leverast 1.august. Leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, sa dette om rapportane til Dag og Tid i juni: “- Det seier seg sjølv at det ikkje er mogleg å få fram ny forsking på så kort tid, attpåtil skal det skje når landet er i sommarferiemodus. Eg fryktar at departementet gjer dette medvite for å unngå å få fram ny kunnskap som kunne tale mot oljeverksemd.”

Det sterke fokuset på innsamling av naturvitskapleg kunnskap i spørsmålet om oljeverksemd i Lofoten og Vesterålen, reiser også grunnleggjande spørsmål om denne vitskapen sine grenser. Dei naturvitskaplege vurderingane av oljeaktivitet i Lofoten og Vesterålen, krev nemleg risiko- og konsekvensanalysar som pressar grensene for kva denne vitskapen kan svara på. Eitt døme på at risikoanalysar innanfor havforvaltning er svært vanskeleg, såg me då det russiske fryseskipet “Petrozavodsk” gjekk på grunn på fuglefjellet på Bjørnøya våren 2010. Ingen hadde trudd at noko slikt kunne skje. Samtidig ville alle ha forventa mykje større miljømessige konsekvensar då ulukka fyrst var ute, enn dei minimale skadane på fuglebestanden som vart resultatet. Ei nesten-ulukke i den norske oljesektoren var den på Snorre-feltet utanfor Florø i 2004. Ein stor porsjon flaks hindra den gong ei utblåsing som kunne ha vart i lang tid og som ville ha grist til Norskekysten med oljesøl. Ulukker skjer når me minst ventar dei, og får ofte andre konsekvensar enn me trur dei skal få.

Ynskjer me at spørsmålet om oljeverksemd i Vesterålen og Lofoten skal bli avgjort av utilstrekkelege naturvitskaplege utgreiingar, eller ynskjer me ein politisk debatt om kva for ei framtid me ynskjer i Nord-Noreg? Oljeverksemd i Lofoten og Vesterålen vil ha stor påverknad på arbeidsplassar, turisme, næringsutvikling og miljø i Nord-Noreg dei neste tiåra. Det Nord-Noreg me kjenner, vil bli forandra. I beste fall vil regionen oppleva tilflytting og vekst, men me må også vera klare over at Lofoten og Vesterålen sin posisjon som eit internasjonalt turistmål kan bli truga. Dessutan må me ta høgde for at ei alvorleg ulukke i verste fall kan endre naturen og næringsvilkåra i regionen i lang tid framover.

Spørsmålet om me ynskjer oljeverksemd i Lofoten og Vesterålen eller ikkje, er i all hovudsak eit politisk spørsmål. Ei rekkje politikarar og oljeindustrien gjer alt dei kan for å gjera dette til eit naturvitskapleg spørsmål. Naturvitskapen har sin klåre avgrensingar, og kan ikkje gje oss noko tilfredsstillande svar på kva konsekvensar ei utbygging av oljeaktivitet i Lofoten og Vesterålen vil få. Når skal politikarane innrømma at den naturvitskaplege kunnskapen har sine grenser, og at spørsmålet om oljeverksemd i Lofoten og Vesterålen fyrst og fremst er politisk?

(lesarinnlegg i Nordlys 5.oktober 2012. Også trykt i Nationen 8.oktober 2012)