lørdag, september 27, 2008

Ein regntung laurdag i september


Laurdagar er gode dagar. Det er den ein dagen i veka ein med godt samvit kan driva med alt anna enn studiar. Til vanleg går det i aviser, kafétur, graut og engelsk fotball her i huset om laurdagen. I dag vart laurdagen noko annleis, partiet Raudt inviterte nemleg til seminar om finanskrisa.

Hovudinnlegget på seminaret stod leiar i Raudt, Torstein Dahle, for. Dahle sitt innlegg var ei forvitneleg framstilling av korleis krisa i finansmarknadane er ein uungåeleg konsekvens av kapitalismen, og korleis denne krisa vil bli forsterka i åra framover. Kapitalismen sin grunntanke er nemleg at økonomien skal veksa i det uendelege. Resesjon eller tilbakegang i den økonomiske veksten fører kapitalismen (og i verste fall heile det demokratiske systemet) ut i krise. Dahle peika på spekulasjonsøkonomien som ei viktig årsaka til den noverande krisa. Dessutan understreka han at krisa framover bli forsterka av at den økonomiske veksten er i konflikt med jorda si økologiske berevne. Klimakrisa og oljekrisa er berre to døme på at veksten i økonomien er i ferd med å utarma ressursgrunnlaget på jorda.

Korleis skal me då løysa kapitalismen si ibuande motsetjing, finnes det nokon måte å forena kapitalisme med økologisk og økonomisk berekraft? Dahle og Raudt sitt svar på dette er umtvisteleg nei, det finnes ingen framtid for ein kapitalisme som ekspansiv i sin natur. I den realpolitiske situasjonen som finanskrisa har ført oss inn i, er Raudt sitt krav at den raud-grøne regjeringa i langt større grad må satsa på å auka dei offentlege utgiftene. Raudt tek i korttekst til orde for større bruk av oljepengane, Dahle sa at den raudgrøne regjeringa umiddelbart kan (og bør!) løyva 10 milliardar til kommunane utan at dette fører til inflasjon.

Raudt si meir langsiktige og ideologiske løysing på finanskrisa er at kapitalismen må avskaffast. Den kan ikkje overleva fordi den er ekspansiv. Som ein nødvendig konsekvens av dette vil kapitalismen brutalisera arbeidslivet, gjera økonomien spekulativ og øydeleggja ressursgrunnlaget på jorda. Dahle gjekk ikkje nærare inn på kva for system som skal erstatta det kapitalistiske.

Det ikkje vanskeleg å vera einig med Dahle og Raudt i at kapitalismen er inne i ei krise, og at den har ført verda ut i ei ressurskrise som me berre har sett byrjinga av. Det er likevel grunn til å peika på at partiet ikkje er løysingsorienterte nok på vegne av kapitalismen. Sjølv ser eg ikkje noko alternativ til ei kapitalistisk organisering av økonomien. Den planøkonomien Raudt målber, har ikkje fungert i praksis, og vil heller aldri få nokon støtte i demokratiske valg. Derfor meiner eg at både Raudt og me andre på venstresida må ta til orde for ei radikalt sterkare regulering av kapitalismen, fordi det er den einaste løysinga me kan få demokratisk oppslutnad om.

Dette er nokre punkt som dessverre ikkje vart nemnt i Dahle sin presentasjon:

- Skattelegging av aksjehandel. Ein prosent skatt på alle aksjehandlar vil få ein umiddelbar slutt på Short-salg og kortsiktig spekulativ aksjehandel som har ført finansmarknadane ut i krise.

- Nedbygging av skatteparadisa. Skatteparadisa er kapitalistisk økonomi på sitt mest kyniske og destruktive. Stenging av skatteparadisa vil gjera økonomien meir transparent, og derfor langt lettare å ha demokratisk kontroll over. Stenginga vil også gje statane høgare skatteintekter, som dei kan bruka på investeringar i berekraftig infrastruktur og forsking på fornybar energi.

- Meir progressiv skattelegging av inntekt, energiforbruk, reiser osb. Det private forbruket kan ikkje fortsetja å veksa i lys av dei utfordringane me står overfor.

- Skattelegging av petroleumsutvinning. Om me skal unngå klimaendringar ute av kontroll, må me på ein radikal måte overføra økonomiske midlar frå karbonavhengig energiforbruk, til forsking på energiforbruk basert på fornybare kjelder. Noreg er i ein historisk posisjon til å til dømes investera 10% av oljeinntektene i forsking på fornybare energikjelder.

Dette er nokre få, og langt frå ei utfyllande liste over kva for reguleringar av kapitlismen me treng. Det mange kan vera einige om, er at kapitalismen i sin noverande form verkar destruktivt og nedbrytande på sivilisjonen vår. Dessverre er det alt for få økonomar, vanlege folk og synsarar viljuge til å ta innover seg at me lever i ei krisetid, kor me må mobilisera for ei ny organisering av samfunnet.

For oss som bur i Tromsø, er det eit lyspunkt at den alternative økonomen Rune Skarstein kjem hit til byen på torsdag for å halda foredrag om den globale finanskrisa, og kva for reguleringsmuligheter me har (sjå under). Me får tru han har fleire realisitiske løysingsforslag å by på enn det Torstein Dahle hadde denne regntunge laurdagen i september.

torsdag, september 25, 2008

Kvifor er det finanskrise?


Torsdag 2.oktober klokka 20 på Kulturhuset arrangerer Attac Tromsø eit seminar om krisa i finansmarknadane. Her blir det trangt om plassen:

Bankar går konkurs og børsane rasar. Det vert samanlikna med krakket i 1929, som opna for "New Deal" i USA, og for fascisme og krig i Europa. Kor alvorleg er finanskrisa no? Kva er røtene til denne krisa, og kva utløyste den?

Fleire og fleire har tatt til orde for ei sterkare regulering av finansmarknadane. Korleis kan verdssamfunnet få større demokratisk kontroll over finansmarknadane?

Innleiiar: Rune Skarstein, fyrsteamanuensis i økonomi ved NTNU