onsdag, september 12, 2007

Ein utopisk visjon?


På slutten av nittitalet gjekk eg eit år på lærarskulen. Den gongen tenkte eg at læraryrket kunne la seg godt kombinera med å driva ein liten økologisk gard i utkanten av bygdenoreg. Det kan i ettertid synast naivt, men den gongen var eg truande til å ha store visjonar for såvel øko-landbruket som for skulen. Eg las både skjønnlitteratur og faglitteratur med denne visjonen for auget, det måtte vel vera mogeleg å skapa seg ein leveveg bortanfor den tidsklemma og det materielle jaget, som prega kvardagen til dei fleste eg kjente på den tida?

Ein plass på vegen har eg mista mine visjonar for både øko-landbruket og for læraryrket. I denne samanhangen skal eg la mine visjonar for øko-landbruket liggja. I staden skal eg stilla spørsmål ved kvifor eg no i haust starta eg no i haust på praktisk pedagogisk utdanning ved Universitet i Tromsø, trass i at eg for lenge sidan har mista mine visjonar for læraryrket? Denne gongen kjem eg nemleg ikkje til tuns med store ord, i staden har eg ei meir praktisk tilnærming til mitt val om å bli lærar: Eg vil ta ei utdanning som kan sikra at eg også i framtida kan fortsetja å leva mitt enkle, bohemaktige (student)liv. Kanskje kjem eg aldri til å jobba ein time som lærar, eg havnar nok snarare i ei deltidsstilling i barnevernet, rusomsorga eller noko slikt. Fordelen med å vera lærarutdanna, er at ein blir regna som fagpersonell i slike stillingar i helsevesent. Samtidig ligg det ein viss melankoli i denne tanken om ei framtid i helsevesenet: Kvar vart det av min gamle visjon om læraryrket?

Draumen om å bli lærar forsvann nok då eg vart medveten om det som ofte synest som skulen si evige svøpe: Den reproduserer dei klasseforskjellane den er sett til å utjevna, og produserer dessutan desillusjonerte samfunnsborgarar. Mi eiga erfaring som elev og som student utplassert i praksis, er at skulen i svært liten grad er i stand til å formidla lærdom som interesserer og engasjerer oss som kjem frå arbeidarklassebakgrunn. For eigen del, er det snarare på tross av, enn på grunn av min tolvårige skulegang, at eg har blitt politisk aktiv og i ein viss grad i stand til å tenkja utanfor dei rammene som det norske samfunnet representerer. Då eg som 19-åring gjekk ut av skulen, var eg både skulelei og fullstendig visjonslaus i høve til kva for mulighetar eg hadde i framtida. Det er mitt bestemte inntrykk at dette er ei vanleg haldning blant arbeidarklasseungdom, truleg også blant dei som kjem frå høgare sosiale lag.

Litt forenkla, er den einaste verkeleg viktige oppgåva skulen har, å "læra" elevane å tenkja sjølvstendig. Sjølvsagt har skulen også sosiale, kulturelle og kunnskapsretta målsetjingar. Desse måla er uansett komplementære eller sekundære. Dersom skulen mislukkast i å «læra» elevane å tenkja sjølvstendig, har han truleg ingen funskjon som ikkje andre arenaer (familien, fotballklubben, sundagsskulen osb.) er vel så gode på.

Er det mogeleg for den norske skulen å fremja den sjølvstendige eleven, som uavhengig av sosial bakgrunn, har eit positivt syn på si eiga framtid? (Eller er skulen dømt til å reprodusera klassane, og berre skapa meining for dei som kjem frå ressurssterke heimar?)

Den dagen eg kan svara ja på dette spørsmålet, skal eg bli lærar i norsk skule.

(Illustrasjon: www.knuthelle.no)

torsdag, september 06, 2007

Årets vakraste solidaritetsarrangement?




I helga var det nok ein gong tid for Attac Tromsø si årlege miljøhelg på Gåsvær. Miljøhelga på Gåsvær er noko så sjeldan som ein kombinasjon av eit politisk arrangement og ei naturoppleving. På programmet står såpass ulike postar som innsamling av boss, politisk foredrag, bading, allsong, nattleg rangel og internasjonal solidaritetsgudsteneste.

Gåsvær er ei øy utanom det vanlege. Av kulturlandskapelege inngrep, er her berre eit kapell, ein kyrkjegard og eit lite fråflytta småbruk. I si tid vart kyrkja bygt på Gåsvær fordi øya låg midt mellom mange øyar med ein viss busetnad. Plasseringa av kapellet og kyrkjegarden synes som ei kompromsissløysing, og gjorde at alle i området måtte i båt for å koma til kyrkje. Det skal også nemnast at Gåsvær er ei uvanleg vakker øy. I fare for falla hen til flosklar, får bileta i dette innlegget tala for seg.

Gåsvær-helga er eit arrangement for noverande og tidlegare studentar ved Universitetet i Tromsø. For slike som oss, som elles i studieåret lever urbane middelklassedagar, er Gåsvær-helga eit sjeldan pusterom. Her kan me omsider leggja byen bak oss, og kvardagens krav om forelesningar, treningstimar og pubturar vert berre ein fjern tanke. Samtidig vekkjer denne naturopplevinga ei viss uro i oss: Kvifor lar me det bli med det eine frihelga, når området rundt Tromsø byr på utallige tur- og friluftslivmulighetar? Slik har eg tenkt kvart år eg har vore på Gåsvær, likefullt blir det alltid med denne eine turen i året.

Det som uansett gjer Gåsvær-helga til noko meir enn ei vanleg turoppleving, er det sterke politiske fokuset i programmet. Både gjennom det politiske seminaret om laurdagen, og i solidaritetsgudstenesta om sundagen, vart det sett fokus på det faktum at fattige land i mange samanhengar har liten eller ingen tilgang på medisinar. Mykje av årsaka til dette, er patentrettane på medisin, som i korttekst er vestlege land sin strategi for å sikra at legemiddelindustrien forblir ein av verdas mest profitable industriar. Den nødvendige konsekvensen av dette, er at fattige land ikkje har råd til å kjøpa medisinane på grunn av den rådyre patenten, og dessutan at det svært liten grad blir forska på medisinar mot dei sjukdommane som er mest relevante i land i sør (to døme er malaria og HIV). Ein kan undra seg over kvifor dette systemet overlever, i grunnen møter det forbausande lite motstand i vestlege land. Kva skal me seia om samfunnet vårt, når omsynet til legemiddelindustrien sine profittar er blitt så viktig, at me med opne auger lar verdas fattige døy fordi dei ikkje kan betala for vårt inneffektive og rådyre medisinregime?

Når dette er sagt, skal det heller ikkje stikkast under ein stol at Gåsvær-helga også er prega av meir lettliva innslag. Bading, grilling, lausprat og openlys flørt er nokre av innslaga som høyrer med på ei Gåsvær-helg. Fyrst og fremst kjem me nok likevel til å hugsa allsongen, det var ein pust av -70-tal rundt leirbålet denne septembernatta.