lørdag, april 28, 2007

"Vi som ikke bygde Norge"


Dei siste åra har det slått meg kor mange i tjue- og tredveåra som slit med ei kjensle av å vera skuffa over kva livet har å by på. Eit typisk utslag av denne kjensla høyrte eg her om dagen: «Vaksenlivet blei aldri slik eg trudde det skulle bli, korkje jobben eller privatlivet har levd opp til dei forventningane eg ein gong hadde». Kva er det som gjer at så mange av oss er desillusjonerte?

Oppfatninga av å vera desillusjonert, skuldast truleg fyrst og fremst i manglande visjonar i privatlivet. Sterkast er nok oppfatninga av at det er svært vanskeleg å finna seg ein livsledsagar i vår tid. Mange er i eit forhold, ein god del av desse i mangel eller i vente på noko betre. Alt for mange av dei eg kjenner, føler seg meir eller mindre ferdige med kjærleiken, fordi dei har gitt opp å nokon gong finna ein partnar dei verkeleg passar saman med.

Ein anna aspekt som gjer mange desillusjonerte, er kjensla av at arbeidslivet og den jamne, grå vaksenkvardagen ikkje byr på dei utfordringane og dei opplevingane som mange trudde den skulle. For ei tid sidan var eg på rangel med tre karar tidleg i tredveåra. Alle tre med gode universitetsgrader frå UiTø, alle tre med relativt ferske, attraktive jobbar. Felles for dei tre var at dei etter ei tid i arbeidslivet følte at jobben deira korkje var utfordrande eller utviklande. Dei tre gjekk ut av universitetet med ein visjon om å gjera godt arbeid i ein interessant jobb. I realiteten opplevde dei at arbeidslivet krevde at dei gjorde middels innsats, og konsekvensen var at ein talte dagar til helg og månader til ferie. Sjølv om langtfrå alle er like misnøgde med arbeidet som desse karane, er det ingen tvil om at alt for mange er skuffa over at arbeidslivet er mindre utfordrande og utviklande enn det me forestiller oss som studentar.

Ei meir politisk forståing av kvifor me er desillusjonerte, er det å tilhøyra den generasjonen som Erlend Loe i boka «L» omtalar som «Vi som ikke bygde Norge». Loe sitt utganspunkt er at han tilhøyrer generasjonen som er komen til duk og dekka bord som barn av ein svært generøs velferdsstat. Alt det viktige er ferdigbygd, for Loe sine gutar står det berre att å dyrka seg sjølv og sine eigne navlebeskuande prosjekt. Ti år etter at Loe skapte sitt naive og ironiske univers, er det grunn til å spørja om Loe sin allegori framleis er gyldig?

«Vi som ikke bygde Norge» er nok framleis eit bilete som mange kjenner seg att i, kanskje står det likevel for fall? Både 11.september og det sterke fokuset på klimaendringane det siste året, viser at både Noreg og heile den vestlege verda står ovanfor utfordringar som inneber at me må byggja samfunnet vårt på nytt. Som barn av det norske oljeeventyret er me ufriviljug blitt fanga i eit forbruksmønster og i ein livsstil som har brakt verda ut i ei djup økologisk krise, samtidig som me er ansvarlege for å finna løysinga på denne krisa.

Kva skal me så gjera for å koma ut av vår eksistensielle krise? Ifølge filosofen Hanna Arendt har livet to aspekt, eit privat og eit offentleg. Mennesket kan ikkje nå sitt fulle potensial utan å delta i begge desse sfærane, vår samtid sitt einsidige fokus på det private vert slik sett eit blindspor. Sjølv om mange deltek på den offentlege sfæren i nokre samanhengar, er det påfallande kor lite politisk aktive mange av oss er. Dersom det finnes ein veg ut av det desillusjonerte, er det ingen tvil om at den går gjennom engasjementet for noko anna og større enn vårt private velvære.

(På trykk i studentavisa Utropia i september 2007)

mandag, april 09, 2007

Tid for klage, tid for dans

Etter fem månader med innhaldslause dagar er den endeleg her igjen: Fotballsesongen. Idag set me oss som så mange gongar før på bussen til Bergen. I byen ventar opningskamp i 1.divisjon mellom Løv-Ham og Bryne, etter det blir det pubtur og Viking-Rosenborg på storskjerm. Natt til i morgon ber det vidare med tog til Austlandet, då er det nemleg tid for årets fyrste Brannkamp i Bærum mot Stabæk. Slik skal det fortsetja i sju månader til endes, fotball er vår faste føde i sumarhalvåret.

Ingen seriestart utan tabelltipping. Tradisjon tru drøymer me om Brann-gull, men det blir nok med draumen i år også. Sjølv om eg hatar å skriva dette, er min dystre spådom at det ufjelge bartefolket tar nok eit seriegull. Slik ser tippeligatabellen ut når status skal gjerast opp i november:

1.rbk
2.LSK
3.Viking
4.Brann
5.Stabæk
6.vif
7.Lyn
8.Tromsø
9.Start
10.Fredrikstad
11.Godset
12.Odd
13.Sandefjord
14.Ålesund

Eigentlig hatar eg denne tabellen, det er realisten i meg som talar her. Viss rbk blir meister, Brann nr.4 og Ålesund rykker ned, blir det den tristaste fotballsesongen på mange år. Me får tru eg skjemmest over spådomane mine i november...

(Illustrasjon: Monica Westvold, Utropia)

torsdag, april 05, 2007

I staden for påskekrim

I desse påskedagar er det tid for lesing og lauspreik. Eg kan ikkje dy meg for å koma med eit lite lesetips for høgtida, i det siste har eg nemleg lese ein rapport om klimapolitikk og kvotehandel som fleire burde ta seg tid til.

Rapporten vart lansert av Dag Hammarskjöld-stiftinga på Verdas Sosiale Forum i januar i år. Den er lettfatteleg skrevet i form av ein sokratisk dialog, og er dessutan gratis tilgjengeleg på nettet. Rapporten presenterer på forvitneleg vis den dobbeltmoralske retorikken og politikken som pregar vestlege land i klimapolitikken.

Har du berre ein liten halvtime til overs, kan du nøya deg med innleiingskapitelet, som i korttekst presenterer den vitskaplege og politiske diskursen rundt klimautfordringa. Har du derimot nokre nokre timar å avsjå, kan du sjå fram til ei brei, engasjert framstiling av den viktigaste politiske utfordringa i vår tid!

God påske!

onsdag, april 04, 2007

Eit halvt liv


Gudane skal vita at eg er ein sjarlatan.
Eg framstår som jævla sikker,
med gode vendingar på tunga
og kunnskap i ræva.

Folk skulle berre visst,
kor lite eg eigentleg veit og kan.
Eg har ingen fasthet,
ingen retning,
intet innhald,
ingen tyngde.

Men portvin,
det kan me drikka,
og piss,
det kan me preika.
Sitja her i ein sus
og tenkja og tala dei
store,
ambisiøse orda.

I slike stunder kan ein tenkja
at me har noko å melda.
Men nei du,
ikkje faen,
enkelte ting forandrar seg ikkje,

her kjem ein som skal vingla
gjennom dagane og som til og med
skal forlata dette livet
halvhjarta.