søndag, november 30, 2008

Kven nedprioriterer Nord-Noreg?



Ein skulle tru at den nedlatande omtalen av samar i det offentlege rommet her i landet var eit tilbakelagt stadium. ”Landsdelsavisa Nordlys” vil det annleis, og trykte i fredagens avis følgande leiarartikkel:

Dyr på byen

Lene Hansen sier til Sámi Radio at samepolitikken må fokusere mer på bysamer enn rovdyr.

Hva er forskjellen – egentlig?

Sjølv om me etterkvart er blitt vane med at Nordlys har ein heilt spesiell hang til å forenkla og stereotypisera, er dette langt over streken, også for Nordlys. Framstillinga av samar som rovdyr, kan ikkje lesast som noko anna enn rasisme. Redaksjonsleiinga vil truleg forsvara leiarartikkelen med at den er humoristisk meint. Det held ikkje. Å skjula rasisme bak humor, er å legitimera rasisme.

Redaktør i Nordlys, Hans Kristian Amundsen, meinte for eit par månader sidan at avslaget på OL- søknaden var eit resultat av ein sør-nord-konflikt som fører til at Nord-Noreg vert nedprioritert i politiske samanhengar. For mange av oss som bur her, er det likevel ikkje politiske avgjerdsler som gjer at me føler oss annanrangs i høve til folk i sør. I staden er det fyrst og fremst som avislesarar at me vert nedprioriterte og undervurderte.

Nordlys skal vera den viktigaste avisa i Nord-Noreg. Avisa har dei siste åra hatt ein profil som er så tabloid at avisa ofte framtår som antiintellektuell. Denne tabloide profilen skil seg frå profilen til regionavisene i universitetsbyane i Sør-Noreg. Bergens Tidende, Adresseavisen og Stavanger Aftenblad satsar på langt meir seriøst og grundig nyhende-, kommentar- og kulturstoff enn det Nordlys gjer. Nordlys si satsing på det tabloide har sin pris: Medan dei tre sørnorske regionavisene auka opplaget sitt med mellom 500 og 900 eksemplar per dag i 2007, gjekk Nordlys tilbake med meir enn 400 eksemplar per dag ifølge tal frå Medienes landsforbund.

Kva er det så Nordlys har å læra av dei meir seriøse regionavisene i sør? Fyrst og fremst må Nordlys endra profilen sin, i dag er den svært tabloid i samanlikning med dei regionavisene som det er naturleg å samanlikna seg med. Framsidene i Nordlys fokuserer på person framfor sak, bileta i avisa er store og tekstane korte, overskriftene er personfokuserte og dramatiske. Slik kan ein fortsetja. Det kan også sjå ut til at den taboide satsinga får Nordlys til å styra unna spørsmål som ikkje passar den tabloide profilen: Kvifor har ikkje Nordlys meir fokus på kva for følger klimaendringane vil få for oss i Nord-Noreg? Og kvifor var det studentavisa Utropia, Morgenbladet og næringslivsorganet Mandag Morgen som trykte dei mest kritiske redaksjonelle artiklane om fusjonen av UiT og Hitø? Kva skal me i det heile med ei regionavis som ikkje belyser eller i beste fall forenklar dei viktigaste politiske problemstillingane som vedkjem landsdelen vår?

I tillegg til den generelle tabloide profilen, er Nordlys prega av ei rekkje redaksjonelle val som ikkje høyrer heime i ei regionavis. Kva i all verda har ei spalte som Kort sagt i Nordlys å gjera? Det seiest at årsaka til at Nordlys starta med Kort sagt, var for å møta konkurransen frå Bladet Tromsø sin Byrunden. Dette er ei grunnleggjande misforståing av kva Nordlys skal vera, ei regionavis skal ikkje prenta anonym skitkasting og sladder. Eit anna lokalavispreg ved Nordlys, er at avisa anmelder og set karakter på ungdomsskulerevyar. I pressa sin ”Vær varsam”-plakat heiter det: Når barn vert omtalte, er det god presseskikk å ta omsyn til kva konsekvensar medieomtalen kan få for barnet. Sjølv om Nordlys har lagt seg på ei linje kor dei nesten alltid gjev ungdomskulerevyar gode karakterar, er ikkje elevane dummare enn at dei forstår at terningkast tre på revyen må reknast som slakt. Har redaksjonsleiinga i Nordlys tenkt over kva for konsekvensar ein slik kritikk i ein regional offentlighet kan ha for eit barn? Kvifor er det Lansdelsavisa Nordlys si oppgåve å melda ungdomsskulerevyar?

Fredagens rasistiske leiarartikkel er eit illustrerande døme på at Nordlys sviktar si viktigaste oppgåve, det er å ta Nord-Noreg på alvor. Når vil redaksjonsleiinga i Nordlys innsjå at det Nord-Noreg fyrst og fremst treng, er ei seriøs kultur- og nyhendeavis?

(trykt som lesarinnlegg i Nordlys 4.desember 2008)