torsdag, april 24, 2008

Storeulvsyndromet


Thomas Hylland Eriksen vil i si siste bok svara på dei store spørsmåla på vegne av den norske middelklassen, og gjer dette gjennom ein allegori til Storeulv-forteljinga i Donald Duck. Storeulv brukar all tida si på sitt store prosjekt, det er å fanga og eta dei tre små grisane. Stort sett mislukkast han, men ein gong greier han å fanga dei tre små grisane, og skal til å leggja dei i gryta då ein av grisane spør: ”Kva skal du gjera i morgon, når du har ete oss, Storeulv?”. Storeulv skjønar raskt poenget, og slepp laus dei tre små grisane.

Dette er allegorien til oss som tilhøyrer den norske middelklassen i 2008. Me lever i eit samfunn som til forveksling liknar eit paradis: Levealderen er høgare enn nokon gong, velferden og forbruket er på eit historisk høgt nivå, og me er frie til å gjera kva me vil. Samtidig hevdar Hylland Eriksen at me ikkje er lukkelege, på mange måtar kan det sjå ut til at nordmenn var lukkelegare for femti år sidan. Kvifor mislukkast me i jakta på lukka i overflodssamfunnet?

Sjølv om Hylland Eriksen er ein kunnskapsrik og engasjerande formidlar i si jakt på lukka i overflodssamfunnet, er svara han kjem med utilstrekkelege. Den karakteristiske skrivestilen til Hylland Eriksen, med eit vell av referansar og innfall, gjer at bodskapet til Hylland Eriksen i denne samanhengen blir fragmentert og utydeleg. Han tek til orde for ein masse banalitetar i jakta på lukka (”ikke klø deg når det ikke klør”), og greier ofte ikkje å koma med gode svar når spørsmåla overskrid det banale. Dessutan avviser Hylland Eriksen til stadighet sine eigne innsikter i boka. Sjølv om det er eit akademisk idéal å vera drøftande i stilen, treng me som lesarar fleire haldepunkt i ei bok som tek mål av seg å svara på ei eksistensiell krise.

Hylland Eriksen sine innfallsvinklar til Storeulv-syndromet er mange, men han manglar det som må vera ein av dei mest nærliggjande. Miljø- og livsstilrørsla ”Fremtiden i Våre hender” (FIVH) oppstod nemleg som ein reaksjon på spørsmålet om kva me skal leva for i overflodssamfunnet. FIVH var i så sterk medvind, at New York Times spurte i ein større artikkel på slutten av -70-talet om Noreg ville bli det fyrste vestlege landet som avsto frå vidare velferdsvekst, i solidaritet med verdas fattige og fordi FIVH meinte at me var i ferd med å bli rikare enn me hadde godt av. Erik Dammann, som grunnla FIVH, drøftar i sin sjølvbiografi ”Kontraster” kvifor han og heile rørsla har mislukkast i sitt prosjekt. Det er ei bok Thomas Hylland Eriksen burde lesa.

(Bokmelding i Utropia, studentavisa i Tromsø)

tirsdag, april 22, 2008

Vegen ut av klimauføret


Olav Kobbeltveit i Bergens Tidende er ein av dei kommentatorane i norsk presse eg les med størst interesse. I dag har Kobbbeltveit skrevet ein tankevekkande kommentar om klimakonferansen i Bergen som var i helga, kor han konkluderer med at klimapolitikk fyrst og framst handlar om snakk og lite om handling. Det er lett å vera einig med Kobbeltveit i dette. Eg synes likevel at Kobbletveit er for negativ med omsyn til å finna ei løysing på klimautfordringa i denne kommentaren. Kobbeltveit skriv: "Ingen kan i dag - med autoritet - peika ut ein trygg og tydeleg veg ut or det uføret vi har brakt oss sjølv inn i."

Sjølv om det er vanskelg å peika ut ein trygg og tydeleg veg av klimauføret, er det ikkje rett at slike autorative løysingsforslag ikkje finnes. Til dømes burde alle samfunnegasjerte menneske kjenna til George Monbiot sine forslag til løysingar i boka "Heat - How to stop the planet burning". Monbiot har såvel kunnskap som autoritet i sine løysingsforlag på klimautfordringa. Dessverre vert likevel ikkje Monbiot sine forslag diskutert på klimakonferansar eller mellom politikarar, til det er dei for sterkt i konflikt med rike land sine økonomiske interesser. Boka hans er faktisk ikkje ein gong omsatt til norsk.

George Monbiot er optimist og realist samtidig. Han hevdar at det går an å redusere CO2-utsleppa så mykje som naudsynt, nemleg til 10 prosent av 2005-nivå for vestlege industrilanland innan år 2030. Utrekninga som gjev dette talet, ser slik ut: I 2030 må me ha redusert det globale klimagassutsleppet til 40 prosent av dagens nivå. Det dåverande utsleppet må delast likt mellom 8,2 milliardar menneske. Det gjev 1,2 tonn CO2 per person per år, eller omlag ti prosent av utsleppet i dei vestlege landa i dag.

Monbiot vil gje kvar einaste verdsborgar ei omsetjbar kvote av CO2 som han eller ho kan selga eller kjøpa etter behov. Dette vil kunne løysa klimautfordringa, fordi me held utsleppa nede, og fordi utsleppsfri fornybar energi vil bli mykje meir verdt. Dessutan vil det også bidra til å løysa det globale fattigdomsproblemet, fordi dei fattige kan selja heile eller delar av si klimakvote til dei rike.

Sjølv om ingen veg er trygg eller konfliktfri i denne samanhengen, er Monbiot uansett ein av dei få som har satt seg fore å løysa klimautfordringa. Forslaget hans er noko så sjeldan som eit autorativt svar på klimautfordringa. Det hadde vore fint om også Kobbeltveit ville lesa Monbiot før han fullstendig tek motet frå folk!

onsdag, april 16, 2008

Svar på eit eksistensielt spørsmål?


Her om dagen fekk eg ein e-post frå ein kar eg kjenner frå gamalt av. Han er uroa over framtida til vår skakkøyrte klode, og skriv:

«Det eg lurar på er: Kva er det mest overhengande trugsmålet menneskeheita møter dei komande 50 åra når det gjeld miljø? Er det den enorme befolkningseksplosjonen? Er det global oppvarming? Eller er det oljekrise? Eller er det noko anna, som eg er avskore frå å vita noko særleg om? Det er som du veit svært mykje snakk om global oppvarming, men eg har ei nagande kjensle av at desse andre vert snakka for lite om i samanlikning. Er det ei riktig antaking?

Det mest deprimerande svaret vil vel vera at desse tre problema vil virka saman til eit altomfattande problem som vil føra til systemsvikt og katastrofe. Dei mest pessimistiske blant oss hevdar vel det. Kva er di meining? Viss dette er tilfelle vil eg gjerne vita om det. Då må eg førebu meg på å læra å driva ein gard ut frå før-industrielle landbruksprinsipp som samtidig må vera sjølvforsynt.»

Her er det mange spørsmål som kvar for seg krev lange og grundige svar. Om eg likevel skal våga meg utpå med eit svar i høveleg blogginnlegg-lengde, må det bli noko slikt som dette:

«Takk for e-post med mange viktige spørsmål. Eg deler di uro over vår klode si framtid, men kan nok ikkje koma med eintydige eller fullgode svar på dine spørsmål. Eg skal likevel gjera eit forsøk på eit svar.

Det er nærliggjande å peika på at det er den globale oppvarminga som er den største miljøtrusselen me har. Sjølv om det er mykje usikkerthet knytt til kor store konsekvensar dei menneskeskapte klimautsleppa har for klimaet på jorda, er det liten tvil om at vårt noverande levevis vil setja svært mange menneskeliv i fare i framtida.

Den globale oppvarminga er som du nevner ledsaga av ei rekkje andre miljørelaterte kriser som befolkningsvekst, landbrukskrise, vatnkrise og mange andre. Felles for alle desse, er at dei er oppstått som resultat av det me må kalla ei sivilisasjonskrise. Til grunn for vårt økonomiske system, ja til grunn for heile vårt moderne liv, ligg det nemleg ei oppfatning av at økonomisk vekst, større produksjon og høgare forbruk er dei måla som overskuggar alle andre mål. Ifølge denne ekspansive veksttanken er det ingen grenser for kor mykje me kan forbruka av naturressursane, det er økonomien og ikkje økologien som set grensene for utviklinga. Denne veksttanken er derfor den direkte årsaka til den globale oppvarminga og dei andre miljøproblema me står ovanfor. Våre grenselause planar om fleire og lengre reiser, større hus, nye bilar og mykje anna har ført oss inn i ei økologisk krise som korkje økonomien eller teknologien er i stand til å løysa. Dessverre tar heller ikkje politikarane inn over seg alvoret i denne sivilisasjonskrisa.

Kva krevst det så for at me skal løysa den eksistensielle krisa som me står oppe i? Eg har lite tru på din idé om å driva ein gard etter førindustrielle prinsipp. Sjølv om intensjonen er god, vil det både frå eit økologisk og eit eksistensiellt utganspunkt vera eit dårleg svar på krisa vår. Reint økologisk var det før-industrielle landbruket så inneffektivt og så arbeidsintensivt, at det vil vera sløsing med dyrkbar jord å driva etter dei prinsippa.

Eksistensielt er me nødt til å forhalda oss til at brorparten av verdas befolkning bur i byar og tettstader. Det er derfor i byane at utfordringa er størst for å finna nye, berekraftige måtar å leva i kvardagen på. Når dette er sagt, er det i lys av dei globale miljøutfordringane stort behov for å vidareutvikla det økologiske landbruket. Om du verkeleg ynskjer ei framtid på bygda, er ei satsing på det økologiske landbruket absolutt noko å vurdera.

Om me skal ha noko håp, treng me langt fleire aktivistar som er viljuge til å bruka litt av tida si på å overtyda politikarane om at den einsidige vekstpolitikken ikkje kan fortsetja. Vanlige folk, som deg og meg, må organisera oss kollektivt for å pressa politikarane til å gjennomføra klima- og miljøtiltak som vil kosta litt for oss som enkeltpersonar, og som vil kosta ganske mykje for samfunnet som heilskap. Det er etter mitt syn løysinga, både på den økologiske og på den eksistensielle krisa.

Dette var uansett eit kort og utilstrekkeleg svar. For å få ei betre innsikt i kvifor me er havna i denne krisa, og i kva som vil krevjast for å løysa den, vil eg tilrå to lesverdige bøker:
Arne Vinje: Menneske, natur og kultur (Landbruksforlaget 1996)
George Monbiot: Heat – How to stop the Planet Burning (engelsk 2006)»

mandag, april 07, 2008

Ein studie i dobbeltmoralens politikk


Boka «Klima for ny oljepolitikk» opnar med å spørja om det er mogeleg for Noreg å vera verdsmeister i oljeproduksjon, europameister i klimatiltak og føregangsland på rettferdig utviklingspolitikk på same tid? Gjennom seks artiklar frå norske bidragsytarar, og tre artiklar frå bidragsytarar frå land i sør, får me problematisert Noreg sine ofte motstridande interesser i klima-, utviklings- og oljepolitikken.

Denne boka viser mellom anna at Noreg sine ambisiøse retorikk på klimaområdet er uforeneleg med dagens offensive norske petroleumspolitikk. Det er petroleumspolitikken som legg premissane for klimapolitikken, og tildels også for utviklingspolitikken. Boka problematiserer dessutan korleis petroleumspolitikken i stadig større grad blir bestemt av næringsaktørar, samanslåinga av Statoil/hydro er berre eit døme på ei sak kor politikarane berre blir marionettar for petroleumssektoren sine næringsinteresser.

No kjem vel ikkje denne konklusjonen som ei overrasking på nokon, snarare er den vel ein naturleg følge av at eit land er så avhengig av ei næring som Noreg er av olje- og gassressursane. Det som likevel skil denne boka frå det som ofte pregar ordskiftet om klima og petruleumspolitikk, er at boka er løysingsorientert. I eit utviklingspolitisk lys tek Carlos Larrea til orde for at vestlege land bør økonomisk kompensera land i sør som har olje- og gassressursar til å la ressursane forbli under jorda. Larrea viser korleis tidlegare og framtidig oljeutvinning i Ecuador har vore og vil bli ein trussel mot både lokalt miljø, nasjonal fordelingspolitikk og dei globale klimendringane.

Like konkrete er høvevis Joakim Hammerlin og duoen Einar Braaten/Marte Nilsen i sine forslag til ein ny forvaltningspolitikk for oljefondet. Oljefondet er i dag forvalta som eit internasjonalt spekulasjonsfond i vestleg økonomi, og det bidreg slik sett både til større skildnad mellom land i nord og sør, og til større press på verdas naturressursar gjennom høgare økonomisk vekst. Hammerlin viser på forvitneleg vis kvifor det einaste fornuftige er å retta forvaltninga av oljfondet mot investeringar i forsking på og utvikling av fornybar energi. Braathen/Nilsen tek til orde for ei tredelt forvaltning av framtidige innskot i oljefondet, gjennom satsing på fornybar energi, eit investeringsfond til utvikling i sør og eit fond til utbygging av høghastighetstog og bærekraftig infrastruktur i Noreg.

Attac har med denne boka bidratt med ein god analyse av den dobbeltmoralske norske olje- og klimapolitikken. Me får tru det kan inspirera fleire til å ta til orde for ei forvaltning av oljeressursane som tar klimatrusselen på alvor. Så får tida visa om det er moralen eller dobbeltmoralen som får prega norsk utviklings-, miljø- og petroleumspolitikk i tiåra framover.

(Bokmelding i "Utveier" - medlemsblad for Attac Noreg)
(Bestill boka her eller kjøp den for 50 kroner på Akademisk Kvarter i Tromsø)