tirsdag, august 28, 2007

Kvifor lesa biografiar?


Til vanleg er eg ikkje særleg glad i å lesa biografiar. Forrige veke gjorde eg eit unntak, eg brukte nemleg helga til å lesa Afred Fidjestøl sin nye biografi om Per Sivle. Noko av årsaka til at eg ville lesa denne biografien, var at Fidjestøl har vist seg som ein gåverik skribent tidlegare, og dessutan at eg berre på overflata kjente Per Sivle si livssoge.

Ved fyrste augnekast synest livssoga til Per Sivle som ein versjon av ein kjent kunstnarbiografi i norsk litteratur- og kunsthistorie: Den handlar om den unge bondesonen som kjem til Kristiania for å «studera eller døy», og som seinare vert ein sentral politisk og kunstnarleg figur i hovudstaden. Trass i at diktaren Per Sivle på mange måtar fell inn i rekkja av slike kunstnarbiografar på siste halvdelen av 1800-talet, er soga hans så sterkt prega av motsetnader og nederlag at Sivle ikkje heilt passar inn i dette mønsteret.

Tittelen på biografien, «Eit halvt liv», er sjeldan treffande, og fangar den ambivalensen som prega Sivle. Allereie under svangerskapet prøver mora til Per å ta sitt eige liv, det er eit forvarsel om den dødslengten som prega Per Sivle i heile hans vaksne liv. Sivle fekk heller aldri det litterære gjennombrotet som han hadde talent til. Endelause pengesorger, manglande sjølvdisiplin og drukkenskap bidrog til at Sivle sitt forfattarskap vart uforløyst, og til at familielivet hans vart ruinert.

Eit av Fidjestøl sine vellukka grep i biografien, er å starta biografien med Sivle sitt sjølvmord ein seinsumardag i 1904, og med dette som utgangspunkt fortelja biografien om eit motsetnadssfyllt diktarliv. Dette grepet gjev biografien ein sterk intensitet: Fidjestøl sin usentimentale omgang med Sivle sin økonomiske kamp for å overleva, og med hans alltid nærværande dødsdrift, gjer biografien til ein «pageturner».

Som alle gode biografiar, er «Eit halvt liv» også eit forvitneleg tidsbilete. Gjennom dei to tiåra Sivle verka som diktar, avisredaktør, polemikar og viseforfattar i norsk offentlighet (1880-90), får me i selskap av Fidjestøl utfordra og utvida perspektivet på åra som var ei blømingstid, både politisk og kulturelt her i landet.

Noko av årsaka til at eg har hatt ein viss aversjon mot biografiar, er at dei ofte er for psykologiserande. Biografar har ein ufin hang til å overfokusera dei ufjelge sidene ved ein kunstnar sin personlegdom, som lesar trur eg mange av oss er meir interessert i kva som er drivkrafta bak og bodskapet til dei ein les om. Fidjestøl gå heldigvis ikkje i denne fella, ved hjelp av Sivle si aktive rolle som samfunnsdebattant og politisk diktar, er både samtidshistoria og kunstnarkallet sterkare innslag enn privatpsykologien i denne biografien.

Det er mykje som skal lesast, og det er mykje som skal gjerast i eit halvt liv. Ein av dei tinga du med fordel kan unna deg, er å lesa denne biografien.