Viser innlegg med etiketten Kvardagsfilosofi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kvardagsfilosofi. Vis alle innlegg

torsdag, juli 23, 2015

Hans Olav Pharo 1915-2015
















Måndag denne veka kom meldinga om at Hans Olav Pharo var død etter ei tids sjukeleie. Til hausten ville han ha fylt 100 år, men det blei altså med nittini og eit halvt for den gamle teologen.

I oppveksten på garden heime på Tysnes var me alltid omgitt av ei rekke personar som ikkje passa heilt inn i forma. Ein av desse var «Faro», som me kalte han, ein ungkar frå Bergen som reiste fleire gongar for året til hytta si på Tysnes. På desse reisene var han alltid innom oss på vegen til eller frå hytta si, og han var ikkje av typen som gjekk umerka gjennom tunet.

Noko av det karakteristiske med Faro, og det som gjorde at han ofte skilde seg ut frå mengda, var at han gjorde og sa noko anna enn det ein forventar. Han kunne til dømes leggja seg i ei veggrøft å sova. Eller som den gongen eg møtte han i Våge med eit par solbriller på som mangla det eine brilleglaset. Sidan Faro var svaksynt på det eine auget sa eg at dette var no ein god idé, å berre ha solbrilleglas på det auget han såg på. Dessverre kunne Faro avsløra at det mangla glas i brillene på det auget han såg normalt på.

Faro sa også andre ting enn ein forventar at folk skal sei. Hytta hans på Store Godøy var nokså isolert, og det var ikkje kvar gong han traff folk då han budde der ute i nokre veker i slengen utanfor fellesferien. Då bestemora mi ein gong spurte han om det ikkje var einsamt å feriera der ute aleine i så lang tid, svarte han: «Husk at jeg har hele Johannesevangeliet som selskap».

Faro var også vonlaust distré. Ein gong fekk han beskjed frå mor mi om å frakta ein pose med pinneis heim frå Våge i båten sin. Problemet var at Faro trengte noko å sitja på då han skulle køyra båten heim. Så han brukte like godt posen med pinneis som pute. Vel heime på tunet fekk han huden full frå både små og store for å koma heim med ei suppe av pinnar og is. Han lovde då å skaffa ein iskrok til båten til neste gong han skulle frakta is heim frå Våge.

Faro hadde også ei sjeldan evne til å sei ja til å vera med oss ungane på prosjekt som dei aller fleste pensjonistar ville ha avvist blankt. Han spelte til dømes ulike roller i filmar me spelte inn. Mest vellukka var han som presten i Bjørnson sin «Faderen», det var ei rolle han spelte seg sjølv i og kledde svært godt. Han var også med oss og rodde «Tysnes rundt» i oselvar to-tre gonger på slutten av -90-talet. Som den tidlegare symjelæraren han var, tok han seg alltid tid til ein symjetur kvar gong det var pause i roinga. Då han var med oss å feira jul for nokre år sidan, blei han med mor mi og meg på tradisjonen til vinterbadeklubben med å bada før jula blei ringt inn. Det er nok ikkje mange 90-åringar som seier ja til eit vinterbad på julaftan!

Det har ofte sin pris å vera ein som skil seg ut. Trass i at Faro kjende mange, levde han sitt liv aleine. Han var på mange måtar ein som stod utanfor mange av dei fellesskapa me andre ser som sjølvsagte: Han fekk aldri arbeida som det han utdanna seg til, og han fekk ingen familie. Hans evne til å sei og gjera det uventa og uortodokse, viser likevel ei evne til å følgja sin eigen veg som er sjeldan vare i våre dagar. Det er kanskje like viktig som å stifta familie og å ha god jobb?

Kvil i fred, Faro!

lørdag, september 17, 2011

Ein sundag i Berlin


Dei siste åra har eg frå tid til annan budd i kortare periodar i Berlin. I april leigde eg meg ein leilighet i ti dagar i byen, det kosta meg ikkje ein gong ein tusenlapp. For meg som elles i året bur nordanfor polarsirkelen var det dessutan ein sjeldan sjanse å få nokre dagar med vår, i ei årstid som er prega av snø og seinvinter på mine kantar.

Ein sundag traska eg barfot rundt i den gamle austtyske bydelen Friedrichshain og såg etter LP-plater og bøker på eit av dei store marknadane som er i Berlin kvar helg. Etter ei stund fann eg ut at eg skulle kjøpa meg ei flaske Paulaner og nyta den på ein benk i den vakre vårsola. Etter to minutt på benken stoppa ein skjeggete kar og spurte om korleis i allverda eg greidde å gå barfot i Berlin?

Dette nyfikne spørsmålet leidde oss inn på ein lengre prat om kunstnarliv, levevis og arbeidsløyse. Det viste seg nemleg at denne karen var ein arbeidsledig amerikanar som hadde budd i Berlin i tjue år, og han hevda at Berlin var den beste byen å bu i for alle arbeidslause som ynskte å leva som kunstnarar.

Etterkvart stoppa mange andre kjenningar av min nye kunstnarven ved benken der eg sat og drakk øl. Etter ti minutt var me rundt åtte-ti personar som stod der og snakka om korleis det er å vera arbeidsledig i Berlin, og om kva som er det gode liv for ein kunstnar. Meg kalla dei berre for «Der Schriftsteller» (forfattaren), sidan eg under press innrømte at det næraste eg kom utøvande kunst, var å skriva nokre ord på PC´en innimellom.

Dette kvardagslege møtet med åtte-ni kunstnarar i Berlin varte vel ein liten halvtime, og eg rakk både å bli invitert på pub med ein av dei og på konsert med ein av dei andre. Det som likevel gjorde sterkast inntrykk, var at ein på ein vanleg sundag i Berlin kunne møta så mange folk som hadde tid til ein halvtimes prat med ein barfot utlending i vårsola.

Kor mange ville ha stoppa i Bergen eller Tromsø om eg sat meg barfot på ein benk ein solrik sundag? Ikkje ei levande sjel, her på berget har me ikkje tid til denslags tidstjuveri.

fredag, mars 25, 2011

Draumen om lønnsslippen


Ei viktig erfaring for meg er at eg har arbeidd for kost og logi nesten to år i store økologiske landbrukskollektiv i Skottland og Irland. Desse åra var mine mest intense, og arbeidsdagen varte ofte frå tidleg morgon til seint om kvelden. I beste fall fekk me nokre få fritimar om kvelden. Denne arbeidserfaringa viste meg kor viktig det er å sjå på den tida ein brukar på arbeid som like viktig som fritida. I landbrukskollektiva var det ingen lønnslipp eller frihelg som blenka i det fjerne, og det sosiale samværet me opplevde i arbeidet var heile lønnslippen.

Dette er ein verdi eg har prøvd å ta med meg inn i arbeidet på ulike institusjonar her heime. Sjølv om kollegane mine ofte tel timar til vaktslutt, dagar til helg og månader til ferie, prøver eg alltid å sjå på den tida eg brukar på arbeid som like viktig som fritida mi. Eg trur også at dette fører til at eg blir ein betre arbeidstakar, fordi eg er meir tilstades i augneblinken på jobb enn det eg elles ville ha vore.

torsdag, mars 17, 2011

Den kollektive livsløgna


Ein vanleg norsk dagdraum er den om å vinna i lotto eller tipping og brått bli rik. Eg er ein av desse som leverer tippekupongen min veke etter veke med ein gryande draum om å ein dag ta den store gevinsten. Kvifor gjer eg det? Eg er jo elles ein av dei som avviser eitkvart innspel om velhaldne nordmenn som meg sjølv, treng meir pengar.

På eit foredrag eg ein gong var på, så ein økonom at lottoinnsatsen er den mest usosiale skatten me har, fordi det fyrst og fremst det er dei med låge inntekter som gjennom innsatsar i Norsk Tipping sine spel finansierer idrett og kultur i det norske samfunnet. Sidan vinnarsjansen på hovudpremien er svært liten, er det dessutan eit tilsynelatande irrasjonelt val å bruka pengane sine på Tipping eller Lotto.

Fyrst og fremst handlar nok gambling om ein få ein augneblinks fridom frå den grå, ofte forflata kvardagen som pregar dei fleste av oss. Når eg sit på puben i Tromsø med tippekupongen i handa ein laurdags ettermiddag, er alle tankar om jobb, studiar og global urettferd milevis unna, og eg er fullstendig overgitt til vona om at tippekupongen skal slå inn. Det er mine frie timar kvar veke, det er ein av dei fristundene mange av oss treng i ein kvardag som elles er nokså grå.

Eit britisk forskingsprosjekt samanlikna for ei tid sidan folk som var blitt brått rike med folk som brått hadde blitt invalidiserte. Prosjektet konkluderte med at deltakarane i dei to gruppene var omtrent like lukkelege eitt år etter at den brå endringa i livsvilkår hadde intruffet. Lottomillionærane var altså ikkje varig lukkelegare av å bli millionærar. Meir overraskande er det nok at dei som vart invalidiserte ikkje vart mindre lukkelege eitt år etter at dei hadde vore utsett for ei ulukke. Begge gruppene hadde slått seg til ro med sin nye situasjon, og var omtrent like lukkelege som før.

Kva drøymer me så om? Vel, om eg vart sjølv vart rik, ville eg neppe gjort noko meir spektakulært enn å ha reist rundt i verda og arbeida for kost og logi på økologiske gardsbruk og andre ideelle prosjekt. Kanskje ville eg gjort det i mange år. Det er i grunnen ein absurd draum, sidan min private økonomi er så romsleg at eg har sjansen til å gjera dette i lang tid om eg verkeleg vil. Slik er det nok også med mange andre tipparar sine draumar. Likevel drøymer me vidare, såpass til livsløgn treng me vel for å leva i kvardagen.

tirsdag, oktober 19, 2010

Den irrasjonelle gleda


Det er ein vanleg måndag i oktober i Tromsø, kor det vassrette sluddet slår i ansiktet på alle som har vågt seg utanfor døra. Midt mellom sluddbygene går ein mann i retning universitetet og smiler for seg sjølv. Kva er det som gledar ein fullvaksen mann så sterkt at han ikkje greier å skjula smilet mellom alle desse nedtrykte sjelene ein sur ettermiddag i oktober? Er han nyforelska? Nei. Har han funnet draumejobben? Nei. Er han blitt brått og uventa rik? Nei. Svaret er meir oppløftande enn som så: Denne måndagen spelar Sunderland bortekamp mot Blackburn, og vår mann smiler fordi han ber på ei irrasjonell glede som pregar han kvar einaste gong Sunderland spelar kamp.

Stadig får me som er lidenskapeleg opptatt av fotball høyra at me er irrasjonelle: Det handlar berre om 22 overbetalte mannfolk som spring etter ein ball, og det tek vekk fokuset frå dei viktige sakene som me burde bruka energien vår på. For det fyrste: Det er mitt eintydige inntrykk at fotballinteressa ikkje er noko mindre mellom samfunnsengasjerte folk enn generelt i befolkninga. Snarare er det grunn til å spørja om det er tvert om. I eit intervju i A-magasinet for eit par år sidan sa Reiulf Steen at visst han fekk leva ein gong til, ville han bruka meir tid på fotball fordi dette ville ha gitt han avkobling og eit sosialt liv utanfor politkken. For mange av oss som brukar mindre tid på politikk og arbeid enn Steen gjorde i sine glansdagar, er fotballen også ei fristund frå det stresset som pregar oss.

Fotballen er sjølvsagt absurd. På same måte som dei fleste andre lidenskapar framstår som absurd for alle andre enn dei som deler dei. Ein kan ikkje argumentera mot at Kieron Brady sine skoringar for Sunderland på slutten av -80-talet gav meg sterkare kjensler av lukke enn noko maleri eller nokon roman kan gjera. Det er absurd, men ikkje mindre absurd enn at mange av Frode Grytten sine sterkaste ungdomsminne handlar om pakkar frå England med LP-plater.

Det er grunn til å spørja om ikkje fotballen er det motsette av absurd for oss som er så heldige å dela denne lidenskapen. Eg har alltid vore glad for alle dei lidenskapane som eg har fått med meg: Politikk, litteratur, aviser og fotball er mellom dei ingrediansane i kvardagen som gjer at den er verdt å leva i. Desse lidenskapane representerer med alle sine opp- og nedturar eit brot med erfaringa av at kvardagen er forflata og kjedelig. Dessutan er dei ein møteplass for venskap og tilfeldige kontaktar, truleg stammar meir enn hundre av kontaktane mine på facebook frå fotballinteressa mi.

Til helga reiser eg på fotballtur til Glasgow og Sunderland. Er det rart at eg har gått hausten sine sure sluddbyger smilande i møte?

(Illustrasjon: Monica Westwold)

fredag, oktober 15, 2010

Det enkle liv i Taizé


Det er ein vanleg, stille morgon i klosterfellesskapet Taize på landsbygda i sør-Frankrike. Hausten er komen hit, og ute skin den nyoppståtte sola på det gule lauvet som snart skal falla til bakken. Inne i kjøkkenet i eit av klosterhusa blir det spelt roleg, klassisk musikk. Rundt kjøkkenbordet sit ei lita forsamling tause unge menn og et ein enkel frukost. Snart er det tid for morgonmesse, men her herskar likevel ei behageleg ro. Alt som blir sagt er bordverset, ellers er eit og anna sjenert blikk den einaste kontakten mellom dei unge søkjande i kjøkkenet.

I dag er det torsdag og den fyrste morgonen desse 14 unge menna er samla i den stille delen av klosterfelleskapet Taize. Dei skal tilsaman tilbringa fire dagar i stillhet, berre salmesongen og bordbøna skal høyrast frå deira munn. Målet er at stillheten skal bringa dei nærare Gud. På samlinga kvelden før den stille langhelga startar, snakkar dei fleste om at dei bruka desse stille dagane til og lytta til Gud si røyst. Eit par-tre luftar tankar om at dei treng ei fristund frå det oppjaga vestlege levesettet, eg er sjølv ein av dei.

Frivillig eksil
Kvifor er klosterlivet så fascinerande for oss moderne menneske? Kanskje er klosteret som motsetning til det vestlege levesettet, som gjer tanken om eit liv i enkelhet så tiltrekkande? Sjølv om dei siste tiåra har gitt oss ein endelaus mengde tidssparande teknologi, har me vel aldri hatt dårlegare tid enn no. Vår tid er prega av å vera overfladisk, materialistisk og uroleg. Klosterlivet representerer det diamentralt motsette av dette. I klosteret eksisterer ikkje personleg eigedom og formue. Kvar mann eig si sjel og si skjorte. Dessutan er opplevinga av tid ei heilt anna enn den vestlege me lever under. I den klassiske tanken om klosteret brukar ein tida på bøn, studium og jordnært arbeid som handverk og jordbruk. Tanken om livet i kloster representerer slik sett enkelhet, kontemplasjon og nærhet til Gud.

I mange år har eg sjølv drøymt denne klosterdraumen om å kunna leva ei tid utanfor den vestlege livstilen. For meg har ikkje den religiøse motivasjonen stått i forgrunnen, det har fyrst og fremst vore det enkle og eigedomslause livet i kloster som har fascinert meg. Det er ein god vane å gjera det ein kan for å realisera draumane sine, derfor bestilte eg tidleg i haust ei vekes reise til Frankrike midt i oktober. Då visste eg at den franske hausten ville vera på sitt vakraste, det tenkte eg måtte vera ei god ramme for mitt frivillige eksil.

Fleire tusen på besøk
For å reisa til Taize, må ein ta toget i halvannan time frå Paris til Macon. Derifrå er det ein liten times busstur til klosteret som ligg i vindistriktet Bourgogne i sør Frankrike. Medan eg ventar på bussen, kjem eg i prat med ein eldre, stilfullt kledd mann som også skal til Taizé. Det viser seg han er katolsk prest i ei kyrkje i ein av forstadane til London, og han har reist til Taize kvart år sidan han var nyutdanna prest for tretti år sidan. Etter nokre vanlege fraser om våre liv og virke heime, går samtalen snart over i klosterprat. Då presten forstår at eg er fyrstereisgut til Taize, tar det ikkje lang tid før han er i gang med å forjelja om kva som gjer Taizé så spesielt.

- Taizé er meir inkluderande enn dei fleste andre kloster. Både protestantar, katolikkar og andre blir respektert som likeverdige. Dessutan har brødrefelleskapet større kontakt med utanomverda enn noko anna kloster i verda, fleirfoldige tusen besøker klosteret kvart år. Det er heller ingen ulempe at Taize ligg her i Bourgogne. Her er den franske landsbygda på sitt vakraste, kven kan tenkja seg ein betre stad å plassera eit kloster?

Gul haustmagi
Bussturen til Taizé viser at presten har rett. Det sørfranske kulturlandskapet er prega av vakre vingardar som strekk seg opp mot åskammen, og små 1800-talsaktige landsbyar med gamaldagse murhus og velstelte kjøkkenhagar. No i oktober set dessutan årstida sit klare preg på landskapet, og både vinrankane og fleire av lauvtrea skin av gul haustmagi.

Også landsbyen og klosteret Taizé viser seg å liggja vakkert til på eit lite høgdedrag med tettbygde gamaldagse murhus og frodig lauvtrevekst. Men sjølv om utsjånaden til landsbyen Taizé kan minna om det klassiske klosterlivet, er ikkje klosterfellesskapet heilt som andre kloster. Den veka eg er der, kjem eg på besøk saman med om lag 1200 andre besøkjande. Dei 110 munkane i klosteret tar kvar veke i mot alt frå 100 til 6000 gjester. Dette gjer at dei fleste som kjem til Taizé anten bur i telt eller i ein brakkelandsby medan ein er på besøk. Eg bur i ei slik brakke dei fyrste to dagane i klosteret, men eg er aldri i tvil om at dette ikkje er noko for meg. Brakkelivet er rett nok enkelt, men det har ikkje den roa og den fordjupinga eg kom til Taizé for å finna.

Det tause klosterfelleskapet
Derfor vel eg å flytta inn i den stille delen av Taizé etter to dagar i brakkelandsbyen. I det huset eg flyttar inn i, skal eg bu saman med 13 andre unge menn som alle skal vera tause veka igjennom. Me skal rett nok be bordbønn, og gå til høgmesse med salmesong tre gongar om dagen, men me har ikkje lov til å ta del i samtalar. Me får likevel lytta til nokre inspirerte ord ein gong om dagen. Det skjer når ein av brørne held ei bibelinnleiing for oss kvar morgon, slik at me får noko å tenkja på utover dagen. Kvar av oss får tildelt si eiga vesle klostercelle på 5m2, med utsikt til den vakre klosterhagen. I sekken har eg ein tysk bibel, ein bunke ulesne bøker, ei skriveblokk og eit par uløyste utfordringar knytt til kva eg skal gjera med livet mitt i åra framover.

Dagane i Taizé glir stillfarent forbi. Dagen vert ramma inn av måltid og messer, elles brukar me tida slik me vil. Høgmessa kvar kveld er høgdepunktet kvar dag. Den er heilt ulik dei messene me kjenner i Noreg. Fyrst og fremst fordi messa er bygd opp rundt korte, poetiske salmetekstar som blir sunge om og om igjen. Når 1200 syng desse salmane samstemt, vil nok sjølv den mest overtydde ateist kjenna seg rørt av noko meir enn evolusjonen…

Austleg og vestleg tradisjon
Eg prøvde å bruka dagane mine i kloster til å spasera, lesa, søva, skriva og i det heile tatt nyta mine dyrkjøpte stille dagar i Taizé. I mi vesle klostercelle fann eg ro og tid til å lesa nokre bøker eg har hatt på planen i lengre tid. Dessutan fekk eg tid til å skriva lange brev til nokre av mine beste vener, det er eit sjeldan privilegium i ei tid kor brevet er i ferd med å døy ut. Det er heller ingen løyndom at eg fann svaret på kva eg skal bruka tida mi til i åra framover, slik sett fann eg den langsame tida eg søkte ved å reisa ei veke i kloster.

Dei fleste i Tromsø eg har snakka med om klosterlivet, lar seg fascinera av utsikten til ei veke i kloster. Det ser ut til at det enkle livet med vekt på eksistensiell diskusjon, vakre høgmesser og oppleving av langsam tid, tiltalar mange av oss. Når dette er sagt, er dei fleste av oss likevel meir tiltalt av den austlege kontemplative tradisjonen med yoga og ulike nyreligiøse meditasjons- og trusretningar enn me er av klosterlivet. Kanskje tida er mogen for å gjenoppdaga at den vestlege kulturen har ein kontemplativ tradisjon som representer mykje av det same som me søkjer i austleg tradisjon?

Då eg landa heime i Tromsø etter ei veke i kloster, var årets fyrste ti centimeter med snø komen til byen. Sjølv etter ei lang reise gjennom det franske haustlandskapet, er det knapt noko som kan måla seg med Tromsø når snøen har lagt seg som eit mjukt teppe kring heimbyen vår. Utfordringa no blir å ta med seg det enkle livet frå Taizé, til vår vesle universitetsby som er så prega av alt for mange travle kvardagar.

(På trykk i Utropia hausten 2005)

torsdag, august 06, 2009

Det daglege brød


I går betalte eg mitt fyrste avdrag på studielånet. «It´s payback time» etter femten år som student, gardsgut og fleksibel lausarbeidar. Kva skal eg no bruka tida til? Det mest nærliggjande i våre dagar er å kasta seg ut i lønsarbeid med høgt forbruk, huslån og tidsklemme som ramme om kvardagen. Er det det me eigentleg vil?

Økonomisk er det ingen grunn til at eg skulle arbeida heiltid. Eg eig ingenting anna enn ei halvstor boksamling og ein sliten motorsykkel, og har ikkje større faste utgifter enn at ti arbeidsdagar i månaden kan finansiera dei. Det er dessverre slik at samanhengen mellom inntekt og forbruk nesten er absolutt i vårt samfunn. Jo meir ein tener, jo meir forbruker ein. Sidan eg aldri har hatt fast inntekt, har eg endå ikkje dratt på meg rådyre forbruksvanar som eg treng å finansiera gjennom fulltids arbeid. Eg slit heller ikkje med storslegne planar om å realisera meg sjølv i arbeidslivet, utover at eg vil ha ein jobb kor eg gjer noko eg trivest med.

Etter å ha fundert i nokre veker over kva eg eigentleg vil bruka tida mi til, har eg kome til at det likevel vil vera feil av meg å gå ut i heiltids lønsarbeid. Mitt val er å jobba omlag 50-60% i helsevesenet i tida framover, og bruka mest mogeleg tid på lesing og politisk arbeid. Dette valet framstår irrasjonelt i møte med dei ideala og dei normene som ser ut til å prega samfunnet i desse dagar. Eigedom og kapital er så sterke verdiar i vårt samfunn, at å velja dei vekk virkar absurd. Samtidig er det eit paradoks at me som er vaksne no, meir enn nokon generasjon har sjansen til å bruka tida og energien vår på akkurat det me vil. Kvifor let då så mange av oss økonomi og eigedom avgjera vala våre?

På sundag gjer eg vendereis frå mitt sumareksil i vest til ein kort haust og ein nesten endelaus vinter i Tromsø. I Tromsø skal eg bruka dagane mine på å lesa verdslitteratur, blogga, driva politisk aktivisme og jobba to-tre dagar i veka. Kan ein få det betre?

onsdag, mai 13, 2009

Deltakar eller tilskodar?


Storbylivet har nokre tiltalande sider som korkje småbyen eller bygda kan freista med. I går var eg på ein ørliten kino og såg den mykje omtalte filmen «Milk». Kinoen hadde berre 25 seter, og var ein del av ein pub, og bartenderen måtte derfor både visa film og selga øl. Kulturtilbodet i Berlin generelt er prega av at det er mangfaldig og billig på same tid, slik sett skil Berlin seg frå andre storbyar som alltid er dyrare og ofte er elitistiske når det kjem til kultur.

Eg er likevel ikkje i tvil om at eg i Tromsø har funnet ein by som er langt meir i mi gate enn det Berlin nokon gong vil bli. Det er mange årsaker til dette, men viktigast er det kanskje at ein for ofte ferdast som forbrukar og tilskodar i Berlin sine gater. Medan ein i Tromsø ikkje kan koma utanom å vera med på å arrangera ulike politiske og andre arrangement som vender seg til det ålmenne publikum, er ein i Berlin fyrst og fremst tilskodar mellom tusenvis av andre. Sjølvsagt er ein også tilskodar i Tromsø, men der har ein nødvendigvis ein langt større grad av aktiv deltaking i sitt engasjement.

For mange er det kanskje ikkje innlysande at det å vera aktiv deltakar er å foretrekka framfor det å vera tilskodar. I desse dagar, synes det jo snarare som om det er som publikum og som forbrukarar at me blir dei me ynskjer å vera. Det kan likevel ikkje vera tvil om at rolla som tilskodar er meir overfladisk og mindre utfordrande enn den aktive deltakinga i det lange løp. Er det ikkje som politisk og kulturelt aktive deltakarar at me verkeleg kan utfordra oss sjølv?

Det er også mykje anna storbyen ikkje kan by på, til dømes saknar eg den den stillfarne kvardagen her. Eg finn aldri den roen som eg gjer på Tysnes eller i Tromsø. Her er for mykje trafikk, for stort kjøpepress og for mange freistande ølkneiper. Det gjev ingen kvile for ein landsens gut!

lørdag, april 25, 2009

Våreksil i Berlin


I morgon reiser eg til Berlin. Og blir der i ein heil månad! Som ein del av dåke kjenner til, budde eg nokre månader i Berlin i 2003. Sidan den gong har eg planlagt å venda tilbake, no er tida endeleg inne!

Hovudårsaka til at eg reiser til Berlin no, er at eg kvar einaste vår sidan 2003 har vore bufast i Tromsø i heile mai månad. Ein kan sei mykje bra om Tromsø, men etter mitt syn er Tromsø si mørkaste side den tause våren her i byen. Tenk deg ein mai månad med snødekte gater og seks-åtte plussgrader som det normale! Om ein skulle ta omsyn til oss som bur i Tromsø, burde alle vårteikn i kvar einaste TV-sending frå resten av landet ha vore sladda frå 20.april til 31.mai.

I Berlin har eg store planar. Fyrst og fremst skal eg friska opp tysken min, den byrjar å bli passe rusten etter seks års dvale. Dessutan skal eg finna ut kva eg skal skriva om på mastergraden min. Det blir nok anten mediesosiologi eller velferdsstatssosiologi. Utfordringa blir å finna noko som både samfunnet kan ha nytte av og som eg finn lærerikt.

Til sist har eg tenkt å feriera i Berlin. Eg skal bada, jogga, lesa politiske debattbøker, drikka kveiteøl og sjå fotball! Såpass må ein ta seg lov til før ein intensiv arbeidssumar.

lørdag, september 27, 2008

Ein regntung laurdag i september


Laurdagar er gode dagar. Det er den ein dagen i veka ein med godt samvit kan driva med alt anna enn studiar. Til vanleg går det i aviser, kafétur, graut og engelsk fotball her i huset om laurdagen. I dag vart laurdagen noko annleis, partiet Raudt inviterte nemleg til seminar om finanskrisa.

Hovudinnlegget på seminaret stod leiar i Raudt, Torstein Dahle, for. Dahle sitt innlegg var ei forvitneleg framstilling av korleis krisa i finansmarknadane er ein uungåeleg konsekvens av kapitalismen, og korleis denne krisa vil bli forsterka i åra framover. Kapitalismen sin grunntanke er nemleg at økonomien skal veksa i det uendelege. Resesjon eller tilbakegang i den økonomiske veksten fører kapitalismen (og i verste fall heile det demokratiske systemet) ut i krise. Dahle peika på spekulasjonsøkonomien som ei viktig årsaka til den noverande krisa. Dessutan understreka han at krisa framover bli forsterka av at den økonomiske veksten er i konflikt med jorda si økologiske berevne. Klimakrisa og oljekrisa er berre to døme på at veksten i økonomien er i ferd med å utarma ressursgrunnlaget på jorda.

Korleis skal me då løysa kapitalismen si ibuande motsetjing, finnes det nokon måte å forena kapitalisme med økologisk og økonomisk berekraft? Dahle og Raudt sitt svar på dette er umtvisteleg nei, det finnes ingen framtid for ein kapitalisme som ekspansiv i sin natur. I den realpolitiske situasjonen som finanskrisa har ført oss inn i, er Raudt sitt krav at den raud-grøne regjeringa i langt større grad må satsa på å auka dei offentlege utgiftene. Raudt tek i korttekst til orde for større bruk av oljepengane, Dahle sa at den raudgrøne regjeringa umiddelbart kan (og bør!) løyva 10 milliardar til kommunane utan at dette fører til inflasjon.

Raudt si meir langsiktige og ideologiske løysing på finanskrisa er at kapitalismen må avskaffast. Den kan ikkje overleva fordi den er ekspansiv. Som ein nødvendig konsekvens av dette vil kapitalismen brutalisera arbeidslivet, gjera økonomien spekulativ og øydeleggja ressursgrunnlaget på jorda. Dahle gjekk ikkje nærare inn på kva for system som skal erstatta det kapitalistiske.

Det ikkje vanskeleg å vera einig med Dahle og Raudt i at kapitalismen er inne i ei krise, og at den har ført verda ut i ei ressurskrise som me berre har sett byrjinga av. Det er likevel grunn til å peika på at partiet ikkje er løysingsorienterte nok på vegne av kapitalismen. Sjølv ser eg ikkje noko alternativ til ei kapitalistisk organisering av økonomien. Den planøkonomien Raudt målber, har ikkje fungert i praksis, og vil heller aldri få nokon støtte i demokratiske valg. Derfor meiner eg at både Raudt og me andre på venstresida må ta til orde for ei radikalt sterkare regulering av kapitalismen, fordi det er den einaste løysinga me kan få demokratisk oppslutnad om.

Dette er nokre punkt som dessverre ikkje vart nemnt i Dahle sin presentasjon:

- Skattelegging av aksjehandel. Ein prosent skatt på alle aksjehandlar vil få ein umiddelbar slutt på Short-salg og kortsiktig spekulativ aksjehandel som har ført finansmarknadane ut i krise.

- Nedbygging av skatteparadisa. Skatteparadisa er kapitalistisk økonomi på sitt mest kyniske og destruktive. Stenging av skatteparadisa vil gjera økonomien meir transparent, og derfor langt lettare å ha demokratisk kontroll over. Stenginga vil også gje statane høgare skatteintekter, som dei kan bruka på investeringar i berekraftig infrastruktur og forsking på fornybar energi.

- Meir progressiv skattelegging av inntekt, energiforbruk, reiser osb. Det private forbruket kan ikkje fortsetja å veksa i lys av dei utfordringane me står overfor.

- Skattelegging av petroleumsutvinning. Om me skal unngå klimaendringar ute av kontroll, må me på ein radikal måte overføra økonomiske midlar frå karbonavhengig energiforbruk, til forsking på energiforbruk basert på fornybare kjelder. Noreg er i ein historisk posisjon til å til dømes investera 10% av oljeinntektene i forsking på fornybare energikjelder.

Dette er nokre få, og langt frå ei utfyllande liste over kva for reguleringar av kapitlismen me treng. Det mange kan vera einige om, er at kapitalismen i sin noverande form verkar destruktivt og nedbrytande på sivilisjonen vår. Dessverre er det alt for få økonomar, vanlege folk og synsarar viljuge til å ta innover seg at me lever i ei krisetid, kor me må mobilisera for ei ny organisering av samfunnet.

For oss som bur i Tromsø, er det eit lyspunkt at den alternative økonomen Rune Skarstein kjem hit til byen på torsdag for å halda foredrag om den globale finanskrisa, og kva for reguleringsmuligheter me har (sjå under). Me får tru han har fleire realisitiske løysingsforslag å by på enn det Torstein Dahle hadde denne regntunge laurdagen i september.

mandag, august 18, 2008

Eit halvt liv?


Dei siste åra har eg levd to atskilte liv. I det eine livet, som er studentlivet i Tromsø, lever eg det urbane studentlivet med studiar, pub-te-pub-turar, trening i helsestudio og politisk organisasjonsarbeid som ramme rundt kvardagane. Eg har knappast hatt ein veke løna arbeid i Tromsø, og eg har berre vore på skitur eller fjelltur nokre svært få gongar.

På vestlandet, kor eg bur tre-fire månader i året, lever eg eit heilt anna liv. Der ferdast eg i fjellet fleire gonger for veka, både på Tysnes og i Bergen. Arbeidsdagane mine er dessutan mange, det høyrer til untaket at eg får nyta ein frihelg heilt utan lønsarbeid. Ofte har eg dessutan tenkt at eg er noko av ein anti-intellektuell på vestlandet. Eg opnar sjeldan eller aldri ei bok, av og til blir til og med mitt gamle halvdusin aviser liggjande urørt.

Eg har trivdes godt med denne vekslinga mellom to røyndommar i fem-seks år, og eg er avhengig av element frå begge desse røyndomane om eg skal trivast. Samtidig har eg dei siste månadane tenkt at tida mi som reisande mellom desse røyndommane (og landsdelane) går mot slutten. Det blir for slitande å jobba ræva av seg kvar bidige sumar, berre for å kunne nyta frie, langsame dagar på universitetsbibiloteket i Tromsø vinter etter vinter. Dessutan blir mitt urbane studentliv i Tromsø for einsidig, når ein tenkjer på kva byen har å by på av både friluftsliv og arbeid. Tanken er derfor at eg skal prøva å bli ferdig med mitt halve liv i Tromsø no i haust: Snart skal eg både ta meg løna arbeid her i byen, og bli ein nokolunde flittig brukar av friluftslivet her i byen.

I dag starta i hvert fall mitt nye kvardagsliv i Tromsø. For fyrste gong sidan eg flytta hit for nesten seks år sidan var eg nemleg på tur til Tromsdalstinden (sjå bilete) i dag. Sjølv etter ein såpass langdryg fjelltur som denne, har eg på turen innsett at fjellheimen her i byen ikkje står langt tilbake for den i Sunnhordland. Det neste steget blir å finna seg eit arbeid som er like meiningsfullt som jobben min i Bergen. Det kan nok bli verre.

torsdag, april 24, 2008

Storeulvsyndromet


Thomas Hylland Eriksen vil i si siste bok svara på dei store spørsmåla på vegne av den norske middelklassen, og gjer dette gjennom ein allegori til Storeulv-forteljinga i Donald Duck. Storeulv brukar all tida si på sitt store prosjekt, det er å fanga og eta dei tre små grisane. Stort sett mislukkast han, men ein gong greier han å fanga dei tre små grisane, og skal til å leggja dei i gryta då ein av grisane spør: ”Kva skal du gjera i morgon, når du har ete oss, Storeulv?”. Storeulv skjønar raskt poenget, og slepp laus dei tre små grisane.

Dette er allegorien til oss som tilhøyrer den norske middelklassen i 2008. Me lever i eit samfunn som til forveksling liknar eit paradis: Levealderen er høgare enn nokon gong, velferden og forbruket er på eit historisk høgt nivå, og me er frie til å gjera kva me vil. Samtidig hevdar Hylland Eriksen at me ikkje er lukkelege, på mange måtar kan det sjå ut til at nordmenn var lukkelegare for femti år sidan. Kvifor mislukkast me i jakta på lukka i overflodssamfunnet?

Sjølv om Hylland Eriksen er ein kunnskapsrik og engasjerande formidlar i si jakt på lukka i overflodssamfunnet, er svara han kjem med utilstrekkelege. Den karakteristiske skrivestilen til Hylland Eriksen, med eit vell av referansar og innfall, gjer at bodskapet til Hylland Eriksen i denne samanhengen blir fragmentert og utydeleg. Han tek til orde for ein masse banalitetar i jakta på lukka (”ikke klø deg når det ikke klør”), og greier ofte ikkje å koma med gode svar når spørsmåla overskrid det banale. Dessutan avviser Hylland Eriksen til stadighet sine eigne innsikter i boka. Sjølv om det er eit akademisk idéal å vera drøftande i stilen, treng me som lesarar fleire haldepunkt i ei bok som tek mål av seg å svara på ei eksistensiell krise.

Hylland Eriksen sine innfallsvinklar til Storeulv-syndromet er mange, men han manglar det som må vera ein av dei mest nærliggjande. Miljø- og livsstilrørsla ”Fremtiden i Våre hender” (FIVH) oppstod nemleg som ein reaksjon på spørsmålet om kva me skal leva for i overflodssamfunnet. FIVH var i så sterk medvind, at New York Times spurte i ein større artikkel på slutten av -70-talet om Noreg ville bli det fyrste vestlege landet som avsto frå vidare velferdsvekst, i solidaritet med verdas fattige og fordi FIVH meinte at me var i ferd med å bli rikare enn me hadde godt av. Erik Dammann, som grunnla FIVH, drøftar i sin sjølvbiografi ”Kontraster” kvifor han og heile rørsla har mislukkast i sitt prosjekt. Det er ei bok Thomas Hylland Eriksen burde lesa.

(Bokmelding i Utropia, studentavisa i Tromsø)

lørdag, februar 16, 2008

Me som elskar papiravisa


Dei siste dagane har det vore problem med postgangen til Nord-Noreg, på grunn av uvêret som har prega landsdelen. Desse problema har blant mykje anna ført til at me som abonnerer på Klassekampen her i byen, har fått kjenna på kva ei eksistensiell krise er. Postproblema har nemleg ført til at Klassekampen ikkje er komen til byen på tre dagar!

I desse tre dagane har eg nok ein gong vendt attende til spørsmålet: Korleis greier alle dei som ikkje abonnerer på ei kvalitetsavis å leva i kvardagen? Når ein les ei god avis, er ein så heldig at ein får fokusera på noko anna og større enn dei problema som pregar den jamne arbeidsdagen. Sjølvsagt kan god litteratur og sakprosa bidra til det same, men kor mange har tid og overskot til denslags?

Midt i den ørkenvandringa som desse tre avislause dagane har vore, vart opplagstala for norske aviser i 2007 offentleggjort av Medienes Landsforbund. Medan dei siste åra har vist ein solid tilbakegang for dei fleste aviser, er det mykje inspirasjon å henta i årets tal. Tendensen er klar: Dei seriøse region- og riksavisene, som satsar på kommentarstoff og grundig nyhetsstoff, er i framgang. Dei tabloide riks- og regionavisene, som satsar på vald, livsstil og kjendisstoff, er i motgang. Her er tala for dei avisene eg les fast eller i helgane:

Aftenposten morgonutgåve 250 179 (1676)
Bergens Tidende 87 668 (+592)
Dagens Næringsliv 81391 (+4807)
Dag og Tid 7228 (+22)
Klassekampen 11 386 (+1277)
Morgenbladet 18 735 (+3015)
Nordlys 27647 (-443)

Mellom dei avisene eg sjeldan les, gjekk både VG og Dagbladet tilbake, sjølv om tilbakegangen for begge var mindre i år enn i fjor.

Det nye mediebiletet som har oppstått etter framveksten av internet, stiller heilt nye utfordringar for papiravisa. Som tala frå Medienes landsforbund viser, ynskjer dagens lesarar aviser som satsar på grundig og seriøst nyhets-, kultur- og kommentarstoff. I slike tider sluttar det aldri å forundra meg at avisleiinga i til dømes Nordlys fortset si satsing på tabloid og lettbeint journalistikk. Den antiintellektuelle profilen i det aller meste redaksjonelle stoffet i Nordlys, er ei sikker oppskrift på krise for papiravisa, fordi denne journalistikken alltid vil tapa mot nettaviser. Når vaknar redaksjonsleiinga i Nordlys til denne innlysande slutninga?

Det seiest ofte at papiravisa kjem til å døy ut om nokre år. Mange meiner nettet vil bli dødsstøtet for avisa, kven vil lesa aviser når det same stoffet finnes gratis på verdsveven? Dette er etter mitt syn ein tese med store manglar. Bruk av internet skapar for mange av oss rastløye, både i form av at me hoppar i teksten og fordi me stadig klikkar vidare til nye saker. Me som søkjer fordjuping, utfordring og opplysing i papiravisa, skiftar nok ikkje til nettet med det fyrste.

onsdag, januar 30, 2008

Når kvardagen blir svart


Romanen «Kommoden» startar med at Jolver Nilsen står heime og lagar suppe til feiringa av sin eigen femtiårsdag. Då kona midt i matlaginga kjem heim med ein stygg kommode som ho vil gje han i gebursdagsgåve, seier han til henne at mykje har forandra seg i livet deira og at ho har blitt ekkel. Denne opninga innleiiar ei forteljing om ein femtiåring si seksuelle og eksistensielle krise. Jolver Nilsen ser på seg sjølv som ein aldrande og ynkeleg mann utan noko prosjekt eller nokon retning etter at ungane er blitt vaksne og flytta heimanfrå, det er det uforløyste som på fleire plan pregar femtiåringen sitt liv.

Det er kanskje mest nærliggjande å lesa «Kommoden» som ein refleksjon over menn og deira utilstrekkelege seksualitet. Romanen opnar likevel for langt vidare perspektiv, Jolver Nilsen si eksistensielle krise strekker seg nemleg mykje lenger enn seksualiteten. Utan å bli moraliserande, problematiserer Belsvik i denne romanen avstanden mellom ideala og røyndommen innanfor rammene av kjernefamilien: Kva skal ein gift 50-åring leva for, når leiligheten er nedbetalt, ungane har flytta ut og sex-lysten har avtatt?

«Kommoden» skil seg frå Rune Belsvik sine tidlegare bøker. Dei varme, humoristiske dialogane frå tidlegare Rune Belsvik-bøker er utelatt i denne boka. Det einsidige alvorstunge preget gjer boka noko tunglesen, og ein vert som lesar frista til å leggja den frå seg før den er ferdiglesen. Samtidig kan ein lesa det sterke alvoret i denne boka som ein styrke, det gjer at ein kjem tett innpå den fortvilinga som pregar Jolver Nilsen sitt liv.

Kvifor skal studentar lesa ein roman som handlar om noko så fjernt som femtiåringar sine samlivsproblem og eksistensielle kriser? Kanskje aller mest fordi «kommoden» er ein sterk advarsel om kor galt det kan gå dersom ein overgir seg til det hedonistiske idealet som pregar vår tid sitt mediaskapte bilete av det gode liv. Jolver Nilsen si eksistensielle krise viser kor utilstrekkeleg vår kultur sitt fokus på sex, forbruk og kjernefamilie er. Jolver lengtar etter eit større fokus i kvardagen, som er mindre egoistisk. Det burde me også gjera, før det er for seint.

mandag, desember 17, 2007

Det norske gjeldsslaveriet


Ein av dei passasjane i norsk litteratur som har gjort sterkast inntrykk på meg dei siste åra, er Dag Solstad si framstilling av gymnaslærar Elias Rukla sin frustrasjon over lærarjobben og lærarkollegiet ved Fagerborg videregående skole i romanen «Genanse og verdighet». Elias Rukla studerte ved universitetet tredve år tilbake i tid, med det målet for auget å bli ein formidlar av kulturarv som norsklektor i vidaregåande skule.

Rukla si nådelause erkjenning etter femogtjue år som lektor, er at jobben handlar om noko heilt anna enn det han hadde sett for seg då han studerte. Dei andre lærarane si forståing av seg sjølv og arbeidet sitt, er ikkje at dei er kunnskapsformidlarar eller intellektuelle, men i staden at dei er gjeldsslavar som er fullstendig overlatt til styringsrenta til Noregs Bank. Samtalen og motivasjonen på lærarværelset handlar ikkje om litteratur, politikk eller om læraren sitt kall til å formidla kulturarv til den oppveksande slekt. I staden snakkar lærarane om korleis renta utviklar seg, og om korleis det skal gå med Kaci Kullmann Five no som ho har fått sukkersyke. Rukla innser at han etter 25 år i norsk skule har mista sitt samfunnsengesjement, og at samfunnet parallelt med dette har mista si interesse for han.

Årsaka til at denne forteljinga gjer såpass sterkt inntrykk på meg, er både at den etter mitt syn fortel noko viktig om det å vera lærar, og at den dessutan fortel noko sentralt om det norske samfunnet. Sjølv om det vil vera å gå alt for langt å sei at eg deler Rukla si erfaring av framandgjering på lærarværelset og i klasserommet, kjenner eg meg likevel att i korleis ein som lærar kjem til kort i høve til sine mål for lærargjerninga.

På eit samfunnsnivå er Rukla si erfaring av «det norske gjeldsslaveriet» ein treffande observajon. Korleis har me greidd å bli så opptatt av eigedom og privatøkonomi, at me fyrst og fremst forstår oss sjølv som gjeldsslavar? Den norske velferdsstatsordninga sikrar at det knappast kan gå galt med oss, så lenge me har vårt norske pass på baklomma er me garantert både inntekt og velferd for all framtid. Trass i dette, synes det å vera få ting som uroar nordmenn meir enn økonomien. Kvar enn ein går, høyrer ein snakk om rente, BSU, lån, lottomillionar og aksjefond. Eg er ikkje hakket betre sjølv, kvar bidige laurdag dei siste tjue åra har eg levert min faste tippekupong for å halda liv i draumen om å ein dag å bli rik. Kven fanden drøymer om slikt, i eit samfunn kor det knapt nok er teoretisk mogeleg at ein skal gå i hundane av økonomiske årsaker?

Mi erfaring er at eg har hatt mine rikaste år, når eg har gløymt alt som har med min private økonomi å gjera. Sjølv om eg alltid har høyrt til lågtlønsgruppa her i landet, har eg i nokre år fått oppleva at det prosjektet eg har arbeidd med har blitt så viktig, at min private økonomi har framstått som fullstendig irrelevant.

Utfordringa for oss som er opptatt av å nyta kvardagen, er å ignorera alt det uvedkomande snakket om inntekt, sparing og gjeld. Fyrst då kan ein bruka tida og energien sin på det ein verkeleg ynskjer, og løfta blikket opp og vekk frå det norske gjeldsslaveriet.

torsdag, oktober 04, 2007

Gravøl for eit kollektiv


På laurdag var det gravøl for Konkylien. Ein siste gong møttes nokre av oss som har budd der dei siste åra (og nokre av dei mest flittige gjestene), for å «fira, sörga, jubla eller gråta en skvatt», som ein av kollektivistane skreiv i invitasjonen til vår siste fest. Konkylien har vore eit av Tromsø sine mest frilynte og omtalte kollektiv sidan 1989, no skal huset selgast til høgstbydande og berre minnet skal vera att.

Det er knapt nok grenser for kor mange historiar som kan forteljast frå Konkylien, slik blir det vel i eit sentrumsnært kollektiv kor døra alltid stod ulåst. Svært mange noverande eller tidlegare studentar under 40 år i Tromsø har ein eller annan gong sett sin fot i Konkylien, dei fleste på veg til nachspiel i seine nattetimar eller til og med langt utpå morgonkvisten. I nokre av sine finaste stunder har Konkylien dessutan husa musikkfestivalar, filosofiske foredrag, 1.mai-frukostar, politiske debattar, lesesirklar og andre halvoffentlege arrangement. Sjølv kjem eg til å hugsa mange av desse arrangementa som eit uttrykk for det eit kollektiv kan vera på sitt beste: Eit fellesskap om noko meir enn neste fest.

Det blir uansett feil å vektleggja dette (ofte skjøre) fellesskapet framfor det sosiale fellesskapet som har prega Konkylien desse knappe 20 åra. Konkylien er fyrst og fremst billig husleige, sosialt fellesskap, frilynt moral, endelause nachspiel og eit skrikande behov for strengare husreglar. «Skam, trass og trivsel» er kanskje orda som illustrerer Konkylien best, det er i hvert ord som fangar noko av ambivalensen i å bu i eit kollektiv av Konkylien sitt kaliber.

Mine år i Konkylien kjem til å bli ståande som nokre av mine rikaste. Trass i at eg har levd i eit evig kaos her i huset, har dagane mine mest av alt vore prega av skriving, lesing, ranglar, fotball og friviljugt organsisasjonsarbeid. Om eg skal vera ærleg, har eg aldri funnet ein betre kombinasjon for det gode liv i ein universitetsby: Konkylien har lagt til rette for at noko av ambivalensen i meg kunne levast ut.

torsdag, mai 31, 2007

Augneblinkens estetikk


Neivel. Så greidde eg heller ikkje denne gongen å halda meg til planen. Som nevnt i forrige innlegg, skulle eg stoppa ein kveld eller to i Stamsund før eg fór vidare sørover mot vår og vestland. Slik gjekk det ikkje. Etter åtte dagar i Stamsund, greidde eg i kveld endeleg å koma meg ombord att i sydgåande Hurtigrute.

Når dette er sagt, er det ingen grunn til å klaga på at eg måtte bli i Stamsund. Her har eg nemleg sett og opplevd meir enn det som vanlegvis er meg forunt på ei veke: Eg har skrevet og levert to heimeeksamenar, eg har sett ein spe og halvsur vår skifta ham og bli til full sumar, og eg har gått nokre flotte fjellturar. Dessutan har det vore teaterfestival her i bygda sidan tysdag, og det har blitt tid til både teater, foredrag og nattleg rangel. Viktigast av alt er nok likevel herberget eg budd i, og folka eg har møtt der. Herberget i Stamsund er nemleg ein stad kor ein kan prøva ut den gamle floskelen om å leva i augneblinken. Her kjem folk frå heile Europa, og felles for alle er at dei har god tid til å vera der dei er. Gjennom lange dagar og kveldar går drøsen i kjøkenet (sjå bilete). Oftast om det kvardagslege og perifere, i små augneblink om det viktige og sentrale.

Nokre bur her ein dag eller to, andre i veker og månader. Ei eldre tysk kvinne, som nyss vart pensjonert, hadde ifølge eigne ord sykla den lange vegen frå Frankfurt for å finna ut kvar ho var, og kvar ho skulle. Ein middeladrande brite kom ein gong til Stamsund i midten av tjueåra, og hadde sidan reist årjamnt til herberget for å fiska og for å nyta den stilla han ikkje kunne finna i London. Slik kunne ein fortsetja, folka på herberget i Stamsund er som andre folk. Den einaste forskjellen er at folk på herberge er på ferie, og derfor kan vera der dei er.

Stamsund har meir enn lausprat å by på! I dag var eg så heldig at eg fekk med meg eit foredrag av det sjeldne sorten. Anniken Greve, fyrsteamanuensis i litteratur, kom til bygda i høve teaterfestivalen og heldt foredrag over temaet «Holocaust: Glemselens logikk og hukommelsens estetikk». Holocaust er nok eit av dei mest krevjande tema ein kan halda foredrag om, «tyngden i erfaringene forpurrer enhver kommentar», som Greve sa i innleiinga.

Dette må uansett vera eit av dei beste foredraga eg har høyrt på lang, lang tid. Greve sitt utganspunkt var ein refleksjon rundt Primo Levi sin roman «Hvis det er et menneske», som omhandlar Levi si tid som deportert jøde i Auswitz. Gjennom refleksjonen over «Hvis det er et menneske» og dei litterære grepa i romanen, drøfta Greve korleis gløymselen på ulike vis har prega både Tyskland og Noreg i tiåra etter verdskrigen. I Tyskland tok det tjue før den tyske ålmenta så smått byrja å forhalda seg til Holocaust, her i landet har me i alt for mange år fortalt krigssoga utan å ta med at norsk politi og norsk etterretning hjalp til med å deportera meir enn halvparten av dei norske jødane.

Når ein høyrer ein så gåverik og belest forelesar som Greve, kjem ein også i tankar om kor lite ein sjølv les og reflekterer over litteratur. Eg må innrømma at eg dei siste åra nesten utelukkande har lese faglitteratur, det kjennest som år og dag sidan sist eg las ein roman eller ei diktsamling. Sjølv om det er mykje innsikt og inspirasjon å henta i god faglitteratur, kjem me ikkje utanom at det er skjønnlitteraturen som er best eigna til å utfordra rammene me lever liva våre innanfor.

Etter venlege dagar og eit forvitneleg foredrag, reiser ein ikkje vidare utan ein viss ettertanke. Dagane i herberget har minna meg om kor lett og motstandslaust ein kan leva når ein møter dei rette folka. Samtidig fortel dagens foredrag at eg må få større fordjuping og fokus inn i min flyktige kvardag. Ein plass i midten ligg vel løysinga for ein farande fant!

lørdag, april 28, 2007

"Vi som ikke bygde Norge"


Dei siste åra har det slått meg kor mange i tjue- og tredveåra som slit med ei kjensle av å vera skuffa over kva livet har å by på. Eit typisk utslag av denne kjensla høyrte eg her om dagen: «Vaksenlivet blei aldri slik eg trudde det skulle bli, korkje jobben eller privatlivet har levd opp til dei forventningane eg ein gong hadde». Kva er det som gjer at så mange av oss er desillusjonerte?

Oppfatninga av å vera desillusjonert, skuldast truleg fyrst og fremst i manglande visjonar i privatlivet. Sterkast er nok oppfatninga av at det er svært vanskeleg å finna seg ein livsledsagar i vår tid. Mange er i eit forhold, ein god del av desse i mangel eller i vente på noko betre. Alt for mange av dei eg kjenner, føler seg meir eller mindre ferdige med kjærleiken, fordi dei har gitt opp å nokon gong finna ein partnar dei verkeleg passar saman med.

Ein anna aspekt som gjer mange desillusjonerte, er kjensla av at arbeidslivet og den jamne, grå vaksenkvardagen ikkje byr på dei utfordringane og dei opplevingane som mange trudde den skulle. For ei tid sidan var eg på rangel med tre karar tidleg i tredveåra. Alle tre med gode universitetsgrader frå UiTø, alle tre med relativt ferske, attraktive jobbar. Felles for dei tre var at dei etter ei tid i arbeidslivet følte at jobben deira korkje var utfordrande eller utviklande. Dei tre gjekk ut av universitetet med ein visjon om å gjera godt arbeid i ein interessant jobb. I realiteten opplevde dei at arbeidslivet krevde at dei gjorde middels innsats, og konsekvensen var at ein talte dagar til helg og månader til ferie. Sjølv om langtfrå alle er like misnøgde med arbeidet som desse karane, er det ingen tvil om at alt for mange er skuffa over at arbeidslivet er mindre utfordrande og utviklande enn det me forestiller oss som studentar.

Ei meir politisk forståing av kvifor me er desillusjonerte, er det å tilhøyra den generasjonen som Erlend Loe i boka «L» omtalar som «Vi som ikke bygde Norge». Loe sitt utganspunkt er at han tilhøyrer generasjonen som er komen til duk og dekka bord som barn av ein svært generøs velferdsstat. Alt det viktige er ferdigbygd, for Loe sine gutar står det berre att å dyrka seg sjølv og sine eigne navlebeskuande prosjekt. Ti år etter at Loe skapte sitt naive og ironiske univers, er det grunn til å spørja om Loe sin allegori framleis er gyldig?

«Vi som ikke bygde Norge» er nok framleis eit bilete som mange kjenner seg att i, kanskje står det likevel for fall? Både 11.september og det sterke fokuset på klimaendringane det siste året, viser at både Noreg og heile den vestlege verda står ovanfor utfordringar som inneber at me må byggja samfunnet vårt på nytt. Som barn av det norske oljeeventyret er me ufriviljug blitt fanga i eit forbruksmønster og i ein livsstil som har brakt verda ut i ei djup økologisk krise, samtidig som me er ansvarlege for å finna løysinga på denne krisa.

Kva skal me så gjera for å koma ut av vår eksistensielle krise? Ifølge filosofen Hanna Arendt har livet to aspekt, eit privat og eit offentleg. Mennesket kan ikkje nå sitt fulle potensial utan å delta i begge desse sfærane, vår samtid sitt einsidige fokus på det private vert slik sett eit blindspor. Sjølv om mange deltek på den offentlege sfæren i nokre samanhengar, er det påfallande kor lite politisk aktive mange av oss er. Dersom det finnes ein veg ut av det desillusjonerte, er det ingen tvil om at den går gjennom engasjementet for noko anna og større enn vårt private velvære.

(På trykk i studentavisa Utropia i september 2007)

søndag, mars 11, 2007

Kjedereglar som skriftemål


Kjedereglane har nådd bloggverda. Ein viss Misha BB har gitt meg sisten, som betyr at eg må avsløra seks «rare» ting om meg sjølv. Denne formen for skriftemål er vel eit teikn på det endelege forfall i bloggarverda, skulle ikkje blogginga vera ein ny politisk og kulturell offentlighet?

Vel, i desse eksibisjonistiske tider er eg ikkje verre på det enn at eg meir enn gjerne avslører seks rare ting om meg sjølv. Denne kjederekka stoppar uansett her. Eg bryt med fullt overlegg reglane, som er trøyttsam lesning. Desse seks relativt ukjente og rare fakta om meg, markerer slutten på ei kjedemailrekke:

1. I ungdommen var Ragnar Hovland (sjå bilete) favorittforfattaren min. Den gongen meinte eg at dette var hans mest innsiktsfulle tekst: «Eg er ikkje vanskeleg. Dei jentene som har lyst på meg, har eg lyst på.»

2. I 1982 sette eg fyr på mitt fyrste hus. Den brannen vart også mitt fyrste framsideoppslag i ei norsk avis.

3.I mange samanhengar er det vanskeleg å innrømma ovanfor seg sjølv at ein er i utakt med si eiga tid og sin eigen generasjon. I andre samanhengar, kjennest det som eit privelegium å vera utdatert. I den oppheta debatten på slutten av -90-talet om kor vidt toalettet i Uggdal kyrkje (på Tysnes) skulle vera eit utedo eller eit innedo, var eg stolt av å tilhøyra dei som forsvarte utedo-alternativet med nebb og klør. Det får vera grenser for kva ei kyrkje kan tillata seg, også i moderne tid.

4. Tidleg i tjueåra hadde eg ein Honda FZ50 automatgirsmoped med maksimalfart på 45 km/t på flate strekningar. Den gongen reiste frå bygd til bygd på mopeden i regionane aust og sør for Bergen, eg kunne køyra opp mot 400 kilometer på ein dag på veg til eit viktig oppdrag i ei eller anna bortgøymt bygd. Eg var likevel ingen reisande emissær i vestlansbygdene, i staden var eg ein høgst middelmådig assistentdommar på veg til viktige oppdrag i 3. og 4.divisjon i lokalfotballen i Sunnhordland og Hardanger.

5. I 1993, då eg var 18 år, var eg medskulding i at Lars Sponheim fekk ei rikspolitisk karriere. Eg misbrukte nemleg min fyrste stemmeseddel til å stemma Sponheim inn på Hordalandsbenken på tinget for partiet Venstre. Dette forklarar kvifor eg idag er prinsipiell motstandarar av at tenåringar skal ha stemmerett.

6. Det styggaste eg nokonsinne har tenkt: «Når eg blir stor, skal eg skaffa meg ei fin kone og ein god jobb. Eg skal dessutan kjøpa meg eit hus, ein bil, ein hund, eit stereoanlegg, ein elektrisk tannbørste, ein svær flatskjerm-TV med kabel, ei lita hytte på fjellet må det bli, og kva med snekke, treng ikkje alle ein tur på fjorden innimellom, og gløym no ikkje den store boksamlinga eg skal ha, det skal bli tider det, med hus, kone, ungar og eit stabilt liv og medlemsskap i NAF og pensjonsspareordning, og eg skal gå i full jobb slik at heile familien kan reisa på pakkeur til syden to veker i året, og om laurdagen skal eg drikka øl i ein mjuk sofa og sjå på fotball på Canal Pluss, og når sundagen kjem skal me gå tur med hunden og ungane i ein vakker lauvskog, og eg skal stå der i lauvskogen og kjenna på ei enkel glede, eg skal stå der og kjenna på at eg har alt eg har drøymt om å få, og då skal eg vel endeleg stå der og føla meg lukkeleg?».

tirsdag, mars 06, 2007

Tønsvika revisited!


I går kveld kom eg tilbake til mitt gamle husvære i Tønsvika (sjå bilete). Her er mangt som før, fyrst og fremst er både naturen og stilla her ute slåande for ein som ferdast i storbyen til kvardags.

Eitt og anna nytt er her no óg, mellom anna har det vore utskiftning i saueflokken sidan eg budde her i vår. Ein ny vær er komen til gards, og gamlesøya «Isadora» har fått selskap av ei namnlaus ungsøye. Dessutan har hankatten på tunet vore gjennom eit hamskifte sidan sist, og han framstår no med langt større tyngde enn før.

I går baud min gamle husvert på både fruktte og skjenk, og den månelyse marskvelden forsvann i kjent snakk om småskala sauedrift og mykje av det andre som livet i Tønsvika og Tromsø har å by på. Grytidleg idag reiste husverten min på jobb, og eg har fyrt i omnen og nytt ein stille dag i lenestolen i stova i Tønsvika. Av og til treng ein å kjenna på pusten av sine tidlegare liv, og det kan vera mykje inspirasjon å henta i dei prosjekta ein har bak seg. Tida i Tønsvika representerer vel kanskje det næraste eg har vore det ideale studentliv, med rom for både akademia, organisasjonarbeid og ein roleg, naturnær kvardag. I lys av denne insikta, er det vel inga overrasking at eg her ute tenkjer mykje på kva i all verda eg tenkte på då eg flytta til Oslo i haust?

Eg skal likevel ikkje kvila lenge i nostalgien her i Tønsvika. Allereie i morgon vender eg nasen sørover. Det skal vera landsmøte i Attac til helga, og me har som alltid nokre viktige saker på tapetet. Mellom mangt anna, skal me velga mellom «Oljeformueforvaltning i eit globalt rettferdsperspektiv» og «Global migrasjon» som kunnskapsnettverkssatsing det neste året. Det er ingen løyndom at eg ber på ein spesiell godhug for fyrstnevnte sak, etter mitt syn treng Attac ein såpass offensiv sak om me skal behalda vår viktige posisjon i offentligheten.

Trass i at det burde vera nok å fokusera på utfordringane i Attac og på studiet, har altså reisa mi til Tønsvika vekt minner om farne dagar i meg. Når skal denne evige reisinga mi mellom ulike prosjekt og stader ta slutt? Er eg nokon gong i stand til å vera tilstades i all denne reisinga? Og ikkje minst: Er det eigentleg nokon samanheng mellom alle desse prosjekta mine?

No må eg likevel sei at eg har fått jamnt nok av melankoli og ettertanke. Herifrå ser eg framover. Det får vera grenser for sjølvdestruktivitet, no er det storbyen og landsmøtet i Attac som gjeld. Tønsvika og anna gamalt rask får klara seg sjølv. Så får heller tida visa om eg nokonsinne lærer meg å leva i takt med dei innsiktene som livet lærer oss.