tirsdag, august 28, 2007

Kvifor lesa biografiar?


Til vanleg er eg ikkje særleg glad i å lesa biografiar. Forrige veke gjorde eg eit unntak, eg brukte nemleg helga til å lesa Afred Fidjestøl sin nye biografi om Per Sivle. Noko av årsaka til at eg ville lesa denne biografien, var at Fidjestøl har vist seg som ein gåverik skribent tidlegare, og dessutan at eg berre på overflata kjente Per Sivle si livssoge.

Ved fyrste augnekast synest livssoga til Per Sivle som ein versjon av ein kjent kunstnarbiografi i norsk litteratur- og kunsthistorie: Den handlar om den unge bondesonen som kjem til Kristiania for å «studera eller døy», og som seinare vert ein sentral politisk og kunstnarleg figur i hovudstaden. Trass i at diktaren Per Sivle på mange måtar fell inn i rekkja av slike kunstnarbiografar på siste halvdelen av 1800-talet, er soga hans så sterkt prega av motsetnader og nederlag at Sivle ikkje heilt passar inn i dette mønsteret.

Tittelen på biografien, «Eit halvt liv», er sjeldan treffande, og fangar den ambivalensen som prega Sivle. Allereie under svangerskapet prøver mora til Per å ta sitt eige liv, det er eit forvarsel om den dødslengten som prega Per Sivle i heile hans vaksne liv. Sivle fekk heller aldri det litterære gjennombrotet som han hadde talent til. Endelause pengesorger, manglande sjølvdisiplin og drukkenskap bidrog til at Sivle sitt forfattarskap vart uforløyst, og til at familielivet hans vart ruinert.

Eit av Fidjestøl sine vellukka grep i biografien, er å starta biografien med Sivle sitt sjølvmord ein seinsumardag i 1904, og med dette som utgangspunkt fortelja biografien om eit motsetnadssfyllt diktarliv. Dette grepet gjev biografien ein sterk intensitet: Fidjestøl sin usentimentale omgang med Sivle sin økonomiske kamp for å overleva, og med hans alltid nærværande dødsdrift, gjer biografien til ein «pageturner».

Som alle gode biografiar, er «Eit halvt liv» også eit forvitneleg tidsbilete. Gjennom dei to tiåra Sivle verka som diktar, avisredaktør, polemikar og viseforfattar i norsk offentlighet (1880-90), får me i selskap av Fidjestøl utfordra og utvida perspektivet på åra som var ei blømingstid, både politisk og kulturelt her i landet.

Noko av årsaka til at eg har hatt ein viss aversjon mot biografiar, er at dei ofte er for psykologiserande. Biografar har ein ufin hang til å overfokusera dei ufjelge sidene ved ein kunstnar sin personlegdom, som lesar trur eg mange av oss er meir interessert i kva som er drivkrafta bak og bodskapet til dei ein les om. Fidjestøl gå heldigvis ikkje i denne fella, ved hjelp av Sivle si aktive rolle som samfunnsdebattant og politisk diktar, er både samtidshistoria og kunstnarkallet sterkare innslag enn privatpsykologien i denne biografien.

Det er mykje som skal lesast, og det er mykje som skal gjerast i eit halvt liv. Ein av dei tinga du med fordel kan unna deg, er å lesa denne biografien.

5 kommentarer:

Knut Rage sa...

Denne skal eg få med meg. Eg er ein hund etter biografiar. Dei seier det er noko som kjem med alderen. Men med forfattarbiografiar kan det vera litt ymse. Det er ingen samanheng mellom å vera spesialist på ein forfattar og å skriva godt. Kan elles med det same tilrå Ernst B. Drange si bok om Rasmus Løland.

bigdaddy sa...

Selv elsker jeg biografier. Den siste biografien jeg begynte på var imidlertid et makkverk av dimensjoner.

Den heter "Harald Eia komiker og medmenneske : en uautorisert biografi om Harald Meldal Eia" av Yngve Skomsvoll.

Boka forteller om Harald Eias liv og karriere, fra barndommen i Rykkin, via studenttilværelsen på Blindern, til suksessen med Lille lørdag, Åpen post og Team Antonsen, samarbeidsproblemer og interne NRK-konflikter.

Problemet med boken er at forfatteren åpenlyst dikter og lyver veldig mye. Det er ingen nyhet at biografier ikke alltid er etterettelige, men denne tar imidlertid kaka.


Det er en så utsvevende bruk av diktning at jeg som leser etter en tid ikke aner hva som er sant eller ikke.

Jeg ender da opp med å måtte lese biografien som en fiksjonsbok, da jeg ikke kan stole på innholdet.

Han skriver morsomt, og kommer med mange morsomme anekdoter. Det er imidlertid ikke en slik fiksjonsroman jeg har vært på utkikk etter.

Boka er knapt halvlest, og gis bort på forespørsel.

Cathrines blogg sa...

Jeg har ikke lest enda, men har i hus "Hamsun-svermeren" og" Hamsun erobreren" Skrevet av Ingar Sletten Kolloen
Har jo visst at Hamsun ikke nødvendigvis var den mest sympatiske mann, men visste du at han forbød sin fru at lage den minste lille lyd under fødslene sine?? Laget hun lyd, ville hun forstyrre hans arbejde....Skikkelig sympatisk
Jeg gru-gleder meg til å lese....

Askild sa...

Knut: Eg skal få lånt den Løland-biografien. Løland og Sivle var jo faktisk vener, og budde saman i Ryfylke ei tid. Eg sjekka Løland-biografien på biblioteket hin dagen, og ser at den er både tjukk og tettskreven. 700 sider er ikkje lest på ei kveldsstund. Eg får ta den att til jul!

Cathrine: Eg har berre lese Hamsun - Erobreren. Eg må nok innrømma at den skuffa meg, den er eit typisk døme på den overpsykologiseringa eg nevnte i dette innlegget. Hamsun framstår som notorisk drittsekk og nærast psykopat i boka, eg kunne tenkt meir større fokus på bøkene hans og på spørsmålet om kvifor denne drittsekken vart europas største romanforfattar.

For nokre dagar sidan sa Frode Grytten noko slikt som dette til Klassekampen: "Eg er mot biografiar, det er Se og Hør for intellektuelle."

Eg er einig med Grytten i dette i lys av dei fleste biografiar eg har lese. Sivle-biografien er nok likevel eit unntak...

Anonym sa...

Ja, men mener du at det bare helt og holdent kommer an på øyet som ser??? Eller har hans forfatterskap noe med hans " forskrudde" måte å se verden på??