Viser innlegg med etiketten Aviser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Aviser. Vis alle innlegg

fredag, oktober 28, 2011

Marknadsstyrt hyrdestund


Då eg i si tid tok innføring i sosiologi ved Universitetet i Oslo, var det ein av professorane som foreleste over temaet «Er vi sosiale når vi har sex?» Dette sosiologiske spørsmålet må vera eitt av dei mest overflødige som nokon gong er stilt.

For oss som er oppvaksne frå -80-talet og fram til i dag, er det få ting som er så sjølvsagt som at me er sosiale når me har sex. På nettet, på fjernsynet og kor ein elles ferdast i det offentlege rom, er det eit tema som overkuggar alle andre: Sex. Ingen kan påstå at det er mogeleg å gjennomføra ei hyrdestund i det private rom utan å forhalda seg til tusenvis av forteljingar om sex som pregar det offentlege rom.

Ei anna utfordring med fokuset på sex i media, er at sex overskuggar alle andre fokus i samfunnsdebatten. Aftenposten trykte forrige laurdag dei mykje omtalte nakenbileta av den tilårskomne Fridtjof Nansen frå boka «Nansens siste kjærlighet». Nakenbileta fekk tilsaman tre sider i Aftenposten si laurdagsutgåve. Debattredaktør Knut Olav Åmas forsvarte oppslaget med at framstillinga av Nansen som naken ikkje forringar oppfatninga av han som menneske, nakenbileta er snarare eit element som bidreg til ei større forståing av heile mennesket Nansen.

Tidlegare i haust kom det to nye biografiar om Fridtjof Nansen. Aftenposten har hatt bokmelding av begge, men dei har vore langtfrå å trykka tre siders oppslag om dei nye perspektiva på Nansen i desse biografiane. Kvifor er det blitt slik at ein naken Nansen er viktigare enn vitskapsmannen og oppdagaren Nansen for å forstå heile mennesket Nansen?

Jürgen Habermas skreiv i sin doktorgrad «Den borgerlige offentlighet» at den offentlege debatten har blitt forringa frå 1800-talet til i nyare tid fordi den i våre dagar fyrst og fremst mobiliserer folk som konsumentar og ikkje som politiske individ. Dei fleste redaktørar vil forsvara sitt fokus på sex i spaltene med å visa til marknadskreftene: Både treff på nettsidene og sjårtal på fjernsynet viser at folk vil ha meir sex i media.

Kan marknaden fortelja oss sanninga om kva me ynskjer som mediebrukarar? Eg er ein av mange som lett kan klikka meg inn på lett fordøyelege sex-oppslag i nettaviser. Likevel bladde eg raskt forbi Aftenposten sitt Nansen-oppslag forrige laurdag.

Kva skjer med media når me overlet vurderinga av kva som skal vera innhaldet til marknaden? Sjølv om mange av oss brukar ein del tid på nettet til å lesa oppslag som er underhaldande og kanskje til og med sex-fokuserte, er eg overtydd om at dei av oss som les seriøse aviser fyrst og fremst ynskjer å lesa oppslag som gjev oss ny og relevant informasjon. Sex kan sjølvsagt ha ein slik funksjon, men sex-oppslag om kjendisar og historiske personar som nesten alltid framstår som rein grafsing, er korkje interessant eller verdt å betala for.

Til professoren som stilte spørsmålet om «vi er sosiale når vi har sex» sitt forsvar skal det seiast at han er ein del av -68-generasjonen. -68-generasjonen var barn i ei tid kor sex var eit tabuemne, og som ein del av opprøret i -68 fekk denne generasjonen ei oppfatning av sex som «det mest naturlege i verda». Denne oppfatninga av sex som noko naturgitt og upåverka, er forlengst historie. I desse dagar er det nok meir nærliggjande å spørja: Er me nokon gong meir marknadsstyrte enn når me har sex?

lørdag, mai 09, 2009

Den fornedra nordlendingen



Oppfatninga av at det skjer ei politisk nedprioritering av Nord-Noreg, er både feilaktig og øydeleggjande.

Då Tromsø sin OL-søknad vart avslått i haust, vart det snakka høglydt om nord-sør-konflikt og trakassering av Nord-Noreg. Den mest innbitte OL-tilhengjaren av alle, Nordlys-redaktør Hans Kristian Amundsen, skreiv mellom anna dette om OL-nederlaget i avisa etter par dagar etter at avgjerdsla var tatt:

Dessverre kom vi aldri så langt [som til å søke OL], og én årsak er en nord-sør-konflikt. Å nekte for det er naivt. (…) Legg merke til at frykten målbæres av dem som bærer med seg 1950- og 60-tallets fornedrelse. Jeg har stor respekt for at de ikke liker at gamle sår åpnes. Deres erfaringer har preget mye av debatten opp til vår tid.

Kva for historiske tilhøve er det som får Amundsen til å trekka fram -50 og -60-talet som ein periode kor folk i Nord-Noreg opplevde nord-sør-konflikten spesielt, og nedprioritering og fornedring som resultat av dette?

Desse tiåra er i nordnorsk samanheng prega av den distriktspolitiske politikken som ofte blir omtalt som ”Nord-Norge-planen”. Nord-Noreg-planen var ein den fyrste norske distriktspolitiske planen, som skulle sikra arbeidsplassar og busetjing i Nord-Noreg etter attreisingstida mellom 1945 og 1952. 1950- og -60-talet var derfor ei tid som var prega av statleg styrt industrireising, institusjonsbygging og store økonomiske overføringar til Nord-Noreg. Frå dette perspektivet kan det synast underleg at redaktøren i Nordlys framstiller -50- og -60-talet som ei fornedrande tid.

Til Amundsen sitt forsvar, er det for enkelt å framstilla -50- og -60-talet som ei tid som berre var prega av dei positive verknadane av Nord-Noreg-planen. For det fyrste er det nokre få som hevdar at industrireisinga og dei økonomiske overføringane eigentleg ikkje var i landsdelen si interesse. Ottar Brox påstår til dømes i boka Hva skjer i Nord-Norge at planen fungerte som ei fjernstyring av Nord-Noreg, fordi dei økonomiske overføringane førte til ei næringsmessig omstrukturering som folk ikkje ynskte. For det andre, var -50- og -60-talet også prega av nedlatande haldningar til det nordnorske, til dømes følte mange nord-norske utflyttarar følte seg marginaliserte og mobba når dei flytta sørover.

Det må likevel seiast at stereotypien om fornedringa på -50- og -60-talet, gjev eit svært skeivt bilete av utviklinga i landsdelen i denne perioden. Dei som held denne sterotypien i live, ignorerer dei historisk store økonomiske overføringane og alle arbeidsplassane som kom Nord-Noreg til gode i åra mellom 1952 og 1970.

Dette forhindrar ikkje at denne stereotypien er viktig i Nord-Noreg. Til dømes førte OL-striden til at meir enn 6000 personar i løpet av kort tid meldte seg inn i facebook-gruppa ”Republikken Hålogaland”, som tok til orde for at Hålogaland skulle lausriva seg frå Noreg og bli eigen republikk. Ordskiftet mellom medlemmene i denne gruppa viste at mange meinte alvor med at Hålogaland skulle bli eigen republikk.

Mange nordlendingar si oppfatning av Nord-Noreg som ein landsdel som er nedprioritert og fornedra, er noko av det mest uproduktive ein kan gje seg inn på. For det fyrste er den faktisk feil, såvel i eit historisk som i eit samtidig perspektiv. Nord-Noreg har dei siste tiåra hatt ei særskilt viktig strategisk og politisk stilling, og i dag nyt landsdelen godt av effektive distriktspolitiske tiltak som tiltakssonen, differensiert arbeidsgjevaravgift og uforholdsmessig mange stortingsrepresentantar i høve til folketalet. Kor mange regionar i Europa kan visa til ein like generøs distriktspolitikk som den Noreg gjennomfører i Nord-Noreg?

For det andre er oppfatninga av landsdelen som nedprioritert, den direkte årsaka til ei rekkje sjølvdestruktive politiske oppfatningar. Til dømes vert denne stereotypien nok ein gong iverksett i desse dagar, denne gongen for å forsvara utbygging av oljefelt i Lofoten og Vesterålen. I følge mange av dei som vil ha oljeutbygging, er den viktigaste årsaka til motstanden mot oljeutbygginga nemleg ikkje omsynet til miljøet eller fisket i nord, men snarare den politiske nedprioriteringa av landsdelen. Søringane unner rett og ikkje nordlendingane eit oljeeventyr! Nærare konspirasjonen kjem ein vel ikkje.

Hans Kristian Amundsen sin påstand om at ein Nord-Sør-konflikt var hovudårsaka til avslaget på OL-søknaden, iverksatte ei forteljing om Nord-Noreg som både er feilaktig og øydeleggjande for landsdelen. Skal me la denne forteljinga også prega ordskiftet om me vil ha oljeutbygging i Lofoten og Vesterålen? Eller finnes det ei anna og meir framtidsretta forteljing om Nord-Noreg?

søndag, november 30, 2008

Kven nedprioriterer Nord-Noreg?



Ein skulle tru at den nedlatande omtalen av samar i det offentlege rommet her i landet var eit tilbakelagt stadium. ”Landsdelsavisa Nordlys” vil det annleis, og trykte i fredagens avis følgande leiarartikkel:

Dyr på byen

Lene Hansen sier til Sámi Radio at samepolitikken må fokusere mer på bysamer enn rovdyr.

Hva er forskjellen – egentlig?

Sjølv om me etterkvart er blitt vane med at Nordlys har ein heilt spesiell hang til å forenkla og stereotypisera, er dette langt over streken, også for Nordlys. Framstillinga av samar som rovdyr, kan ikkje lesast som noko anna enn rasisme. Redaksjonsleiinga vil truleg forsvara leiarartikkelen med at den er humoristisk meint. Det held ikkje. Å skjula rasisme bak humor, er å legitimera rasisme.

Redaktør i Nordlys, Hans Kristian Amundsen, meinte for eit par månader sidan at avslaget på OL- søknaden var eit resultat av ein sør-nord-konflikt som fører til at Nord-Noreg vert nedprioritert i politiske samanhengar. For mange av oss som bur her, er det likevel ikkje politiske avgjerdsler som gjer at me føler oss annanrangs i høve til folk i sør. I staden er det fyrst og fremst som avislesarar at me vert nedprioriterte og undervurderte.

Nordlys skal vera den viktigaste avisa i Nord-Noreg. Avisa har dei siste åra hatt ein profil som er så tabloid at avisa ofte framtår som antiintellektuell. Denne tabloide profilen skil seg frå profilen til regionavisene i universitetsbyane i Sør-Noreg. Bergens Tidende, Adresseavisen og Stavanger Aftenblad satsar på langt meir seriøst og grundig nyhende-, kommentar- og kulturstoff enn det Nordlys gjer. Nordlys si satsing på det tabloide har sin pris: Medan dei tre sørnorske regionavisene auka opplaget sitt med mellom 500 og 900 eksemplar per dag i 2007, gjekk Nordlys tilbake med meir enn 400 eksemplar per dag ifølge tal frå Medienes landsforbund.

Kva er det så Nordlys har å læra av dei meir seriøse regionavisene i sør? Fyrst og fremst må Nordlys endra profilen sin, i dag er den svært tabloid i samanlikning med dei regionavisene som det er naturleg å samanlikna seg med. Framsidene i Nordlys fokuserer på person framfor sak, bileta i avisa er store og tekstane korte, overskriftene er personfokuserte og dramatiske. Slik kan ein fortsetja. Det kan også sjå ut til at den taboide satsinga får Nordlys til å styra unna spørsmål som ikkje passar den tabloide profilen: Kvifor har ikkje Nordlys meir fokus på kva for følger klimaendringane vil få for oss i Nord-Noreg? Og kvifor var det studentavisa Utropia, Morgenbladet og næringslivsorganet Mandag Morgen som trykte dei mest kritiske redaksjonelle artiklane om fusjonen av UiT og Hitø? Kva skal me i det heile med ei regionavis som ikkje belyser eller i beste fall forenklar dei viktigaste politiske problemstillingane som vedkjem landsdelen vår?

I tillegg til den generelle tabloide profilen, er Nordlys prega av ei rekkje redaksjonelle val som ikkje høyrer heime i ei regionavis. Kva i all verda har ei spalte som Kort sagt i Nordlys å gjera? Det seiest at årsaka til at Nordlys starta med Kort sagt, var for å møta konkurransen frå Bladet Tromsø sin Byrunden. Dette er ei grunnleggjande misforståing av kva Nordlys skal vera, ei regionavis skal ikkje prenta anonym skitkasting og sladder. Eit anna lokalavispreg ved Nordlys, er at avisa anmelder og set karakter på ungdomsskulerevyar. I pressa sin ”Vær varsam”-plakat heiter det: Når barn vert omtalte, er det god presseskikk å ta omsyn til kva konsekvensar medieomtalen kan få for barnet. Sjølv om Nordlys har lagt seg på ei linje kor dei nesten alltid gjev ungdomskulerevyar gode karakterar, er ikkje elevane dummare enn at dei forstår at terningkast tre på revyen må reknast som slakt. Har redaksjonsleiinga i Nordlys tenkt over kva for konsekvensar ein slik kritikk i ein regional offentlighet kan ha for eit barn? Kvifor er det Lansdelsavisa Nordlys si oppgåve å melda ungdomsskulerevyar?

Fredagens rasistiske leiarartikkel er eit illustrerande døme på at Nordlys sviktar si viktigaste oppgåve, det er å ta Nord-Noreg på alvor. Når vil redaksjonsleiinga i Nordlys innsjå at det Nord-Noreg fyrst og fremst treng, er ei seriøs kultur- og nyhendeavis?

(trykt som lesarinnlegg i Nordlys 4.desember 2008)

tirsdag, april 22, 2008

Vegen ut av klimauføret


Olav Kobbeltveit i Bergens Tidende er ein av dei kommentatorane i norsk presse eg les med størst interesse. I dag har Kobbbeltveit skrevet ein tankevekkande kommentar om klimakonferansen i Bergen som var i helga, kor han konkluderer med at klimapolitikk fyrst og framst handlar om snakk og lite om handling. Det er lett å vera einig med Kobbeltveit i dette. Eg synes likevel at Kobbletveit er for negativ med omsyn til å finna ei løysing på klimautfordringa i denne kommentaren. Kobbeltveit skriv: "Ingen kan i dag - med autoritet - peika ut ein trygg og tydeleg veg ut or det uføret vi har brakt oss sjølv inn i."

Sjølv om det er vanskelg å peika ut ein trygg og tydeleg veg av klimauføret, er det ikkje rett at slike autorative løysingsforslag ikkje finnes. Til dømes burde alle samfunnegasjerte menneske kjenna til George Monbiot sine forslag til løysingar i boka "Heat - How to stop the planet burning". Monbiot har såvel kunnskap som autoritet i sine løysingsforlag på klimautfordringa. Dessverre vert likevel ikkje Monbiot sine forslag diskutert på klimakonferansar eller mellom politikarar, til det er dei for sterkt i konflikt med rike land sine økonomiske interesser. Boka hans er faktisk ikkje ein gong omsatt til norsk.

George Monbiot er optimist og realist samtidig. Han hevdar at det går an å redusere CO2-utsleppa så mykje som naudsynt, nemleg til 10 prosent av 2005-nivå for vestlege industrilanland innan år 2030. Utrekninga som gjev dette talet, ser slik ut: I 2030 må me ha redusert det globale klimagassutsleppet til 40 prosent av dagens nivå. Det dåverande utsleppet må delast likt mellom 8,2 milliardar menneske. Det gjev 1,2 tonn CO2 per person per år, eller omlag ti prosent av utsleppet i dei vestlege landa i dag.

Monbiot vil gje kvar einaste verdsborgar ei omsetjbar kvote av CO2 som han eller ho kan selga eller kjøpa etter behov. Dette vil kunne løysa klimautfordringa, fordi me held utsleppa nede, og fordi utsleppsfri fornybar energi vil bli mykje meir verdt. Dessutan vil det også bidra til å løysa det globale fattigdomsproblemet, fordi dei fattige kan selja heile eller delar av si klimakvote til dei rike.

Sjølv om ingen veg er trygg eller konfliktfri i denne samanhengen, er Monbiot uansett ein av dei få som har satt seg fore å løysa klimautfordringa. Forslaget hans er noko så sjeldan som eit autorativt svar på klimautfordringa. Det hadde vore fint om også Kobbeltveit ville lesa Monbiot før han fullstendig tek motet frå folk!

lørdag, februar 16, 2008

Me som elskar papiravisa


Dei siste dagane har det vore problem med postgangen til Nord-Noreg, på grunn av uvêret som har prega landsdelen. Desse problema har blant mykje anna ført til at me som abonnerer på Klassekampen her i byen, har fått kjenna på kva ei eksistensiell krise er. Postproblema har nemleg ført til at Klassekampen ikkje er komen til byen på tre dagar!

I desse tre dagane har eg nok ein gong vendt attende til spørsmålet: Korleis greier alle dei som ikkje abonnerer på ei kvalitetsavis å leva i kvardagen? Når ein les ei god avis, er ein så heldig at ein får fokusera på noko anna og større enn dei problema som pregar den jamne arbeidsdagen. Sjølvsagt kan god litteratur og sakprosa bidra til det same, men kor mange har tid og overskot til denslags?

Midt i den ørkenvandringa som desse tre avislause dagane har vore, vart opplagstala for norske aviser i 2007 offentleggjort av Medienes Landsforbund. Medan dei siste åra har vist ein solid tilbakegang for dei fleste aviser, er det mykje inspirasjon å henta i årets tal. Tendensen er klar: Dei seriøse region- og riksavisene, som satsar på kommentarstoff og grundig nyhetsstoff, er i framgang. Dei tabloide riks- og regionavisene, som satsar på vald, livsstil og kjendisstoff, er i motgang. Her er tala for dei avisene eg les fast eller i helgane:

Aftenposten morgonutgåve 250 179 (1676)
Bergens Tidende 87 668 (+592)
Dagens Næringsliv 81391 (+4807)
Dag og Tid 7228 (+22)
Klassekampen 11 386 (+1277)
Morgenbladet 18 735 (+3015)
Nordlys 27647 (-443)

Mellom dei avisene eg sjeldan les, gjekk både VG og Dagbladet tilbake, sjølv om tilbakegangen for begge var mindre i år enn i fjor.

Det nye mediebiletet som har oppstått etter framveksten av internet, stiller heilt nye utfordringar for papiravisa. Som tala frå Medienes landsforbund viser, ynskjer dagens lesarar aviser som satsar på grundig og seriøst nyhets-, kultur- og kommentarstoff. I slike tider sluttar det aldri å forundra meg at avisleiinga i til dømes Nordlys fortset si satsing på tabloid og lettbeint journalistikk. Den antiintellektuelle profilen i det aller meste redaksjonelle stoffet i Nordlys, er ei sikker oppskrift på krise for papiravisa, fordi denne journalistikken alltid vil tapa mot nettaviser. Når vaknar redaksjonsleiinga i Nordlys til denne innlysande slutninga?

Det seiest ofte at papiravisa kjem til å døy ut om nokre år. Mange meiner nettet vil bli dødsstøtet for avisa, kven vil lesa aviser når det same stoffet finnes gratis på verdsveven? Dette er etter mitt syn ein tese med store manglar. Bruk av internet skapar for mange av oss rastløye, både i form av at me hoppar i teksten og fordi me stadig klikkar vidare til nye saker. Me som søkjer fordjuping, utfordring og opplysing i papiravisa, skiftar nok ikkje til nettet med det fyrste.

onsdag, februar 28, 2007

Gudinneøya og den kritiske offentligheten


Heimkommunen min Tysnes (sjå bilete) har dei siste åra lagt stort vinn på å marknadsføra seg som «Gudinneøya Tysnes». Bakgrunnen for dette tilnavnet, er at ein har regna med at Tysnes i førhistorisk tid var eit sentrum for gudedyrking, og at mange stader på Tysnes derfor ber navn etter norrøne gudar og gudinner. På heimesida til Tysnes kommune kan ein lesa: «Tysnes er ei mytisk øy med mykje kultur og historie. Njardarlog, som er det gamle namnet på Tysnes, kjem av grødeguden Njord, og var ei tid det religiøse senteret for store delar av Vestlandet.»

I ein forvitneleg artikkel i Sunnhordland Årbok i 2005 viser lokalhistorikaren Knut Rage at det er på høg tid at me stiller spørsmål ved stadnavngranskinga som ligg til grunn for mytologien rundt «Gudinneøya Tysnes». Rage viser til at språkforskaren Eivind Vågslid i arbeidet sitt har vist at det er sannsynleg at mange av stadnavna på Tysnes har meir sekulære røter enn me likar å tru. Vågslid gjekk svært grundig til verks, og dei fleste stadnavna med påståtte religiøse røter på Tysnes vart avmytologiserte. I mange tilfelle er det truleg at td. haugar, nes eller bustader ligg til grunn for stadnavna, og ikkje gudar, gudinner eller offerstader slik me til no har trudd.

Det som uroar mest i denne saka, er ikkje at me tysnesingar truleg har kvilt i ei illusorisk oppfatning om me bur på ei «Gudinneøy». I staden er det trist at lokalavisa vår, Tysnes, ikkje har omtalt denne problematikken sidan artikkelen til Knut Rage stod på trykk i Sunnhordland Årbok for over eit år sidan.

Uansett kva årsaka til at «Bladet Tysnes» overser denne kritikken er, sårar det mitt gamle redaktørhjarte å sjå at ikkje heimkommunen min har ein fungerande offentlighet. Kvifor er «Bladet Tysnes» redd for argument og perspektiv som motseier konsensusoppfatninga? Truleg finnes det ømme tær i denne saka, slik det gjer i alle andre kontroversielle saker. Det skulle uansett vera barnelærdom at ei avis skal fremja debatt og ulike synspunkt.

I desse dagar reiser Knut Rage til Eivind Vågslid sin heimkommune Eidsvoll, for å halda foredrag om den seigliva navnemytologien i Tysnes kommune. Får han nokonsinne halda foredraget sitt på Tysnes?

Les Knut Rage sitt foredrag på Eidsvoll 28.februar her.

mandag, november 27, 2006

By utan politisk offentlighet?


Morten Strøksnes har dei siste åra skrevet fleire lesverdige bøker. "Hellig krig" frå 2001 er ei sterk framstilling av konflikten i Palestina, medan fjorårets bok "Snøen som falt i fjor" er eit utval av Strøksnes sine artiklar som journalist. Begge bøkene har fått gode kritikkar, og dei viser at Strøksnes er noko så sjeldan som kombinasjonen av ein uredd, polemisk skarp og nyskapande journalist.

No i haust er Strøksnes på ny ute med bok. Denne gongen har han skrevet om Nord-Norge, i ei bok med tittelen "Hva skjer i Nord-Norge?". Boka er kort sagt ei essayistisk reiseskildring med sterk brodd mot det Strøksnes hevdar er ei statleg overstyring av Nord-Norge dei siste tiåra.

I denne samanhengen skal det fyrst og fremst handla om den kritikken Strøksnes rettar mot Tromsø i boka si. Strøksnes presenterer nemleg ei rad kontroversielle påstandar om ståa i ishavsbyen, kor dei fleste fortener meir omtale enn dei til no har blitt tilgodesett i byens aviser.

Strøksnes meiner at både næringslivet og det politiske livet i Tromsø er prega av ein lukka kultur som svekkar byen si utvikling og byen si evne til nytenking. Han ser på Tromsø sin søknad om OL som "en økonomisk variant av å pisse i buksa for å holde seg varm", fordi ei statleg OL-overføring på 15-20 milliardar vil auka den statlege avhengigheten og ikkje føra til den varige veksten som Tromsø-regionen treng. Dessutan peikar Strøksnes på at Tromsø (og heile Nord-Norge) lir sterkt under at dei manglar ein politisk offentlighet og ein synleg intelligentsia.

Kva for reaksjonar har så desse påstandane vekt i Tromsø? Så godt som ingen. Dersom ein kvalifisert debattant hadde lagt fram liknande påstandar om ein av vestlandsbyane, er det all grunn til å tru at både akademia og media i Bergen og Stavanger ville ha brukt tid og spalteplass på å diskutera om vedkomande hadde rett.

Rett nok hadde Nordlys eit intervju med Strøksnes fredag 24.november. Der presenterer avisa Strøksnes sin kritikk av at Nord-Norge er ein splitta landsdel, mellom anna fordi Tromsø ikkje lever opp til statusen som regionhovudstad. Sjølv om denne påstanden er viktig nok, er den meir ufarleg og ukontroversiell enn dei andre påstandane om Tromsø i boka. Kvifor unngår Nordlys å omtala Strøksnes sin kritikk av næringsliv, politikk, media og akademia i Tromsø? Fryktar avisa denne kritikken?

For oss som har lese Nordlys dei siste åra, kjem det absolutt ikkje som noko overrasking at Nordlys vel og oversjå viktige røyster og argument i debatten om byen og landsdelen si framtid. Det er snarare blitt ein trend at det mediet som skal vera landsdelen sitt viktigaste debattforum, gjev liten eller ingen redaksjonell spalteplass til dei stemmene som er i utakt med redaksjonsleiinga sitt politiske syn. I lys av mellom anna dette, er det ikkje vanskeleg å vera einig med Morten Strøksnes i at Nordlys ikkje fungerer som den politiske offentligheten som landsdelen (og byen!) treng.

Tromsø har i løpet av dei siste to-tre åra bygt kulturinstitusjonar som kan konkurrera med langt større byar i Norge og Europa. Dersom den politiske offentligheten i byen skal fortsetja å vera eit kaffeslabberas kor berre dei som innehar dei rette haldningane vert invitert, er det likevel stor fare for at byen vil bli akterutseilt som kultur-, nærings- og utdanningsby. Når skal Nordlys innsjå dette?