
Eg er nesten aldri på rangel her i byen. I natt gjorde eg eit sjeldan unntak.
På mi fortumla ferd gjennom Oslo-natta traff eg ein av våre fremste historikarar. Det meste som var sagt mellom oss, fell inn under kategorien "pisspreik", og kan like godt gløymast fyrst som sist. Eit av utsagna hans har likevel uroa meg utover dagen i dag. Denne historikaren, som elles er ein gåverik skribent og tenkjar, meinte nemleg i fullt alvor at Jon Fosse er ein oppskrytt og i beste fall middelmådig forfattar.
For eigen del, regnar eg Fosse som vår kanskje største nolevande forfattar. Fosse skriv enkelt og djupt eksistensielt samtidig, i eit særeige språk som ikkje minner om nokon annan forfattar eg har lese.
Romanen "Det er Ales", som eg har lese for andre gong idag, er eit godt døme på det typiske i Fosse-landskapet. "Det er Ales" er ei kjærleikssoge om Signe og Asle. For over 20 år sidan drog Asle på sjøen for å fiska, han kom aldri attende. Fosse vekslar mellom notid og fortid for å visa korleis Signe sitt liv gjekk i stå den novemberdagen Asle kom bort, ho har aldri har kome seg vidare etter at Asle forsvann på sjøen.
Menneska i Fosse sine romanar er som oss andre. Dei gjer sitt beste for å nå kvarandre med orda sine, men endar med å verta misforstått. Som alle gode Jon Fosse-bøker, vert "Det er Ales" sitjande att i kroppen etter at ho er ferdiglesen. Språket til Jon Fosse er kjenneteikna av endelause gjentakingar. Dette skapar ein litterær musikk, som ein vert gåande og nynna på lenge etter at boka er ferdiglesen.
Litterær smak og kvalitet er vel knapt nok mogeleg å diskutera? Det er likevel vanskeleg for meg å forstå, at ein så erfaren lesar som denne historikaren eg traff i natt, i fullt alvor kan synast at Fosse er ein middelmådig forfattar. Er det han eller eg som er galen?