Viser innlegg med etiketten Solidaritet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Solidaritet. Vis alle innlegg

fredag, november 20, 2009

Klimaspekulasjon eller klimarettferd?


Ei utviding av kvotemarknadane er eit sentralt tema for klimaforhandlingane i København i desember. Noko av det som vil bli drøfta, er å inkludera fangst og lagring av CO2, kjernekraft, jord og skog i den sokalla grøne utviklingsmekanismen. Dette er ein form for klimakvoter som gjer rike land sjansen til kjøpa seg rett til å forureina heime, mot at dei finansierer klimatiltak i fattige land. Dette er ikkje berre ei ansvarsfråskriving frå dei rike landa som har det historiske ansvaret for klimaendringane, det opnar også for storstilt spekulasjon i klimakvotar.

Det vert også diskutert om landbruket, som står for 14 prosent av dei totale utsleppa i verda, skal inkluderast i kvotesystemet, fordi landbruksjorda kan nyttast til CO2-fangst. Multinasjonale selskap har allereie byrja å hamstra landområder, og det er ingen tvil om at ei innlemming av landbruket i den grøne utviklingsmekanismen vil intensivera privatiseringa av fellesgodene.

Det er dei rike landa som har skapt klimakrisa. Desse landa, Noreg inkludert, har derfor ei enorm økologisk gjeld til verdssamfunnet. Ein realistisk og rettvis klimapolitikk kjem ikkje bort frå at dei rike landa må ta ein stor del av klimagassutsleppa på heimebane. Dessutan må dei rike landa samtidig stilla med støtteordningar til å omstilla energiproduksjonen i land i sør i ein fornybar retning. I staden for ein marknadsbasert klimahandel som både uthular dei rike landa sitt ansvar og som til no har gitt svært små resultat i land i sør, treng me FN-baserte støtteordningar for omstilling av energiproduksjonen i sør som er administrerte av landa i sør sjølv.

Den marknadsbaserte klimapolitikken som kjem til å stå i fokus under forhandlingane i København, viser at det fyrst og fremst er økonomiske interesser som pregar den globale klimapolitikken i dag. Så lenge det er dei rike landa sine kortsiktige økonomiske eigeninteresser som får dominera dagsorden i klimaforhandlingane, er det utopisk å tru at me kan løysa klimautfordringa.

Me treng ein ny global klimapolitikk. Ein politikk som tek på alvor dei vestlege landa sitt historiske ansvar for klimaendringane, og som derfor tek til orde for store utsleppsreduksjonar i rike land og generøse overføringar frå nord til sør for omstilling til fornybare energiformer.

(Lesarinnlegg for Attac Tromsø)
Foto: Mobilization for Climate Justice-London

mandag, juli 13, 2009

Demokrati utan solidaritet?


Det undrar meg ofte kor egoistiske folk er når dei stemmer ved val. Studentane brukar stemmeretten til å skaffa seg meir studiestøtte, småbarnsforeldra stemmer med tanke på barnehagedekning og -prisar og kunstnarane stemmer på det partiet som vil verna opphavsrettane og gje kunstnarane meir pengar. Slik sett framstår me alle som prostituerte i møte med politikken, me er villige til å selga stemma vår til det partiet som er høgstbydande på vårt interessefelt.

Denne vridninga av politikken i retning av at politikarane prøver å vera høgstbydande i høve til ei rekkje interessegrupper, øydelegg muligheten til å løysa nokre av dei store politiske utfordringane me står overfor både nasjonalt og globalt. For å ta eitt døme: Korleis skal Noreg bli kvitt sin dobbeltmoralske posisjon i miljøpolitikken, når ein moralsk ansvarleg posisjon i miljøpolitikken mellom anna vil innebera at me må innføra større avgifter på drivstoff, reiser og nokre typar forbruk? Bilistane, turistane og shopparane vil garantert bli mobiliserte mot ein avgifsauke i media for å forhindra at Noreg nokonsinne kan bli eit foregangsland på miljø. Dette vil umogeleggjera at nokon politikar kan gå inn for at Noreg kan gå inn for at Noreg skal ha ein moralsk ansvarleg posisjon i miljøpolitikken.

Det er vanskeleg å sei kvar ein skal leggja ansvaret for denne fordumminga av politikken. Trekløveret veljarane, politikarane og media er alle medskuldige i at me har fått eit politisk klima kor dei overordna politiske spørsmåla berre spelar ei birolle. Kva skal me gjera for å krevja den viktige politiske debatten attende? Eg trur det er viktig å abonnera på dei seriøse avisene (og boikotta VG!) og prøva å delta i den politiske debatten med eit og anna innspel som bidreg til å belysa kor sneversynt norsk politisk debatt som oftast er. Det er lite og truleg inneffektivt, men det er i hvert fall noko.

Historisk sett er det ikkje vanskeleg å sjå at det norske samfunnet hadde vore langt mindre utvikla om ikkje tidlegare generasjonar hadde kjempa for betre økonomiske kår for seg sjølv og sine. I våre dagar har denne progressive krafta uansett tatt ei vending som gjer den destruktiv. Sjølvsagt skal me ikkje slutta å kjempa for våre eigne interesser, men langt fleire av oss må likevel innsjå at politikken rommar utfordringar som er mykje viktigare enn våre private økonomiske interesser.

Sjølv er eg ein bleikfeit akademikar med ordna økonomi, god jobb og mykje fritid. Med eit slikt utgangspunkt, er det absurd å tenkja seg at eg skulle la mitt val av stemmesetel ved stortingsvalet til hausten bli avgjort av mine private økonomiske interesser. Stemmesetelen min er rett og slett for verdifull til at eg kan la slike luksusproblem få prega kva for eit samfunn etterkomarane våre skal leva i.

Illustrasjon: "Money Rules Man" av Ben Heine

søndag, juli 05, 2009

Eit arbeidarklasseparadis?


For ei tid sidan møtte eg ein jamgamal kar frå nabokommunen vår som uttrykte misnøye over si eiga lønnsinntekt. Han sa: «Medan me som har tatt ei mangeårig akademisk utdanning berre har 3-400 000 i årsinntekt, tenar dei verste pøblane frå ungdomsskulen to-tre gonger så mykje i oljeindustrien. Kva skal me då med utdanning?» Dette er sjølvsagt ei spissformulert uttaling, det er nok berre arbeidarane i oljeindustrien som ligg såpass langt over oss akademikarar i løn. Uansett kjem me ikkje forbi at ein del grupper arbeidarar tener godt her i landet, og det er få land som relativt sett verdset sine akademikarar så lågt. Burde me alle lengta etter å vera arbeidarar i det norske arbeidarklasseparadiset?

Min påstand er at det er eit gode for både samfunnet og for alle lønnstakarane å bu i eit land kor arbeidarane har god løn, og kor akademikarane kjem relativt sett dårlegare ut i høve til arbeidarane enn i dei fleste andre land. For det fyrste er det ikkje meir enn rett og rimeleg. Arbeidarar lever langt kortare liv enn oss akademikarar, og derfor får dei også mykje lågare pensjonsutbetalingar. Dei har også tyngre fysisk arbeid og opplever stress meir tyngande i kvardagen. Me skal heller ikkje gløyma at arbeidarane har mindre politisk makt gjennom at dei ikkje har den same kulturelle og sosiale kapitalen som akademikarane.

For oss som er akademikarar, fører også det relativt høge lønnsnivået for arbeidsfolk til at den generelle levestandarden og skatteinngangen er høgare enn den ville ha vore om klasseskilja var større. Det finnes vel knappast finnast noko betre kompliment for den norske velferdsstatsmodellen enn at dei verste pøblane oppnår ei skattbar lønnsinntekt som er langt over gjennomsnittet. Dette betyr at samfunnet har greidd å skapa vinnarar av folk som i mange samanhengar ville ha vore taparar som mottok støtte frå det offentlege. Arbeidarane sine gode kår er derfor ein av hovudårsakene til at dei nordiske velferdsstatsmodellen har vore så vellukka.

Det skal ikkje gløymast at det langtfrå er slik at alle arbeidarane i Noreg lever i eit paradis. I mange sektorar er løna så låg at ein ikkje har råd til å kjøpa sitt eige husvære eller reisa på årlege feriar slik som den jamne nordmann gjer. Den misunninga som ein del med høgare utdanning har mot arbeidarklassen, rettar seg derfor fyrst og fremst mot dei som anten arbeidar til sjøs, i enkelte industrisektorar eller i oljebransjen.

Dei siste åra har det uansett vore slik at forskjellane har blitt større mellom dei med låg og dei med høg inntekt, og slik sett kan me vel knapt kalla Noreg noko arbeidarklasseparadis. Utviklinga mot svekka arbeidarrettar og -inntekter er faktisk eit trugsmål mot den nordiske velferdsstatsmodellen. Misunninga mot arbeidarklassen blir derfor kontraproduktiv, den er med på å riva ned inntektsgrunnlaget og solidariteten som vår velferdsstat byggjer på.

Når skal me som er akademikarar i Noreg leggja misunninga på hylla, og innsjå at me er usedvanleg priveligerte?

Illustrasjon: Harry W. Scheuch

onsdag, april 29, 2009

Ei stemme fattigare


Steinar Lem er kanskje den offentlege personen som har betydd aller mest for meg. I dag kom den triste meldinga om at Lem er død.

Som 20-åring las eg i romjula 1995 ei bok som kom til å få avgjerande innverknad for korleis eg har tenkt i mitt vaksne liv. Boka heitte «Den tause krigen: mot de fattige og mot miljøet - og hva som må gjøres» og var skriven av Steinar Lem. Sjølv om eg i dag berre hugsar hovudtrekka av boka, gløymer eg aldri verknaden den hadde på meg. Fram til romjula i 1995 såg eg på verda som ei overflødig kulisse som ikkje vedgjekk det livet eg levde. Murens fall, global oppvarming, fattigdom, you name it, alt saman var ei suppe av nesten uvedkomande hendingar for min del.

Steinar Lem si bok var den fyrste som for meg snudde denne verdsoppfatninga på hovudet. Bodskapen hans var at den globale fattigdommen og klimaendringane var så langt frå ei kulisse som dei kunne vera, dei var i staden dei viktigaste moralske spørsmåla i vår tid. Sidan den gong har eg hatt ei heilt anna oppfatning av kva det vil seia å leva i eit samfunn, og eg likar vel også å tru at eg har prøvd å ta Lem sin bodskap på alvor.

Mykje har skjedd sidan 1995, og det er langtfrå alltid eg har vore like begeistra for Lem. For nokre år sidan melde eg meg til dømes ut av Fremtiden i Våre Hender for ein periode. Dette gjorde eg fordi Lem som organisasjonen sin talsmann uttalte i Dagsavisen at han tok fly til Bergen i staden for tog, grunna for mykje barneskrik på toget. Denne vendinga mot det dobbeltmoralske, kor Lem satte ein standard for seg sjølv og ein annan for alle andre, prega etter mitt syn for mange av Lem sine offentlege ytringar dei siste åra.

Uansett vert den norske ålmenta ei viktig stemme fattigare med Steinar Lem sin død. Han har hatt ei særskilt evne til å tenkja moralsk i tider kor det hedonistiske har prega oss.

søndag, august 10, 2008

Politisk ferie


Etter ein lang arbeidssumar på vestlandet, har eg den siste veka vore på Attac sitt europeiske sumaruniversitet i Saarbrücken i Tyskland. Sumaruniversitetet er ei tankesmie og ein mobiliseringsrena for oss som ynskjer eit demokratisk og solidarisk Europa.

Sjølv var eg medansvarleg for ei seminarrekke om skatteflukt og den demokratiske utfordringa skatteparadisa representerer. Målsetjinga vår var å utforma poltiske krav for den europeiske Attac-rørsla fram mot valet til Europaparlamentet i 2009. Me i Attac Tromsø presenterte vår kampanje for å få Tromsø kommune til å bli den fyrste norske kommunen som ber selskap som inngår kontrakt med kommunen om å dokumentera kva for eigarstruktur dei har. Denne kampanjen vart svært vél motteken på sumaruniversitet, og truleg vil Attac-lag i både Sverige og Frankrike krevja det same som oss i sine kommunar.

Med omlag 800 deltakarar frå heile Europa og omkring 200 ulike arrangement å delta på, får ein berre med seg ein liten flik av den overveldande møteplassen som sumaruniversitetet er. Sjølv lot eg meg inspirera av den sterke miljø- og klimaorienteringa som ser ut til å vera på veg inn i Attac-rørsla. Dersom me skal løysa klimautfordringa, er me heilt avhengige av eit sosialt rettferdig utsleppsregime globalt. Den frie marknaden kjem til kort i møte med klimautfordringa, me får tru at Attac kan bli ein viktig premissleverandør i debatten om kva som er alternativet.

Det er heller ingen løyndom at eg fekk ein smak av mitt gamle studentliv i Berlin, då det var fri tilgang på både tysk språk, tyske aviser og tysk kveiteøl ei heil veke til endes i Saarbrücken.

Betre ferie kan vel ingen få?

onsdag, april 16, 2008

Svar på eit eksistensielt spørsmål?


Her om dagen fekk eg ein e-post frå ein kar eg kjenner frå gamalt av. Han er uroa over framtida til vår skakkøyrte klode, og skriv:

«Det eg lurar på er: Kva er det mest overhengande trugsmålet menneskeheita møter dei komande 50 åra når det gjeld miljø? Er det den enorme befolkningseksplosjonen? Er det global oppvarming? Eller er det oljekrise? Eller er det noko anna, som eg er avskore frå å vita noko særleg om? Det er som du veit svært mykje snakk om global oppvarming, men eg har ei nagande kjensle av at desse andre vert snakka for lite om i samanlikning. Er det ei riktig antaking?

Det mest deprimerande svaret vil vel vera at desse tre problema vil virka saman til eit altomfattande problem som vil føra til systemsvikt og katastrofe. Dei mest pessimistiske blant oss hevdar vel det. Kva er di meining? Viss dette er tilfelle vil eg gjerne vita om det. Då må eg førebu meg på å læra å driva ein gard ut frå før-industrielle landbruksprinsipp som samtidig må vera sjølvforsynt.»

Her er det mange spørsmål som kvar for seg krev lange og grundige svar. Om eg likevel skal våga meg utpå med eit svar i høveleg blogginnlegg-lengde, må det bli noko slikt som dette:

«Takk for e-post med mange viktige spørsmål. Eg deler di uro over vår klode si framtid, men kan nok ikkje koma med eintydige eller fullgode svar på dine spørsmål. Eg skal likevel gjera eit forsøk på eit svar.

Det er nærliggjande å peika på at det er den globale oppvarminga som er den største miljøtrusselen me har. Sjølv om det er mykje usikkerthet knytt til kor store konsekvensar dei menneskeskapte klimautsleppa har for klimaet på jorda, er det liten tvil om at vårt noverande levevis vil setja svært mange menneskeliv i fare i framtida.

Den globale oppvarminga er som du nevner ledsaga av ei rekkje andre miljørelaterte kriser som befolkningsvekst, landbrukskrise, vatnkrise og mange andre. Felles for alle desse, er at dei er oppstått som resultat av det me må kalla ei sivilisasjonskrise. Til grunn for vårt økonomiske system, ja til grunn for heile vårt moderne liv, ligg det nemleg ei oppfatning av at økonomisk vekst, større produksjon og høgare forbruk er dei måla som overskuggar alle andre mål. Ifølge denne ekspansive veksttanken er det ingen grenser for kor mykje me kan forbruka av naturressursane, det er økonomien og ikkje økologien som set grensene for utviklinga. Denne veksttanken er derfor den direkte årsaka til den globale oppvarminga og dei andre miljøproblema me står ovanfor. Våre grenselause planar om fleire og lengre reiser, større hus, nye bilar og mykje anna har ført oss inn i ei økologisk krise som korkje økonomien eller teknologien er i stand til å løysa. Dessverre tar heller ikkje politikarane inn over seg alvoret i denne sivilisasjonskrisa.

Kva krevst det så for at me skal løysa den eksistensielle krisa som me står oppe i? Eg har lite tru på din idé om å driva ein gard etter førindustrielle prinsipp. Sjølv om intensjonen er god, vil det både frå eit økologisk og eit eksistensiellt utganspunkt vera eit dårleg svar på krisa vår. Reint økologisk var det før-industrielle landbruket så inneffektivt og så arbeidsintensivt, at det vil vera sløsing med dyrkbar jord å driva etter dei prinsippa.

Eksistensielt er me nødt til å forhalda oss til at brorparten av verdas befolkning bur i byar og tettstader. Det er derfor i byane at utfordringa er størst for å finna nye, berekraftige måtar å leva i kvardagen på. Når dette er sagt, er det i lys av dei globale miljøutfordringane stort behov for å vidareutvikla det økologiske landbruket. Om du verkeleg ynskjer ei framtid på bygda, er ei satsing på det økologiske landbruket absolutt noko å vurdera.

Om me skal ha noko håp, treng me langt fleire aktivistar som er viljuge til å bruka litt av tida si på å overtyda politikarane om at den einsidige vekstpolitikken ikkje kan fortsetja. Vanlige folk, som deg og meg, må organisera oss kollektivt for å pressa politikarane til å gjennomføra klima- og miljøtiltak som vil kosta litt for oss som enkeltpersonar, og som vil kosta ganske mykje for samfunnet som heilskap. Det er etter mitt syn løysinga, både på den økologiske og på den eksistensielle krisa.

Dette var uansett eit kort og utilstrekkeleg svar. For å få ei betre innsikt i kvifor me er havna i denne krisa, og i kva som vil krevjast for å løysa den, vil eg tilrå to lesverdige bøker:
Arne Vinje: Menneske, natur og kultur (Landbruksforlaget 1996)
George Monbiot: Heat – How to stop the Planet Burning (engelsk 2006)»

fredag, mars 21, 2008

Verdien av ein motkultur


Dei siste dagane har eg lese den svært fascinerande soga om korleis slaveriet vart avskaffa i kolonimakta Storbritannia, gjennom Adam Hobschild si grundige framstilling i boka «Begrav lenkene».

Det fascinerande ved denne forteljinga er den påverknadskrafta eit dusin slaverimotstandarar som møttes i London i 1785 for å starta ein foreining mot slaveri, fekk i eit land som var så økonomisk avhengig av slaveriet. I løpet av to år greidde desse tolv aktivistane å snu den britiske opinionen frå å vera likegyldige til slavehandel, til at store delar av befolkninga deltok i ei folkerørsle mot slavehandel! Heile slaveriet som institusjon tok det noko lengre å reisa motstand mot og til å avskaffa, men i løpet av nokre tiår greidde dei denne oppgåva også.

Slaverimotstandarane lukkast fordi dei greidde å knyta forbindelsar mellom det nære og det fjerne, fordi dei greidde å gjera slavane sine lidingar til eit spørsmål om menneskeverd som nasjonen Storbitannia var ansvarleg for. Slavemotstandsrørsla var både den fyrste menneskerettsorganisasjonen og den fyrste sosiale rørsla, dei utvikla mellom anna mange av dei reiskapa som dagens politiske og sosiale organisajonar brukar for å påverka opinionen og politikarane. For dei av oss som er engasjerte i slike organisasjonar i dag, er boka «Begrav lenkene» av uvurderleg verdi.

Når tolv menn utan stemmerett på eiga hand kunne mobilisera ein nasjon til å avskaffa ein institusjon som var så sentral for økonomien som slaveriet, er det nærliggjande for ein samtidig lesar å spørja kva me kan få til i dag? Dei to mest nærliggjande analogiane til avskaffinga av slaveriet i vår samtid, må vera dei globale fattigdoms- og klimautfordringane.

Det er sjølvsagt ein stor forskjell mellom slaveritilhengjarane på 17- og 1800-talet og vår tids tilhengjarar av det politiske hegemoniet. På 17- og 1800-talet forsvarte slaveritilhengjarane slavehandelen og slaveriet med reine ord, i dag vil ingen kalla seg motstandarar av miljøvern eller av utvikling i fattige land. Vår tid er i staden prega av ein dobbeltmoralens retorikk og politikk som 17- og 1800-talets Storbritannia i stor grad var skånt for. Til dømes går ikkje dagens norske politikarar av vegen for å kalla seg miljøvernarar, trass i at dei fører ein politikk som fører til at Noreg aukar CO2-utsleppa år etter år. Det manglar heller ikkje på norske politikarar som er opptatt av internasjonal solidaritet, men som likevel forsvarar norsk våpeneksport og norske imperialistiske posisjonar i WTO-forhandlingane.

Sjølv om utfordringane er annleis, er det ingen tvil om at nokre få aktivistar kan ha stor påverknadskraft også i dagens dobbeltmoralske politiske klima. Framveksten av den vekstkritiske organisasjonen «Fremtiden i Våre Hender» i Noreg på -70-talet, og framveksten av den globale sosiale rørsla for demokratisering av finansmarknaden no på 2000-talet, er berre to døme på dette. Begge desse døma viser uansett at omstillinga frå engesjement til gjennomføring av praktisk politikk, er like krevjande i dag som for 200 år sidan.

I desse motgangstider får me henta inspirasjon i Margaret Mead sine ord som er sitert i innleiinga til «Begrav lenkene» : «Ein skal aldri tvila på at ei lita gruppe omtenksame og engasjerte borgarar kan endra verda. Faktisk er dette det einaste som nokonsinne har endra den.»

torsdag, september 06, 2007

Årets vakraste solidaritetsarrangement?




I helga var det nok ein gong tid for Attac Tromsø si årlege miljøhelg på Gåsvær. Miljøhelga på Gåsvær er noko så sjeldan som ein kombinasjon av eit politisk arrangement og ei naturoppleving. På programmet står såpass ulike postar som innsamling av boss, politisk foredrag, bading, allsong, nattleg rangel og internasjonal solidaritetsgudsteneste.

Gåsvær er ei øy utanom det vanlege. Av kulturlandskapelege inngrep, er her berre eit kapell, ein kyrkjegard og eit lite fråflytta småbruk. I si tid vart kyrkja bygt på Gåsvær fordi øya låg midt mellom mange øyar med ein viss busetnad. Plasseringa av kapellet og kyrkjegarden synes som ei kompromsissløysing, og gjorde at alle i området måtte i båt for å koma til kyrkje. Det skal også nemnast at Gåsvær er ei uvanleg vakker øy. I fare for falla hen til flosklar, får bileta i dette innlegget tala for seg.

Gåsvær-helga er eit arrangement for noverande og tidlegare studentar ved Universitetet i Tromsø. For slike som oss, som elles i studieåret lever urbane middelklassedagar, er Gåsvær-helga eit sjeldan pusterom. Her kan me omsider leggja byen bak oss, og kvardagens krav om forelesningar, treningstimar og pubturar vert berre ein fjern tanke. Samtidig vekkjer denne naturopplevinga ei viss uro i oss: Kvifor lar me det bli med det eine frihelga, når området rundt Tromsø byr på utallige tur- og friluftslivmulighetar? Slik har eg tenkt kvart år eg har vore på Gåsvær, likefullt blir det alltid med denne eine turen i året.

Det som uansett gjer Gåsvær-helga til noko meir enn ei vanleg turoppleving, er det sterke politiske fokuset i programmet. Både gjennom det politiske seminaret om laurdagen, og i solidaritetsgudstenesta om sundagen, vart det sett fokus på det faktum at fattige land i mange samanhengar har liten eller ingen tilgang på medisinar. Mykje av årsaka til dette, er patentrettane på medisin, som i korttekst er vestlege land sin strategi for å sikra at legemiddelindustrien forblir ein av verdas mest profitable industriar. Den nødvendige konsekvensen av dette, er at fattige land ikkje har råd til å kjøpa medisinane på grunn av den rådyre patenten, og dessutan at det svært liten grad blir forska på medisinar mot dei sjukdommane som er mest relevante i land i sør (to døme er malaria og HIV). Ein kan undra seg over kvifor dette systemet overlever, i grunnen møter det forbausande lite motstand i vestlege land. Kva skal me seia om samfunnet vårt, når omsynet til legemiddelindustrien sine profittar er blitt så viktig, at me med opne auger lar verdas fattige døy fordi dei ikkje kan betala for vårt inneffektive og rådyre medisinregime?

Når dette er sagt, skal det heller ikkje stikkast under ein stol at Gåsvær-helga også er prega av meir lettliva innslag. Bading, grilling, lausprat og openlys flørt er nokre av innslaga som høyrer med på ei Gåsvær-helg. Fyrst og fremst kjem me nok likevel til å hugsa allsongen, det var ein pust av -70-tal rundt leirbålet denne septembernatta.

lørdag, april 28, 2007

"Vi som ikke bygde Norge"


Dei siste åra har det slått meg kor mange i tjue- og tredveåra som slit med ei kjensle av å vera skuffa over kva livet har å by på. Eit typisk utslag av denne kjensla høyrte eg her om dagen: «Vaksenlivet blei aldri slik eg trudde det skulle bli, korkje jobben eller privatlivet har levd opp til dei forventningane eg ein gong hadde». Kva er det som gjer at så mange av oss er desillusjonerte?

Oppfatninga av å vera desillusjonert, skuldast truleg fyrst og fremst i manglande visjonar i privatlivet. Sterkast er nok oppfatninga av at det er svært vanskeleg å finna seg ein livsledsagar i vår tid. Mange er i eit forhold, ein god del av desse i mangel eller i vente på noko betre. Alt for mange av dei eg kjenner, føler seg meir eller mindre ferdige med kjærleiken, fordi dei har gitt opp å nokon gong finna ein partnar dei verkeleg passar saman med.

Ein anna aspekt som gjer mange desillusjonerte, er kjensla av at arbeidslivet og den jamne, grå vaksenkvardagen ikkje byr på dei utfordringane og dei opplevingane som mange trudde den skulle. For ei tid sidan var eg på rangel med tre karar tidleg i tredveåra. Alle tre med gode universitetsgrader frå UiTø, alle tre med relativt ferske, attraktive jobbar. Felles for dei tre var at dei etter ei tid i arbeidslivet følte at jobben deira korkje var utfordrande eller utviklande. Dei tre gjekk ut av universitetet med ein visjon om å gjera godt arbeid i ein interessant jobb. I realiteten opplevde dei at arbeidslivet krevde at dei gjorde middels innsats, og konsekvensen var at ein talte dagar til helg og månader til ferie. Sjølv om langtfrå alle er like misnøgde med arbeidet som desse karane, er det ingen tvil om at alt for mange er skuffa over at arbeidslivet er mindre utfordrande og utviklande enn det me forestiller oss som studentar.

Ei meir politisk forståing av kvifor me er desillusjonerte, er det å tilhøyra den generasjonen som Erlend Loe i boka «L» omtalar som «Vi som ikke bygde Norge». Loe sitt utganspunkt er at han tilhøyrer generasjonen som er komen til duk og dekka bord som barn av ein svært generøs velferdsstat. Alt det viktige er ferdigbygd, for Loe sine gutar står det berre att å dyrka seg sjølv og sine eigne navlebeskuande prosjekt. Ti år etter at Loe skapte sitt naive og ironiske univers, er det grunn til å spørja om Loe sin allegori framleis er gyldig?

«Vi som ikke bygde Norge» er nok framleis eit bilete som mange kjenner seg att i, kanskje står det likevel for fall? Både 11.september og det sterke fokuset på klimaendringane det siste året, viser at både Noreg og heile den vestlege verda står ovanfor utfordringar som inneber at me må byggja samfunnet vårt på nytt. Som barn av det norske oljeeventyret er me ufriviljug blitt fanga i eit forbruksmønster og i ein livsstil som har brakt verda ut i ei djup økologisk krise, samtidig som me er ansvarlege for å finna løysinga på denne krisa.

Kva skal me så gjera for å koma ut av vår eksistensielle krise? Ifølge filosofen Hanna Arendt har livet to aspekt, eit privat og eit offentleg. Mennesket kan ikkje nå sitt fulle potensial utan å delta i begge desse sfærane, vår samtid sitt einsidige fokus på det private vert slik sett eit blindspor. Sjølv om mange deltek på den offentlege sfæren i nokre samanhengar, er det påfallande kor lite politisk aktive mange av oss er. Dersom det finnes ein veg ut av det desillusjonerte, er det ingen tvil om at den går gjennom engasjementet for noko anna og større enn vårt private velvære.

(På trykk i studentavisa Utropia i september 2007)

mandag, mars 19, 2007

Dobbeltmoralens retorikk


I ulike sosiale samanhengar har eg dei siste månadane oftare og oftare møtt folk som har hevda at tida er mogen for å avslutta den norske oljealderen. Umiddelbart kan dette uansett synast som ein realitetsfjern idé: Korleis kan ein i fullt alvor hevda at Noreg skal leggja ned industrien som legg grunnlaget for ein generøs velferdsstatpolitikk idag, og for framtige pensjonsinntekter for oss som er unge idag?

Svaret på dette kan i korttekst formulerast i tre ord: Den globale oppvarminga. Sidan i haust, då klimadebatten fann sin rettmessige plass i norsk offentlighet, har det gått opp for mange at den vestlege sivilisasjonen er truga dersom me fortset å basera energiforbruket vårt på fossile kjelder.

Samtidig som såpass tungsindige innsikter er i ferd med å vinna fotfeste mellom vanlege folk, fortset det globale politiske spelet med forhandlingar om nærast ubetydelege utsleppsreduksjonar. Her i landet vert dette paradokset understreka ved at arbeidet for framtidige norske klimautslepp fortset med uforminska styrke (gjennom kjøp av klimakvotar, leiteboring, utbygging av nye oljefelt, oppkjøp av utanlandske oljeressursar), parallelt med at politikarane overbyr kvarandre i mål om reduksjonar i klimagassutsleppa. Kor lenge skal norske politikarar få fortsetja denne dobbeltmoralske politikken og retorikken?

Noreg framstår som ein av dei største pådrivarane for klimaendringane, både i form av petroleumspolitikken og energibruken. Så seint som i 2005 var me verdas 3.største olje- og gasseksportør, og me er eit av dei landa i verda som brukar mest energi/innbyggjar. Det er også verdt å leggja merke til at Noreg har ein påfallande svak miljøprofil i forvaltninga av oljeformuen. Om nokre månader passerer det norske oljefondet 2000 milliardar kroner. Desse pengane vert idag nesten utelukkande investert i vestlege aksje- og finansmarknadar, oljefondet manglar eit mandat til å investera i land i sør og i fornybar energi. Tanken er at oljefondet om nokre tiår skal sikra at nokre millionar nordmenn skal kunne ovra seg i verdas mest generøse statlege pensjonsordning. Samtidig tyder mykje på at det vil vera heilt andre utfordringar enn pensjonen som vil uroa oss om 40-50 år. Idag framstår Noreg med stolthet som fredsmeklar og verdsmeister i bistand på den internasjonale politiske arenaen, dette biletet vil fort bli snudd på hovudet den dagen verda «oppdagar» kor usolidarisk og egoistisk Noreg forvaltar oljeformuen.

Tida er inne for å setja ein ny dagsorden i norsk politikk. Den dobbeltmoralske retorikken, som både tek til orde for ein offensiv oljeutvinningspolitikk og for ein ansvarleg klimapolitikk, kan ikkje lenger aksepterast. Den Saudi-arabiske oljeministeren Even Sheikh Zaki Yamani sa ein gong: «The stone age did not end for lack of stone, and the oil age will run out long before the world run out of oil». Når skal norske politikarar vakna til at me som styrtrik oljenasjon har eit særskilt ansvar for å utvikla teknologi som kan framskynda overgangen frå fossil til karbonfri energi?

Dei eg har møtt som tek til orde for stopp i den norske oljeutvinninga, har det til felles at dei ikkje er politisk aktive. Det er uansett ingen tvil om at synspunktet deira om stopp i oljeutvinninga, er langt meir i takt med vitskapen enn nokon norsk stortingspolitikar er. Eit fleirtal av klimaforskarane, ser det som truleg at me treng minimum 60% reduksjon i dei globale klimagassutsleppa innan 2030 dersom me skal unngå klimaendringar ute av kontroll. Skal greia dette, er er ei nedbygging av norsk og internasjonal petroleumsindustri einaste utveg. Overgangen frå fossil til karbonfri energi vil sjølvsagt ikkje bli enkel, det trengst enorme investeringar og ditto politisk vilje for at karbonfrie energikjelder i hovudsak skal kunne overta for fossile energikjelder innan 20-25 år.

Overgangen til karbonfri energi at nokre land er viljuge til å gå i spissen, og satsa tungt på fornybar energi. Noreg har eit spesielt ansvar for å bli eit av desse landa, gjennom oljefondet har me også muligheten. Ved å omdefinera forvaltningsmandatet for det norske oljefondet, kan oljefondet gå frå å vera eit defensivt investeringsfond i vestleg økonomi, til å bli eit offensivt, globalt investeringsfond i fornybar energi.

Det eventyrlege kapittelet i norsk historie som heiter «Den norske oljealderen» fyller snart førti år. Kor lenge skal me venta før den norske offentligheten og norske politikarar innser at det einaste ansvarlege er å innsjå at denne epoken går mot slutten?

(Innlegget vart trykt i Nordlys 29.mars 2007)
(trykt i Bergens Tidende 15.april 2007)

mandag, februar 05, 2007

Den nye skattepolitikken


I morgon (tysdag 6.februar) er det tid for debatt om global skattepolitikk på Blindern. Me i Attac Blindern inviterer til debatt over eit tema som vanlegvis vert oversett i norsk politisk offentlighet:

Annually the third world countries loose an estimated $500 billion in tax evasion and capital flight. This is seven times as much as the world´s total aid budget, and represent a major obstacle for public investments and development in third world countries.

Globally, large corporations and wealthy individuals are increasingly avoiding their obligation to contribute to society through taxation. What political and economic mechanisms make the tax evasion and capital flight possible? Is it possible to build a system of taxation that is more favourable for poor people in developing and developed countries?

Speakers:
Jan Borgen, General Secretary, Transparency
Sony Kapoor, Tax Justice Network, London

Auditorium 7, SV-fak, klokka 1815. Kom, kom!

søndag, januar 07, 2007

Den nye imperialismen


I A-magasinet fredag kunne me lesa om Noreg sin utvelgelsesstrategi for dei knappe 800 kvoteflyktningane me tar imot årleg. Ein skulle tru at det var behovet for beskyttelse som avgjorde kven som får koma til Noreg som kvoteflyktningar. Slik er det ikkje. Ved sida av behovet for beskyttelse, vurderer norsk UDI kriteriar som språkkjennskap, utdanning, religion (!) og tilknytning til Noreg som flyktningkvalifikasjonar. Konsekvensen er at berre dei med stort "integreringspotensial" får reisa til Noreg.

Noreg sin flyktningpolitikk stadfestar eit mønster som avteiknar seg sterkare og sterkare i den globale migrasjonspolitikken: Dei vestlege landa har større og større arbeidskraftbehov i enkeltsektorar, og importerer selektivt faglært arbeidskraft inn i dei sektorane det trengs. Dette gjeld i alle vestlege land i innvandringspolitikken, medan USA er det einaste landet som har "behov for beskyttelse" som det einaste kriteriet i flyktningpolitikken.

Den globale migrasjonspolitikken aukar på dette viset kløfta mellom dei fattige og dei rike landa. Dei fattigaste landa vert tappa for kvalifisert arbeidskraft, medan dei rike landa gratis kan importera ferdig utdanna arbeidskraft.

Argumentet som blir vanlegvis vert brukt for å forsvara dagens "I-hjelp" i migrasjonspolitikken, er at dei som får arbeid i vestlege land sender pengar heim til familien sin. Pengar som i sin tur fører til utvikling i heimlandet. Det store minuset med dette argumentet, er at mange land har eit så kraftig underskotet på kvalifisert arbeidskraft, at byttet av arbeidskraft mot heimsendte pengar blir djupt urettferdig mot dei fattige landa.

Den globale migrasjonen kjem til å fortsetja, fordi den er ein nødvendig konsekvens av at verda vert mindre og mindre. Dette hindrar ikkje at me som rikt, vestleg land har eit spesielt ansvar for å bøta på den enorme ressursoverføringa frå sør til nord som migrasjonspolitikken er i ferd med å bli.

Noreg bør som USA slutta og setja krav om "integreringspotensial" for flyktningar. Det er eit brot med vår humanistiske tradisjon å vurdera flyktningar etter slike kriterium. Dessutan bør Noreg bli det fyrste vestlege landet som aktivt kompenserer fattige land for tapte investeringar i utdanning, når fagpersonell kjem hit til landet dei fyrste åra etter at dei er ferdig utdanna.

Det må også utarbeidast internasjonale retningslinjer for etisk rekrutterig av fagpersonell innanfor viktige migrasjonssektorar. Dersom dagens politikk fortset, vil den globale migrasjonspolitikken snart få sitt rette navn: Den nye imperialismen.

tirsdag, september 26, 2006

I skuggen av oljeformuen


Utviklinga i oljefondet dei siste ti åra ber preg av å vera ei eventyrleg forteljing. I Noregs Bank sin årsrapport frå 2005 kan me lesa om eit oljefond som i sin spede start i 1996 auka verdien til 47 milliardar i det fyrste året. Ved sist årskifte var verdien av oljefondet svimlande 1399 milliardar, og verdiauken i 2005 aleine var på nesten 400 milliardar.

1400 milliardar kroner er nesten tre gongar så mykje som verdas samla årlege bistandsbudsjett, det er langt meir enn 50 norske bistandsbudsjett. Kvar einaste nordmann har no godt over 300 000 kroner investert på verdas børsar. Om utviklinga fortset i same takt som den har gjort sidan 1996, er me alle millionærar i år 2020!

I lys av dette, er det ingen tvil om at oljefondet er uttrykk for eit unikt, historisk privilegium som er komen Noreg til gode. Det finnes ikkje noko anna land som har så store finansinntekter, at dei i fare for overoppheting av økonomien må setja store delar av inntektene inn i eit internasjonalt investeringsfond som skal sikra pensjonen til innbyggjarane i framtida. Samtidig er ikkje dette eit privilegium utan ansvar. Noreg sine verdiar i oljefondet byggjer på ei oljeutvinnig og ein petroleumseksport som bidrar sterkt til den globale oppvarminga. I desse dagar er så godt som alle klimaforskarar einige om at den globale oppvarminga trugar mange økosystem på jorda, mange klimaforskarar fryktar i verste fall at den menneskelege sivilisasjonen kan vera truga. Det er derfor rimeleg å hevda at oljefondet byggjer på ei ressursforvaltning som trugar den økologiske balansen på jorda.

Kvar og korleis forvaltar me så vårt privilegium og vårt globale ansvar gjennom oljefondet? 98% av fondet var ved årsskiftet investert i rike land i den vestlege verda. Omlag 2% er investert i nyindustrialiserte land (til dømes Singapore og Sør-Afrika), ingenting er investert i dei fattigaste landa i verda. Det ligg idag intet mandat i forvaltninga av oljefondet som tilseier at investeringar innanfor miljøsektorar er å foretrekka, gjennom til dømes å investera i fornybar energi. I korttekst er forvaltninga av det norske oljefondet med på å forsterka kløfta mellom rike og fattige land, samtidig som forvaltninga lid under eit manglande miljømandat.

Det har likevel skjedd visse forbetringar i forvaltninga av oljefondet dei siste par åra. I desember 2004 vart dei nye retningslinjene i eigarskapsutøvinga for oljefondet sett i verk. Dette inneber både at oljefondet er blitt ein meir aktiv eigar (gjennom til dømes å delta på generalforsamlingane i selskapa ein er medeigar i), og til at oljefondet no har mulighet til å trekka seg ut av visse investeringar som er uetiske. Det er likevel urovekkjande at mandatet som er nedfelt i dei etiske retningslinjene, er såpass svakt at Noreg fortset å investera i til dømes selskap i tobakks- og våpenindustrien og i selskap som produserer miljøgifter.

I lys av dei utfordringane verda står ovanfor, er det på høg tid at finansdepartementet gjev Noregs Bank ein nytt forvaltningsmandat for oljefondet. For det fyrste må det etiske mandatet styrkast, oljefondet bør trekka seg ut av langt fleire uetiske investeringar. Dessutan er tida inne for å endra investeringsprofilen i oljefondet: Kvifor ikkje investera ein stor andel av oljefondet i fattige land og i eit internasjonalt satsingsfond på fornybar energi?

Ei ny forvaltning av oljefondet vil gje oss noko mindre pensjonssparing, til gjengjeld vil den kunna setja ny internasjonal dagsorden i forsking på fornybar energi og i solidaritetsarbeid. Kor lenge skal me kvila i illusjonen om at god vekst i pensjonsfondet vil sikra trygg alderdom for nokre millionar bleikfeite nordmenn om førti-femti år, når den globale klima- og ressursutviklinga peikar mot at det blir andre utfordringar enn pensjonen som kjem til å uroa oss mest i år 2050?

Det er liten tvil om at ei ny forvaltning av oljefondet med investeringar i fattige land og i fornybar energi, har andre implikasjonar enn ei noko svekka norsk pensjonssparing. I næraste framtid skal eg derfor koma tilbake til korleis me kan utforma ei ny forvaltning av oljefondet.

I kveld nøyer eg meg med å konstatera at oljefondet er uttrykk for eit historisk privilegium for Noreg. Til no har me på ingen måte utnytta potensialet i dette privilegiet.