mandag, september 14, 2015

Eit inkonsekvent parti?

Dei siste par vekene har det vore mange oppslag i media om at Dei Grøne sin politikk ikkje heng saman, spesielt fordi me visstnok ikkje vil greia å erstatta arbeidsplassane i oljeindustrien dersom me fasar ut oljeaktiviteten i løpet av tjue år.
Dei Grøne sin politikk heng minst like godt saman som dei andre partia sin politikk. Me er faktisk det einaste partiet som vågar å ta vitskapen på alvor, og tek til orde for eit lågutslepsamfunn med mindre forbruk, meir fritid, færre arbeidsplassar i oljeindustrien, nye arbeidsplassar i andre næringar og grønne næringar. Sjølvsagt er det visse utfordringar ved eit så ambisiøst prosjekt, og me kjem heilt sikkert til å omformulera nokre av programpunkta våre slik at me blir endå meir slagkraftige i stortingsvalet i 2017. 
Poenget er likevel at alle dei andre partia har politiske program som er like inkonsekvente som Miljøpartiet Dei Grøne sitt. Sjå for eksempel på vårt største parti, Arbeiderpartiet. Allerede på slutten av -80 talet programfesta Arbeiderpartiet bærekraftig utvikling som noko som skulle vera eit overordna prinsipp i styringa av det norske samfunnet. I seinare år har dei brukt ambisøse ord (for eksempel "månelanding") og mål når dei har snakka om klimaambisjonane sine. Dei har snakka om Noreg som eit foregangsland i klimapolitikken og som ein miljønasjon. 
Kvifor rente ikkje journalistane ned dørane på partikontoret til Arbeiderpartiet på Youngstorget når partiet i 2013 som regjeringsparti la fram perspektivmeldinga, der den raudgrøne regjeringa tok til orde for ei tredobling av det norske forbruket innan 2060? Ingen trur vel i fullt alvor at ein så radikal forbruksvekst kan kombinerast med det å vera eit foregangsland i klimapolitikken eller ein miljønasjon? Auken i klimagassutslepp i Noreg under ei rekke Arbeiderparti-regjeringar sidan slutten av -80-talet understrekar at partiet sitt miljøengesjement er dobbeltmoralsk. Denne avstanden mellom liv og lære er det elles ikkje berre Arbeiderpartiet som står for. Heller ikkje sjølverklærte miljøparti som KrF, Venstre eller SV protesterte på punktet om tredobling av forbruksveksten då perspektivmeldinga vart lagt fram.
Miljøpartiet Dei Grøne har minst like god samanheng i programmet vårt som dei fleste andre partia. Dersom du som oss ynskjer eit samfunn der det er enklare og meir attraktivt å leva miljøvennleg, er det ingen grunn til å la vera å stemma grønt. Dei Grøne har forandra den politiske debatten i Noreg sidan me vart representert på Stortinget for to år sidan. I morgon startar for alvor jobben med å forandra politikken!

Ingen kommentarer: