Viser innlegg med etiketten Miljøpolitikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Miljøpolitikk. Vis alle innlegg

mandag, september 14, 2015

Eit inkonsekvent parti?

Dei siste par vekene har det vore mange oppslag i media om at Dei Grøne sin politikk ikkje heng saman, spesielt fordi me visstnok ikkje vil greia å erstatta arbeidsplassane i oljeindustrien dersom me fasar ut oljeaktiviteten i løpet av tjue år.
Dei Grøne sin politikk heng minst like godt saman som dei andre partia sin politikk. Me er faktisk det einaste partiet som vågar å ta vitskapen på alvor, og tek til orde for eit lågutslepsamfunn med mindre forbruk, meir fritid, færre arbeidsplassar i oljeindustrien, nye arbeidsplassar i andre næringar og grønne næringar. Sjølvsagt er det visse utfordringar ved eit så ambisiøst prosjekt, og me kjem heilt sikkert til å omformulera nokre av programpunkta våre slik at me blir endå meir slagkraftige i stortingsvalet i 2017. 
Poenget er likevel at alle dei andre partia har politiske program som er like inkonsekvente som Miljøpartiet Dei Grøne sitt. Sjå for eksempel på vårt største parti, Arbeiderpartiet. Allerede på slutten av -80 talet programfesta Arbeiderpartiet bærekraftig utvikling som noko som skulle vera eit overordna prinsipp i styringa av det norske samfunnet. I seinare år har dei brukt ambisøse ord (for eksempel "månelanding") og mål når dei har snakka om klimaambisjonane sine. Dei har snakka om Noreg som eit foregangsland i klimapolitikken og som ein miljønasjon. 
Kvifor rente ikkje journalistane ned dørane på partikontoret til Arbeiderpartiet på Youngstorget når partiet i 2013 som regjeringsparti la fram perspektivmeldinga, der den raudgrøne regjeringa tok til orde for ei tredobling av det norske forbruket innan 2060? Ingen trur vel i fullt alvor at ein så radikal forbruksvekst kan kombinerast med det å vera eit foregangsland i klimapolitikken eller ein miljønasjon? Auken i klimagassutslepp i Noreg under ei rekke Arbeiderparti-regjeringar sidan slutten av -80-talet understrekar at partiet sitt miljøengesjement er dobbeltmoralsk. Denne avstanden mellom liv og lære er det elles ikkje berre Arbeiderpartiet som står for. Heller ikkje sjølverklærte miljøparti som KrF, Venstre eller SV protesterte på punktet om tredobling av forbruksveksten då perspektivmeldinga vart lagt fram.
Miljøpartiet Dei Grøne har minst like god samanheng i programmet vårt som dei fleste andre partia. Dersom du som oss ynskjer eit samfunn der det er enklare og meir attraktivt å leva miljøvennleg, er det ingen grunn til å la vera å stemma grønt. Dei Grøne har forandra den politiske debatten i Noreg sidan me vart representert på Stortinget for to år sidan. I morgon startar for alvor jobben med å forandra politikken!

onsdag, september 10, 2014

Miljøpolitikk i medvind

Fylkespolitikar Edvin Eriksen frå SV fortset å bruka energien sin på å angripa Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i Nordlys 3.september. Eriksen har no forlatt argumenta han brukte mot MDG i sitt førre innlegg i Nordlys 23.august, og han har sidan sist kome til at det store problemet er at MDG splittar miljørørsla og at partiet svekker støtta til miljøpolitikk på Stortinget.

Eriksen hevdar at MDG ikkje har noko makt på Stortinget, og skriv: "Hvilke egne saker har Miljøpartiet fått flertall for i stortinget så langt? Ikke en eneste en - naturlig nok." Nei, me har ikkje fått fleirtal i Stortinget for våre saker endå. MDG har likevel greidd å endra den politiske debatten om miljø og klima. I juli kunne me lesa at lokalpolitikarane i Lofoten og Vesterålen var i ferd med å mista interessa for petroleumsaktivitet. Omtrent samtidig talte Jonas Gahr Støre på AUF sitt landsmøte og sa at Arbeiderpartiet sin lange tradisjon for å satsa på handel med klimakvotar for å redusera klimagassutsleppa er feilslått. 

Den renommerte politiske kommentatoren Aslak Bonde skreiv i Morgenbladet 18.juli om kvifor norske lokal- og rikspolitikarar har forandra syn på klima- og petroleumspolitikk. «Miljøpartiet de Grønne har æren, eller skylden, for forandringene. Allerede i valgkampen kunne man merke hvordan partiet bidro til at klima- og petroleumspolitikk ble koblet tettere sammen. (…) Da fjorårets nykommer i partipolitikken tydelig prioriterte klimapolitikk foran regjeringssamarbeid, ble det satt et kraftigere søkelys på den politiske kompromisskulturen. Frem til da hadde miljøpartiene på hver sin side av den politiske skillelinjen pekt på hverandre og sagt at det uansett koalisjon var de store partiene som bestemte olje- og gasspolitikken.» Eriksen sin påstand om at små parti ikkje har makt er altså kraftig motbevist av MDG det siste året.

Ifølge Eriksen «fører etableringen av nye miljøpartier til en oppsplitting av de kreftene som kunne ha dradd sammen for en forsvarlig og god miljøpolitikk». MDG er ikkje noko nytt parti, partiet vart stifta i 1988 og har arbeidd for både miljøpolitikk og anna politikk i lokal- og fylkespolitikk sidan tidleg på -90-talet. Sett i lys av det auka fokuset miljøspørsmålet har fått i den politiske debatten det siste året, er det grunn til å sei at MDG har styrka miljøinteressene på Stortinget og at miljørørsla har betre grunnlag for framgang enn nokon gong før. Det siste året er det kome opp saker på den politiske dagsordenen som miljøinteresserte veljarar berre kunne drøyme om før MDG vart valt inn på Stortinget. Me har  no fått eit parti som tør å fortelja veljarane at miljøløysingane og fornybarsamfunnet faktisk er noko å trakta etter. Dessutan har me endeleg eit parti som tør å sei at det einaste ansvarlege er å starta nedtrappinga av petroleumsverksemda på norsk sokkel i ei verd der minst 2/3 av verda sine kjente førekomstar av fossile ressursar må bli liggande under bakken om me skal unngå klimaendringar ute av kontroll. Miljørørsla er sjølvsagt ikkje splitta, den har i staden betre vekstvilkår enn nokon gong!

Det tydelege mønsteret av at MDG har skapt meir blest og oppslutnad om miljøpolitikk blir også stadfesta av valresultata dei siste åra. Venstre, SV og MDG blir ofte omtalt som dei mest tydelege miljøpartia i norsk politikk. I stortingsvalet i 2009 fekk desse tre partia 9,4% oppslutnad, og Venstre og SV hadde 13 representantar på Stortinget dei neste fire åra. I 2013 fekk dei same tre partia 12,1% oppslutnad og no sit 17 representantar på Stortinget for dei tre partia.

Eriksen er også irritert på at MDG i motsetnad til SV er blokkuavhengige. Han skriv: "En meningsfylt miljøkamp som gir resultater krever at vi samler oss mot de kreftene som er skadelige for naturen og framtida vår - ikke at vi opptrer «blokkuavhengig » og splittende". Her er me i MDG svært ueinige med SV! Etter vår meining er det å knyta seg til den raude eller den blå blokka i norsk politikk det same som å støtta dei kreftene som er skadelege for naturen og framtida vår. Arbeiderpartiet sikrar at den raude blokka fører ein uansvarleg miljø- og klimapolitikk, Frp og Høgre gjer det same for den blå blokka. 

Me treng eit parti som seier at miljøpolitikk er viktigare enn om ein står på raud eller blå side i den tradisjonelle blokkpolitikken. Dersom Eriksen og SV meiner alvor med å vera eit miljøparti, ynskjer me dei hjarteleg velkomne i ei grøn blokk på Stortinget. Så tar me opp kampen mot den oljegrå blokka - i lag!

Lesarinnlegg i Nordlys saman med Barbara Vögele