Viser innlegg med etiketten Minneord. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Minneord. Vis alle innlegg

torsdag, juli 23, 2015

Hans Olav Pharo 1915-2015
















Måndag denne veka kom meldinga om at Hans Olav Pharo var død etter ei tids sjukeleie. Til hausten ville han ha fylt 100 år, men det blei altså med nittini og eit halvt for den gamle teologen.

I oppveksten på garden heime på Tysnes var me alltid omgitt av ei rekke personar som ikkje passa heilt inn i forma. Ein av desse var «Faro», som me kalte han, ein ungkar frå Bergen som reiste fleire gongar for året til hytta si på Tysnes. På desse reisene var han alltid innom oss på vegen til eller frå hytta si, og han var ikkje av typen som gjekk umerka gjennom tunet.

Noko av det karakteristiske med Faro, og det som gjorde at han ofte skilde seg ut frå mengda, var at han gjorde og sa noko anna enn det ein forventar. Han kunne til dømes leggja seg i ei veggrøft å sova. Eller som den gongen eg møtte han i Våge med eit par solbriller på som mangla det eine brilleglaset. Sidan Faro var svaksynt på det eine auget sa eg at dette var no ein god idé, å berre ha solbrilleglas på det auget han såg på. Dessverre kunne Faro avsløra at det mangla glas i brillene på det auget han såg normalt på.

Faro sa også andre ting enn ein forventar at folk skal sei. Hytta hans på Store Godøy var nokså isolert, og det var ikkje kvar gong han traff folk då han budde der ute i nokre veker i slengen utanfor fellesferien. Då bestemora mi ein gong spurte han om det ikkje var einsamt å feriera der ute aleine i så lang tid, svarte han: «Husk at jeg har hele Johannesevangeliet som selskap».

Faro var også vonlaust distré. Ein gong fekk han beskjed frå mor mi om å frakta ein pose med pinneis heim frå Våge i båten sin. Problemet var at Faro trengte noko å sitja på då han skulle køyra båten heim. Så han brukte like godt posen med pinneis som pute. Vel heime på tunet fekk han huden full frå både små og store for å koma heim med ei suppe av pinnar og is. Han lovde då å skaffa ein iskrok til båten til neste gong han skulle frakta is heim frå Våge.

Faro hadde også ei sjeldan evne til å sei ja til å vera med oss ungane på prosjekt som dei aller fleste pensjonistar ville ha avvist blankt. Han spelte til dømes ulike roller i filmar me spelte inn. Mest vellukka var han som presten i Bjørnson sin «Faderen», det var ei rolle han spelte seg sjølv i og kledde svært godt. Han var også med oss og rodde «Tysnes rundt» i oselvar to-tre gonger på slutten av -90-talet. Som den tidlegare symjelæraren han var, tok han seg alltid tid til ein symjetur kvar gong det var pause i roinga. Då han var med oss å feira jul for nokre år sidan, blei han med mor mi og meg på tradisjonen til vinterbadeklubben med å bada før jula blei ringt inn. Det er nok ikkje mange 90-åringar som seier ja til eit vinterbad på julaftan!

Det har ofte sin pris å vera ein som skil seg ut. Trass i at Faro kjende mange, levde han sitt liv aleine. Han var på mange måtar ein som stod utanfor mange av dei fellesskapa me andre ser som sjølvsagte: Han fekk aldri arbeida som det han utdanna seg til, og han fekk ingen familie. Hans evne til å sei og gjera det uventa og uortodokse, viser likevel ei evne til å følgja sin eigen veg som er sjeldan vare i våre dagar. Det er kanskje like viktig som å stifta familie og å ha god jobb?

Kvil i fred, Faro!