
Denne veka gjorde eg tidleg påskeretrett til Tysnes for å ta att alt det pensumet eg ikkje har fått lese til no i semesteret. Ingen kaffibar, verdsvevsforbindelse eller ølstove freistar mitt urbane middelklassesinn her i bygda.
Eg har no likevel tatt meg tid til å oppdatera meg på kva som har skjedd på Tysnes sidan sist. I kveld har eg nemleg lese dei siste utgåvene av lokalavisa Tysnes frå perm til perm. I korttekst, er det kommunevalget, fråflytting og lokal næringsutvikling som har stjåle overskriftene dei siste vekene. Fråflyttingsdebatten interesserer meg naturleg nok mest, sidan eg i mange år var ein uttalt bygde- og gardsromantikar.
I debatten om kva øykommunen Tysnes med sine 2700 innbyggjarar treng for å få fleire til å bli bufaste på øya, dominerer storslegne planar om rådyre vegutbyggingar og gigantiske hengebruprosjekt. Dei siste vekene har attpåtil eit par av dei lokale politiske partia lansert ein hovudlaus plan om eit badeland til 20-30 millionar.
I all hovudsak meiner eg at alle desse planane byggjer på ei grunnleggjande misforståing om kva som er verdien i å bu på bygda. Eg kjenner ingen som vil flytta på landet fordi dei trur at bygda kan konkurrera med byen i utval av fritidstilbod eller i vegstandard. I staden er det nærleiken til naturen og verdien av å kunne leva langsommare, som får folk til å ynskja og flytta til bygda. I lys av dette, må målet for Tysnes i åra framover vera å bevara mest mogeleg urørt natur og halda i hevd eit tradisjonelt kulturlandskap. Desse natur- og kulturverdiane må setja premisset for både vegutbygginga og for næringsutviklinga. Derfor er både planane om kyststamveg over Tysnes og planane for utbygging av Onarheimsvassdraget, feilslegne prosjekt i eit busetjingsperspektiv.
Etter mitt syn, er Tysnes si hovudutfordring snarare eit mentalitetsproblem enn eit vegproblem. Fyrst og fremst fordi folk her altfor eksluderande ovanfor nye innflyttarar. Nokre av dei tilflyttarane eg kjenner her i bygda, er knapt nok integrerte etter å ha budd her i over 20 år. Eg har budd på omkring 10-12 ulike stader i inn- og utland dei siste åra, av desse regnar eg berre Stord som like eksluderande som Tysnes.
Reisetida frå Tysnes til Bergen er omlag ein og ein halv time idag. I løpet av nokre år vil den vera nede i ein time. Den dagen det skjer, er det truleg berre den eksluderande bygdementaliteten som kan hindra Tysnes frå å bli ein av dei raskast veksande kommunane i Hordaland.

