torsdag, april 27, 2006

Menneskets lodd


Den siste veka har eg gjort fleire innkjøp enn vanleg, og eg har skaffa meg følgande nye eigendelar: Eit speilrefleks digitalkamera, ein ny harddisk og ein liten bunke bøker på eit antikvariat i Oslo. Ved fyrste augnekast kan dette synast som kloke kjøp. Kven kan vel ta skade av eit praktisk kamera, ein meget nyttig harddisk og fri tilgang til nokre viktige verk av Karl Marx og Frans av Assisi? Privatøkonomien min lir heller inga slåande naud etter desse relativt dyre innkjøpa, eg sit framleis på ein bugnande bankkonto. Men likevel er eg altså uroleg etter å ha skaffa meg nye eigendelar.

Kva for truslar mot eit godt, meiningsfullt liv finnes for oss nordmenn? Me lever i eit samfunn som er tufta på ein sterk velferdsstat, det betyr at det skal mykje til for at det går gale med oss. Rett nok ikkje er me ikkje garderte mot alvorleg sjukdom, psykiske lidingar, alkoholisme og mange andre truslar mot eit godt liv. Likevel vågar eg påstanden: Det private forbruket og materialismen er den største trusselen mot eit godt liv for den jamne nordmann!

Avisa Information har den siste veka fokusert på forbruk og identitet i tre ulike artiklar. Her har eit faktum i vår tid blitt understreka: Vårt private forbruk seier i dag svært mykje om kven me er, og fleire og fleire fortel soga om seg sjølv gjennom forgjengelege eigendelar. Bilen min, leiligheten min, kleda mine og bøkene mine er noko meir enn praktiske og estetiske innretningar som gjer livet mitt betre og enklare å leva. Alle desse eigendelane seier kven eg er, kven eg ikkje er og dessutan kven eg gjerne vil vera. Dette sterke vendinga mot forbruk og eigedom som grunnlag for identiteten vår, gjer også at fokuset på inntekt, pengar og lån i samfunnet generelt aukar.

Kvifor er det grunn til å vera uroleg for at identiteten vår er blitt så sterkt knytt til forbruk dei siste 10-15 åra? På sitt vis representerer jo dette ei frigjering, og me som er ein del av den globale overklassen har vel aldri stått friare til å velga oss identitet enn meg gjer i dag? Etter mitt syn er det likevel knytt ei rekkje problem til forbruk som identitetsskapar: For det fyrste trur eg dei fleste av oss mislukkast i jakta vår på identitet gjennom forbruk. Forbruket er både materialistisk og forgjengeleg, og kan slik sett ikkje sei noko viktig om kven me er. Ein identitet som i hovudsak kviler på privat forbruk og eigedom vil derfor alltid vera naiv.

Dessutan er eg heilt på linje med Erik Damman som allereie for 30 år sidan hevda at det norske forbruket var blitt så høgt at det var ein direkte trussel mot god livskvalitet. Dagens forbruk er meir enn det doble av det me hadde i 1975, og dei færraste hevdar vel at me har betre livskvalitet i dag enn då? Eg trur at mange i dag har ei kjensle av å leva i ei forflata tid kor ingenting lenger gjer inntrykk, mi erfaring er at eit lågare forbruk og eit enklare liv er det beste botemiddelet mot denne kjensla.

Det faktum at forbruket er blitt så sterkt identitetsskapande er også eit samfunnsproblem: Noko av det verda treng minst av alt, er menneske som søkjer identitet gjennom luksusforbruk. Korleis skal me greia å løysa utfordringar knytt til global oppvarming og ressursfordeling dersom me lar luksusforbruk konstituera identiteten vår?

4 kommentarer:

Anonym sa...

Det hadde vært et poeng om det du sier om forbruk, hvis det ikke vært slik at forbruk (som stimulerer markedsøkonomien)har brakt menneskeheten velstad, arbeid og fred. I det liberale demokrati har mennesket også frihet til å "melde seg ut" av forbrukersamfunnet, hvis man ønsker seg det. Nettopp fordi vårt forbruk har skapt så mye verdier, har vi "råd" og toleranse til at noen kan leve på andre måter.

Kunst Kriticum sa...

Et speilrefleks kamera er alltid en god investering. Faktisk en av de beste man kan gjøre. Pappa har hatt sitt i 20 år. 20 år med minner, for hvor my da, 5000 eller 12000. I det lange løp, ingenting!

Anonym sa...

Bøker gir deg muligheten til å lese ting. slik at identiteten din blir ting du har lest: Et speilreflekskamera gir deg muligheten til å ta bilde av fine ting du liker; slik kan du også vise identiteten din, det kan også gi deg følelsen av å utrykke deg kunstnerisk. å vise identitet gjennom en tamagochi, ei rådyr bukse, sydd av små barnehender, eller en mobiltelfon ,med virke langt utenom det å ringe er dog noe ganske annet. Fordi det ikke har noe nytte utover å være identitetssymboler.

Askild sa...

Det er ei viktig presisering frå den anonyme innsendaren, og eg er heilt einig at ikkje alle typar forbruk ikkje er like uheldig for identiteten. Men hovudpoenget er likevel: Dei siste åra har me sett at forbruket i stadig sterkare grad er konstituerande for identiteten. Det er all grunn til å spørja om ikkje forbruket vårt er blitt så høgt og så viktig at det er i konflikt med det gode liv. Dessutan er det vestlege forbruket ein stor trussel mot miljøet, sjå til dømes kva Torbjørn Berntsen seier i dagens Klassekampen: "Den desidert sterkeste drivkraften bak miljøødeleggelsene er forventningen om et stadig høyere materielt forbruk."

Det er forskjell på speilreflekskamera og tamagochiar. Men uansett kva me kjøper, er det viktig å ha i mente at marknaden i sterk grad definerer behova våre.