fredag, april 28, 2006

Nytt liv i Tønsvika


I natt har det store skjedd her i Tønsvika: Søya vår har lamma, og sauebesetninga er blitt fordobla! Dei to nye verdsborgarane er forbausande friske og livlige nokre få timar inn i sin fyrste dag, og både mekring og hopping er allereie observert.

Det einaste som uroar oss, er at barnefaren (væren) har vore både aggressiv og utagerande sidan i går kveld då lamminga nærma seg. Han er tydeleg misnøgd med at det blir fleire som konkurerrer om merksemda framover. I går såg me oss nøydd til å setja han i karantene, og no går han og sullar surt for seg sjølv. Det er trist å sjå at han ein av dei mange som slit med den nye mannsrolla, han burde ha visst betre enn å få utløp for sin sjalusi gjennom aggresjon og valdsbruk!

I dag kjennest det for dumt å reisa til byen og universitetet, så eg har bestemt for å nyta ein langsam dag med pensumlesing og forefallande gardsarbeid i Tønsvika. På ein dag som denne, er det ein sauebonde sitt privilegium.

1 kommentar:

Anonym sa...

Ellers uredde mæ hadd en stor skrekk då æ va lita, nemlig veran te ho bestemor og han bestefar. Selv om ho bestemor prøvd å få mæ vant med dem, priste æ min skaper for at dem va inngjerda heile sommarn. Selv om de va både søt og mjuk og små. En vakker dag drista æ mæ te å held i melkeflaska når ho bestemor mata den eine vern. Og heldigvis va det nån som va framme med apparatet, sånn at begivenheta blei bevart for ettertida. Når æ ser på bildan fra den dagen, kjenn æ fortsatt kor stolt æ va!
Dokker sku tatt kontakt med skola og sånn, om dokker ikkje allerede har gjort det. Ka e det ungan treng meir enn nærkontakt med levvanes dyr? Varmen fra et dyr kan helbred ganske mange såre sjele der ute.

Her e fjorden kor æ lært at også vera e ålreite dyr :-)
www.uit.no/tromsoflaket/2000.18/pineto.jpg