lørdag, juni 10, 2006

Eg velger meg Elfenbeinskysten


Sjølv om fotball-VM er langt inne i sin andre kampdag, er det fyrst no meisterskapet startar for min del. I kveld skal nemleg mitt favorittlag Elfenbeinskysten ut i sin fyrste kamp mot Argentina. No er det under ein time til kampstart, og eg har allereie stålsett meg framfor TV’en med popcorn og kaffi.

Kva er det som får ein bleikfeit, anglofil nordmann til å velga seg Elfeinsbeinskysten som personleg favoritt i eit VM kor både Sverige og dei gamle engelske heltane mine er med? Ved fyrste augekast synes Elfenbeinskysten som eit av dei landa ein nordmann kan identifisera seg minst med, så kva farken har eg å gjera på den afrikanske vestkysten?

Ei av årsakene mine til å halda med Elfenbeinskysten, er at suksess i VM kan vera eit steg mot slutten av borgarkrigen i landet (sjå til dømes siste utgåve av ”Der Spiegel”). Dessutan har det afrikanske land sine gode prestasjonar VM fotball sidan 1990 hatt uvurderleg betydning for sjølvkjensla på heile det afrikanske kontinentet, suksess for Elfenbeinskysten denne gongen vil nok ein gong bety mykje i Afrika.

Det er heller ikkje utan relevans at Elfenbeinskysten er eit av VM sine mest underhaldande lag, på sitt beste er dei fullt på høgde med Brasil og Nederland. Eg meinar også at det er ein av fotballen sine mest fascinerande sider, at ein av verda sine fattigaste nasjonar kan vera med å kjempa om edelt metall i verdas største idrettsturnering.

Kombinasjonen av den underhaldande fotballen, underdog-posisjonen og fotballen sitt frigjerande potensial i Afrika gjer at eg kjenner meg langt meir i slekt Elfenbeinskysten enn med våre europeiske naboland.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Dette er bare litt for typisk venstresiden. Hvorfor skal dere alltid blande undertrykking og politikk inn i fotballen? Stakkars folk.

Sjekk denne: http://www.klassekampen.no/kk/index.php/
news/home/artical_categories/kultur_
medier/2006/june/fotball_er_ikke_
politikk

Ida sa...

Hold kjeft om politikk under VM. Vær så snill. Viser til linken over.
Hilsen ei som er plassert med begge beina på venstresida.

Anonym sa...

Der er ikkje berre venstresida som er oppteken av politikk og fotball. Også høgresida ser samanhenger, dog på ein annan måte.Visar til denne artikkel frå det britiske tidsskriftet The Economist.

http://economist.com/opinion/displaystory.cfm?story_id=7038930

Artikkelen er vel også ein hyllest til vanskeligheiten for statsmakta tel å gripe inn i fotball, gid det hadde vore så vel på andre områdar;)

Jonas
www.jse.blogg.no

Ida sa...

Har du blitt vestlending, Jonas?

Anonym sa...

Nei. Men eg ville skrive på nynorsk før å gleide Askild.

Jonas

Ida sa...

hva er en gleide?