torsdag, september 21, 2006

Glimt frå ein sumar
























Eg innrømmer det like godt fyrst som sist: Eg er komen inn i ei lita bloggkrise i Oslo. Det er ingen grunn til overdramatisera dette, bloggkriser er trass alt å foretrekka i høve til dei fleste andre kriser.

Krisa fører likevel til at det går lang tid mellom kvar gong eg skriv eit nytt innlegg på bloggen. I mangel av ein personleg eller politisk dagsorden, legg eg no ut nokre bilete frå sumaren min på Tysnes. Eg skal ikkje gjera dette til ein biletblogg, me får tru dette blir eit einsleg unntak.

Det er ingen løyndom at mykje av årsaka til bloggkrisa mi, er at eg har visse problem med å tilpassa meg den høge pulsen i storbylivet i Oslo. Så snart eg har funnet storbykoden, skal eg venda tilbake til jamnlege innlegg på bloggen.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Dette hadde jeg aldri trodd om de høyt ansette brødrene Gjerstad: De drikker begge Borg pilsner sommerstid.

Billig skvip spør du meg. Prøv heller Mack hvete.

Askild sa...

Her har du nok gløymt samanhengen mellom smak og sosial klasse, som til dømes er grundig gjort greie for i boka Distinksjonen av Bourdieu. Bourdieu hevdar at smaken vår i stor grad er bestemt av den sosiale bakgrunnen vår. Det inneber at at den gode, legitime smaken tilhøyrer dei med lang utdanning og høg kulturell kapital.

Bror min og meg kjem altså frå ein lågare sosial bakgrunn. I visse samanhengar kan me kanskje flørta med middel- og overklassesmak, for eksempel gjennom finare ølsortar som Mack hvete. Jamt over vil nok likevel dei fleste omtala oss som smaklause karar, den måten me blandar høg- og lågkultur på er nemleg ikkje uttrykk for legitim, god smak.

Bourdieau hevdar i Distinksjonen at den gode smaken er inngangsporten til høgare klassestatus med større makt, fleire privelegium og større rikdom. Slik sett burde me nok setja Borg-ølet på hylla for godt...

Anonym sa...

Så flotte bilder du har tatt Asild!!
-kristin-

Benedikte sa...

Idyllisk og vakkert :)
Ser ut som du har hatt en fin sommer!