tirsdag, september 26, 2006

I skuggen av oljeformuen


Utviklinga i oljefondet dei siste ti åra ber preg av å vera ei eventyrleg forteljing. I Noregs Bank sin årsrapport frå 2005 kan me lesa om eit oljefond som i sin spede start i 1996 auka verdien til 47 milliardar i det fyrste året. Ved sist årskifte var verdien av oljefondet svimlande 1399 milliardar, og verdiauken i 2005 aleine var på nesten 400 milliardar.

1400 milliardar kroner er nesten tre gongar så mykje som verdas samla årlege bistandsbudsjett, det er langt meir enn 50 norske bistandsbudsjett. Kvar einaste nordmann har no godt over 300 000 kroner investert på verdas børsar. Om utviklinga fortset i same takt som den har gjort sidan 1996, er me alle millionærar i år 2020!

I lys av dette, er det ingen tvil om at oljefondet er uttrykk for eit unikt, historisk privilegium som er komen Noreg til gode. Det finnes ikkje noko anna land som har så store finansinntekter, at dei i fare for overoppheting av økonomien må setja store delar av inntektene inn i eit internasjonalt investeringsfond som skal sikra pensjonen til innbyggjarane i framtida. Samtidig er ikkje dette eit privilegium utan ansvar. Noreg sine verdiar i oljefondet byggjer på ei oljeutvinnig og ein petroleumseksport som bidrar sterkt til den globale oppvarminga. I desse dagar er så godt som alle klimaforskarar einige om at den globale oppvarminga trugar mange økosystem på jorda, mange klimaforskarar fryktar i verste fall at den menneskelege sivilisasjonen kan vera truga. Det er derfor rimeleg å hevda at oljefondet byggjer på ei ressursforvaltning som trugar den økologiske balansen på jorda.

Kvar og korleis forvaltar me så vårt privilegium og vårt globale ansvar gjennom oljefondet? 98% av fondet var ved årsskiftet investert i rike land i den vestlege verda. Omlag 2% er investert i nyindustrialiserte land (til dømes Singapore og Sør-Afrika), ingenting er investert i dei fattigaste landa i verda. Det ligg idag intet mandat i forvaltninga av oljefondet som tilseier at investeringar innanfor miljøsektorar er å foretrekka, gjennom til dømes å investera i fornybar energi. I korttekst er forvaltninga av det norske oljefondet med på å forsterka kløfta mellom rike og fattige land, samtidig som forvaltninga lid under eit manglande miljømandat.

Det har likevel skjedd visse forbetringar i forvaltninga av oljefondet dei siste par åra. I desember 2004 vart dei nye retningslinjene i eigarskapsutøvinga for oljefondet sett i verk. Dette inneber både at oljefondet er blitt ein meir aktiv eigar (gjennom til dømes å delta på generalforsamlingane i selskapa ein er medeigar i), og til at oljefondet no har mulighet til å trekka seg ut av visse investeringar som er uetiske. Det er likevel urovekkjande at mandatet som er nedfelt i dei etiske retningslinjene, er såpass svakt at Noreg fortset å investera i til dømes selskap i tobakks- og våpenindustrien og i selskap som produserer miljøgifter.

I lys av dei utfordringane verda står ovanfor, er det på høg tid at finansdepartementet gjev Noregs Bank ein nytt forvaltningsmandat for oljefondet. For det fyrste må det etiske mandatet styrkast, oljefondet bør trekka seg ut av langt fleire uetiske investeringar. Dessutan er tida inne for å endra investeringsprofilen i oljefondet: Kvifor ikkje investera ein stor andel av oljefondet i fattige land og i eit internasjonalt satsingsfond på fornybar energi?

Ei ny forvaltning av oljefondet vil gje oss noko mindre pensjonssparing, til gjengjeld vil den kunna setja ny internasjonal dagsorden i forsking på fornybar energi og i solidaritetsarbeid. Kor lenge skal me kvila i illusjonen om at god vekst i pensjonsfondet vil sikra trygg alderdom for nokre millionar bleikfeite nordmenn om førti-femti år, når den globale klima- og ressursutviklinga peikar mot at det blir andre utfordringar enn pensjonen som kjem til å uroa oss mest i år 2050?

Det er liten tvil om at ei ny forvaltning av oljefondet med investeringar i fattige land og i fornybar energi, har andre implikasjonar enn ei noko svekka norsk pensjonssparing. I næraste framtid skal eg derfor koma tilbake til korleis me kan utforma ei ny forvaltning av oljefondet.

I kveld nøyer eg meg med å konstatera at oljefondet er uttrykk for eit historisk privilegium for Noreg. Til no har me på ingen måte utnytta potensialet i dette privilegiet.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Nå må du se til å oppdatere bloggen din oftere gutt. Det er jo en evighet siden sist. Gleder meg ofte til å gå inn på bloggen din for å se hva den staute vestlendingen har av nye tanker, men alt for ofte blir jeg skuffa...

Askild sa...

Du har rett, Bård. Eg las dette i går og vart fyllt av skam. No er det ingen veg utanom lenger, frå no av blir det skjerpings...

Anonym sa...

Oljefondet trekte seg jo ut av Walmart, det kunne du godt nemnt her.

Askild sa...

Hallo Sæbjørn.

Debatten om kva for investeringar ein bør ut av, er stor og omfattande i seg sjølv. I dette innlegget var det tanken å kritisera forvaltningsmandatet.

Ideelt sett burde eg nok ha skrevet ein tidsskriftartikkel om dette, oljefondsdebatten har mange sider og fleire infallsvinklar av viktig prinsipiell art.

Eit blogginnlegg bør vera (ganske) kort og spissformulert. Derfor har eg ikkje fått med noko meir om dei 16 selskapa oljefondet har trekt seg ut av.