onsdag, oktober 11, 2006

Kvardagens opium




I mange samanhengar er det vanskeleg å innrømma ovanfor seg sjølv at ein ikkje er i takt med si eiga tid og sin eigen generasjon. I andre samanhengar kjennest det som eit privelegium å vera utdatert. Når det kjem til avislesing, er eg sjeleglad for å vera av den gamle skulen.

I fredagens utgåve av Information er det fokus på den noko nedslåande utviklinga som har prega oppslagstala til avisene i Europa dei siste åra. Dei aller fleste aviser opplever fallande opplag og stort fråfall av lesarar, spesielt er det mange unge lesarar som vel å lesa aviser gratis på nettet i staden for å betala for abonnement. Sidan omkring år 2002 har denne utviklinga skote fart her i Skandinavia, og både i Danmark og Noreg har mange aviser gått tilbake med opp mot 5% i opplag/år i gjennomsnitt. Dette er så dramatisk, at ein del medieforskarar har trekt fram igjen den gamle spådommen frå tidleg -90-tal om papiravisa sin død.

Det er aldri lett å spå om framtida, det gjeld ikkje minst i ein så dynamisk marknad som mediemarknaden. Uansett er det urovekkjande at dei yngre generasjonane i mindre grad tar seg tid og råd til den fordjupinga som papiravisene tilbyr. Papiravisene krev meir av lesaren enn nettavisa, den gode papiravisa fordrar både at ein er tilstade og at ein tar seg god tid. Samtidig peikar forsking på at me oppfører oss annleis når me hentar informasjon på nett, me både hoppar i teksten og mellom ulike sider når me les nettaviser.

For min eigen del er eg framleis så umoderne at eg vaknar kvar einaste kvardag med ei velkjent, behageleg sitring i kroppen. Eg veit nemleg at ute på trappa ligg det eit rykande ferskt Klassekampen og ventar på meg. Om eg er heldig, og Klassekampen har ein av sine betre dagar, blir eg både utfordra og opplyst før frukosten er ferdig. Denne vesle halvtimen er mellom mine beste stunder i løpet av heile dagen, utan den hadde eg møtt kvardagen med eit tyngre sinn.

Det skal heller ikkje gløymast at det er fest her på huset kvar einaste fredag og laurdag. Då vaknar eg med ein aldri så liten jubel i meg. Tidleg om morgonen har nemleg avisbudet vårt lagt frå seg eit vakkert halvdusin aviser frå inn- og utland. Eg burde stå opp og takka han i handa og by han på kaffi kvar einaste fredags- og laurdagsmorgon, men det er vel grenser for kva ein avisnerd kan tillata seg? I staden går eg no og funderer på ei passande gåve til jul, er det nokon som veit om avisbud drikk Laphroaig?

Ein medieforskar, som er sitert i same utgåva av Information, spår at den siste papiravisa vil bli utgitt i år 2043. Det er nesten så eg håpar at eg har takka for meg før det!

Ingen kommentarer: