torsdag, mars 29, 2007

Eit vakkert dokument


«De europeiske Attac-organisasjonene anser EU i sin nåværende form å være et alvorlig hinder for å opnå demokrati, grunnleggende rettigheter, sosial trygghet, likestilling og et bærekraftig miljø. Den Europeiske Union lider av manglende demokrati, legitimitet og åpenhet, og styres av et sett med traktater som tvinger en nyliberalistisk politikk på medlemslandene og resten av verden.»

Med desse orda opnar dei europeiske Attac-organisasjonane sitt forslag til ny grunnlov for EU. Dokumentet er både den skarpaste kritikken og den flottaste visjonen for EU me har sett på lang tid, dette bør alle europearar med interesse for demokrati lesa.

Dokumentet viser også kvifor mange av oss er EU-motstandarar: EU er i all hovudsak ein udemokratisk og elitistisk overnasjonal institusjon. Dersom ein trur på demokratiske rettar som deltaking, openheit og representativt styre, er det svært vanskeleg å forsvara EU som institusjon.

Samtidig vil det alltid vera knytt ein viss ambivalens til det å vera EU-motstandar. Anten me vil eller ikkje, er Noreg ein del av Europa, og aleinegangen vår set oss utanfor og hindrar oss i å vera med å påverka EU i ein meir demokratisk retning.

Uansett er det liten tvil om at stemmeseddelen med «NEI» som me nytta i 1994, står seg minst like godt idag som for tretten år sidan. Fyrst den dagen EU tek nokre grunnleggjande demokratiske grep, er det tid for å tenkja seg om ein gong til.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Dette blir for naivt. EU har skapt fred i Europa de siste femti årene, da får det våge seg om organisasjonen har visse elitistiske trekk.

Attac-dokumentet bærer mer preg av drøm enn av virkelighet. Våkn opp til den virkelige verden!

Askild sa...

Sjølv om EU utvilsomt har vore fredsskapande i Europa, blir det for dumt å ignorera at organisasjonen er udemokratisk og elitistisk. Du som må vera varm EU-tilhengar, burde også arbeida for eit demokratisk EU.

Det er godt mogeleg at dokumentet ber meir preg av draum enn av røyndom. I så fall beviser det kor viktig det er å skapa eit slikt alternativ til EU-grunnlova.