onsdag, april 04, 2007

Eit halvt liv


Gudane skal vita at eg er ein sjarlatan.
Eg framstår som jævla sikker,
med gode vendingar på tunga
og kunnskap i ræva.

Folk skulle berre visst,
kor lite eg eigentleg veit og kan.
Eg har ingen fasthet,
ingen retning,
intet innhald,
ingen tyngde.

Men portvin,
det kan me drikka,
og piss,
det kan me preika.
Sitja her i ein sus
og tenkja og tala dei
store,
ambisiøse orda.

I slike stunder kan ein tenkja
at me har noko å melda.
Men nei du,
ikkje faen,
enkelte ting forandrar seg ikkje,

her kjem ein som skal vingla
gjennom dagane og som til og med
skal forlata dette livet
halvhjarta.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg har lest bloggen din. Hvis ditt liv er halvhjertet, hva er da mitt?

Sæbjørn Singelstad sa...

Eg kunne sagt det same som han før meg, men nøyer meg med å spørja kva gjer dette diktet på bloggen din?

Knut Rage sa...

Dette var moro å lesa.

Frode sa...

faen askild.. du skriver jo faktisk ganske bra :)

Anonym sa...

Fortsett å dialogere med deg selv! Tekstene dine gir gjenklang i meg. Tror diktet hadde kommet mer til sin rett i prosaform. Uten verselinjer.