
Ein av dei passasjane i norsk litteratur som har gjort sterkast inntrykk på meg dei siste åra, er Dag Solstad si framstilling av gymnaslærar Elias Rukla sin frustrasjon over lærarjobben og lærarkollegiet ved Fagerborg videregående skole i romanen «Genanse og verdighet». Elias Rukla studerte ved universitetet tredve år tilbake i tid, med det målet for auget å bli ein formidlar av kulturarv som norsklektor i vidaregåande skule.
Rukla si nådelause erkjenning etter femogtjue år som lektor, er at jobben handlar om noko heilt anna enn det han hadde sett for seg då han studerte. Dei andre lærarane si forståing av seg sjølv og arbeidet sitt, er ikkje at dei er kunnskapsformidlarar eller intellektuelle, men i staden at dei er gjeldsslavar som er fullstendig overlatt til styringsrenta til Noregs Bank. Samtalen og motivasjonen på lærarværelset handlar ikkje om litteratur, politikk eller om læraren sitt kall til å formidla kulturarv til den oppveksande slekt. I staden snakkar lærarane om korleis renta utviklar seg, og om korleis det skal gå med Kaci Kullmann Five no som ho har fått sukkersyke. Rukla innser at han etter 25 år i norsk skule har mista sitt samfunnsengesjement, og at samfunnet parallelt med dette har mista si interesse for han.
Årsaka til at denne forteljinga gjer såpass sterkt inntrykk på meg, er både at den etter mitt syn fortel noko viktig om det å vera lærar, og at den dessutan fortel noko sentralt om det norske samfunnet. Sjølv om det vil vera å gå alt for langt å sei at eg deler Rukla si erfaring av framandgjering på lærarværelset og i klasserommet, kjenner eg meg likevel att i korleis ein som lærar kjem til kort i høve til sine mål for lærargjerninga.
På eit samfunnsnivå er Rukla si erfaring av «det norske gjeldsslaveriet» ein treffande observajon. Korleis har me greidd å bli så opptatt av eigedom og privatøkonomi, at me fyrst og fremst forstår oss sjølv som gjeldsslavar? Den norske velferdsstatsordninga sikrar at det knappast kan gå galt med oss, så lenge me har vårt norske pass på baklomma er me garantert både inntekt og velferd for all framtid. Trass i dette, synes det å vera få ting som uroar nordmenn meir enn økonomien. Kvar enn ein går, høyrer ein snakk om rente, BSU, lån, lottomillionar og aksjefond. Eg er ikkje hakket betre sjølv, kvar bidige laurdag dei siste tjue åra har eg levert min faste tippekupong for å halda liv i draumen om å ein dag å bli rik. Kven fanden drøymer om slikt, i eit samfunn kor det knapt nok er teoretisk mogeleg at ein skal gå i hundane av økonomiske årsaker?
Mi erfaring er at eg har hatt mine rikaste år, når eg har gløymt alt som har med min private økonomi å gjera. Sjølv om eg alltid har høyrt til lågtlønsgruppa her i landet, har eg i nokre år fått oppleva at det prosjektet eg har arbeidd med har blitt så viktig, at min private økonomi har framstått som fullstendig irrelevant.
Utfordringa for oss som er opptatt av å nyta kvardagen, er å ignorera alt det uvedkomande snakket om inntekt, sparing og gjeld. Fyrst då kan ein bruka tida og energien sin på det ein verkeleg ynskjer, og løfta blikket opp og vekk frå det norske gjeldsslaveriet.


