torsdag, juni 11, 2009

Allmenn eller elitistisk?


For eit par år sidan snakka eg med ein forskingstilsett på Universitetet i Tromsø om det å vera student i Noreg. Denne forskaren jobba tidlegare nokre år på Harvard, som ofte vert rangert som det beste universitetet i verda. Han sa at den største forskjellen mellom å arbeida på Harvard og å arbeida på eit norsk universitet, er at medan studenten på Harvard må gjera sitt aller beste for å lukkast som student, er den norske studenten prega av det halvhjarta og middelmådige. Dei norske studentane som er talentfulle, vil sjeldan strekka seg etter noko meir enn det middelmådige, fordi det norske samfunnet rett og slett ikkje etterspør det eksepsjonelle.

Kor mykje tapar så det norske samfunnet på at nivået på den høgare utdanninga er lågare enn i dei fleste land det er nærliggjande å samanlikna oss med? Truleg ganske mykje. Me utviklar færre konkurransedyktige forskingsmiljø og mindre kompetente akademikarar enn me kunne ha gjort. Eller som ein kamerat av meg formulerte det: «Dersom det finnes ein Wittgenstein mellom oss, vil han aldri få utvikla sitt talent, fordi ingen krev noko av han.»

Kvifor er det likevel rett at me har eit universitetssystem som fangar opp dei mange, men som ofte manglar evna til å utfordra dei som både er skuleflinke og disiplinerte? For det fyrste er det eit stort gode for det norske samfunnet at ein stor del av befolkninga har universitetsutdanning. Det er ikkje mange utdanningsmodellar som skapar så få taparar som det norske, ein av årsakene til det er den (nesten) almenne tilgangen til høgare utdanning. Eit meir spissa utdanningsstystem med færre universitetsstudentar, vil også skapa fleire taparar.

For det andre legg det norske utdanningssystemet opp til at større valfridom og større studieglede enn dei fleste andre. Mykje tyder på at norsk høgare utdanning i større grad er prega av at folk studerer det dei vil og når dei vil, til dømes er det vel knapt noko land som har like mange studentar over tredve år. Den almenne tilgangen på utdanning for alle aldersgrupper fører til større trivsel i samfunnet og større omskuleringsevne i norsk arbeidsliv, effekten av dette kan knapt undervurderast.

For det tredje skapar fleire universitetsstudentar eit meir kompetent arbeidsliv. Sjølv er eg ferdig med åtte års akademisk utdanning no i vår. Ved fyrste augnekast kan mange av desse åra synast bortkasta, sidan mykje tyder på at eg kjem til å tilbringa store delar av arbeidslivet mitt i helsevesenet. Tilsynelatande ville eg hatt betre kompetanse og vore meir produktiv om eg tok ei treårig helsefagleg høgskuleutdanning, og gjekk rett ut i arbeid. Sjølv er eg ikkje i tvil om at min samfunnsvitskaplege kompetanse vil vera eit utvetydig gode i helsevesenet. Samfunnet treng arbeidstakarar som evnar å utfordra tenkemåten innanfor den enkelte profesjonen.

Det er uvurderlege kvalitetar knytt til den nesten allmenne tilgangen til høgare utdanning i Noreg, og me ville tapa viktige verdiar på å leggja om til ei meir elitisktisk universitetsutdanning. Så får det heller våga seg at me kan ha tapt ein ny Wittgenstein på vegen...

7 kommentarer:

kjij sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Anonym sa...

Et godt innlegg, jeg er enig i at man i de store samfunnstrekk ikke er tjent med å spisse høyere utdanning ytteligere. Dessuten viser modellen vi har nå, -at vi har svært gode miljøer innenfor visse tema. Trolig tema hvor Harvard ikke er så gode. Jeg vurderte lenge et universitet i USA, men slo det fra meg. Jeg tror den mest vesentlige kritikken mot de norske universitetene er at man blir passiv. Når man søker så krysser man av på internett hva man vil gå på, og trenger ikke å skrive noen motivasjonssøknad, eller legge ned en interesse i hvorfor man har valgt som man gjør. I norge krysser man av 20 alternativer. Søker man til USA er man heldig om man klarer å sette sammen fem søknader, -på en uke. Så, inne på universitetet, læres man opp til en lik passivitet, fordi institusjonen (akademia altså) ikke har for vane å arbeide med formidling. Formidlingen og tilgjengeliggjøringen av forskningen er tilsidesatt til et eget felt. Til slutt har man en masse norske studenter, som bare har en helt passiv holdning til samfunnet, og ikke har brukt et døgn på å forstå sin egenverdi i forhold til verden utenfor. Ta f.eks. Tromsø by, her er det en eksepsjonelt liten sammenheng mellom hva som foregår i akademia og hvordan byen ser ut. Universitetet er en egen bydel, og til og med de ulike bedriftene skapt av universitetet, ligger i denne bydelen. Sentrum er helt totalt upåvirket, og koblingene og diskusjonene mellom f.eks. lokalpolitikere og fagadministrasjon når aldri media.

Askild sa...

Dette med formidlinga er eit godt poeng, anonym. No er det nok slik at Tromsø har ein svakare offentlighet enn dei andre universitetsbyane, her finnes korkje ei seriøs presse eller eigne forlag. Slik sett er det nok verre å formidla kva som skjer i akademia i Tromsø enn i til dømes Bergen. At det skulle vera ein generelt svakare samanheng mellom akademia og samfunnet i Noreg er eg nok likevel usikrare på, det ser ikkje ut til at til dømes Bush-administrasjonen tok særleg mykje omsyn til ein nokså einstemmig kritikk frå akademia for den økonomiske politikken.

Er me passive som studentar? Ja, der trur eg du har rett. Eit poeng er nok dette med søkinga, eitt anna er at det er svært vanskeleg å vera heiltidsstudentar for oss som tilhøyrer arbeiderklassen, og ikkje får økonomisk støtte heimafrå.

Anonym sa...

Hvad fanden skal du i helsevesenet? Denne bloggen viser at du er kallet til noe andet, hvad med akademia?

Askild sa...

Nei takk! Finnes det ein stad kor det er så mange arbeidskonfliktar og så lite tid til å gjera noko vesentleg som i akademia?

anonym sa...

Takk for svar Askild. Tromsø har ikke en svak offentlighet, den har en totalt kollapset offentlighet. Det er ingen i den offentlige diskusjon som har nevneverdig intelligens å vise til. Lokalaviser over hele norge koker suppe på halvfabrikata fra NTB og ansetter kunnskapsløse folk som "har lyst til å skrive".

Jeg tror det vil være smart å fjerne pressestøtten, i en femårsperiode. Det vil ta livet av mange som har ligget i respirator litt vel lenge nå. Det koster for mye å holde på disse gamle eslene.

Hvis jeg hadde vært anonym, også på gata, hadde jeg spyttet på Hans Kristian Amundsen. Jeg ville truffet ham midt i ansiktet. Det ville gjort meg godt.

Han derimot, vil aldri kunne gå inn på en diskusjon om seg selv. Et signal fra en sinnsforvirret mann.

Anonym sa...

hvorfor ikke:)