tirsdag, oktober 19, 2010

Den irrasjonelle gleda


Det er ein vanleg måndag i oktober i Tromsø, kor det vassrette sluddet slår i ansiktet på alle som har vågt seg utanfor døra. Midt mellom sluddbygene går ein mann i retning universitetet og smiler for seg sjølv. Kva er det som gledar ein fullvaksen mann så sterkt at han ikkje greier å skjula smilet mellom alle desse nedtrykte sjelene ein sur ettermiddag i oktober? Er han nyforelska? Nei. Har han funnet draumejobben? Nei. Er han blitt brått og uventa rik? Nei. Svaret er meir oppløftande enn som så: Denne måndagen spelar Sunderland bortekamp mot Blackburn, og vår mann smiler fordi han ber på ei irrasjonell glede som pregar han kvar einaste gong Sunderland spelar kamp.

Stadig får me som er lidenskapeleg opptatt av fotball høyra at me er irrasjonelle: Det handlar berre om 22 overbetalte mannfolk som spring etter ein ball, og det tek vekk fokuset frå dei viktige sakene som me burde bruka energien vår på. For det fyrste: Det er mitt eintydige inntrykk at fotballinteressa ikkje er noko mindre mellom samfunnsengasjerte folk enn generelt i befolkninga. Snarare er det grunn til å spørja om det er tvert om. I eit intervju i A-magasinet for eit par år sidan sa Reiulf Steen at visst han fekk leva ein gong til, ville han bruka meir tid på fotball fordi dette ville ha gitt han avkobling og eit sosialt liv utanfor politkken. For mange av oss som brukar mindre tid på politikk og arbeid enn Steen gjorde i sine glansdagar, er fotballen også ei fristund frå det stresset som pregar oss.

Fotballen er sjølvsagt absurd. På same måte som dei fleste andre lidenskapar framstår som absurd for alle andre enn dei som deler dei. Ein kan ikkje argumentera mot at Kieron Brady sine skoringar for Sunderland på slutten av -80-talet gav meg sterkare kjensler av lukke enn noko maleri eller nokon roman kan gjera. Det er absurd, men ikkje mindre absurd enn at mange av Frode Grytten sine sterkaste ungdomsminne handlar om pakkar frå England med LP-plater.

Det er grunn til å spørja om ikkje fotballen er det motsette av absurd for oss som er så heldige å dela denne lidenskapen. Eg har alltid vore glad for alle dei lidenskapane som eg har fått med meg: Politikk, litteratur, aviser og fotball er mellom dei ingrediansane i kvardagen som gjer at den er verdt å leva i. Desse lidenskapane representerer med alle sine opp- og nedturar eit brot med erfaringa av at kvardagen er forflata og kjedelig. Dessutan er dei ein møteplass for venskap og tilfeldige kontaktar, truleg stammar meir enn hundre av kontaktane mine på facebook frå fotballinteressa mi.

Til helga reiser eg på fotballtur til Glasgow og Sunderland. Er det rart at eg har gått hausten sine sure sluddbyger smilande i møte?

(Illustrasjon: Monica Westwold)

Ingen kommentarer: