fredag, oktober 15, 2010

Det enkle liv i Taizé


Det er ein vanleg, stille morgon i klosterfellesskapet Taize på landsbygda i sør-Frankrike. Hausten er komen hit, og ute skin den nyoppståtte sola på det gule lauvet som snart skal falla til bakken. Inne i kjøkkenet i eit av klosterhusa blir det spelt roleg, klassisk musikk. Rundt kjøkkenbordet sit ei lita forsamling tause unge menn og et ein enkel frukost. Snart er det tid for morgonmesse, men her herskar likevel ei behageleg ro. Alt som blir sagt er bordverset, ellers er eit og anna sjenert blikk den einaste kontakten mellom dei unge søkjande i kjøkkenet.

I dag er det torsdag og den fyrste morgonen desse 14 unge menna er samla i den stille delen av klosterfelleskapet Taize. Dei skal tilsaman tilbringa fire dagar i stillhet, berre salmesongen og bordbøna skal høyrast frå deira munn. Målet er at stillheten skal bringa dei nærare Gud. På samlinga kvelden før den stille langhelga startar, snakkar dei fleste om at dei bruka desse stille dagane til og lytta til Gud si røyst. Eit par-tre luftar tankar om at dei treng ei fristund frå det oppjaga vestlege levesettet, eg er sjølv ein av dei.

Frivillig eksil
Kvifor er klosterlivet så fascinerande for oss moderne menneske? Kanskje er klosteret som motsetning til det vestlege levesettet, som gjer tanken om eit liv i enkelhet så tiltrekkande? Sjølv om dei siste tiåra har gitt oss ein endelaus mengde tidssparande teknologi, har me vel aldri hatt dårlegare tid enn no. Vår tid er prega av å vera overfladisk, materialistisk og uroleg. Klosterlivet representerer det diamentralt motsette av dette. I klosteret eksisterer ikkje personleg eigedom og formue. Kvar mann eig si sjel og si skjorte. Dessutan er opplevinga av tid ei heilt anna enn den vestlege me lever under. I den klassiske tanken om klosteret brukar ein tida på bøn, studium og jordnært arbeid som handverk og jordbruk. Tanken om livet i kloster representerer slik sett enkelhet, kontemplasjon og nærhet til Gud.

I mange år har eg sjølv drøymt denne klosterdraumen om å kunna leva ei tid utanfor den vestlege livstilen. For meg har ikkje den religiøse motivasjonen stått i forgrunnen, det har fyrst og fremst vore det enkle og eigedomslause livet i kloster som har fascinert meg. Det er ein god vane å gjera det ein kan for å realisera draumane sine, derfor bestilte eg tidleg i haust ei vekes reise til Frankrike midt i oktober. Då visste eg at den franske hausten ville vera på sitt vakraste, det tenkte eg måtte vera ei god ramme for mitt frivillige eksil.

Fleire tusen på besøk
For å reisa til Taize, må ein ta toget i halvannan time frå Paris til Macon. Derifrå er det ein liten times busstur til klosteret som ligg i vindistriktet Bourgogne i sør Frankrike. Medan eg ventar på bussen, kjem eg i prat med ein eldre, stilfullt kledd mann som også skal til Taizé. Det viser seg han er katolsk prest i ei kyrkje i ein av forstadane til London, og han har reist til Taize kvart år sidan han var nyutdanna prest for tretti år sidan. Etter nokre vanlege fraser om våre liv og virke heime, går samtalen snart over i klosterprat. Då presten forstår at eg er fyrstereisgut til Taize, tar det ikkje lang tid før han er i gang med å forjelja om kva som gjer Taizé så spesielt.

- Taizé er meir inkluderande enn dei fleste andre kloster. Både protestantar, katolikkar og andre blir respektert som likeverdige. Dessutan har brødrefelleskapet større kontakt med utanomverda enn noko anna kloster i verda, fleirfoldige tusen besøker klosteret kvart år. Det er heller ingen ulempe at Taize ligg her i Bourgogne. Her er den franske landsbygda på sitt vakraste, kven kan tenkja seg ein betre stad å plassera eit kloster?

Gul haustmagi
Bussturen til Taizé viser at presten har rett. Det sørfranske kulturlandskapet er prega av vakre vingardar som strekk seg opp mot åskammen, og små 1800-talsaktige landsbyar med gamaldagse murhus og velstelte kjøkkenhagar. No i oktober set dessutan årstida sit klare preg på landskapet, og både vinrankane og fleire av lauvtrea skin av gul haustmagi.

Også landsbyen og klosteret Taizé viser seg å liggja vakkert til på eit lite høgdedrag med tettbygde gamaldagse murhus og frodig lauvtrevekst. Men sjølv om utsjånaden til landsbyen Taizé kan minna om det klassiske klosterlivet, er ikkje klosterfellesskapet heilt som andre kloster. Den veka eg er der, kjem eg på besøk saman med om lag 1200 andre besøkjande. Dei 110 munkane i klosteret tar kvar veke i mot alt frå 100 til 6000 gjester. Dette gjer at dei fleste som kjem til Taizé anten bur i telt eller i ein brakkelandsby medan ein er på besøk. Eg bur i ei slik brakke dei fyrste to dagane i klosteret, men eg er aldri i tvil om at dette ikkje er noko for meg. Brakkelivet er rett nok enkelt, men det har ikkje den roa og den fordjupinga eg kom til Taizé for å finna.

Det tause klosterfelleskapet
Derfor vel eg å flytta inn i den stille delen av Taizé etter to dagar i brakkelandsbyen. I det huset eg flyttar inn i, skal eg bu saman med 13 andre unge menn som alle skal vera tause veka igjennom. Me skal rett nok be bordbønn, og gå til høgmesse med salmesong tre gongar om dagen, men me har ikkje lov til å ta del i samtalar. Me får likevel lytta til nokre inspirerte ord ein gong om dagen. Det skjer når ein av brørne held ei bibelinnleiing for oss kvar morgon, slik at me får noko å tenkja på utover dagen. Kvar av oss får tildelt si eiga vesle klostercelle på 5m2, med utsikt til den vakre klosterhagen. I sekken har eg ein tysk bibel, ein bunke ulesne bøker, ei skriveblokk og eit par uløyste utfordringar knytt til kva eg skal gjera med livet mitt i åra framover.

Dagane i Taizé glir stillfarent forbi. Dagen vert ramma inn av måltid og messer, elles brukar me tida slik me vil. Høgmessa kvar kveld er høgdepunktet kvar dag. Den er heilt ulik dei messene me kjenner i Noreg. Fyrst og fremst fordi messa er bygd opp rundt korte, poetiske salmetekstar som blir sunge om og om igjen. Når 1200 syng desse salmane samstemt, vil nok sjølv den mest overtydde ateist kjenna seg rørt av noko meir enn evolusjonen…

Austleg og vestleg tradisjon
Eg prøvde å bruka dagane mine i kloster til å spasera, lesa, søva, skriva og i det heile tatt nyta mine dyrkjøpte stille dagar i Taizé. I mi vesle klostercelle fann eg ro og tid til å lesa nokre bøker eg har hatt på planen i lengre tid. Dessutan fekk eg tid til å skriva lange brev til nokre av mine beste vener, det er eit sjeldan privilegium i ei tid kor brevet er i ferd med å døy ut. Det er heller ingen løyndom at eg fann svaret på kva eg skal bruka tida mi til i åra framover, slik sett fann eg den langsame tida eg søkte ved å reisa ei veke i kloster.

Dei fleste i Tromsø eg har snakka med om klosterlivet, lar seg fascinera av utsikten til ei veke i kloster. Det ser ut til at det enkle livet med vekt på eksistensiell diskusjon, vakre høgmesser og oppleving av langsam tid, tiltalar mange av oss. Når dette er sagt, er dei fleste av oss likevel meir tiltalt av den austlege kontemplative tradisjonen med yoga og ulike nyreligiøse meditasjons- og trusretningar enn me er av klosterlivet. Kanskje tida er mogen for å gjenoppdaga at den vestlege kulturen har ein kontemplativ tradisjon som representer mykje av det same som me søkjer i austleg tradisjon?

Då eg landa heime i Tromsø etter ei veke i kloster, var årets fyrste ti centimeter med snø komen til byen. Sjølv etter ei lang reise gjennom det franske haustlandskapet, er det knapt noko som kan måla seg med Tromsø når snøen har lagt seg som eit mjukt teppe kring heimbyen vår. Utfordringa no blir å ta med seg det enkle livet frå Taizé, til vår vesle universitetsby som er så prega av alt for mange travle kvardagar.

(På trykk i Utropia hausten 2005)

Ingen kommentarer: