onsdag, september 12, 2007

Ein utopisk visjon?


På slutten av nittitalet gjekk eg eit år på lærarskulen. Den gongen tenkte eg at læraryrket kunne la seg godt kombinera med å driva ein liten økologisk gard i utkanten av bygdenoreg. Det kan i ettertid synast naivt, men den gongen var eg truande til å ha store visjonar for såvel øko-landbruket som for skulen. Eg las både skjønnlitteratur og faglitteratur med denne visjonen for auget, det måtte vel vera mogeleg å skapa seg ein leveveg bortanfor den tidsklemma og det materielle jaget, som prega kvardagen til dei fleste eg kjente på den tida?

Ein plass på vegen har eg mista mine visjonar for både øko-landbruket og for læraryrket. I denne samanhangen skal eg la mine visjonar for øko-landbruket liggja. I staden skal eg stilla spørsmål ved kvifor eg no i haust starta eg no i haust på praktisk pedagogisk utdanning ved Universitet i Tromsø, trass i at eg for lenge sidan har mista mine visjonar for læraryrket? Denne gongen kjem eg nemleg ikkje til tuns med store ord, i staden har eg ei meir praktisk tilnærming til mitt val om å bli lærar: Eg vil ta ei utdanning som kan sikra at eg også i framtida kan fortsetja å leva mitt enkle, bohemaktige (student)liv. Kanskje kjem eg aldri til å jobba ein time som lærar, eg havnar nok snarare i ei deltidsstilling i barnevernet, rusomsorga eller noko slikt. Fordelen med å vera lærarutdanna, er at ein blir regna som fagpersonell i slike stillingar i helsevesent. Samtidig ligg det ein viss melankoli i denne tanken om ei framtid i helsevesenet: Kvar vart det av min gamle visjon om læraryrket?

Draumen om å bli lærar forsvann nok då eg vart medveten om det som ofte synest som skulen si evige svøpe: Den reproduserer dei klasseforskjellane den er sett til å utjevna, og produserer dessutan desillusjonerte samfunnsborgarar. Mi eiga erfaring som elev og som student utplassert i praksis, er at skulen i svært liten grad er i stand til å formidla lærdom som interesserer og engasjerer oss som kjem frå arbeidarklassebakgrunn. For eigen del, er det snarare på tross av, enn på grunn av min tolvårige skulegang, at eg har blitt politisk aktiv og i ein viss grad i stand til å tenkja utanfor dei rammene som det norske samfunnet representerer. Då eg som 19-åring gjekk ut av skulen, var eg både skulelei og fullstendig visjonslaus i høve til kva for mulighetar eg hadde i framtida. Det er mitt bestemte inntrykk at dette er ei vanleg haldning blant arbeidarklasseungdom, truleg også blant dei som kjem frå høgare sosiale lag.

Litt forenkla, er den einaste verkeleg viktige oppgåva skulen har, å "læra" elevane å tenkja sjølvstendig. Sjølvsagt har skulen også sosiale, kulturelle og kunnskapsretta målsetjingar. Desse måla er uansett komplementære eller sekundære. Dersom skulen mislukkast i å «læra» elevane å tenkja sjølvstendig, har han truleg ingen funskjon som ikkje andre arenaer (familien, fotballklubben, sundagsskulen osb.) er vel så gode på.

Er det mogeleg for den norske skulen å fremja den sjølvstendige eleven, som uavhengig av sosial bakgrunn, har eit positivt syn på si eiga framtid? (Eller er skulen dømt til å reprodusera klassane, og berre skapa meining for dei som kjem frå ressurssterke heimar?)

Den dagen eg kan svara ja på dette spørsmålet, skal eg bli lærar i norsk skule.

(Illustrasjon: www.knuthelle.no)

6 kommentarer:

Terje Fagerbakk sa...

Hei Askild. Jeg dropper nå innom bloggene her for å se hva som skjer, sies, skrives, hva man nå måtte kalle det. Det er interessante perspektiv du trekker opp her. Du spør om det er "mogeleg for den norske skulen å fremja den sjølvstendige eleven, som uavhengig av sosial bakgrunn, har eit positivt syn på si eiga framtid?". Samtidig oppfatter jeg det slik at du identifiserer deg med ei gruppe av elever som har klart seg på "tross av" skolen, en av de overlevende etter 12 års internering.

Jeg er selv lærer og når du skriver dette begynner jeg å tenke. Hva tenker jeg? Jo jeg tenker at oppdragelse og danning i sin alminnelighet handler om mye mer enn hva som skjer i skolestua. Du framstår selv som et levende eksempel på det. Du er heller ikke alene. Jeg kjenner flere og noen av dem veldig godt. Jeg har selv tenkt slik som lærer, at yrket åpner for å kunne bidra til endring av det bildet du skisserer. At mange elever oppfatter skolen som en utviklingssperre, skal ikke forhindre meg fra å jobbe med sikte på å bli en bedre lærer for de samme elevene.

Jeg tror på dette med elevens livsverden, at man gjennom kjennskap til eleven kan legge til rette for at veien skal gå videre fra der hvor eleven står. Det er ikke bare pedagogiske honnørord, det er selve grunnfjellet i min praksisteori og handler like mye om mitt forhold til frihet og solidaritet, som det handler om hva jeg har fått med meg fra min egen skolegang. Det gjelder for alle elever, advokatdøtre som skomakersønner. Jeg har som målsetning å faglig sett møte hvem det måtte være. Så får det heller samtidig være slik at tradisjoner og skolekulturer arbeider i en annen retning. Jeg gjør dette ene som jeg kan gjøre som lærer, å utvikle meg selv til en bedre observatør av hvem jeg har foran meg og deretter utarbeide og prøve ut metoder for hvordan jeg faglig sett skal gjøre skolehverdagen bedre for disse. Hvor langt har jeg kommet? Det tør jeg ikke si. Jeg forsøker å holde motet oppe. Det jeg kan si er at noen ganger tenker jeg at det å bli en god lærer er livets mening og umulighet. Det er en livsanskuelse man meget godt kan sysle med som bohem også.

Anonym sa...

Det høres utvilsomt ut som om du burde blitt Steinerskolelærer. Der har du en skole som gir eleven tro på fremtiden, uavhengig av deres sosiale bakgrunn...

Anonym sa...

Jeg har i alle fall puttet mine barn på Steinerskole, og Steinerbarnehage med nettop den tanke at det skal være mulig for de å kunne bli selvstendige tenkere.
Jeg tror nok jeg sier meg enig i forrige kommentar, bli Steinerskolelærer du Askild. Og øko-bonde! Vi trenger begge deler.Men:
Dessuten trenger nok den offentlige skole og elevene der gode og inspirerende lærere. Det viktigste , tror jeg, er at elevene får noe å strekke seg etter, og noe "tygge på".
Du skriver at du nok kommer til å ende opp en eller annen plass i helsevesenet. Der vet vi jo at du passer, og utdanningen din vil være akkurat like relevant som min. Det er mangfoldet som teller, men man bør jo selvsagt stille seg spørsmålet om motivet for selve yrkesvalget !
Stå på videre du, det er nok mange som vil ha både glede, og nytte av deg i fremtiden :o)

Ronny K sa...

Kjempebra at noen fler tar opp dette med skole vs. klassebakgrunn. Det er et neglisjert tema. Jeg har sjøl prøvd å løfte det fram i en del sammenhenger, og det er det overveiende største enkeltproblemet vi har i norge i dag.

Askild sa...

Terje: Takk for langt og godt innlegg. Dette var jo eit veldig positivt syn på lærarjobben, uansett skal ingen skulda deg for å fara med ungdommeleg naivitet!

Like fullt har eg eit par innvendingar: Du skriv: "Oppdragelse og danning (...) handler om mye mer enn hva som skjer i skolestua". Det er heilt sant, i hovudsak er det nok den sosiale bakgrunnen som avgjer oppdragelsen og danninga. Med dette som bakteppe, vert det endå viktigare at skulen har som målsetjing å motarbeida prestasjonsforskjellane som oppstår mellom barn frå ulik sosial bakgrunn. Per i dag er det mitt bestemte inntrykk at norsk skule gjenskapar og styrkjer ulikskapane mellom høg og låg i samfunnet. Sjå til dømes på kven i Noreg som tek profesjonsutdanningar ved universiteta: Dersom begge foreldra til ein elev har lenge høgare utdanning, er det nesten 25% sjans for at eleven vil ta ei profesjonsutdanning. I motsett situasjon, kor ingen av foreldra til ein elev har utdanning utover vidaregåande skule, er det berre 2-3% sjanse for at barnet vil ta ei profesjonsutdanning (Tala er frå boka «Det norske Samfunn (2005)»). Kvifor skal me kasta tida vår bort på ein skule som opprettheld eit slikt (klasse)samfunn?

Uansett har du nok rett i at lærarjobben kan tena som inspirasjon for såvel bohem som for borgar. Eg trur på ditt mål om å sjå på lærarkallet som "livets mening og umulighet", det er ei ærleg og beundringsverdig haldning.

Anonym og Cathrine: Det er truleg sant at Steinerskulen passar for meg, eg har også høyrt at Steinerskulen er betre til å gje elevane eit positivt syn på framtida (?). Uansett veit eg nok alt for lite om Steinerskulepedagogikken til å sei noko sikkert om dette...

Anonym sa...

Hi There I'd like to thank you for such a terrific made forum!
Was thinking this would be a perfect way to make my first post!

Sincerely,
Laurence Todd
if you're ever bored check out my site!
[url=http://www.partyopedia.com/articles/bridal-shower-party-supplies.html]bridal shower Party Supplies[/url].