mandag, desember 17, 2007

Det norske gjeldsslaveriet


Ein av dei passasjane i norsk litteratur som har gjort sterkast inntrykk på meg dei siste åra, er Dag Solstad si framstilling av gymnaslærar Elias Rukla sin frustrasjon over lærarjobben og lærarkollegiet ved Fagerborg videregående skole i romanen «Genanse og verdighet». Elias Rukla studerte ved universitetet tredve år tilbake i tid, med det målet for auget å bli ein formidlar av kulturarv som norsklektor i vidaregåande skule.

Rukla si nådelause erkjenning etter femogtjue år som lektor, er at jobben handlar om noko heilt anna enn det han hadde sett for seg då han studerte. Dei andre lærarane si forståing av seg sjølv og arbeidet sitt, er ikkje at dei er kunnskapsformidlarar eller intellektuelle, men i staden at dei er gjeldsslavar som er fullstendig overlatt til styringsrenta til Noregs Bank. Samtalen og motivasjonen på lærarværelset handlar ikkje om litteratur, politikk eller om læraren sitt kall til å formidla kulturarv til den oppveksande slekt. I staden snakkar lærarane om korleis renta utviklar seg, og om korleis det skal gå med Kaci Kullmann Five no som ho har fått sukkersyke. Rukla innser at han etter 25 år i norsk skule har mista sitt samfunnsengesjement, og at samfunnet parallelt med dette har mista si interesse for han.

Årsaka til at denne forteljinga gjer såpass sterkt inntrykk på meg, er både at den etter mitt syn fortel noko viktig om det å vera lærar, og at den dessutan fortel noko sentralt om det norske samfunnet. Sjølv om det vil vera å gå alt for langt å sei at eg deler Rukla si erfaring av framandgjering på lærarværelset og i klasserommet, kjenner eg meg likevel att i korleis ein som lærar kjem til kort i høve til sine mål for lærargjerninga.

På eit samfunnsnivå er Rukla si erfaring av «det norske gjeldsslaveriet» ein treffande observajon. Korleis har me greidd å bli så opptatt av eigedom og privatøkonomi, at me fyrst og fremst forstår oss sjølv som gjeldsslavar? Den norske velferdsstatsordninga sikrar at det knappast kan gå galt med oss, så lenge me har vårt norske pass på baklomma er me garantert både inntekt og velferd for all framtid. Trass i dette, synes det å vera få ting som uroar nordmenn meir enn økonomien. Kvar enn ein går, høyrer ein snakk om rente, BSU, lån, lottomillionar og aksjefond. Eg er ikkje hakket betre sjølv, kvar bidige laurdag dei siste tjue åra har eg levert min faste tippekupong for å halda liv i draumen om å ein dag å bli rik. Kven fanden drøymer om slikt, i eit samfunn kor det knapt nok er teoretisk mogeleg at ein skal gå i hundane av økonomiske årsaker?

Mi erfaring er at eg har hatt mine rikaste år, når eg har gløymt alt som har med min private økonomi å gjera. Sjølv om eg alltid har høyrt til lågtlønsgruppa her i landet, har eg i nokre år fått oppleva at det prosjektet eg har arbeidd med har blitt så viktig, at min private økonomi har framstått som fullstendig irrelevant.

Utfordringa for oss som er opptatt av å nyta kvardagen, er å ignorera alt det uvedkomande snakket om inntekt, sparing og gjeld. Fyrst då kan ein bruka tida og energien sin på det ein verkeleg ynskjer, og løfta blikket opp og vekk frå det norske gjeldsslaveriet.

3 kommentarer:

Øystein sa...

Eg er samd. Kvar dag har nok med si eiga plage, sa stiftaren av religionen eg tilhøyrer. Elles vil eg tilrå ein annan lærarblogg eg fylgjer med på fast: hlewagastir.

Knut Rage sa...

Godt innlegg!
Eg har sjølv langt på veg innretta meg slik her i livet at eg driv med det som for meg står som meiningsfylt og som kan gje tilværet innhald og mål. Det var ikkje minst ein lærepenge eg fekk med meg då eg i si tid var dødssjuk, men kom meg att.
Men like fullt er det mykje ved resonnementet ditt som haltar kraftig, etter mitt skjønn. For det første er det nettopp den gode økonomien i landet å takka for at det finst pengar til offentlege føremål, som helse og sosial, skular og kultur. Og for å oppretthalda ein slik økonomi er det naudsynt at folk arbeider, då helst på inntektssida for samfunnet. Du kan takka alle dei hundretusenvis av menneske som byrjar på jobb kl. 07 om morgonen og går på sine rutinejobbar for at det finst stader du kan studera og pengar til studielån. At dei gjerne vil nytta pengane dei tener på eit godt hus å koma heim til kl. 16 om ettermiddagen er forståeleg - og at dei gjerne reiser til varme strok i ferievekene sine. Dersom ein skulle innretta økonomien i samfunnet etter din standard ville det fort gått ad undas med både skular og helsestell og sosial stønad - og u-hjelp. Trur no eg.
For det andre er det neppe rett at samfunnet tek vare på deg. Svært mange menneske slit tungt med både mykje gjeld og knapp økonomi, mange treng sosialhjelp.

Når det er sagt er eg samd med deg at mykje kunne vore annleis. Folk kunne levd enklare, det er rett. Men lærarstanden har nok alltid vore slik...

Askild sa...

Takk for interessant innspel, Knut!

Dette er ein middelklassekritikk! Sjølvsagt finnes det folk også her i landet som relativt sett må kallast fattige. For deg og meg, som tilhøyrer den priveligerte middelklassen, står eg uansett fast på at det knappast nok er mogeleg å gå i hundane av økonomiske årsaker. Uansett skulle eg ha vore meir presis i min kritikk, det var ikkje min tanke å hevda at me er ein nasjon utan relativ fattigdom.

Elles meiner eg du les noko anna inn i innlegget enn det som faktisk står der. Eg meiner ikkje at folk skal slutta å arbeida, eller slutta å eiga sitt eige hus. Det er snarare snakk om å finna eit anna og rikare perspektiv på kvardagen enn det privatøkonomien opnar for. Mitt inntrykk, er at svært mange nordmenn lar eigedom og privatøkonomi styra mange av dei store avgjerdene i livet sitt, og dessutan i stor grad lar seg uroa av privatøkonomiske bekymringar i kvardagen. I eit samfunn som det norske, meiner eg at dette er unødvendig for svært mange.

Denne kritikken har også politisk relevans, men eg er likevel ueinig i din analyse. Eg trur framleis på Erik Damman og Fremtiden i våre hender sin politiske visjon frå -70-talet, som hevda at me er nødt til å utvikla eit samfunn, ein økonomi og ein livsstil som i langt høgare grad tek omsyn til naturressursane på jorda. Etter at alvoret i klimautfordringa vart tydelege på slutten av -80-talet, er ikkje denne analysen blitt mindre aktuell.

Våre grenselause draumar om fleire feriar, større hus og fleire bilar er korkje meiningsskapande eller levedyktige. Dersom det er slik at vår økonomi kollapsar den dagen folk finn ut dette, er det økonomien som har eit forklaringsproblem.