mandag, juli 13, 2009

Demokrati utan solidaritet?


Det undrar meg ofte kor egoistiske folk er når dei stemmer ved val. Studentane brukar stemmeretten til å skaffa seg meir studiestøtte, småbarnsforeldra stemmer med tanke på barnehagedekning og -prisar og kunstnarane stemmer på det partiet som vil verna opphavsrettane og gje kunstnarane meir pengar. Slik sett framstår me alle som prostituerte i møte med politikken, me er villige til å selga stemma vår til det partiet som er høgstbydande på vårt interessefelt.

Denne vridninga av politikken i retning av at politikarane prøver å vera høgstbydande i høve til ei rekkje interessegrupper, øydelegg muligheten til å løysa nokre av dei store politiske utfordringane me står overfor både nasjonalt og globalt. For å ta eitt døme: Korleis skal Noreg bli kvitt sin dobbeltmoralske posisjon i miljøpolitikken, når ein moralsk ansvarleg posisjon i miljøpolitikken mellom anna vil innebera at me må innføra større avgifter på drivstoff, reiser og nokre typar forbruk? Bilistane, turistane og shopparane vil garantert bli mobiliserte mot ein avgifsauke i media for å forhindra at Noreg nokonsinne kan bli eit foregangsland på miljø. Dette vil umogeleggjera at nokon politikar kan gå inn for at Noreg kan gå inn for at Noreg skal ha ein moralsk ansvarleg posisjon i miljøpolitikken.

Det er vanskeleg å sei kvar ein skal leggja ansvaret for denne fordumminga av politikken. Trekløveret veljarane, politikarane og media er alle medskuldige i at me har fått eit politisk klima kor dei overordna politiske spørsmåla berre spelar ei birolle. Kva skal me gjera for å krevja den viktige politiske debatten attende? Eg trur det er viktig å abonnera på dei seriøse avisene (og boikotta VG!) og prøva å delta i den politiske debatten med eit og anna innspel som bidreg til å belysa kor sneversynt norsk politisk debatt som oftast er. Det er lite og truleg inneffektivt, men det er i hvert fall noko.

Historisk sett er det ikkje vanskeleg å sjå at det norske samfunnet hadde vore langt mindre utvikla om ikkje tidlegare generasjonar hadde kjempa for betre økonomiske kår for seg sjølv og sine. I våre dagar har denne progressive krafta uansett tatt ei vending som gjer den destruktiv. Sjølvsagt skal me ikkje slutta å kjempa for våre eigne interesser, men langt fleire av oss må likevel innsjå at politikken rommar utfordringar som er mykje viktigare enn våre private økonomiske interesser.

Sjølv er eg ein bleikfeit akademikar med ordna økonomi, god jobb og mykje fritid. Med eit slikt utgangspunkt, er det absurd å tenkja seg at eg skulle la mitt val av stemmesetel ved stortingsvalet til hausten bli avgjort av mine private økonomiske interesser. Stemmesetelen min er rett og slett for verdifull til at eg kan la slike luksusproblem få prega kva for eit samfunn etterkomarane våre skal leva i.

Illustrasjon: "Money Rules Man" av Ben Heine

7 kommentarer:

Simen sa...

Du har helt rett i at vi alle er en gjeng egoister. Jeg stiller meg mer skeptisk til at dette skulle være noen vridning i politikken, dog: det er snarere en konstant. Så lenge velgerne har hatt makt, har de horet seg ut til høystbydende. Det er snarere normaltilstanden enn det er noen vridning, forvrenging, eller nyere utvikling i politikken.

Irene Larsen sa...

Flott innlegg!

Premissene som legges til grunn for den politiske debatten, blir sjelden debattert, i stedet handler det om enkeltsakene. Dermed mister man også mye av engasjementet blant velgere og politikere som ønsker noe annet.

En filosof som har sagt mye klokt om det politiske livet i moderne, vestlige samfunn, er Hanna Arendt:

http://kilden.forskningsradet.no/c35640/artikkel/vis.html?tid=36337

Askild sa...

Simen: Eg meiner det har skjedd ein vridning fordi media i større grad enn tidlegare avgjer kva for saker politikarane skal fokusera på.

Noko av årsaka til at Noreg i tiåra etter 2.verdskrigen kunne verna norsk produksjon og byggja opp ein sterk velferdsstat, var at både media og politikarane oppfatta politikken som eit danningsprosjekt. Kva «folk flest» meinte om dette danningsprosjektet, var mindre viktig. I dag ville truleg ikkje eit slikt prosjekt ha vore mogeleg, fordi media ville ha mobilisert "folk flest" og politikarane ville ha følgt med på lasset.

Du har likevel rett i at det ikkje er noko nytt at folk stemmer egoistisk ved val. Det nye er at media på ein heilt anna måte enn før mobiliserer denne egoismen, og at me er blitt så mange som har langt meir enn me treng. Då skulle vel tida vera mogen for at me legg egoismen på hylla?

Irene: Takk for tipset!

Simen sa...

På den annen side er det skummelt når hva folk flest mener blir mindre viktig. Det er ikke særlig demokratisk, og jeg vil nødig knytte solidaritet, hensyn til miljø og så videre til flørting med totalitære styresett.

Askild sa...

Sjølvsagt ikkje. I Noreg har pendelen uansett snudd andre vegen, og kva "folk flest" meiner ser ofte ut til å vera det einaste som tel.

Haakon sa...

Man bør ikke stemme egentlig, da bare oppmuntrer man dem, også blir alt ennå værre ved neste valg. Flere lover, mer reguleringer, mer sinna politikere, mere mediadekning til politikerne, høyere skatt, mer krig, mer sponsing av næringslivet osv osv. Hvis man stemmer så støtter man opp om det, og er dermed medansvarlig. Vi må finne på noe annet enn denne dustete parlamentarismen.

Little Man From Another Place sa...

Dette innlegget var bra!