søndag, juli 05, 2009

Eit arbeidarklasseparadis?


For ei tid sidan møtte eg ein jamgamal kar frå nabokommunen vår som uttrykte misnøye over si eiga lønnsinntekt. Han sa: «Medan me som har tatt ei mangeårig akademisk utdanning berre har 3-400 000 i årsinntekt, tenar dei verste pøblane frå ungdomsskulen to-tre gonger så mykje i oljeindustrien. Kva skal me då med utdanning?» Dette er sjølvsagt ei spissformulert uttaling, det er nok berre arbeidarane i oljeindustrien som ligg såpass langt over oss akademikarar i løn. Uansett kjem me ikkje forbi at ein del grupper arbeidarar tener godt her i landet, og det er få land som relativt sett verdset sine akademikarar så lågt. Burde me alle lengta etter å vera arbeidarar i det norske arbeidarklasseparadiset?

Min påstand er at det er eit gode for både samfunnet og for alle lønnstakarane å bu i eit land kor arbeidarane har god løn, og kor akademikarane kjem relativt sett dårlegare ut i høve til arbeidarane enn i dei fleste andre land. For det fyrste er det ikkje meir enn rett og rimeleg. Arbeidarar lever langt kortare liv enn oss akademikarar, og derfor får dei også mykje lågare pensjonsutbetalingar. Dei har også tyngre fysisk arbeid og opplever stress meir tyngande i kvardagen. Me skal heller ikkje gløyma at arbeidarane har mindre politisk makt gjennom at dei ikkje har den same kulturelle og sosiale kapitalen som akademikarane.

For oss som er akademikarar, fører også det relativt høge lønnsnivået for arbeidsfolk til at den generelle levestandarden og skatteinngangen er høgare enn den ville ha vore om klasseskilja var større. Det finnes vel knappast finnast noko betre kompliment for den norske velferdsstatsmodellen enn at dei verste pøblane oppnår ei skattbar lønnsinntekt som er langt over gjennomsnittet. Dette betyr at samfunnet har greidd å skapa vinnarar av folk som i mange samanhengar ville ha vore taparar som mottok støtte frå det offentlege. Arbeidarane sine gode kår er derfor ein av hovudårsakene til at dei nordiske velferdsstatsmodellen har vore så vellukka.

Det skal ikkje gløymast at det langtfrå er slik at alle arbeidarane i Noreg lever i eit paradis. I mange sektorar er løna så låg at ein ikkje har råd til å kjøpa sitt eige husvære eller reisa på årlege feriar slik som den jamne nordmann gjer. Den misunninga som ein del med høgare utdanning har mot arbeidarklassen, rettar seg derfor fyrst og fremst mot dei som anten arbeidar til sjøs, i enkelte industrisektorar eller i oljebransjen.

Dei siste åra har det uansett vore slik at forskjellane har blitt større mellom dei med låg og dei med høg inntekt, og slik sett kan me vel knapt kalla Noreg noko arbeidarklasseparadis. Utviklinga mot svekka arbeidarrettar og -inntekter er faktisk eit trugsmål mot den nordiske velferdsstatsmodellen. Misunninga mot arbeidarklassen blir derfor kontraproduktiv, den er med på å riva ned inntektsgrunnlaget og solidariteten som vår velferdsstat byggjer på.

Når skal me som er akademikarar i Noreg leggja misunninga på hylla, og innsjå at me er usedvanleg priveligerte?

Illustrasjon: Harry W. Scheuch

7 kommentarer:

Anonym sa...

Men hva er en arbeider egentlig ? En som ikke arbeider i universitetssektoren ? For akademikere, de jobber vel ikke utenfor ? I alle fall ikke i byer som Tromsø, -der er det jo nesten ingen samfunnsvitere med jobb utenfor universitetet.

Askild sa...

Kva som er ein arbeidar er eit definisjonsspørsmål. Når eg brukar det her, refererer eg til arbeid som lønnstakar som maksimalt krev vidaregåande utdanning. Akademikarane blir dermed rekna til middelklassen.

Uansett er dette skiljet problematisk, fordi så mange av gruppene i arbeidarklassen har såpass mykje økonomisk kapital at dei ikkje passar i den tradisjonelle arbeidarklassen.

Anonym sa...

Det er helt feil det du sier ift. skatteinntekter. Lønnssystemet må være slik at folk har incentiver til å arbeide. Akademikere må også ha incentiver til å gjøre en ekstra innsats.

For å opprettholde høy levestandard er vi avhengige av at det skapes verdier. Da må man ha incentiver til at folk velger å skolere seg og tilbby sin arbeidskraft der hvor det skapes verdier.

Norges fremste konkurransefortrinn er at vi har en godt skolert befolkning, store naturressurser og gode engelskkunnskaper.

Det er også problematisk at norske arbeidstakerorganisasjoner alltid setter sine særinteresser foran alt annet. I miljøspørsmål er det alltid deres arbeidsplasser som står først i kø (jmf. LOs holdning til oljeboring i LoVe). Det er beskyldnigner om sosial dumping hvis øst-europeere kommer hit og søker en jobb og et bedre liv for seg og sine.

I tillegg er jeg mer og mer bekymret over den fremmedfiendligheten som vokser frem i Norge, og det er trist å si det men den er sterkest blant de du definerer som arbeiderklassen.

Jeg er for at folk skal ordentlige forhold på arbeidsplassen sin. Men jeg tror at man bør styre samfunnet ut i fra hva som skaper et rettferdig samfunn, ikke hva som tjener særinteresser

Askild sa...

Eg er ikkje spesielt ueinig med noko av det du skriv her. Det eg ynskte å understreka, er at alle tenar på at Noreg er eit av dei landa som har minst lønnsforskjellar mellom arbeidarar og akademikarar. Derfor irriterer det meg at så mange akademikarar klagar på at arbeidarane i Noreg har det for godt.

Eg skjønar ikkje kvifor du meiner at eg tek feil om skatteinntekter. Det eg skriv er at det norske systemet, med mindre lønnsforskjellar enn dei fleste andre land, er det beste systemet. Som du skriv, har me eit konkurransefortrinn i å ha ein skulert befolkning. Kvifor meiner du då at incenativet til utdanning er for lite i Noreg?

Eg deler elles di uro over arbeidarklassen sin framandfrykt og deira sneversyn i høve til miljøspørsmål. Dette påverkar uansett ikkje min konklusjon, som er at me alle har interesse av å leva i eit samfunn kor forskjellane er små mellom arbeidarane og akademikarane. Det egalitære samfunn er å foretrekka, også for akademikarane.

Knut Rage sa...

Dette er eg ikkje samd i, Askild!
Ein arbeidar kjem i løna arbeid som 16-17 åring, evt. som lærling - og har heller ikkje studielån. Mange års investering i ei utdanning bør premierast i form av god løn. I tillegg er det gjerne folk med høgare utdanning som engasjerer seg i samfunnsdebatten, tek del i politikk og påverkar styringsorgana. Viss du med egalitær meiner at det er fleirtalsdiktaturet som skal rå, set eg større pris på eit samfunn som vert styrt av ein akademisk elite, og der intellektuelle og kunstnarlege verdiar vert sett høgt.

Askild sa...

Sjølvsagt skal akadeimikarar generelt ha noko høgare løn enn arbeidarar. Poenget mitt er gjentatt nokre gonger no, men her kjem det nok ein gong: Noreg sitt lønnsystem, som er meir egalitært enn dei fleste andre land sine lønnssystem, er eit gode for oss alle, anten me er arbeidarar eller akademikarar. Til dømes har Storbritannia og USA langt større lønnskildnader enn Noreg. Eg meiner at Noreg sine lønnsskildnader er å foretrekka langt framfor desse landa sine. Me har fleire arbeidstakarar med høgare utdanning, me har betre skatteinntekter, me har mindre klasseskiljer og me har faktisk også større sosial mobilitet enn desse landa.

Unntaket frå regelen om at akademikarar tener meir enn arbeidarane er oljeindustrien (og nokre få andre grupper av arbeidstakarar). Eg har sjølv ikkje noko problem med dette, viss ikkje arbeidarane hadde fått denne løna hadde den jo gått rett til oljeselskapa, som har meir enn nok frå før. Dessutan synes eg det er veldig bra at såpass mange ressurssvake personar vert skatteytarar i samfunnet vårt. Det ser heller ikkje ut til å påverka at svært mange unge nordmenn tek høgare utdanning. Kva er då problemet, Knut og Jonas?

Little Man From Another Place sa...

Dette var noko av det mest sereige eg hev lese om skatt og dilikt på ganske lenge! Elles er no industriarbeidarane ei utdøyande rase, nettopp fordi dei systematisk hev saga av greini dei sit på gjennom lønskrav som gjerer at norsk industri ikkje er konkurransedyktig. Når oljen tek slutt, vert det mindre pengar på oss alle.