Viser innlegg med etiketten Bøker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bøker. Vis alle innlegg

mandag, mars 08, 2021

Ein vinter i psykiatrien























Det er ikkje kvardagskost at folk ein kjenner gir ut romanar. For tjue år sidan jobba eg ein vinter som assistent i psykiatriask institusjon. Ein av dei eg jobba saman med har i vinter kome ut med sin debutroman.

Kjell Einar Thorkildsen har skrive ein svært lesverdig og lettlesen roman om to middelaldrande menn som har møtt kvarandre på psykiatrisk institusjon, og som reiser til Spania for å gå den mykje omtalte pilegrimsruta til Santiago de Compostela. Romanen er kort, men rommar likevel mykje. Dette er på ei og same tid ei fin reiseskildring, eit usminka portrett av to fortumla menn som er lette å kjenna igjen og ein kritikk av psykiatrien.

Det viktigaste er likevel at Thorkildsen skriv romanen med liv og overskot. Ein får lyst til å lesa vidare når ein les "Langt frå kort".

torsdag, april 24, 2008

Storeulvsyndromet


Thomas Hylland Eriksen vil i si siste bok svara på dei store spørsmåla på vegne av den norske middelklassen, og gjer dette gjennom ein allegori til Storeulv-forteljinga i Donald Duck. Storeulv brukar all tida si på sitt store prosjekt, det er å fanga og eta dei tre små grisane. Stort sett mislukkast han, men ein gong greier han å fanga dei tre små grisane, og skal til å leggja dei i gryta då ein av grisane spør: ”Kva skal du gjera i morgon, når du har ete oss, Storeulv?”. Storeulv skjønar raskt poenget, og slepp laus dei tre små grisane.

Dette er allegorien til oss som tilhøyrer den norske middelklassen i 2008. Me lever i eit samfunn som til forveksling liknar eit paradis: Levealderen er høgare enn nokon gong, velferden og forbruket er på eit historisk høgt nivå, og me er frie til å gjera kva me vil. Samtidig hevdar Hylland Eriksen at me ikkje er lukkelege, på mange måtar kan det sjå ut til at nordmenn var lukkelegare for femti år sidan. Kvifor mislukkast me i jakta på lukka i overflodssamfunnet?

Sjølv om Hylland Eriksen er ein kunnskapsrik og engasjerande formidlar i si jakt på lukka i overflodssamfunnet, er svara han kjem med utilstrekkelege. Den karakteristiske skrivestilen til Hylland Eriksen, med eit vell av referansar og innfall, gjer at bodskapet til Hylland Eriksen i denne samanhengen blir fragmentert og utydeleg. Han tek til orde for ein masse banalitetar i jakta på lukka (”ikke klø deg når det ikke klør”), og greier ofte ikkje å koma med gode svar når spørsmåla overskrid det banale. Dessutan avviser Hylland Eriksen til stadighet sine eigne innsikter i boka. Sjølv om det er eit akademisk idéal å vera drøftande i stilen, treng me som lesarar fleire haldepunkt i ei bok som tek mål av seg å svara på ei eksistensiell krise.

Hylland Eriksen sine innfallsvinklar til Storeulv-syndromet er mange, men han manglar det som må vera ein av dei mest nærliggjande. Miljø- og livsstilrørsla ”Fremtiden i Våre hender” (FIVH) oppstod nemleg som ein reaksjon på spørsmålet om kva me skal leva for i overflodssamfunnet. FIVH var i så sterk medvind, at New York Times spurte i ein større artikkel på slutten av -70-talet om Noreg ville bli det fyrste vestlege landet som avsto frå vidare velferdsvekst, i solidaritet med verdas fattige og fordi FIVH meinte at me var i ferd med å bli rikare enn me hadde godt av. Erik Dammann, som grunnla FIVH, drøftar i sin sjølvbiografi ”Kontraster” kvifor han og heile rørsla har mislukkast i sitt prosjekt. Det er ei bok Thomas Hylland Eriksen burde lesa.

(Bokmelding i Utropia, studentavisa i Tromsø)

mandag, november 27, 2006

By utan politisk offentlighet?


Morten Strøksnes har dei siste åra skrevet fleire lesverdige bøker. "Hellig krig" frå 2001 er ei sterk framstilling av konflikten i Palestina, medan fjorårets bok "Snøen som falt i fjor" er eit utval av Strøksnes sine artiklar som journalist. Begge bøkene har fått gode kritikkar, og dei viser at Strøksnes er noko så sjeldan som kombinasjonen av ein uredd, polemisk skarp og nyskapande journalist.

No i haust er Strøksnes på ny ute med bok. Denne gongen har han skrevet om Nord-Norge, i ei bok med tittelen "Hva skjer i Nord-Norge?". Boka er kort sagt ei essayistisk reiseskildring med sterk brodd mot det Strøksnes hevdar er ei statleg overstyring av Nord-Norge dei siste tiåra.

I denne samanhengen skal det fyrst og fremst handla om den kritikken Strøksnes rettar mot Tromsø i boka si. Strøksnes presenterer nemleg ei rad kontroversielle påstandar om ståa i ishavsbyen, kor dei fleste fortener meir omtale enn dei til no har blitt tilgodesett i byens aviser.

Strøksnes meiner at både næringslivet og det politiske livet i Tromsø er prega av ein lukka kultur som svekkar byen si utvikling og byen si evne til nytenking. Han ser på Tromsø sin søknad om OL som "en økonomisk variant av å pisse i buksa for å holde seg varm", fordi ei statleg OL-overføring på 15-20 milliardar vil auka den statlege avhengigheten og ikkje føra til den varige veksten som Tromsø-regionen treng. Dessutan peikar Strøksnes på at Tromsø (og heile Nord-Norge) lir sterkt under at dei manglar ein politisk offentlighet og ein synleg intelligentsia.

Kva for reaksjonar har så desse påstandane vekt i Tromsø? Så godt som ingen. Dersom ein kvalifisert debattant hadde lagt fram liknande påstandar om ein av vestlandsbyane, er det all grunn til å tru at både akademia og media i Bergen og Stavanger ville ha brukt tid og spalteplass på å diskutera om vedkomande hadde rett.

Rett nok hadde Nordlys eit intervju med Strøksnes fredag 24.november. Der presenterer avisa Strøksnes sin kritikk av at Nord-Norge er ein splitta landsdel, mellom anna fordi Tromsø ikkje lever opp til statusen som regionhovudstad. Sjølv om denne påstanden er viktig nok, er den meir ufarleg og ukontroversiell enn dei andre påstandane om Tromsø i boka. Kvifor unngår Nordlys å omtala Strøksnes sin kritikk av næringsliv, politikk, media og akademia i Tromsø? Fryktar avisa denne kritikken?

For oss som har lese Nordlys dei siste åra, kjem det absolutt ikkje som noko overrasking at Nordlys vel og oversjå viktige røyster og argument i debatten om byen og landsdelen si framtid. Det er snarare blitt ein trend at det mediet som skal vera landsdelen sitt viktigaste debattforum, gjev liten eller ingen redaksjonell spalteplass til dei stemmene som er i utakt med redaksjonsleiinga sitt politiske syn. I lys av mellom anna dette, er det ikkje vanskeleg å vera einig med Morten Strøksnes i at Nordlys ikkje fungerer som den politiske offentligheten som landsdelen (og byen!) treng.

Tromsø har i løpet av dei siste to-tre åra bygt kulturinstitusjonar som kan konkurrera med langt større byar i Norge og Europa. Dersom den politiske offentligheten i byen skal fortsetja å vera eit kaffeslabberas kor berre dei som innehar dei rette haldningane vert invitert, er det likevel stor fare for at byen vil bli akterutseilt som kultur-, nærings- og utdanningsby. Når skal Nordlys innsjå dette?