fredag, juli 07, 2006

På ferdaveg i Lofoten


I forrige veke var eg på ferie, då reiste eg frå herberge til herberge i Lofoten. Sidan eg no må regnast som ein Lofoten-kjennar, kjem det nokre reisetips til deg som skal reisa til øyriket i nord i framtida:

1. Reis med hurtigruta når du reiser til og frå Lofoten. Sjølv eg, som har sterke aversjonar mot sjøreiser, må innrømma at hurtigruta er noko heilt anna enn andre sjøreiser. Kor ser ein elles slikt lys, og på kva for andre reiser finn ein slikt rom for langsam ro?

2. Ingen som reiser til Lofoten, kan tillata seg å gå glipp av herberget i Stamsund. Ein fargerik fiskebrukeigar driv eit herberge som har 20-30 gjester frå heile verda. Etter å ha overnatta på nokre titals herberge i inn- og utland opp gjennom åra, har eg aldri opplevd ein slik gjestfridom og eit slikt miljø blant gjester og vertskap som i Stamsund.

3. Å reisa i Lofoten er ein form for språkreise. I løpet av mine tre fyrste dagar i Lofoten, snakka eg norsk eit par-tre gonger. Finnes det nokon annan stad her i kongeriket kor engelsk og tysk er fyrstespråka, og kor norsk er forvist til det tredje mest talte språket?

Etter denne erfaringa skal eg slutta å reisa til Berlin for å vedlikehalda tysken min. Frå no av reiser eg på herbergeferie i Lofoten.

4. Les novella "Vin i Kabelvåg" av Arild Nyquist før du reiser til Lofoten, det er ein sjeldan god humoristisk tekst av Lofoten-diktaren. Det er også ein av mine personlege favorittekstar i den norske bokheimem.

Eg leita etter indremisjonskaféen i novella då eg var i Kabelvåg, men fant ingenting. Det var nok best slik.

5. Dersom det ikkje er plass til deg i Herberget i Å, er det eit godt alternativ å overnatta på kyrkjegarden i Moskenes. Eg fann meg ein roleg plass under dei store granane i nordre enden av gravplassen, og har sjeldan sove så stille under open himmel. Pass likevel på å pakka inn eventuell medbrakt mat, eg fekk nemleg erfara at det kryr av sultne måsar i området.

6. Den forblåste øya Værøy ytst i Lofoten husar mange underlege og særeigne attraksjonar. Eg nevner nokre: Ein nedlagt flyplass kor landingstårnet er omgjort til vertshus, ein gravplass (sjå bilete) som ligg så nært havet at sjøsprøyten står inn over gravene i uvêr, ei fråflytta veglaus grend som i si tid livnærte seg på ørnefangst for hand og oppál av ein hunderase som var spesialisert på å fanga sjøfugl til matbruk.

Er du like heldig som meg, kjem du dessutan i prat med den ferierande sosialmedisinaren Per Fugelli på di ferd over Værøy. Det kan bli ditt livs sjanse til å sjå Per Fugelli utan tversoversløyfe.