fredag, oktober 28, 2011

Marknadsstyrt hyrdestund


Då eg i si tid tok innføring i sosiologi ved Universitetet i Oslo, var det ein av professorane som foreleste over temaet «Er vi sosiale når vi har sex?» Dette sosiologiske spørsmålet må vera eitt av dei mest overflødige som nokon gong er stilt.

For oss som er oppvaksne frå -80-talet og fram til i dag, er det få ting som er så sjølvsagt som at me er sosiale når me har sex. På nettet, på fjernsynet og kor ein elles ferdast i det offentlege rom, er det eit tema som overkuggar alle andre: Sex. Ingen kan påstå at det er mogeleg å gjennomføra ei hyrdestund i det private rom utan å forhalda seg til tusenvis av forteljingar om sex som pregar det offentlege rom.

Ei anna utfordring med fokuset på sex i media, er at sex overskuggar alle andre fokus i samfunnsdebatten. Aftenposten trykte forrige laurdag dei mykje omtalte nakenbileta av den tilårskomne Fridtjof Nansen frå boka «Nansens siste kjærlighet». Nakenbileta fekk tilsaman tre sider i Aftenposten si laurdagsutgåve. Debattredaktør Knut Olav Åmas forsvarte oppslaget med at framstillinga av Nansen som naken ikkje forringar oppfatninga av han som menneske, nakenbileta er snarare eit element som bidreg til ei større forståing av heile mennesket Nansen.

Tidlegare i haust kom det to nye biografiar om Fridtjof Nansen. Aftenposten har hatt bokmelding av begge, men dei har vore langtfrå å trykka tre siders oppslag om dei nye perspektiva på Nansen i desse biografiane. Kvifor er det blitt slik at ein naken Nansen er viktigare enn vitskapsmannen og oppdagaren Nansen for å forstå heile mennesket Nansen?

Jürgen Habermas skreiv i sin doktorgrad «Den borgerlige offentlighet» at den offentlege debatten har blitt forringa frå 1800-talet til i nyare tid fordi den i våre dagar fyrst og fremst mobiliserer folk som konsumentar og ikkje som politiske individ. Dei fleste redaktørar vil forsvara sitt fokus på sex i spaltene med å visa til marknadskreftene: Både treff på nettsidene og sjårtal på fjernsynet viser at folk vil ha meir sex i media.

Kan marknaden fortelja oss sanninga om kva me ynskjer som mediebrukarar? Eg er ein av mange som lett kan klikka meg inn på lett fordøyelege sex-oppslag i nettaviser. Likevel bladde eg raskt forbi Aftenposten sitt Nansen-oppslag forrige laurdag.

Kva skjer med media når me overlet vurderinga av kva som skal vera innhaldet til marknaden? Sjølv om mange av oss brukar ein del tid på nettet til å lesa oppslag som er underhaldande og kanskje til og med sex-fokuserte, er eg overtydd om at dei av oss som les seriøse aviser fyrst og fremst ynskjer å lesa oppslag som gjev oss ny og relevant informasjon. Sex kan sjølvsagt ha ein slik funksjon, men sex-oppslag om kjendisar og historiske personar som nesten alltid framstår som rein grafsing, er korkje interessant eller verdt å betala for.

Til professoren som stilte spørsmålet om «vi er sosiale når vi har sex» sitt forsvar skal det seiast at han er ein del av -68-generasjonen. -68-generasjonen var barn i ei tid kor sex var eit tabuemne, og som ein del av opprøret i -68 fekk denne generasjonen ei oppfatning av sex som «det mest naturlege i verda». Denne oppfatninga av sex som noko naturgitt og upåverka, er forlengst historie. I desse dagar er det nok meir nærliggjande å spørja: Er me nokon gong meir marknadsstyrte enn når me har sex?