fredag, oktober 28, 2011

Marknadsstyrt hyrdestund


Då eg i si tid tok innføring i sosiologi ved Universitetet i Oslo, var det ein av professorane som foreleste over temaet «Er vi sosiale når vi har sex?» Dette sosiologiske spørsmålet må vera eitt av dei mest overflødige som nokon gong er stilt.

For oss som er oppvaksne frå -80-talet og fram til i dag, er det få ting som er så sjølvsagt som at me er sosiale når me har sex. På nettet, på fjernsynet og kor ein elles ferdast i det offentlege rom, er det eit tema som overkuggar alle andre: Sex. Ingen kan påstå at det er mogeleg å gjennomføra ei hyrdestund i det private rom utan å forhalda seg til tusenvis av forteljingar om sex som pregar det offentlege rom.

Ei anna utfordring med fokuset på sex i media, er at sex overskuggar alle andre fokus i samfunnsdebatten. Aftenposten trykte forrige laurdag dei mykje omtalte nakenbileta av den tilårskomne Fridtjof Nansen frå boka «Nansens siste kjærlighet». Nakenbileta fekk tilsaman tre sider i Aftenposten si laurdagsutgåve. Debattredaktør Knut Olav Åmas forsvarte oppslaget med at framstillinga av Nansen som naken ikkje forringar oppfatninga av han som menneske, nakenbileta er snarare eit element som bidreg til ei større forståing av heile mennesket Nansen.

Tidlegare i haust kom det to nye biografiar om Fridtjof Nansen. Aftenposten har hatt bokmelding av begge, men dei har vore langtfrå å trykka tre siders oppslag om dei nye perspektiva på Nansen i desse biografiane. Kvifor er det blitt slik at ein naken Nansen er viktigare enn vitskapsmannen og oppdagaren Nansen for å forstå heile mennesket Nansen?

Jürgen Habermas skreiv i sin doktorgrad «Den borgerlige offentlighet» at den offentlege debatten har blitt forringa frå 1800-talet til i nyare tid fordi den i våre dagar fyrst og fremst mobiliserer folk som konsumentar og ikkje som politiske individ. Dei fleste redaktørar vil forsvara sitt fokus på sex i spaltene med å visa til marknadskreftene: Både treff på nettsidene og sjårtal på fjernsynet viser at folk vil ha meir sex i media.

Kan marknaden fortelja oss sanninga om kva me ynskjer som mediebrukarar? Eg er ein av mange som lett kan klikka meg inn på lett fordøyelege sex-oppslag i nettaviser. Likevel bladde eg raskt forbi Aftenposten sitt Nansen-oppslag forrige laurdag.

Kva skjer med media når me overlet vurderinga av kva som skal vera innhaldet til marknaden? Sjølv om mange av oss brukar ein del tid på nettet til å lesa oppslag som er underhaldande og kanskje til og med sex-fokuserte, er eg overtydd om at dei av oss som les seriøse aviser fyrst og fremst ynskjer å lesa oppslag som gjev oss ny og relevant informasjon. Sex kan sjølvsagt ha ein slik funksjon, men sex-oppslag om kjendisar og historiske personar som nesten alltid framstår som rein grafsing, er korkje interessant eller verdt å betala for.

Til professoren som stilte spørsmålet om «vi er sosiale når vi har sex» sitt forsvar skal det seiast at han er ein del av -68-generasjonen. -68-generasjonen var barn i ei tid kor sex var eit tabuemne, og som ein del av opprøret i -68 fekk denne generasjonen ei oppfatning av sex som «det mest naturlege i verda». Denne oppfatninga av sex som noko naturgitt og upåverka, er forlengst historie. I desse dagar er det nok meir nærliggjande å spørja: Er me nokon gong meir marknadsstyrte enn når me har sex?

lørdag, september 17, 2011

Ein sundag i Berlin


Dei siste åra har eg frå tid til annan budd i kortare periodar i Berlin. I april leigde eg meg ein leilighet i ti dagar i byen, det kosta meg ikkje ein gong ein tusenlapp. For meg som elles i året bur nordanfor polarsirkelen var det dessutan ein sjeldan sjanse å få nokre dagar med vår, i ei årstid som er prega av snø og seinvinter på mine kantar.

Ein sundag traska eg barfot rundt i den gamle austtyske bydelen Friedrichshain og såg etter LP-plater og bøker på eit av dei store marknadane som er i Berlin kvar helg. Etter ei stund fann eg ut at eg skulle kjøpa meg ei flaske Paulaner og nyta den på ein benk i den vakre vårsola. Etter to minutt på benken stoppa ein skjeggete kar og spurte om korleis i allverda eg greidde å gå barfot i Berlin?

Dette nyfikne spørsmålet leidde oss inn på ein lengre prat om kunstnarliv, levevis og arbeidsløyse. Det viste seg nemleg at denne karen var ein arbeidsledig amerikanar som hadde budd i Berlin i tjue år, og han hevda at Berlin var den beste byen å bu i for alle arbeidslause som ynskte å leva som kunstnarar.

Etterkvart stoppa mange andre kjenningar av min nye kunstnarven ved benken der eg sat og drakk øl. Etter ti minutt var me rundt åtte-ti personar som stod der og snakka om korleis det er å vera arbeidsledig i Berlin, og om kva som er det gode liv for ein kunstnar. Meg kalla dei berre for «Der Schriftsteller» (forfattaren), sidan eg under press innrømte at det næraste eg kom utøvande kunst, var å skriva nokre ord på PC´en innimellom.

Dette kvardagslege møtet med åtte-ni kunstnarar i Berlin varte vel ein liten halvtime, og eg rakk både å bli invitert på pub med ein av dei og på konsert med ein av dei andre. Det som likevel gjorde sterkast inntrykk, var at ein på ein vanleg sundag i Berlin kunne møta så mange folk som hadde tid til ein halvtimes prat med ein barfot utlending i vårsola.

Kor mange ville ha stoppa i Bergen eller Tromsø om eg sat meg barfot på ein benk ein solrik sundag? Ikkje ei levande sjel, her på berget har me ikkje tid til denslags tidstjuveri.

onsdag, juni 08, 2011

Nye mytar om mat og makt


Kaare Bilden ynskjer å avsløra ei rekkje mytar om mat og handel i boka «Mat er makt». Då er det synd at han sjølv produserer nye mytar om mat og makt.

Kaare Bilden har dei siste åra vore debattansvarleg for vekeavisa Ny Tid, og han skal ha ros for å ha gjort Ny Tid sin debattseksjon uunverleg for alle oss som er interesserte i globale solidaritetsspørsmål. Den siste tida har Bilden arbeidd med boka «Mat er makt», kor han tek mål av seg å lansera ein solidarisk handelspolitikk, og avliva ei rekkje myter som han meiner øydelegg det norske ordskiftet om ein solidarisk landbruks- og handelspolitikk.

Ifølge Bilden er det tre mytar om mat som pregar ordskiftet om maten sin storpolitikk her på berget. Den fyrste er at kortreistmyten, som går ut på at kortreist mat er meir miljøvenleg enn mat som kjem langveisfrå. Bilden peikar på at om ein tek med energibruken i produksjonen, kjem både norsk kjøt og norske grønsaker til kort mot mat som er produsert på sydlegare breiddegrader. Den andre myten er ressursmyten. Bilden hevdar nokså overraskande at det er ein myte at det er for lite mat i verda, og at problemet skuldast fordeling, og ikkje matmangel. Den tredje myten handlar om handel: Ifølge Bilden finnes det ei rekkje aktørar i ordskiftet om maten sin storpolitikk som hevdar at berre marknadsliberalistar meiner at handel er betre enn bistand.

Gjennom heile boka ynskjer Bilden å lansera ein solidarisk handelspolitikk som går i rette med desse mytane. Bilden hevdar at årsaka til at desse mytene har overlevd så lenge, er slett journalistisk arbeid og manglande kompetanse om globale utviklingstrekk i norsk presse. Han går dessutan til åtak på såvel Senterpartiet som Handelskampanjen, som ifølge Bilden tek til orde for ein proteksjonistisk politikk som underkjenner at utvikling fyrst og fremst skjer gjennom handel.

Kva for ein norsk handelspolitikk er det så Bilden ynskjer? Fyrst og fremst tek han til orde for ei sterk auke av norsk matimport frå land i sør, i takt med reduksjon av norsk matproduksjon. Dette vil Bilden gjera gjennom å redusera produksjonssubsidiane i norsk landbruk, og vri støtta over på ivaretaking av kulturlandskap og biologisk mangfald. Ifølge Bilden vil dette både gagna miljøet og fremja utvikling i landa i sør som treng eksportinntektene. Bilden stør seg dessutan på synspunkta til den afrikanske union, som mellom anna tek til orde for at berre land i sør har rett til å verna sin eigen produksjon mot import.

Det er mange gode poeng og mykje bra i Bilden si bok. Bilden sine besøk hos matfolk og bønder i sør og nord utfordrar einkvar som er opptatt av landbruk og handel til å tenkja gjennom kva som er rett medisin i handelspolitikken. Han teiknar også eit truverdig bilete av Afrika som eit «overflødighetshorn», der sjansen for å bli overvektig er vel så trugande som sult for overraskande mange. Det som likevel svekker Bilden si bok, er at han på såpass mange område forenklar biletet av den globale matvaresitusjonen og dei gjeldande maktkonstellasjonane. Dette blir eit paradoks, når hans uttalte føremål med boka er å avliva norske mytar om mat og makt.

Den mest oppsiktsvekkjande forenklinga gjer Bilden når hevdar at det ikkje er matmangel i verda, og at det heller ikkje vil bli det dei neste 40 åra! Denne opplysninga har Bilden funnet på ei nettside som er er ein del av FN sitt tusenårsprosjekt og dessutan i ein rapport frå FN si landbruksavdeling FAO, og han tek derfor opplysninga som god fisk. Problemet er at FAO sin rapport byggjer på ei rekkje føresetnader som kvar for seg synes urealistiske. Eitt døme er at FAO i sin rapport ikkje tatt omsyn til at mykje av jordbruksarealet vil bli brukt til energiproduksjon i framtida. Dessutan føreset FAO ein 80% auke i jordbruksavlingane (på same areal) dei neste 40 åra i land i sør. Dette synes urealistisk med både med omsyn til den energibruken dette vil krevja, og med tanke på dei utfordringane mange land står overfor i høve til klimaendringar (td. erosjon og tørke). Ei rekkje internasjonale ekspertar kjem då også til diamentralt motsette konklusjonar av Bilden. Til dømes har grunnleggjaren av Worldwatch Institute, Lester Brown, skrevet at dei rekordhøge kornprisane dei siste åra er innleiinga til ein epoke kor matmangel og kamp om knappe ressursar vil prega verda.

Bilden har sjølvsagt rett i at kortreist mat ofte er langt mindre miljøvenleg enn importert mat. Eitt iaugnefallande døme er norske tomatar, som ofte er produsert i energislukande drivhus. Då seier det seg sjølv at spanske og marokkanske tomatar dyrka på friland er langt meir miljøvenlege. Samtidig saknar ein som lesar ei breiare drøfting av krisa i industrilandbruket hos Bilden. Med dei globale utfordringane me står overfor knytt til klimaendringar og bruk av energi, vatn og kjemiske sprøytemiddel, er det ingen tvil om at industrilandbruket i løpet av dei neste tiåra må bli langt meir miljøvennleg og ekstensivt. Anten me satsar på matproduksjon i nord eller sør, representerer dagens industrilandbruk ein av dei største truslane mot miljøet på jorda.

Er det i ein slik situasjon særleg lurt å satsa mindre på norsk landbruk, som har betre føresetnader for miljøvennleg drift enn dei fleste andre vestlege land? Me har stor tilgang på vatn, mindre behov for å bruka kjemiske sprøytemiddel på grunn av lite smittepress, små gardsbruk og svært store utmarksressursar. Den norske landbrukspolitikken er rett nok feilslegen, og derfor har me fått eit energikrevjande og lite miljøvenleg landbruk i dag. Føresetnadane for det motsette er likevel dei aller beste.

Det er også grunn til å trekkja fram Bilden sin visjon for ein meir solidarisk utviklingspolitikk som eit forenkla bilete av dei utfordringane land i sør står overfor. Sjølv om Bilden brukar nokre sider på slutten av boka til å drøfta idear om korleis verdas handelsorganisasjon (WTO) kan bli meir demokratisk, er det påfallande kor stor tru han har på at ein ny handelsavtale skal gje fattige land sjansen til å utvikla seg ut av fattigdom gjennom handel med mat. Bilden hevdar at WTO på grunn av konsensusprinsippet (alle land må vera einige før noko vert vedtatt) er ein eigna organisasjon til å sikra fattige land sine interesser. Utfordringa er at all erfaring viser at dei fattige landa vert overkøyrt i desse forhandlingane, trass i konsensusprinsippet. Det er til dømes ikkje vanskeleg å vera eining med Bilden i at vestlege land sine eksportsubsidiar ofte øydelegg marknadane i sør, og at slike subsidiar burde vera ulovlege. Likevel synes det urealistisk at desse subsidiane skal bli tatt vekk gjennom WTO-forhandlingane. Korleis kan me då fortsetja å ha tiltru til dette systemet?

Mat- og handelspolitikk er eit svært komplekst politisk felt. Kaare Bilden skal ha honnør for at han gjer eit heilhjarta forsøk på å foreina miljø- og utviklingsomsyn i sin visjon for ein ny handelspolitikk. Då er det synd at han må forenkla biletet av ressurssituasjonen og maktkonstellasjonane i verdssamfunnet såpass mykje for å få visjonen sin til å bli truverdig.

(Bokmelding i Utveier, medlemsbladet til Attac.)

fredag, mars 25, 2011

Draumen om lønnsslippen


Ei viktig erfaring for meg er at eg har arbeidd for kost og logi nesten to år i store økologiske landbrukskollektiv i Skottland og Irland. Desse åra var mine mest intense, og arbeidsdagen varte ofte frå tidleg morgon til seint om kvelden. I beste fall fekk me nokre få fritimar om kvelden. Denne arbeidserfaringa viste meg kor viktig det er å sjå på den tida ein brukar på arbeid som like viktig som fritida. I landbrukskollektiva var det ingen lønnslipp eller frihelg som blenka i det fjerne, og det sosiale samværet me opplevde i arbeidet var heile lønnslippen.

Dette er ein verdi eg har prøvd å ta med meg inn i arbeidet på ulike institusjonar her heime. Sjølv om kollegane mine ofte tel timar til vaktslutt, dagar til helg og månader til ferie, prøver eg alltid å sjå på den tida eg brukar på arbeid som like viktig som fritida mi. Eg trur også at dette fører til at eg blir ein betre arbeidstakar, fordi eg er meir tilstades i augneblinken på jobb enn det eg elles ville ha vore.

torsdag, mars 17, 2011

Den kollektive livsløgna


Ein vanleg norsk dagdraum er den om å vinna i lotto eller tipping og brått bli rik. Eg er ein av desse som leverer tippekupongen min veke etter veke med ein gryande draum om å ein dag ta den store gevinsten. Kvifor gjer eg det? Eg er jo elles ein av dei som avviser eitkvart innspel om velhaldne nordmenn som meg sjølv, treng meir pengar.

På eit foredrag eg ein gong var på, så ein økonom at lottoinnsatsen er den mest usosiale skatten me har, fordi det fyrst og fremst det er dei med låge inntekter som gjennom innsatsar i Norsk Tipping sine spel finansierer idrett og kultur i det norske samfunnet. Sidan vinnarsjansen på hovudpremien er svært liten, er det dessutan eit tilsynelatande irrasjonelt val å bruka pengane sine på Tipping eller Lotto.

Fyrst og fremst handlar nok gambling om ein få ein augneblinks fridom frå den grå, ofte forflata kvardagen som pregar dei fleste av oss. Når eg sit på puben i Tromsø med tippekupongen i handa ein laurdags ettermiddag, er alle tankar om jobb, studiar og global urettferd milevis unna, og eg er fullstendig overgitt til vona om at tippekupongen skal slå inn. Det er mine frie timar kvar veke, det er ein av dei fristundene mange av oss treng i ein kvardag som elles er nokså grå.

Eit britisk forskingsprosjekt samanlikna for ei tid sidan folk som var blitt brått rike med folk som brått hadde blitt invalidiserte. Prosjektet konkluderte med at deltakarane i dei to gruppene var omtrent like lukkelege eitt år etter at den brå endringa i livsvilkår hadde intruffet. Lottomillionærane var altså ikkje varig lukkelegare av å bli millionærar. Meir overraskande er det nok at dei som vart invalidiserte ikkje vart mindre lukkelege eitt år etter at dei hadde vore utsett for ei ulukke. Begge gruppene hadde slått seg til ro med sin nye situasjon, og var omtrent like lukkelege som før.

Kva drøymer me så om? Vel, om eg vart sjølv vart rik, ville eg neppe gjort noko meir spektakulært enn å ha reist rundt i verda og arbeida for kost og logi på økologiske gardsbruk og andre ideelle prosjekt. Kanskje ville eg gjort det i mange år. Det er i grunnen ein absurd draum, sidan min private økonomi er så romsleg at eg har sjansen til å gjera dette i lang tid om eg verkeleg vil. Slik er det nok også med mange andre tipparar sine draumar. Likevel drøymer me vidare, såpass til livsløgn treng me vel for å leva i kvardagen.