torsdag, mars 29, 2007

Eit vakkert dokument


«De europeiske Attac-organisasjonene anser EU i sin nåværende form å være et alvorlig hinder for å opnå demokrati, grunnleggende rettigheter, sosial trygghet, likestilling og et bærekraftig miljø. Den Europeiske Union lider av manglende demokrati, legitimitet og åpenhet, og styres av et sett med traktater som tvinger en nyliberalistisk politikk på medlemslandene og resten av verden.»

Med desse orda opnar dei europeiske Attac-organisasjonane sitt forslag til ny grunnlov for EU. Dokumentet er både den skarpaste kritikken og den flottaste visjonen for EU me har sett på lang tid, dette bør alle europearar med interesse for demokrati lesa.

Dokumentet viser også kvifor mange av oss er EU-motstandarar: EU er i all hovudsak ein udemokratisk og elitistisk overnasjonal institusjon. Dersom ein trur på demokratiske rettar som deltaking, openheit og representativt styre, er det svært vanskeleg å forsvara EU som institusjon.

Samtidig vil det alltid vera knytt ein viss ambivalens til det å vera EU-motstandar. Anten me vil eller ikkje, er Noreg ein del av Europa, og aleinegangen vår set oss utanfor og hindrar oss i å vera med å påverka EU i ein meir demokratisk retning.

Uansett er det liten tvil om at stemmeseddelen med «NEI» som me nytta i 1994, står seg minst like godt idag som for tretten år sidan. Fyrst den dagen EU tek nokre grunnleggjande demokratiske grep, er det tid for å tenkja seg om ein gong til.

søndag, mars 25, 2007

Kvifor vil folk bu på bygda?


Denne veka gjorde eg tidleg påskeretrett til Tysnes for å ta att alt det pensumet eg ikkje har fått lese til no i semesteret. Ingen kaffibar, verdsvevsforbindelse eller ølstove freistar mitt urbane middelklassesinn her i bygda.

Eg har no likevel tatt meg tid til å oppdatera meg på kva som har skjedd på Tysnes sidan sist. I kveld har eg nemleg lese dei siste utgåvene av lokalavisa Tysnes frå perm til perm. I korttekst, er det kommunevalget, fråflytting og lokal næringsutvikling som har stjåle overskriftene dei siste vekene. Fråflyttingsdebatten interesserer meg naturleg nok mest, sidan eg i mange år var ein uttalt bygde- og gardsromantikar.

I debatten om kva øykommunen Tysnes med sine 2700 innbyggjarar treng for å få fleire til å bli bufaste på øya, dominerer storslegne planar om rådyre vegutbyggingar og gigantiske hengebruprosjekt. Dei siste vekene har attpåtil eit par av dei lokale politiske partia lansert ein hovudlaus plan om eit badeland til 20-30 millionar.

I all hovudsak meiner eg at alle desse planane byggjer på ei grunnleggjande misforståing om kva som er verdien i å bu på bygda. Eg kjenner ingen som vil flytta på landet fordi dei trur at bygda kan konkurrera med byen i utval av fritidstilbod eller i vegstandard. I staden er det nærleiken til naturen og verdien av å kunne leva langsommare, som får folk til å ynskja og flytta til bygda. I lys av dette, må målet for Tysnes i åra framover vera å bevara mest mogeleg urørt natur og halda i hevd eit tradisjonelt kulturlandskap. Desse natur- og kulturverdiane må setja premisset for både vegutbygginga og for næringsutviklinga. Derfor er både planane om kyststamveg over Tysnes og planane for utbygging av Onarheimsvassdraget, feilslegne prosjekt i eit busetjingsperspektiv.

Etter mitt syn, er Tysnes si hovudutfordring snarare eit mentalitetsproblem enn eit vegproblem. Fyrst og fremst fordi folk her altfor eksluderande ovanfor nye innflyttarar. Nokre av dei tilflyttarane eg kjenner her i bygda, er knapt nok integrerte etter å ha budd her i over 20 år. Eg har budd på omkring 10-12 ulike stader i inn- og utland dei siste åra, av desse regnar eg berre Stord som like eksluderande som Tysnes.

Reisetida frå Tysnes til Bergen er omlag ein og ein halv time idag. I løpet av nokre år vil den vera nede i ein time. Den dagen det skjer, er det truleg berre den eksluderande bygdementaliteten som kan hindra Tysnes frå å bli ein av dei raskast veksande kommunane i Hordaland.

mandag, mars 19, 2007

Dobbeltmoralens retorikk


I ulike sosiale samanhengar har eg dei siste månadane oftare og oftare møtt folk som har hevda at tida er mogen for å avslutta den norske oljealderen. Umiddelbart kan dette uansett synast som ein realitetsfjern idé: Korleis kan ein i fullt alvor hevda at Noreg skal leggja ned industrien som legg grunnlaget for ein generøs velferdsstatpolitikk idag, og for framtige pensjonsinntekter for oss som er unge idag?

Svaret på dette kan i korttekst formulerast i tre ord: Den globale oppvarminga. Sidan i haust, då klimadebatten fann sin rettmessige plass i norsk offentlighet, har det gått opp for mange at den vestlege sivilisasjonen er truga dersom me fortset å basera energiforbruket vårt på fossile kjelder.

Samtidig som såpass tungsindige innsikter er i ferd med å vinna fotfeste mellom vanlege folk, fortset det globale politiske spelet med forhandlingar om nærast ubetydelege utsleppsreduksjonar. Her i landet vert dette paradokset understreka ved at arbeidet for framtidige norske klimautslepp fortset med uforminska styrke (gjennom kjøp av klimakvotar, leiteboring, utbygging av nye oljefelt, oppkjøp av utanlandske oljeressursar), parallelt med at politikarane overbyr kvarandre i mål om reduksjonar i klimagassutsleppa. Kor lenge skal norske politikarar få fortsetja denne dobbeltmoralske politikken og retorikken?

Noreg framstår som ein av dei største pådrivarane for klimaendringane, både i form av petroleumspolitikken og energibruken. Så seint som i 2005 var me verdas 3.største olje- og gasseksportør, og me er eit av dei landa i verda som brukar mest energi/innbyggjar. Det er også verdt å leggja merke til at Noreg har ein påfallande svak miljøprofil i forvaltninga av oljeformuen. Om nokre månader passerer det norske oljefondet 2000 milliardar kroner. Desse pengane vert idag nesten utelukkande investert i vestlege aksje- og finansmarknadar, oljefondet manglar eit mandat til å investera i land i sør og i fornybar energi. Tanken er at oljefondet om nokre tiår skal sikra at nokre millionar nordmenn skal kunne ovra seg i verdas mest generøse statlege pensjonsordning. Samtidig tyder mykje på at det vil vera heilt andre utfordringar enn pensjonen som vil uroa oss om 40-50 år. Idag framstår Noreg med stolthet som fredsmeklar og verdsmeister i bistand på den internasjonale politiske arenaen, dette biletet vil fort bli snudd på hovudet den dagen verda «oppdagar» kor usolidarisk og egoistisk Noreg forvaltar oljeformuen.

Tida er inne for å setja ein ny dagsorden i norsk politikk. Den dobbeltmoralske retorikken, som både tek til orde for ein offensiv oljeutvinningspolitikk og for ein ansvarleg klimapolitikk, kan ikkje lenger aksepterast. Den Saudi-arabiske oljeministeren Even Sheikh Zaki Yamani sa ein gong: «The stone age did not end for lack of stone, and the oil age will run out long before the world run out of oil». Når skal norske politikarar vakna til at me som styrtrik oljenasjon har eit særskilt ansvar for å utvikla teknologi som kan framskynda overgangen frå fossil til karbonfri energi?

Dei eg har møtt som tek til orde for stopp i den norske oljeutvinninga, har det til felles at dei ikkje er politisk aktive. Det er uansett ingen tvil om at synspunktet deira om stopp i oljeutvinninga, er langt meir i takt med vitskapen enn nokon norsk stortingspolitikar er. Eit fleirtal av klimaforskarane, ser det som truleg at me treng minimum 60% reduksjon i dei globale klimagassutsleppa innan 2030 dersom me skal unngå klimaendringar ute av kontroll. Skal greia dette, er er ei nedbygging av norsk og internasjonal petroleumsindustri einaste utveg. Overgangen frå fossil til karbonfri energi vil sjølvsagt ikkje bli enkel, det trengst enorme investeringar og ditto politisk vilje for at karbonfrie energikjelder i hovudsak skal kunne overta for fossile energikjelder innan 20-25 år.

Overgangen til karbonfri energi at nokre land er viljuge til å gå i spissen, og satsa tungt på fornybar energi. Noreg har eit spesielt ansvar for å bli eit av desse landa, gjennom oljefondet har me også muligheten. Ved å omdefinera forvaltningsmandatet for det norske oljefondet, kan oljefondet gå frå å vera eit defensivt investeringsfond i vestleg økonomi, til å bli eit offensivt, globalt investeringsfond i fornybar energi.

Det eventyrlege kapittelet i norsk historie som heiter «Den norske oljealderen» fyller snart førti år. Kor lenge skal me venta før den norske offentligheten og norske politikarar innser at det einaste ansvarlege er å innsjå at denne epoken går mot slutten?

(Innlegget vart trykt i Nordlys 29.mars 2007)
(trykt i Bergens Tidende 15.april 2007)

søndag, mars 11, 2007

Kjedereglar som skriftemål


Kjedereglane har nådd bloggverda. Ein viss Misha BB har gitt meg sisten, som betyr at eg må avsløra seks «rare» ting om meg sjølv. Denne formen for skriftemål er vel eit teikn på det endelege forfall i bloggarverda, skulle ikkje blogginga vera ein ny politisk og kulturell offentlighet?

Vel, i desse eksibisjonistiske tider er eg ikkje verre på det enn at eg meir enn gjerne avslører seks rare ting om meg sjølv. Denne kjederekka stoppar uansett her. Eg bryt med fullt overlegg reglane, som er trøyttsam lesning. Desse seks relativt ukjente og rare fakta om meg, markerer slutten på ei kjedemailrekke:

1. I ungdommen var Ragnar Hovland (sjå bilete) favorittforfattaren min. Den gongen meinte eg at dette var hans mest innsiktsfulle tekst: «Eg er ikkje vanskeleg. Dei jentene som har lyst på meg, har eg lyst på.»

2. I 1982 sette eg fyr på mitt fyrste hus. Den brannen vart også mitt fyrste framsideoppslag i ei norsk avis.

3.I mange samanhengar er det vanskeleg å innrømma ovanfor seg sjølv at ein er i utakt med si eiga tid og sin eigen generasjon. I andre samanhengar, kjennest det som eit privelegium å vera utdatert. I den oppheta debatten på slutten av -90-talet om kor vidt toalettet i Uggdal kyrkje (på Tysnes) skulle vera eit utedo eller eit innedo, var eg stolt av å tilhøyra dei som forsvarte utedo-alternativet med nebb og klør. Det får vera grenser for kva ei kyrkje kan tillata seg, også i moderne tid.

4. Tidleg i tjueåra hadde eg ein Honda FZ50 automatgirsmoped med maksimalfart på 45 km/t på flate strekningar. Den gongen reiste frå bygd til bygd på mopeden i regionane aust og sør for Bergen, eg kunne køyra opp mot 400 kilometer på ein dag på veg til eit viktig oppdrag i ei eller anna bortgøymt bygd. Eg var likevel ingen reisande emissær i vestlansbygdene, i staden var eg ein høgst middelmådig assistentdommar på veg til viktige oppdrag i 3. og 4.divisjon i lokalfotballen i Sunnhordland og Hardanger.

5. I 1993, då eg var 18 år, var eg medskulding i at Lars Sponheim fekk ei rikspolitisk karriere. Eg misbrukte nemleg min fyrste stemmeseddel til å stemma Sponheim inn på Hordalandsbenken på tinget for partiet Venstre. Dette forklarar kvifor eg idag er prinsipiell motstandarar av at tenåringar skal ha stemmerett.

6. Det styggaste eg nokonsinne har tenkt: «Når eg blir stor, skal eg skaffa meg ei fin kone og ein god jobb. Eg skal dessutan kjøpa meg eit hus, ein bil, ein hund, eit stereoanlegg, ein elektrisk tannbørste, ein svær flatskjerm-TV med kabel, ei lita hytte på fjellet må det bli, og kva med snekke, treng ikkje alle ein tur på fjorden innimellom, og gløym no ikkje den store boksamlinga eg skal ha, det skal bli tider det, med hus, kone, ungar og eit stabilt liv og medlemsskap i NAF og pensjonsspareordning, og eg skal gå i full jobb slik at heile familien kan reisa på pakkeur til syden to veker i året, og om laurdagen skal eg drikka øl i ein mjuk sofa og sjå på fotball på Canal Pluss, og når sundagen kjem skal me gå tur med hunden og ungane i ein vakker lauvskog, og eg skal stå der i lauvskogen og kjenna på ei enkel glede, eg skal stå der og kjenna på at eg har alt eg har drøymt om å få, og då skal eg vel endeleg stå der og føla meg lukkeleg?».

tirsdag, mars 06, 2007

Tønsvika revisited!


I går kveld kom eg tilbake til mitt gamle husvære i Tønsvika (sjå bilete). Her er mangt som før, fyrst og fremst er både naturen og stilla her ute slåande for ein som ferdast i storbyen til kvardags.

Eitt og anna nytt er her no óg, mellom anna har det vore utskiftning i saueflokken sidan eg budde her i vår. Ein ny vær er komen til gards, og gamlesøya «Isadora» har fått selskap av ei namnlaus ungsøye. Dessutan har hankatten på tunet vore gjennom eit hamskifte sidan sist, og han framstår no med langt større tyngde enn før.

I går baud min gamle husvert på både fruktte og skjenk, og den månelyse marskvelden forsvann i kjent snakk om småskala sauedrift og mykje av det andre som livet i Tønsvika og Tromsø har å by på. Grytidleg idag reiste husverten min på jobb, og eg har fyrt i omnen og nytt ein stille dag i lenestolen i stova i Tønsvika. Av og til treng ein å kjenna på pusten av sine tidlegare liv, og det kan vera mykje inspirasjon å henta i dei prosjekta ein har bak seg. Tida i Tønsvika representerer vel kanskje det næraste eg har vore det ideale studentliv, med rom for både akademia, organisasjonarbeid og ein roleg, naturnær kvardag. I lys av denne insikta, er det vel inga overrasking at eg her ute tenkjer mykje på kva i all verda eg tenkte på då eg flytta til Oslo i haust?

Eg skal likevel ikkje kvila lenge i nostalgien her i Tønsvika. Allereie i morgon vender eg nasen sørover. Det skal vera landsmøte i Attac til helga, og me har som alltid nokre viktige saker på tapetet. Mellom mangt anna, skal me velga mellom «Oljeformueforvaltning i eit globalt rettferdsperspektiv» og «Global migrasjon» som kunnskapsnettverkssatsing det neste året. Det er ingen løyndom at eg ber på ein spesiell godhug for fyrstnevnte sak, etter mitt syn treng Attac ein såpass offensiv sak om me skal behalda vår viktige posisjon i offentligheten.

Trass i at det burde vera nok å fokusera på utfordringane i Attac og på studiet, har altså reisa mi til Tønsvika vekt minner om farne dagar i meg. Når skal denne evige reisinga mi mellom ulike prosjekt og stader ta slutt? Er eg nokon gong i stand til å vera tilstades i all denne reisinga? Og ikkje minst: Er det eigentleg nokon samanheng mellom alle desse prosjekta mine?

No må eg likevel sei at eg har fått jamnt nok av melankoli og ettertanke. Herifrå ser eg framover. Det får vera grenser for sjølvdestruktivitet, no er det storbyen og landsmøtet i Attac som gjeld. Tønsvika og anna gamalt rask får klara seg sjølv. Så får heller tida visa om eg nokonsinne lærer meg å leva i takt med dei innsiktene som livet lærer oss.