fredag, november 20, 2009

Klimaspekulasjon eller klimarettferd?


Ei utviding av kvotemarknadane er eit sentralt tema for klimaforhandlingane i København i desember. Noko av det som vil bli drøfta, er å inkludera fangst og lagring av CO2, kjernekraft, jord og skog i den sokalla grøne utviklingsmekanismen. Dette er ein form for klimakvoter som gjer rike land sjansen til kjøpa seg rett til å forureina heime, mot at dei finansierer klimatiltak i fattige land. Dette er ikkje berre ei ansvarsfråskriving frå dei rike landa som har det historiske ansvaret for klimaendringane, det opnar også for storstilt spekulasjon i klimakvotar.

Det vert også diskutert om landbruket, som står for 14 prosent av dei totale utsleppa i verda, skal inkluderast i kvotesystemet, fordi landbruksjorda kan nyttast til CO2-fangst. Multinasjonale selskap har allereie byrja å hamstra landområder, og det er ingen tvil om at ei innlemming av landbruket i den grøne utviklingsmekanismen vil intensivera privatiseringa av fellesgodene.

Det er dei rike landa som har skapt klimakrisa. Desse landa, Noreg inkludert, har derfor ei enorm økologisk gjeld til verdssamfunnet. Ein realistisk og rettvis klimapolitikk kjem ikkje bort frå at dei rike landa må ta ein stor del av klimagassutsleppa på heimebane. Dessutan må dei rike landa samtidig stilla med støtteordningar til å omstilla energiproduksjonen i land i sør i ein fornybar retning. I staden for ein marknadsbasert klimahandel som både uthular dei rike landa sitt ansvar og som til no har gitt svært små resultat i land i sør, treng me FN-baserte støtteordningar for omstilling av energiproduksjonen i sør som er administrerte av landa i sør sjølv.

Den marknadsbaserte klimapolitikken som kjem til å stå i fokus under forhandlingane i København, viser at det fyrst og fremst er økonomiske interesser som pregar den globale klimapolitikken i dag. Så lenge det er dei rike landa sine kortsiktige økonomiske eigeninteresser som får dominera dagsorden i klimaforhandlingane, er det utopisk å tru at me kan løysa klimautfordringa.

Me treng ein ny global klimapolitikk. Ein politikk som tek på alvor dei vestlege landa sitt historiske ansvar for klimaendringane, og som derfor tek til orde for store utsleppsreduksjonar i rike land og generøse overføringar frå nord til sør for omstilling til fornybare energiformer.

(Lesarinnlegg for Attac Tromsø)
Foto: Mobilization for Climate Justice-London