fredag, november 20, 2009

Klimaspekulasjon eller klimarettferd?


Ei utviding av kvotemarknadane er eit sentralt tema for klimaforhandlingane i København i desember. Noko av det som vil bli drøfta, er å inkludera fangst og lagring av CO2, kjernekraft, jord og skog i den sokalla grøne utviklingsmekanismen. Dette er ein form for klimakvoter som gjer rike land sjansen til kjøpa seg rett til å forureina heime, mot at dei finansierer klimatiltak i fattige land. Dette er ikkje berre ei ansvarsfråskriving frå dei rike landa som har det historiske ansvaret for klimaendringane, det opnar også for storstilt spekulasjon i klimakvotar.

Det vert også diskutert om landbruket, som står for 14 prosent av dei totale utsleppa i verda, skal inkluderast i kvotesystemet, fordi landbruksjorda kan nyttast til CO2-fangst. Multinasjonale selskap har allereie byrja å hamstra landområder, og det er ingen tvil om at ei innlemming av landbruket i den grøne utviklingsmekanismen vil intensivera privatiseringa av fellesgodene.

Det er dei rike landa som har skapt klimakrisa. Desse landa, Noreg inkludert, har derfor ei enorm økologisk gjeld til verdssamfunnet. Ein realistisk og rettvis klimapolitikk kjem ikkje bort frå at dei rike landa må ta ein stor del av klimagassutsleppa på heimebane. Dessutan må dei rike landa samtidig stilla med støtteordningar til å omstilla energiproduksjonen i land i sør i ein fornybar retning. I staden for ein marknadsbasert klimahandel som både uthular dei rike landa sitt ansvar og som til no har gitt svært små resultat i land i sør, treng me FN-baserte støtteordningar for omstilling av energiproduksjonen i sør som er administrerte av landa i sør sjølv.

Den marknadsbaserte klimapolitikken som kjem til å stå i fokus under forhandlingane i København, viser at det fyrst og fremst er økonomiske interesser som pregar den globale klimapolitikken i dag. Så lenge det er dei rike landa sine kortsiktige økonomiske eigeninteresser som får dominera dagsorden i klimaforhandlingane, er det utopisk å tru at me kan løysa klimautfordringa.

Me treng ein ny global klimapolitikk. Ein politikk som tek på alvor dei vestlege landa sitt historiske ansvar for klimaendringane, og som derfor tek til orde for store utsleppsreduksjonar i rike land og generøse overføringar frå nord til sør for omstilling til fornybare energiformer.

(Lesarinnlegg for Attac Tromsø)
Foto: Mobilization for Climate Justice-London

torsdag, august 06, 2009

Det daglege brød


I går betalte eg mitt fyrste avdrag på studielånet. «It´s payback time» etter femten år som student, gardsgut og fleksibel lausarbeidar. Kva skal eg no bruka tida til? Det mest nærliggjande i våre dagar er å kasta seg ut i lønsarbeid med høgt forbruk, huslån og tidsklemme som ramme om kvardagen. Er det det me eigentleg vil?

Økonomisk er det ingen grunn til at eg skulle arbeida heiltid. Eg eig ingenting anna enn ei halvstor boksamling og ein sliten motorsykkel, og har ikkje større faste utgifter enn at ti arbeidsdagar i månaden kan finansiera dei. Det er dessverre slik at samanhengen mellom inntekt og forbruk nesten er absolutt i vårt samfunn. Jo meir ein tener, jo meir forbruker ein. Sidan eg aldri har hatt fast inntekt, har eg endå ikkje dratt på meg rådyre forbruksvanar som eg treng å finansiera gjennom fulltids arbeid. Eg slit heller ikkje med storslegne planar om å realisera meg sjølv i arbeidslivet, utover at eg vil ha ein jobb kor eg gjer noko eg trivest med.

Etter å ha fundert i nokre veker over kva eg eigentleg vil bruka tida mi til, har eg kome til at det likevel vil vera feil av meg å gå ut i heiltids lønsarbeid. Mitt val er å jobba omlag 50-60% i helsevesenet i tida framover, og bruka mest mogeleg tid på lesing og politisk arbeid. Dette valet framstår irrasjonelt i møte med dei ideala og dei normene som ser ut til å prega samfunnet i desse dagar. Eigedom og kapital er så sterke verdiar i vårt samfunn, at å velja dei vekk virkar absurd. Samtidig er det eit paradoks at me som er vaksne no, meir enn nokon generasjon har sjansen til å bruka tida og energien vår på akkurat det me vil. Kvifor let då så mange av oss økonomi og eigedom avgjera vala våre?

På sundag gjer eg vendereis frå mitt sumareksil i vest til ein kort haust og ein nesten endelaus vinter i Tromsø. I Tromsø skal eg bruka dagane mine på å lesa verdslitteratur, blogga, driva politisk aktivisme og jobba to-tre dagar i veka. Kan ein få det betre?

måndag, juli 27, 2009

Når vaknar samtidsforfattarane?


På onsdag var me på framføring av utdrag frå Olav H.Hauge sine dagbøker med Henrik Mestad som opplesar på Baroniet i Rosendal. Om det er noko verk i norsk litteratur eg skulle ha lese for lenge sidan, er det desse dagbøkene. Mestad si kraftfulle formidling av Hauge sin sjukdom og Hauge sitt liv i litteraturen gjorde opplesinga til ei kulturoppleving av dei sjeldne.

Møtet med bokmennesket Hauge har også fått meg til å fundera litt over mi eiga lesing av norsk skjønnlitteratur, eller snarare kvifor eg i så liten grad les den norske samtidslitteraturen. Dei siste åra har det nemleg blitt slik at eg i mindre og mindre grad har lese skjønnlitteratur. Kanskje er det noko med tidsånda. Den tida og den roen som lesing av skjønnlitteratur føreset, er jo ikkje akkurat det ein har mest av i desse dagar kor både verdsveven og mobiltelefonen gjer kvardagen langt meir rastlaus enn den var før. Mest av alt er det nok likevel faglitteraturen som har overteke for skjønnlitteraturen når eg les. Dei siste åra har eg nemleg hatt ei kjensle av at den norske samtidslitteraturen i liten grad omhandlar dei spørsmåla som er viktige for min generasjon: Kor ofte møter me ein norsk roman som tematiserer klimaendringane som eksistensiell erfaring? Når høyrte me om ein roman som omhandlar den radikale islamiseringa av Noreg som så mange målber? Og når kjem romanen som ynskjer å løysa FrP-koden ein gong for alle?

Det som er ekstra trist ved at dei fleste skjønnlitterære forfattarane har så dårleg evne til å løfta blikket, er at skjønnlitteraturen har eit anna potensial i seg enn faglitteraturen. Sjølv om det kjem ut forbausande mange interessante og opplysande politiske debattbøker her i landet, er det nok berre ein liten krins som les denslags. Skjønnliteraturen har ikkje berre potensial til å nå fleire, den har også større kraft i seg enn faglitteraturen. Eller som Kjartan Fløgstad nyss sa om skjønnliteraturen i Morgenbladet: «...den typen sannhet som bare fiksjonen kan skape – som er mer sofistikert og har flere nivåer enn man kan få frem i sakprosa.»

Samtidslitteraturen omhandlar i dag hovudsakleg kvardagens problem og gårdsdagens forelskingar. Dette er sjølvsagt viktige spørsmål, men utfordringa for forfattarane er at desse spørsmåla er omhandla i heile verdslitteraturhistorien. Viss eg vil lesa om forelsking, går eg til Dostoljevkij og Dickinson, og ikkje til Knausgård eller Marstein. Sjølvsagt må litteraturen likevel omhandla det me er opptatt av i kvardagen. Samtidslitteraturen treng uansett ein større himmel over seg, ein himmel som peikar ut over den enkelte romanfiguren sine kvardagslege problem og forelskingar. Det verkar i dag som om alt for mange av dei unge forfattarane er mest opptatt av seg sjølv og sitt eige image. Kvar finn ein den unge romanforfattaren som gjev ein jamn faen i kven som kjem på Aschehoug sin hagefest, og som ikkje er nøgd med seg sjølv for ho har forandra det norske samfunnet med sine bøker? Neppe her i landet.

Som tredveåring i Noreg er eg barn av ein generøs velferdsstat som har servert meg eit sutalaust liv med sikker økonomi, gratis helse og garantert pensjon. Mitt norske pass sikrar dessutan at eg alltid vil vera på trygg økonomisk grunn, uansett kor galt det går med meg. Samtidig er eg ufriviljug blitt sosialisert inn i eit norsk forbruksmønster og i eit velferdsjag som trugar heile den vestlege sivilisasjonen. Om nokre tiår vil etterkomarane mine spørja meg om kvifor eg fortsatte å leva så overdådig, når eg visste at det var dei som måtte betala prisen? Korleis kan me leva meiningsfullt med slike føresetnader? Desse spørsmåla er aktuelle for alle oss som er mellom 20 og 40 år, og dei skulle derfor vera eit perfekt utgangspunkt for einkvar ambisiøs romanforfattar. Kvifor er det då ingen som vågar?

Foto: Ralph del Valle

tysdag, juli 21, 2009

Bygdeungdom


To ungdomar på motorsykkel ein laurdagskveld. Den eine med eit gevær over skuldra.

Dei skal ut og skyte nokon, og så skal dei på dans. Ungdomen har mange fiendar, og likar å danse.


Fritt etter diktet Ungdom av Ragnar Hovland

måndag, juli 13, 2009

Demokrati utan solidaritet?


Det undrar meg ofte kor egoistiske folk er når dei stemmer ved val. Studentane brukar stemmeretten til å skaffa seg meir studiestøtte, småbarnsforeldra stemmer med tanke på barnehagedekning og -prisar og kunstnarane stemmer på det partiet som vil verna opphavsrettane og gje kunstnarane meir pengar. Slik sett framstår me alle som prostituerte i møte med politikken, me er villige til å selga stemma vår til det partiet som er høgstbydande på vårt interessefelt.

Denne vridninga av politikken i retning av at politikarane prøver å vera høgstbydande i høve til ei rekkje interessegrupper, øydelegg muligheten til å løysa nokre av dei store politiske utfordringane me står overfor både nasjonalt og globalt. For å ta eitt døme: Korleis skal Noreg bli kvitt sin dobbeltmoralske posisjon i miljøpolitikken, når ein moralsk ansvarleg posisjon i miljøpolitikken mellom anna vil innebera at me må innføra større avgifter på drivstoff, reiser og nokre typar forbruk? Bilistane, turistane og shopparane vil garantert bli mobiliserte mot ein avgifsauke i media for å forhindra at Noreg nokonsinne kan bli eit foregangsland på miljø. Dette vil umogeleggjera at nokon politikar kan gå inn for at Noreg kan gå inn for at Noreg skal ha ein moralsk ansvarleg posisjon i miljøpolitikken.

Det er vanskeleg å sei kvar ein skal leggja ansvaret for denne fordumminga av politikken. Trekløveret veljarane, politikarane og media er alle medskuldige i at me har fått eit politisk klima kor dei overordna politiske spørsmåla berre spelar ei birolle. Kva skal me gjera for å krevja den viktige politiske debatten attende? Eg trur det er viktig å abonnera på dei seriøse avisene (og boikotta VG!) og prøva å delta i den politiske debatten med eit og anna innspel som bidreg til å belysa kor sneversynt norsk politisk debatt som oftast er. Det er lite og truleg inneffektivt, men det er i hvert fall noko.

Historisk sett er det ikkje vanskeleg å sjå at det norske samfunnet hadde vore langt mindre utvikla om ikkje tidlegare generasjonar hadde kjempa for betre økonomiske kår for seg sjølv og sine. I våre dagar har denne progressive krafta uansett tatt ei vending som gjer den destruktiv. Sjølvsagt skal me ikkje slutta å kjempa for våre eigne interesser, men langt fleire av oss må likevel innsjå at politikken rommar utfordringar som er mykje viktigare enn våre private økonomiske interesser.

Sjølv er eg ein bleikfeit akademikar med ordna økonomi, god jobb og mykje fritid. Med eit slikt utgangspunkt, er det absurd å tenkja seg at eg skulle la mitt val av stemmesetel ved stortingsvalet til hausten bli avgjort av mine private økonomiske interesser. Stemmesetelen min er rett og slett for verdifull til at eg kan la slike luksusproblem få prega kva for eit samfunn etterkomarane våre skal leva i.

Illustrasjon: "Money Rules Man" av Ben Heine

sundag, juli 05, 2009

Eit arbeidarklasseparadis?


For ei tid sidan møtte eg ein jamgamal kar frå nabokommunen vår som uttrykte misnøye over si eiga lønnsinntekt. Han sa: «Medan me som har tatt ei mangeårig akademisk utdanning berre har 3-400 000 i årsinntekt, tenar dei verste pøblane frå ungdomsskulen to-tre gonger så mykje i oljeindustrien. Kva skal me då med utdanning?» Dette er sjølvsagt ei spissformulert uttaling, det er nok berre arbeidarane i oljeindustrien som ligg såpass langt over oss akademikarar i løn. Uansett kjem me ikkje forbi at ein del grupper arbeidarar tener godt her i landet, og det er få land som relativt sett verdset sine akademikarar så lågt. Burde me alle lengta etter å vera arbeidarar i det norske arbeidarklasseparadiset?

Min påstand er at det er eit gode for både samfunnet og for alle lønnstakarane å bu i eit land kor arbeidarane har god løn, og kor akademikarane kjem relativt sett dårlegare ut i høve til arbeidarane enn i dei fleste andre land. For det fyrste er det ikkje meir enn rett og rimeleg. Arbeidarar lever langt kortare liv enn oss akademikarar, og derfor får dei også mykje lågare pensjonsutbetalingar. Dei har også tyngre fysisk arbeid og opplever stress meir tyngande i kvardagen. Me skal heller ikkje gløyma at arbeidarane har mindre politisk makt gjennom at dei ikkje har den same kulturelle og sosiale kapitalen som akademikarane.

For oss som er akademikarar, fører også det relativt høge lønnsnivået for arbeidsfolk til at den generelle levestandarden og skatteinngangen er høgare enn den ville ha vore om klasseskilja var større. Det finnes vel knappast finnast noko betre kompliment for den norske velferdsstatsmodellen enn at dei verste pøblane oppnår ei skattbar lønnsinntekt som er langt over gjennomsnittet. Dette betyr at samfunnet har greidd å skapa vinnarar av folk som i mange samanhengar ville ha vore taparar som mottok støtte frå det offentlege. Arbeidarane sine gode kår er derfor ein av hovudårsakene til at dei nordiske velferdsstatsmodellen har vore så vellukka.

Det skal ikkje gløymast at det langtfrå er slik at alle arbeidarane i Noreg lever i eit paradis. I mange sektorar er løna så låg at ein ikkje har råd til å kjøpa sitt eige husvære eller reisa på årlege feriar slik som den jamne nordmann gjer. Den misunninga som ein del med høgare utdanning har mot arbeidarklassen, rettar seg derfor fyrst og fremst mot dei som anten arbeidar til sjøs, i enkelte industrisektorar eller i oljebransjen.

Dei siste åra har det uansett vore slik at forskjellane har blitt større mellom dei med låg og dei med høg inntekt, og slik sett kan me vel knapt kalla Noreg noko arbeidarklasseparadis. Utviklinga mot svekka arbeidarrettar og -inntekter er faktisk eit trugsmål mot den nordiske velferdsstatsmodellen. Misunninga mot arbeidarklassen blir derfor kontraproduktiv, den er med på å riva ned inntektsgrunnlaget og solidariteten som vår velferdsstat byggjer på.

Når skal me som er akademikarar i Noreg leggja misunninga på hylla, og innsjå at me er usedvanleg priveligerte?

Illustrasjon: Harry W. Scheuch

laurdag, juni 20, 2009

Songen om oss


Korleis blir ein fan av eit engelsk fotballag? Dei fleste finn seg vel eit lag gjennom ein kamp dei har sett på TV, eller dei vel det same favorittlaget som vener eller slektningar har. Mitt val var noko annleis. I 87/88-sesongen, då eg var 12 år, følgte eg nøye med på resultata i alle divisjonane i England. Eg var Liverpool-fan på denne tida, men greidde ikkje å mobilisera nokon skikkelig lidenskap for ein klubb som hadde fans på kvart gatehjørne. Etterkvart i sesongen la eg merke til at laget som toppa 3.divisjon, Sunderland, hadde eit namn som minna om regionen eg sjølv kjem frå, nemleg Sunnhordland. Fyrst la eg berre merke til resultata til mitt nye «lokale» favorittlag, etter kvart vart det klarare og klarare at eg hadde fått meg eit nytt engelsk favorittlag.

I tenåra var eg ein heilhjarta samlar av kampprogram. Eg brukte nesten alle pengane eg hadde på program og fanziner, og etterkvart hadde eg ei nesten komplett samling av Sunderland sine heimeprogram frå min fødselsdag i 1975 til ein gong utpå -90-talet. Ein av mine største opplevingar som Sunderland-supporter er absurd nok augneblinken då eg mottok mitt fyrste heimeprogram frå 89/90-sesongen i posten. I den tida var me rundt ti medlemmer i supporterklubben som abonnerte på alle heimekampane på video (!), og VHS-kassettane blei sendt rundt etter ei liste. Postgangen mellom Sverige og Norge førte til at kampen kom i posten mellom ein og fire månader etter at den var spelt. I 89/90-sesongen hadde eg store problem med å få tak i eit Sunderland-heimeprogram i byrjinga av sesongen, fordi ingen av programkontaktane mine hadde dei for sal. Ein gong i slutten av november fekk eg omsider eit program i posten, saman med ein av videokassettane frå eit medlem i Trondheim som nett hadde vore i Sunderland. I fleire veker svevde eg på ei sky over at eg endeleg hadde fått tak i eit heimeprogram frå 89/90-sesongen, og eg trur aldri at eg har blitt så glad for nokon gåve i mitt liv som eg vart for kampprogrammet frå Sunderland-Barnsley i 89/90.

I 1992 reiste eg på min fyrste tur til Sunderland for å sjå heltane mine mot Chelsea i kvartfinalen i FA-cupen. Den gongen var eg 16 år, og visste at eg aldri ville få lov av foreldra mine til å reisa på fotballkamp til England på eiga hand. Derfor sa eg til dei at eg skulle på skitur med nokre vener. Sannninga var at eg i fem dagar var på fotball- og pub-til-pub-tur i nordaust England. Stemninga var ikkje så god i stova då eg kom heim og fortalte at eg ikkje hadde vore på skitur, men på fotballtur til England... Sjølve kampen mot Chelsea er nok den beste Sunderland-kampen eg nokonsinne har sett, og trøkket var heilt vanvittig då Sunderland slo Chelsea 2-1 på vegen til finalen på Wembley. Eg hadde dessverre reiseforbod og var dessutan blakk, så eg kom meg aldri på korkje semifinale eller finale.

Året etter, i 1993, var eg i Sunderland ei veke i februar. Tilfeldighetane ville det til at Sunderland sin dåverande manager, Malcolm Crosby, fekk sparken i den veka eg var der. Eg var på handletur i byen den dagen Crosby fekk sparken, og blei stoppa av BBC på gata for å bli intervjua om kva eg synes om avgjerda om å sparka han. Eg støtta klubben i avgjerda, og lanserte Terrry Butcher som den perfekte mananger for Sunderland på bakgrunn av hans internasjonale rutine. Eg trur at heile Sunderland må ha sett BBC North sin nyhetsreportasje om at Crosby var sparka den onsdagskvelden, for om fredagen var eg den store helten på puben, og alle ville spandera øl på den unge, skråsikre nordmannen som hadde korrekt spådd at Butcher skulle bli ny Sunderland-manager. Heldigvis gjenkjente dei same folka meg ikkje eit knapt år seinare, då Butcher sine dårlige resultat og hans klønete og usikre omgang med media hadde gjort han til ein meget upopulær mann i byen...

Eg meldte meg inn i supporterklubben i -89, og på heile -90-talet var det høgtid i stova når medlemsbladet kom med posten. I 1997 var det litt krisestemning i supporterklubben, fordi ingen ville overta redaktørjobben etter Gerth Andersson. Sidan eg hadde ei viss erfaring med å driva medlemsblad, og likte og skriva, takka eg like godt ja til å vera redaktør i eit år. På denne tida gjekk eg på økologisk jordbruksskule i Aurland i Sogn og Fjordane. Medlemsbladproduksjonen var ein aktivitet som vart pressa inn i travle skule- og arbeidsdagar, derfor fann eg ut av sjølve produksjonen av medlemsbladet måtte skje i skuletida. I dei to dagane før bladet skulle sendast ut, sysselsatte eg derfor halve klassen i timane i klasserommet med å sortera sider, stifta, bretta og skriva adresser på nesten 200 medlemsblad. Dessverre kunne eg berre driva supporterklubben i eitt år, fordi eg flytta til Skottland hausten 1998.

Dei siste åra har turane til Sunderland dessverre blitt sjeldnare. Hovedårsaka til det er at eg har budd i Tromsø dei siste seks åra, og fyrst i fjor byrja Norwegian å fly direkte frå Tromsø til London. I april i år var eg omsider tilbake og såg kampen på Stadium of Light mot Manchester United. Sjølv om det endte i tap, var det ei stor oppleving å vera tilbake etter så mange år. Etter kampen blei eg sitjande saman med ein norsk kamerat på ein pub nede i sentrum og drikka øl. Etter eit par øl kom ein kar frå nabobordet bort bort til oss. Han hadde høyrt at me snakka norsk, og viste seg å også vera Sunderland-fan frå Sunnhordland! Sjølv om det kan synast langt frå Sunderland til Sunnhordland, er banda sterkare enn ein skulle tru!

(Innlegg i «Roker Roar» nr. 2 2009. «Roker Roar» er medlemsbladet til Sunderland sin skandinaviske supporterklubb)

Foto: flickr.com