fredag, mai 07, 2010

Intelligens eller interesse?


I desse dagar har eg gjort vendereis til min faste eksamenseksil i Stamsund i Lofoten. Denne gongen skal eg finna ut av kvifor det er så vanskeleg for oss som kjem frå arbeidarklassebakgrunn å lukkast i akademia. Harald Eia og Ole Martin Ihle har dei siste vekene vunne stor oppslutning på å peika på at me frå arbeidarklassen er mindre gåverike enn resten av befolkninga, og at me derfor har lett for å styra unna høgare utdanning. Mi eiga erfaring frå over 20 års skulegang, tyder på at dei tek feil.

I grunnskulen og på vidaregåande skule var eg i beste fall ein middelmådig elev. Eg hadde liten interesse for faga, og såg på pensum som noko som ikkje vedkom meg. Karakterane mine var langt under middels, og eg gjorde sjeldan eller aldri lekser. På barne- og ungdomsskulen hadde eg også åtferdsproblem, og eg fekk nedsett karakter i åtferd fleire gongar. Då eg tok allmennfagleg studieretning var det like før eg slutta på grunn av dårleg trivsel, men etter oppfordringar frå mor mi og fleire andre vaksne eg kjente valte eg likevel å fullføra.

Etter å ha fullført allmennfagleg studieretning, tok det ni år før eg byrja å studera på universitetet. Åra etter allmennfag brukte eg til dels på utdanning på vidaregåande nivå (økologisk jordbruksskule og folkehøgskule), dels til arbeid for kost og logi i det økologiske landbruket og dels til strøjobbar i ulike lågtlønsyrke. I desse åra før eg byrja på universitetet var eg nok likevel ikkje nokon tradisjonell ufaglært arbeidar med arbeidarklassebakgrunn. Fyrst og fremst fordi eg hadde ei sterk interesse for politikk, og eg var aktivt med i ulike politiske organisasjonar på den politiske venstresida. Eg las også aviser og bøker dagleg.

Overgangen til akademia då eg var 27 år var derfor mindre enn den ville ha vore for mange andre med den same sosiale bakgrunnen som meg. For å spissformulera, lærte eg truleg meir sosiologi av å lesa Klassekampen dagleg dei sju siste åra før eg byrja å studera, enn eg har gjort på dei fire åra då eg har studert sosiologi ved universitetet.

Det viktigaste spørsmålet i denne forteljinga om meir enn 20 års skulegong er dette: Korleis kunne eg gå frå å vera ein mislukka, skuletrøytt og ofte einsam elev til å bli ein universitetsstudent med gode resultat og eit stort sosialt nettverk? Sjølv trur eg at mykje av løysinga ligg i interessa for faget. I åra etter vidaregåande utvikla ei politisk interesse som førte til at eg oppfatta kunnskap generelt og samfunnsvitskap spesielt som heilt nødvendig for å forstå det samfunnet me lever i og min egen plass i dette samfunnet. Politikk og samfunnsvitskap er i dag i sterk grad med på å konstituera min identitet, på vidaregåande skule var desse faga berre eit nødvendig vonde eg måtte gjennom. Gjennom å ha utvikla ei nærast eksistensiell interesse for samfunnsvitskaplege problemstillingar, kan det også sjå ut til at eg har tatt til meg den forståinga av språket og dei akademiske kodane som det seiest at studentar med arbeidarklassebakgrunn ofte manglar.

Harald Eia og Ole Martin Ihle sin tese om at me som kjem frå arbeidarklassen er mindre intelligente enn dei som kjem frå middelklassen og overklassen, er i beste fall tvilsam. Anten den er rett eller ikkje, er problemet med denne tesen at den ser bort frå at dei aller fleste er intelligente nok til å ta høgare utdaning. Dersom dei som er skulesvake i utgangspunktet innser kva dei skal med kunnskapen, er det berre eit fåtal som ikkje er gåverike nok til å ta høgare utdanning. Å ta høgare utdanning handlar i all hovudsak om interesse og disiplin, intelligens er sterkt overvurdert.