onsdag, januar 30, 2008

Når kvardagen blir svart


Romanen «Kommoden» startar med at Jolver Nilsen står heime og lagar suppe til feiringa av sin eigen femtiårsdag. Då kona midt i matlaginga kjem heim med ein stygg kommode som ho vil gje han i gebursdagsgåve, seier han til henne at mykje har forandra seg i livet deira og at ho har blitt ekkel. Denne opninga innleiiar ei forteljing om ein femtiåring si seksuelle og eksistensielle krise. Jolver Nilsen ser på seg sjølv som ein aldrande og ynkeleg mann utan noko prosjekt eller nokon retning etter at ungane er blitt vaksne og flytta heimanfrå, det er det uforløyste som på fleire plan pregar femtiåringen sitt liv.

Det er kanskje mest nærliggjande å lesa «Kommoden» som ein refleksjon over menn og deira utilstrekkelege seksualitet. Romanen opnar likevel for langt vidare perspektiv, Jolver Nilsen si eksistensielle krise strekker seg nemleg mykje lenger enn seksualiteten. Utan å bli moraliserande, problematiserer Belsvik i denne romanen avstanden mellom ideala og røyndommen innanfor rammene av kjernefamilien: Kva skal ein gift 50-åring leva for, når leiligheten er nedbetalt, ungane har flytta ut og sex-lysten har avtatt?

«Kommoden» skil seg frå Rune Belsvik sine tidlegare bøker. Dei varme, humoristiske dialogane frå tidlegare Rune Belsvik-bøker er utelatt i denne boka. Det einsidige alvorstunge preget gjer boka noko tunglesen, og ein vert som lesar frista til å leggja den frå seg før den er ferdiglesen. Samtidig kan ein lesa det sterke alvoret i denne boka som ein styrke, det gjer at ein kjem tett innpå den fortvilinga som pregar Jolver Nilsen sitt liv.

Kvifor skal studentar lesa ein roman som handlar om noko så fjernt som femtiåringar sine samlivsproblem og eksistensielle kriser? Kanskje aller mest fordi «kommoden» er ein sterk advarsel om kor galt det kan gå dersom ein overgir seg til det hedonistiske idealet som pregar vår tid sitt mediaskapte bilete av det gode liv. Jolver Nilsen si eksistensielle krise viser kor utilstrekkeleg vår kultur sitt fokus på sex, forbruk og kjernefamilie er. Jolver lengtar etter eit større fokus i kvardagen, som er mindre egoistisk. Det burde me også gjera, før det er for seint.