lørdag, februar 16, 2008

Me som elskar papiravisa


Dei siste dagane har det vore problem med postgangen til Nord-Noreg, på grunn av uvêret som har prega landsdelen. Desse problema har blant mykje anna ført til at me som abonnerer på Klassekampen her i byen, har fått kjenna på kva ei eksistensiell krise er. Postproblema har nemleg ført til at Klassekampen ikkje er komen til byen på tre dagar!

I desse tre dagane har eg nok ein gong vendt attende til spørsmålet: Korleis greier alle dei som ikkje abonnerer på ei kvalitetsavis å leva i kvardagen? Når ein les ei god avis, er ein så heldig at ein får fokusera på noko anna og større enn dei problema som pregar den jamne arbeidsdagen. Sjølvsagt kan god litteratur og sakprosa bidra til det same, men kor mange har tid og overskot til denslags?

Midt i den ørkenvandringa som desse tre avislause dagane har vore, vart opplagstala for norske aviser i 2007 offentleggjort av Medienes Landsforbund. Medan dei siste åra har vist ein solid tilbakegang for dei fleste aviser, er det mykje inspirasjon å henta i årets tal. Tendensen er klar: Dei seriøse region- og riksavisene, som satsar på kommentarstoff og grundig nyhetsstoff, er i framgang. Dei tabloide riks- og regionavisene, som satsar på vald, livsstil og kjendisstoff, er i motgang. Her er tala for dei avisene eg les fast eller i helgane:

Aftenposten morgonutgåve 250 179 (1676)
Bergens Tidende 87 668 (+592)
Dagens Næringsliv 81391 (+4807)
Dag og Tid 7228 (+22)
Klassekampen 11 386 (+1277)
Morgenbladet 18 735 (+3015)
Nordlys 27647 (-443)

Mellom dei avisene eg sjeldan les, gjekk både VG og Dagbladet tilbake, sjølv om tilbakegangen for begge var mindre i år enn i fjor.

Det nye mediebiletet som har oppstått etter framveksten av internet, stiller heilt nye utfordringar for papiravisa. Som tala frå Medienes landsforbund viser, ynskjer dagens lesarar aviser som satsar på grundig og seriøst nyhets-, kultur- og kommentarstoff. I slike tider sluttar det aldri å forundra meg at avisleiinga i til dømes Nordlys fortset si satsing på tabloid og lettbeint journalistikk. Den antiintellektuelle profilen i det aller meste redaksjonelle stoffet i Nordlys, er ei sikker oppskrift på krise for papiravisa, fordi denne journalistikken alltid vil tapa mot nettaviser. Når vaknar redaksjonsleiinga i Nordlys til denne innlysande slutninga?

Det seiest ofte at papiravisa kjem til å døy ut om nokre år. Mange meiner nettet vil bli dødsstøtet for avisa, kven vil lesa aviser når det same stoffet finnes gratis på verdsveven? Dette er etter mitt syn ein tese med store manglar. Bruk av internet skapar for mange av oss rastløye, både i form av at me hoppar i teksten og fordi me stadig klikkar vidare til nye saker. Me som søkjer fordjuping, utfordring og opplysing i papiravisa, skiftar nok ikkje til nettet med det fyrste.