mandag, juli 27, 2009

Når vaknar samtidsforfattarane?


På onsdag var me på framføring av utdrag frå Olav H.Hauge sine dagbøker med Henrik Mestad som opplesar på Baroniet i Rosendal. Om det er noko verk i norsk litteratur eg skulle ha lese for lenge sidan, er det desse dagbøkene. Mestad si kraftfulle formidling av Hauge sin sjukdom og Hauge sitt liv i litteraturen gjorde opplesinga til ei kulturoppleving av dei sjeldne.

Møtet med bokmennesket Hauge har også fått meg til å fundera litt over mi eiga lesing av norsk skjønnlitteratur, eller snarare kvifor eg i så liten grad les den norske samtidslitteraturen. Dei siste åra har det nemleg blitt slik at eg i mindre og mindre grad har lese skjønnlitteratur. Kanskje er det noko med tidsånda. Den tida og den roen som lesing av skjønnlitteratur føreset, er jo ikkje akkurat det ein har mest av i desse dagar kor både verdsveven og mobiltelefonen gjer kvardagen langt meir rastlaus enn den var før. Mest av alt er det nok likevel faglitteraturen som har overteke for skjønnlitteraturen når eg les. Dei siste åra har eg nemleg hatt ei kjensle av at den norske samtidslitteraturen i liten grad omhandlar dei spørsmåla som er viktige for min generasjon: Kor ofte møter me ein norsk roman som tematiserer klimaendringane som eksistensiell erfaring? Når høyrte me om ein roman som omhandlar den radikale islamiseringa av Noreg som så mange målber? Og når kjem romanen som ynskjer å løysa FrP-koden ein gong for alle?

Det som er ekstra trist ved at dei fleste skjønnlitterære forfattarane har så dårleg evne til å løfta blikket, er at skjønnlitteraturen har eit anna potensial i seg enn faglitteraturen. Sjølv om det kjem ut forbausande mange interessante og opplysande politiske debattbøker her i landet, er det nok berre ein liten krins som les denslags. Skjønnliteraturen har ikkje berre potensial til å nå fleire, den har også større kraft i seg enn faglitteraturen. Eller som Kjartan Fløgstad nyss sa om skjønnliteraturen i Morgenbladet: «...den typen sannhet som bare fiksjonen kan skape – som er mer sofistikert og har flere nivåer enn man kan få frem i sakprosa.»

Samtidslitteraturen omhandlar i dag hovudsakleg kvardagens problem og gårdsdagens forelskingar. Dette er sjølvsagt viktige spørsmål, men utfordringa for forfattarane er at desse spørsmåla er omhandla i heile verdslitteraturhistorien. Viss eg vil lesa om forelsking, går eg til Dostoljevkij og Dickinson, og ikkje til Knausgård eller Marstein. Sjølvsagt må litteraturen likevel omhandla det me er opptatt av i kvardagen. Samtidslitteraturen treng uansett ein større himmel over seg, ein himmel som peikar ut over den enkelte romanfiguren sine kvardagslege problem og forelskingar. Det verkar i dag som om alt for mange av dei unge forfattarane er mest opptatt av seg sjølv og sitt eige image. Kvar finn ein den unge romanforfattaren som gjev ein jamn faen i kven som kjem på Aschehoug sin hagefest, og som ikkje er nøgd med seg sjølv for ho har forandra det norske samfunnet med sine bøker? Neppe her i landet.

Som tredveåring i Noreg er eg barn av ein generøs velferdsstat som har servert meg eit sutalaust liv med sikker økonomi, gratis helse og garantert pensjon. Mitt norske pass sikrar dessutan at eg alltid vil vera på trygg økonomisk grunn, uansett kor galt det går med meg. Samtidig er eg ufriviljug blitt sosialisert inn i eit norsk forbruksmønster og i eit velferdsjag som trugar heile den vestlege sivilisasjonen. Om nokre tiår vil etterkomarane mine spørja meg om kvifor eg fortsatte å leva så overdådig, når eg visste at det var dei som måtte betala prisen? Korleis kan me leva meiningsfullt med slike føresetnader? Desse spørsmåla er aktuelle for alle oss som er mellom 20 og 40 år, og dei skulle derfor vera eit perfekt utgangspunkt for einkvar ambisiøs romanforfattar. Kvifor er det då ingen som vågar?

Foto: Ralph del Valle

tirsdag, juli 21, 2009

Bygdeungdom


To ungdomar på motorsykkel ein laurdagskveld. Den eine med eit gevær over skuldra.

Dei skal ut og skyte nokon, og så skal dei på dans. Ungdomen har mange fiendar, og likar å danse.


Fritt etter diktet Ungdom av Ragnar Hovland

mandag, juli 13, 2009

Demokrati utan solidaritet?


Det undrar meg ofte kor egoistiske folk er når dei stemmer ved val. Studentane brukar stemmeretten til å skaffa seg meir studiestøtte, småbarnsforeldra stemmer med tanke på barnehagedekning og -prisar og kunstnarane stemmer på det partiet som vil verna opphavsrettane og gje kunstnarane meir pengar. Slik sett framstår me alle som prostituerte i møte med politikken, me er villige til å selga stemma vår til det partiet som er høgstbydande på vårt interessefelt.

Denne vridninga av politikken i retning av at politikarane prøver å vera høgstbydande i høve til ei rekkje interessegrupper, øydelegg muligheten til å løysa nokre av dei store politiske utfordringane me står overfor både nasjonalt og globalt. For å ta eitt døme: Korleis skal Noreg bli kvitt sin dobbeltmoralske posisjon i miljøpolitikken, når ein moralsk ansvarleg posisjon i miljøpolitikken mellom anna vil innebera at me må innføra større avgifter på drivstoff, reiser og nokre typar forbruk? Bilistane, turistane og shopparane vil garantert bli mobiliserte mot ein avgifsauke i media for å forhindra at Noreg nokonsinne kan bli eit foregangsland på miljø. Dette vil umogeleggjera at nokon politikar kan gå inn for at Noreg kan gå inn for at Noreg skal ha ein moralsk ansvarleg posisjon i miljøpolitikken.

Det er vanskeleg å sei kvar ein skal leggja ansvaret for denne fordumminga av politikken. Trekløveret veljarane, politikarane og media er alle medskuldige i at me har fått eit politisk klima kor dei overordna politiske spørsmåla berre spelar ei birolle. Kva skal me gjera for å krevja den viktige politiske debatten attende? Eg trur det er viktig å abonnera på dei seriøse avisene (og boikotta VG!) og prøva å delta i den politiske debatten med eit og anna innspel som bidreg til å belysa kor sneversynt norsk politisk debatt som oftast er. Det er lite og truleg inneffektivt, men det er i hvert fall noko.

Historisk sett er det ikkje vanskeleg å sjå at det norske samfunnet hadde vore langt mindre utvikla om ikkje tidlegare generasjonar hadde kjempa for betre økonomiske kår for seg sjølv og sine. I våre dagar har denne progressive krafta uansett tatt ei vending som gjer den destruktiv. Sjølvsagt skal me ikkje slutta å kjempa for våre eigne interesser, men langt fleire av oss må likevel innsjå at politikken rommar utfordringar som er mykje viktigare enn våre private økonomiske interesser.

Sjølv er eg ein bleikfeit akademikar med ordna økonomi, god jobb og mykje fritid. Med eit slikt utgangspunkt, er det absurd å tenkja seg at eg skulle la mitt val av stemmesetel ved stortingsvalet til hausten bli avgjort av mine private økonomiske interesser. Stemmesetelen min er rett og slett for verdifull til at eg kan la slike luksusproblem få prega kva for eit samfunn etterkomarane våre skal leva i.

Illustrasjon: "Money Rules Man" av Ben Heine

søndag, juli 05, 2009

Eit arbeidarklasseparadis?


For ei tid sidan møtte eg ein jamgamal kar frå nabokommunen vår som uttrykte misnøye over si eiga lønnsinntekt. Han sa: «Medan me som har tatt ei mangeårig akademisk utdanning berre har 3-400 000 i årsinntekt, tenar dei verste pøblane frå ungdomsskulen to-tre gonger så mykje i oljeindustrien. Kva skal me då med utdanning?» Dette er sjølvsagt ei spissformulert uttaling, det er nok berre arbeidarane i oljeindustrien som ligg såpass langt over oss akademikarar i løn. Uansett kjem me ikkje forbi at ein del grupper arbeidarar tener godt her i landet, og det er få land som relativt sett verdset sine akademikarar så lågt. Burde me alle lengta etter å vera arbeidarar i det norske arbeidarklasseparadiset?

Min påstand er at det er eit gode for både samfunnet og for alle lønnstakarane å bu i eit land kor arbeidarane har god løn, og kor akademikarane kjem relativt sett dårlegare ut i høve til arbeidarane enn i dei fleste andre land. For det fyrste er det ikkje meir enn rett og rimeleg. Arbeidarar lever langt kortare liv enn oss akademikarar, og derfor får dei også mykje lågare pensjonsutbetalingar. Dei har også tyngre fysisk arbeid og opplever stress meir tyngande i kvardagen. Me skal heller ikkje gløyma at arbeidarane har mindre politisk makt gjennom at dei ikkje har den same kulturelle og sosiale kapitalen som akademikarane.

For oss som er akademikarar, fører også det relativt høge lønnsnivået for arbeidsfolk til at den generelle levestandarden og skatteinngangen er høgare enn den ville ha vore om klasseskilja var større. Det finnes vel knappast finnast noko betre kompliment for den norske velferdsstatsmodellen enn at dei verste pøblane oppnår ei skattbar lønnsinntekt som er langt over gjennomsnittet. Dette betyr at samfunnet har greidd å skapa vinnarar av folk som i mange samanhengar ville ha vore taparar som mottok støtte frå det offentlege. Arbeidarane sine gode kår er derfor ein av hovudårsakene til at dei nordiske velferdsstatsmodellen har vore så vellukka.

Det skal ikkje gløymast at det langtfrå er slik at alle arbeidarane i Noreg lever i eit paradis. I mange sektorar er løna så låg at ein ikkje har råd til å kjøpa sitt eige husvære eller reisa på årlege feriar slik som den jamne nordmann gjer. Den misunninga som ein del med høgare utdanning har mot arbeidarklassen, rettar seg derfor fyrst og fremst mot dei som anten arbeidar til sjøs, i enkelte industrisektorar eller i oljebransjen.

Dei siste åra har det uansett vore slik at forskjellane har blitt større mellom dei med låg og dei med høg inntekt, og slik sett kan me vel knapt kalla Noreg noko arbeidarklasseparadis. Utviklinga mot svekka arbeidarrettar og -inntekter er faktisk eit trugsmål mot den nordiske velferdsstatsmodellen. Misunninga mot arbeidarklassen blir derfor kontraproduktiv, den er med på å riva ned inntektsgrunnlaget og solidariteten som vår velferdsstat byggjer på.

Når skal me som er akademikarar i Noreg leggja misunninga på hylla, og innsjå at me er usedvanleg priveligerte?

Illustrasjon: Harry W. Scheuch