tirsdag, september 26, 2006

I skuggen av oljeformuen


Utviklinga i oljefondet dei siste ti åra ber preg av å vera ei eventyrleg forteljing. I Noregs Bank sin årsrapport frå 2005 kan me lesa om eit oljefond som i sin spede start i 1996 auka verdien til 47 milliardar i det fyrste året. Ved sist årskifte var verdien av oljefondet svimlande 1399 milliardar, og verdiauken i 2005 aleine var på nesten 400 milliardar.

1400 milliardar kroner er nesten tre gongar så mykje som verdas samla årlege bistandsbudsjett, det er langt meir enn 50 norske bistandsbudsjett. Kvar einaste nordmann har no godt over 300 000 kroner investert på verdas børsar. Om utviklinga fortset i same takt som den har gjort sidan 1996, er me alle millionærar i år 2020!

I lys av dette, er det ingen tvil om at oljefondet er uttrykk for eit unikt, historisk privilegium som er komen Noreg til gode. Det finnes ikkje noko anna land som har så store finansinntekter, at dei i fare for overoppheting av økonomien må setja store delar av inntektene inn i eit internasjonalt investeringsfond som skal sikra pensjonen til innbyggjarane i framtida. Samtidig er ikkje dette eit privilegium utan ansvar. Noreg sine verdiar i oljefondet byggjer på ei oljeutvinnig og ein petroleumseksport som bidrar sterkt til den globale oppvarminga. I desse dagar er så godt som alle klimaforskarar einige om at den globale oppvarminga trugar mange økosystem på jorda, mange klimaforskarar fryktar i verste fall at den menneskelege sivilisasjonen kan vera truga. Det er derfor rimeleg å hevda at oljefondet byggjer på ei ressursforvaltning som trugar den økologiske balansen på jorda.

Kvar og korleis forvaltar me så vårt privilegium og vårt globale ansvar gjennom oljefondet? 98% av fondet var ved årsskiftet investert i rike land i den vestlege verda. Omlag 2% er investert i nyindustrialiserte land (til dømes Singapore og Sør-Afrika), ingenting er investert i dei fattigaste landa i verda. Det ligg idag intet mandat i forvaltninga av oljefondet som tilseier at investeringar innanfor miljøsektorar er å foretrekka, gjennom til dømes å investera i fornybar energi. I korttekst er forvaltninga av det norske oljefondet med på å forsterka kløfta mellom rike og fattige land, samtidig som forvaltninga lid under eit manglande miljømandat.

Det har likevel skjedd visse forbetringar i forvaltninga av oljefondet dei siste par åra. I desember 2004 vart dei nye retningslinjene i eigarskapsutøvinga for oljefondet sett i verk. Dette inneber både at oljefondet er blitt ein meir aktiv eigar (gjennom til dømes å delta på generalforsamlingane i selskapa ein er medeigar i), og til at oljefondet no har mulighet til å trekka seg ut av visse investeringar som er uetiske. Det er likevel urovekkjande at mandatet som er nedfelt i dei etiske retningslinjene, er såpass svakt at Noreg fortset å investera i til dømes selskap i tobakks- og våpenindustrien og i selskap som produserer miljøgifter.

I lys av dei utfordringane verda står ovanfor, er det på høg tid at finansdepartementet gjev Noregs Bank ein nytt forvaltningsmandat for oljefondet. For det fyrste må det etiske mandatet styrkast, oljefondet bør trekka seg ut av langt fleire uetiske investeringar. Dessutan er tida inne for å endra investeringsprofilen i oljefondet: Kvifor ikkje investera ein stor andel av oljefondet i fattige land og i eit internasjonalt satsingsfond på fornybar energi?

Ei ny forvaltning av oljefondet vil gje oss noko mindre pensjonssparing, til gjengjeld vil den kunna setja ny internasjonal dagsorden i forsking på fornybar energi og i solidaritetsarbeid. Kor lenge skal me kvila i illusjonen om at god vekst i pensjonsfondet vil sikra trygg alderdom for nokre millionar bleikfeite nordmenn om førti-femti år, når den globale klima- og ressursutviklinga peikar mot at det blir andre utfordringar enn pensjonen som kjem til å uroa oss mest i år 2050?

Det er liten tvil om at ei ny forvaltning av oljefondet med investeringar i fattige land og i fornybar energi, har andre implikasjonar enn ei noko svekka norsk pensjonssparing. I næraste framtid skal eg derfor koma tilbake til korleis me kan utforma ei ny forvaltning av oljefondet.

I kveld nøyer eg meg med å konstatera at oljefondet er uttrykk for eit historisk privilegium for Noreg. Til no har me på ingen måte utnytta potensialet i dette privilegiet.

lørdag, september 23, 2006

I fuglefangarane sine fotefar





Som tidlegare nevnt, var eg i sumar på ein sju-åtte timars spasertur over Værøy, ein forblåst fiskerikommune ytst i havet i Lofoten. Lagnaden ville det til at eg på mi ferd over Værøy endte opp i det fråflytta utværet Måstad (sjå bileta). Då eg var der, visste eg ingenting om Måstad, anna enn at det var ei veglaus grend i eit vakkert irsk-inspirert landskap.

I helga har eg lese romanen "Alt for Norge" av Pål Espolin Johnson, som er ein biografisk roman frå livet i Måstad i fyrste halvdel av førre århundre. I Måstad budde omlag 120 menneske, som livnærte seg på fiske, jordbruk, eggsanking, fuglefangst med hund og ørnefangst for hand!

Johnson skildrar eit særeige lokalsamfunn, kor menneska lever sjeldan nær naturen. I boka får ein følga Måstad-folket gjennom årstidene og generasjonane sin gang. Kvar årstid har sine kreative former for matauk, som på ulikt vis kosta menneskeliv.

På det meste fanga dei 120 innbyggjarane omlag 15000 lundefuglar til matbruk i året, i tillegg dreiv dei både eggsanking og høyberging i det stupbratte fjellet. Måstad er og ein av svært få stader kor ein kjenner til at ein har fanga ørn for hand. Ørnejakta vart dreven ved at ein la ut åte med hyssing i, i framkanten av ei fjellhylle. Då ørna landa, var fangstmannen rask med å dra til seg ørna ned i ei skjult hule som han gøymte seg i. Fangstmannen knekte nakken på ørna før ho fekk summa seg og sett seg til motverje. På ein god dag kunne ein fangstmann koma til gards med 6-7 ørner!

Både høyberging, fuglefangst og fiske kosta mange måsværingar livet, i nokre generasjonar døydde nesten halvparten av alle menn i ulukker. Likevel fortsatte altså måsværingane sitt kvardagslege kamp mot naturen med livet som innsats, fyrst i den siste delen av den norske utvandringa var det mange som lot seg lokka av eit meir stillfare liv i Amerika. Ein lar seg undra over korleis det gjekk til at folka var så seigliva, og til å halda fast på ei livsform som krevde så mykje?

Romanen "Alt for Norge" gjev innblikk i eit naturalhushald og i ein kontakt med naturen som eg ikkje kan hugsa å ha opplevd sidan eg las Helge Ingstad si bok "Pelsjegerliv" for nesten ti år sidan. Johnson si bok har stor autensitet, sjølv om det manglar ein god del på Ingstad sin litterære kvalitet.

Det er uansett litt bittert at eg ikkje visste noko om desse sogene då eg åt mi mebrakte niste i eit av dei falleferdige tuna i Måstad i juni. Til alt hell traff eg sosialmedisinar Per Fugelli på spaserturen tilbake til herberget eg budde i på Værøy. Han gav meg eit boktips som førte til ei forvitneleg lesaroppleving.

torsdag, september 21, 2006

Glimt frå ein sumar
























Eg innrømmer det like godt fyrst som sist: Eg er komen inn i ei lita bloggkrise i Oslo. Det er ingen grunn til overdramatisera dette, bloggkriser er trass alt å foretrekka i høve til dei fleste andre kriser.

Krisa fører likevel til at det går lang tid mellom kvar gong eg skriv eit nytt innlegg på bloggen. I mangel av ein personleg eller politisk dagsorden, legg eg no ut nokre bilete frå sumaren min på Tysnes. Eg skal ikkje gjera dette til ein biletblogg, me får tru dette blir eit einsleg unntak.

Det er ingen løyndom at mykje av årsaka til bloggkrisa mi, er at eg har visse problem med å tilpassa meg den høge pulsen i storbylivet i Oslo. Så snart eg har funnet storbykoden, skal eg venda tilbake til jamnlege innlegg på bloggen.

søndag, september 03, 2006

Når natta kjem

I natt er eg på nattevakt. Natta er den tida på døgnet då mennesket er på sitt mest navlebeskuande. Eg er ikkje hakket betre, i natt har eg har funnet tida mogen for å laga ei liste over planane mine for tida framover:

1. Eg skal gje jamnt faen i korleis Arne Strand (Dagsavisen) meiner at SV må oppføra seg for å overleva i regjeringsposisjon.

2. Eg skal drikka meir vin. For ti år sidan var eg ein aktiv vinleggjar, og eg lot aldri sjansen gå frå meg til å sei nokre ord om kor mykje godt det bur i ei flaske heimelaga fikenvin. Vegen frå nokre stillfarne glas vin til gode kvardags-samtalar om (til dømes) politikk eller økofilosofi var heller aldri lang.

Kvar vart det av mitt gamle engesjement? Frå i morgon av kastar eg meg over vinflaska igjen.

3. Eg skal leva eit langsommare liv enn eg har gjort i det siste. For å greia dette, skal eg: A. Berre ta trikken, aldri (eller i nødsfall) T-banen eller bussen. B. Starta med qi gong. C. Surfa mindre, lesa meir.

4. Eg skal læra meg å leva med at Brann aldri vinn seriegull. Det vil spara meg for mange tunge dagar, spesielt no som hausten kjem.

5. Eg skal bli "beste tysnesing" på Berlin halvmaraton til våren. Ja, du leste rett, intet mindre.

Eg ligg allereie i hard trening på studentsamskipnaden i Oslo sine tredemøller. Legg merke ein utrent, langhåra tredveåring i ei utvaska Branndrakt frå 1980 neste gong du er innom Sentrum Athletica. Der har du meg, i rute mot ei etterlengta målplassering ved Brandenburger Tor 8.april 2007.